Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17962] Ch(K)risten Ch(K)ristensen Aasen og hustru - dødsmeldingar Bergen 1902?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christen Christensen Aasen alias Kristen Kristensen, døypt i Hafslo 7.2.1819, døydde i Bergen 28.5.1902.Anna Ellingsdatter Aasen alias Anna Kristensen, fødd på Svanø i Kinn kring 1836, døydde i Bergen 19.10.1902.Dette paret gifte seg i Førde, men flytte sidan til Laksevåg og derifrå til Bergen. Eg har funne sju born og dødsfalli til fire av dei, alle ugifte og avlidne før foreldri. Dei andre er ''borte''!Kva kan dødsmeldingane fortelja oss?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Dødsmeldingen da Kristen Kristensen Aasen døde forteller om enken Anna, og en datter Kristine, 40 år, bosatt i Bergen, og ugift. Da moren Anna døde seinere samme året er det bare datteren Kristine som er oppført som arving, men det står at avdøde hadde fått understøttelse, og det var ikke noe til arv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjerteleg takk, Yngve, for gode opplysningar!Soleis var altso dotteri Kristine einaste attlevande barnet etter Kristen og Anna. Ho var fødd i Førde 20.2.1858. I 1912 står ho fram slik:Kristine Kristensen, fødd i Bergen 20.2.1862, ugift ''lagerarbeiderske'', busett i Øvre Hamburgersmug 3, andre høgdi.Ho er einaste innbyggjaren i Bergen som skriv namnet slik i 1912, og dødsregisteret frå 1912 har ogso berre eitt alternativ for denne skrivemåten av namnet:Kristine Kristensen, døydde i Bergen 12.7.1939, dødsmelding på side 253.Er det høve til å sjå etter om dette er rette person og i tilfelle kva so er oppgjeve som yrke og ervingar?Nok ein gong hjarteleg takk for framifrå bistand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Kristine Kristensen, død i Bergen 12.7.1939, var ugift hushjelp, født i Førde i Sunnfjord 20. august 1858. 'Ingen familie, Intet efterlatt.' Meldingen skjedde fra pleiehjemmet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.