Gå til innhold
Arkivverket

[#18760] Arne Egge f. Jølster 1873, b. Rana i Nordland, Stord og Varaldsøy i Hordaland


Gjest Per Ivar Rotvoll Tautra
 Del

Recommended Posts

Gjest Per Ivar Rotvoll Tautra

Hei,Lurer på om nokon kan hjelpa meg med biografiske opplysningar om ovannemnde gruvearbeidar Arne Egge.Egge var i arbeid ved Båsmo (Bossmo) gruver i Mo i Rana til han i 1905 eller 1906 kom til Stord i Hordaland som assistent for bergingeniør Christian Münster, som hadde til oppgåve å undersøkja svovelkisførekomstane der og planleggja korleis eit moderne gruveanlegg kunne byggjast ut. Egge var på Stord til 1909. Då vart han overflytta til Münster sine ny-erverva gruver på Varaldsøy (no i Kvinnherad). Egge var stiger og dagleg leiar for gruvene på Varaldsøy til ikring 1918. Då ser det ut til at han vende tilbake til Mo i Rana, i alle høve er dei siste årsrapportane hans daterte i Båsmo.Eg reknar med at det må vera same mannen eg har funne ikkje mindre enn to stader i folketeljinga frå 1900, nemleg her: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=hentglobal&register=etternavn&pgj=517&teljing=ft1900&filnamn=f01818.wc2&amt=18&funnenr=56>Lenke.... og her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Arne Tollef Egge bodde på sine eldre dager på Minde i Fana, og døde 20. november 1956. Han er gravlagt i Jølster LenkeArne Egge var lokal- og slektshistoriker, og har skrevet en rekke artikler, bl.a. i Hyrdingrøysta, kyrkjelydsbladet for Jølster. Han har etterkommere i Jølster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Ivar R. Tautra

Tusen takk for opplysningane, Yngve!Ved søk på internett hadde eg funne nemnt lokalhistorikaren Arne Egge, men eg kunne ikkje veta om det var same mannen. 1900-teljinga fører ikkje mindre enn fire ulike personar med namnet Arne Egge i Sogn og Fjordane (men rett nok ikkje med same fødselsåret som driftsstyraren).Du skriv at han har etterkomarar i Jølster. Er det mogeleg å få oppgjeve namn på ei/ein av desse? Eg tenkjer på då sjansen til å få framskaffa m.a. bilete av Arne Egge, i tillegg til at eg framleis manglar opplysningar om kva han dreiv med etter 1918. Sidan det no vert snakk om nolevande personar, kan eventuelle opplysningar sendast til pi-tautra@c2i.net , i staden for at dei vert posta her i det opne forumet.På førehand takk, og med ønskje om ei god jul!!Per Ivar R. Tautra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.