Gå til innhold
Arkivverket

[#17943] Dorte Antonsdtr Fosnes, Oppstryn, d.1883, skifte?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I samband med leitinga etter ein mogeleg utvandra familie, er eg så fri å spørje om det finst skifte etter ovannemnde person. Mannen Lars Arneson døydde i 1857, men det er for tidleg til at eit skifte der kan innehalde opplysningar av nytte for meg.Paret hadde totalt 11 born, men det er berre dottera Anne som er av interesse for meg i denne samanhengen, dei andre veit eg 'alt' om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Finner en Anne Larsdtr. Fosnes gift i Stryn 24/3-1860 med knud Monsen Flage 36 år har opphold Dorflodt, Far Mon Gulleiksen Flage I 1865 er de i Bergen med 1 søn Claus Martin f:1860. Hun er gift 2 g.i KK 29/6-1873 med Kittel Helliksen Ramberg UK grubearb. Flesberg.Hun er da oppgitt født 1/2-1835. I 1875 er de i Bergen med søn Claus Martin. Håper dette er den anne du er på jakt etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg sluttar aldri å undre meg over at det går an å 'leite og leite, og ikkje finne'. Ekteskapet med Knut Flage var kjent for meg, likeeins sonen Claus Martin og folketellinga 1865, men det andre ekteskapet har eg ikkje funne sjølv - sannsynlegvis fordi eg har festa for stor lit til opplysningane eg hadde frå ei anna kjelde om at familien hadde emigrert til USA.Mange takk for god hjelp! Eg har forresten då også funne Claus Martin i 1891, så opplysningane frå eit eventuelt skifte vil vere unødvendige.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.