Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#18088] Peder Hansson og Kari Jensdotter flytte 1844 til Mjelva i Grytten - borni deira?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Hansson, døypt i Luster 6.5.1814, gifte seg i Luster 20.6.1837 med Kari Jensdotter, døypt i Luster 11.11.1810. Peder og Kari var i fleire år gardbrukarar i Kinsedalen i Hafslo, men flytte 1844 til Mjelva i Grytten der Kari døydde 6.1.1889, medan Peder døydde same staden 11.7.1898. Huslyden høyrde til Hauge sine vener! So langt er alt greit, men so var det borni deira...:a. Gunnhild Pedersdotter, fødd i Luster 12.9.1837, gifte seg i Grytten 18.12.1860 med Hans Hansson Hage frå Grøtøyri, Nes i Grytten, fødd i Lesja kring 1831. Dei fekk minst ni born i Grytten, men bustaden er usikker og dødsfalli deira manglar òg!b. Hans Pederson, fødd i Hafslo 29.9.1839, skal ha utvandra frå Grytten til Amerika i 1865, men er elles ukjend.c. Christi Pedersdotter, fødd i Hafslo 27.2.1841, heilt ukjend.d. Ingeborg Marie Pedersdotter, fødd i Hafslo 17.11.1842, flytte til Bergen der ho var gift med handelsmann Torger Nilsson Sandal frå Gloppen. Ho døydde i Bergen 29.10.1894. To born.e. Jens Pederson, fødd i Grytten 31.3.1845, heilt ukjend.f. Arne Pederson, fødd i Grytten 17.6.1847, gifte seg i Grytten 9.9.1880 med Laura Birkeland Andreasdotter Landmark, fødd i Vanylven 27.8.1837. Arne og Laura tok over heimebruket hans på Mjelva i Grytten, men var barnlause. Dødsfalli deira manglar!g. Peder Pederson, fødd i Grytten 11.4.1849, døydde som strandsitjar på Åndalsnes i Grytten 6.8.1908. Han gifte seg i Grytten kring 1876 med Sørina Asbjørnsdotter frå Ormeim, fødd i Grytten kring 1846. Ho døydde kring 1908. Dei fekk fire born.h. Andreas Pederson, fødd i Grytten 9.6.1852, nemnd i 1865, men elles heilt ukjend.i. Karen Severine Pedersdotter, fødd i Grytten 3.12.1858, nemnd i 1865, men elles heilt ukjend.Fleire av dese borni er svært so ''anonyme''! No vonar eg at einkvan i Digitalarkivetr sitt Brukarforum sit inne med, eller kan hjelpa meg finna, fleire opplysningar om denne huslyden av haugianarar.På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.