Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17933] Jens Olson og Anna Arntsdotter, frå Målselv til Dunn Co., WI 1878 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jens Olson, fødd på ein husmannsplass i Kinserdalen under garden Urnes i Hafslo 17.10.1850, flytte med foreldri sine i 1861 til Målselv der han 17.11.1875 gifte seg med Anna Arntsdotter, fødd på garden Fosli i Målselv 27.9.1856. Foreldri hennar var gardbrukar Arnt Ingebrigtson på Fosli og kona Oleanna Olsdotter.Jens og Anna budde nokre år på Fosli i Målselv, men utvandra til Amerika i 1878 i lag med tre born og foreldri hennar. Reisemålet var Eau Claire, WI, men ved folketeljingi 1880 finn me dei att som farmarar i Colfax township, Dunn Co., WI. Jens ''James'' og Anna skreiv seg då OLSON, og borni deira var:* Marthea ''Martha'' Olson, fødd i Målselv 23.6.1874* Olea Antona ''Antona'' Olson, fødd i Målselv 30.3.1876* Otilia Helga ''Helga'' Olson, fødd i Målselv 6.2.1878* Albert Olson, fødd i Dunn Co., WI ?.11.1879Eg har ikkje tilgang til registeret til dei amerikanske folketeljingane 1900 og 1910, men kanskje ein eller annan har høve til å hjelpa meg med eit søk?Eg reknar med at huslyden heldt fram å kalla seg Olson, men Fosli(d) kan vera eit alternativ og likeins Urness. Jens hadde ein bror Johannes Olson (1831-1898), som utvandra i 1867 og busette seg i Vernon Co., WI. Johannes skreiv seg for John Olson i mange år, men tok til sist ættenamnet Urness!Eg vonar på god hjelp og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har brukt mykje tid på å leita etter denne huslyden, og nett no har eg funne dei i folketeljingi for 1920, framleis busette i Colfax, Dunn Co., WI, men ancestry.com har mistolka namnet! Jens er kalla Jen A. Toslid!! Nærare gransking av originalen syner at han heitte Jens O. Foslid, og då er jo saki grei!!Då vert spørsmålet mitt mykje enklare: Er det nokon med tilgang til 1900 og 1910 teljingane som kan finna Jens og Anna FOSLID i Dunn Co., WI?Eg takkar hjarteleg for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila NC

Jens O. Foslid found in: Census Microfilm Records: Wisconsin, 1910 Age: 59 Gender: M Race: W Birthplace: NORW State: Wisconsin County: DUNN Locale: COLFAX TWP Series: T624 Roll: 1709 Part: 2 Page: 4B

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Og her var det flere Foslid på samme skjema!Lars, se her;LenkeLaila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Laila! Dette var gode opplysningar å få med seg. Dei andre Foslids på same sida er svograne til Jens!Eg har funne ut at Jens døydde i 1924, medan Anna døydde i Minnesota i 1931. Men for å få betre oversikt over borni deira, kan du òg hjelpa meg med 1900-teljingi?Nok ein gong, hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Jeg finner dem ikke i 1900, Lars, men den er også så ille tilredt av ett eller annet, at den sikkert var vanskelig å indexere. Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Lars, prøvde litt til, men finner ikke.Du kan bla selv, vet du, så lenge du har Ancestry-abo! Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×