Gå til innhold
Arkivverket

[#18768] Lote, Ytre-Eide og ein mann ved namn Bratt


Gjest Arne Solli
 Del

Recommended Posts

Gjest Arne Solli

På lagtinget i Bergen i 1578 var det odelsstrid mellom Anders Torgilsson Ytre-Eide, Stryn og Christoffer Fønbo/Ingerij Haldorsdatter Løffdal (Leivdal i Nordfjord), jfr. Innvik-Stryn I, s. 534-536 (1973-utgåva).Her blir det sagt at Anders Torgilsson hadde kjøpt 1 1/2 laup i Ytre-Eide av Olav Ellingson (Lote) som også var på tinget. Men Olav Ellingson kunne berre gjere greie for ein 1/2 laup i Ytre-Eide 'en half løbs leiie som hand mente sig vere tilkomen efther ein med naffn Bratt'I 1593 er det ny strid om Ytre-Eide og det blir sagt at: 'Minn Sallige fader Anders Torckellsøn, Aathe thuinne brødre par- ther vdj, den ene broder partt bytte min fader Seg thill aff min Quinndis Moderfader, Elling Olsøn paa Loutte och hans brødre Oluff Olsen og Clemit Olsønn'.Sjølv om det er noko uvisse om når og korleis dette/desse kjøpa fann stad står det likevel fast at ein eller annan på Lote i Nordfjord har 'tilkommet' ein søsterpart (1/2 laup) frå ein ved namn Bratt. Denne parten/ane har truleg blitt selt til Anders Torgilsson Ytre-Eide på 1540-talet.I desse to dokumenta (1578/1593) viser arvepartane attende til ein Bodvar som eigde heile Ytre-Eide i Stryn (4 laup = 3 søner og 2 døtre). Bodvar kan ha vore fødd i siste del av 1300-talet. Den aktuelle søsterparten som har tilhøyrd ein ved namn Bratt kan derfor ha vore i Bratt si eige mellom ca. 1440 - 1540. To av barna til Bodvar er nemnd: Ingrid Bodvarsdtr. gift med Peder Vinckell og Halkjell Bodvarson. For desse to partane er eigarforholdet gjort greie for. Bratt-parten (1/2 laup) må derfor komme gjennom den namnlause dottra.Bratt synest vere nytta som førenamn eller slektsnamn, ikkje gardsnamn. Kva for aktuelle BRATT'ar kan ha eigd jord i Nordfjord/Stryn i perioden 1440-1540?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sol. H. Ulvestad

Lars Søreide skriv i 'Brand-ætti i Gloppen 1400 - 1600' utg. av Nordfjord Sogelag 1954; '--- Men det levde i Gloppen, mykje på same tide som Siurd Brand, men ein god mun eldre, ein mann som nokre gonger (t.d. 1545) vert nemnd som Erik Bratt og elles (som i 1520) Erich på Vereide. At dette berre er to namn på ein og same person kan ein trygt slutta seg til--'. Erik Jonson Vereide er ein 'kjend ' mann i Gloppen på den tida. Han stikk seg fram både her og der. Erik Jonson Vereide hadde dottera Ane, gift på YtreEide, hennar dotter var gift med Johs. Ellings. Lote. Eg har laga ei 'slektstavle' for desse folka,på grunnlag av div. artiklar, bygdebøker og bidrag ifrå andre 'slektsleitarar'. Den meiner eg er bra truverdig - dei levde no for 500 - 600 år sidan. Ha ei god Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Eg kan ikkje sjå at Lars Søreide har noko anna belegg for å kalle Erik på Vereide for Erik Bratt - enn at førenamnet er det same!?. Det er også lite sannsynleg at Olav Ellingson Lote ville kalle svigerfar til Anders Torgilsson Ytre-Eide for ein 'med naffn Bratt'. Måten dette er formulert på tyder enten på at Bratt a)er ei naudløgn eller b) er ein utanbygds mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det kan godt tenkes å være en av slekten Bratt av Bjølstad (Heidal anneks, Vågå prestegjeld, - nå i Sel kommune). Både denne slekten og andre slekter (slektninger) i Nord-Gudbrandsdalen eide vestlandsgods i senmiddelalderen (og tildels fortsatt frem til ca 1630).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Låg noko av dette Bratt-godset i Nordfjord? Eg har vore inne på tanken om at denne 1/2 laupen kunne ha vore kjøpt evt. pantsett og løyst inn frå Thord Bratt Erik Rosenkrantz fogd.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det må jeg sjekke først, godset lå vesentlig i Sogn. Men andre adelsslekter i Nordgudbrandsdalen, som Blakar-ætten, eide gods lenger nordover, f eks i Romsdal. Jeg mener at en av disse slektene også eide gods i Stryn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Hei Tore Av eit par kjappe søk på nettet ser eg at BRATT'ane på Bjølstad (t.d. Eystein Guthormssønn BRATT) er kopla til Peter Gudleikson i Skjåk/Vågå som igjen er kopla til riddar Peter Gudleikson Eide (1296-13xx) i Stryn.Riddaren Peter Gudleikson Eide eigde truleg både Ytre-Eide og Kyrkje-Eide kring 1300, eit par-tre generasjonar før min Bodvar.LenkeHar desse koplingane noko for seg? Kven er 'ansvarleg' for koplingane?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

'Riddaren Peter Gudleikson Eide eigde truleg både Ytre-Eide og Kyrkje-Eide kring 1300, eit par-tre generasjonar før min Bodvar.''Har desse koplingane noko for seg? Kven er 'ansvarleg' for koplingane?' Hei Arne Fant du ut noko meir omkring den koblinga mellom dei to Peter Gudleiksønene ? Veit du noko meir om Peter`s slekt ( eks. Bodvar?), kva andre garder Peter eigde o.l ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg skriv bare her for å seie fra om at eg no, av uforståelige grunnar, ikkje er i stand til å kommunisere via epost. Men eg er i live og har det ålesundsk bra. Så spørst det om denne meldinga går gjennom den digitale muren eg er omgitt av for tida...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Kvien

Jeg konstaterer at en mann ved navn Bratt er nevnt nedenfor. Ved søk på 'bratt' i disse dokumentene, ser det ut for også å ha vært bruk som fornavn ved et par anledninger.Nr: 281 Dato: 1340 jan 19 Sted: Olden kirke i InnvikRegest: Vitnebrev fra Simon prest i Olden, Jostein Arnorsson, hans bror Håkon [Arnorsson?] og Erling på Håeim [Harinum]: De var samme dag i Olden kirke, da Ivar på Rake regnet opp for Olav Ogmundsson veitsler, 'avfall' [verdiforringelse] og ødejord [i Olden skipreide?]. [1] Veitslen var 10 månedsmatsleier. [2] 'Avfall' [a) i Loen sogn i Stryn:] 7 mml i Nesdal indre og 11 i Nesdal ytre, 18 i Bødal, 3 i Hogrenning, 4 mml og 2 tveitesleier i Helleseter, 3 i Breidingj [= Breng?], 3 i Sande, 8 i Tyva og 6 i Seta; [b) i Olden sogn i Innvik:] 3 mml i Aflein, 5 i Mælein, 4 i store Sunde, 7 i Kvamme, 1 i Brekkohals, 4 i Myklebostad, 1 i Gytri, 2 i Beinnes, 5 i Lauki, 3 i Bruvoll, 3 i Skarstein og 1 i Agjeld. 3) Øde lå: 3 mml i Hogrenning, 4 i Bryggjum, 2 i Soleim, 3 i Sandnes, 4 i Rustøyen og 4 i Brigsdal. Videre oppgis antall mml b.5, s.112 [øde?] hos følgende personer: Eirik sanger (5), Sigurd bukk [hafer] (3), Sigurd Gudridsson (3), Olav keip (2), Ragnhild Toves-kone (2), Ingrid (1), Lodin (6), Bård Meldibein (2), Kolbein Vikaþunger (1), Hallstein bratt (1 1/2), Solveig (4), Ivar på Åbrekke (7 1/2), Ogmund (4), Eindride (5), Kolbjørn (3), Serk på Lauki (1), Kalv (1), Ivar gys (6), Hallvard (5), Erling øyker (2).Beseglet av utstederne. Vidisse: UB Bergen (av 10 aug 1588). Trykt: DN IX nr 120.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Tore H Vigerust

For ordens skyld: Ætten Bratt på Bjølstad i Heidal i Gudbrandsdalen ætter IKKE, så langt det er kjent, fra Gloppen eller andre steder på vestlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Til 8: Så vidt jeg vet er forbindelsen mellom Bjølstad-Bratt og Pedet Gudleiksson d.y. og d.e. fortsatt 'god latin'. Derimot er vel den evt. forbindelsen mellom disse to til Peder Gudleiksson på Eide meget usikker, og jeg har for min del ikke med koblingen i mitt eget oppsett. Koblingen dit er vel gjort av Engebret Hougen i 'Ættesoge for Gudbrandsdalen', i hvert fall vil man finne den der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Asgaut Steinnes har ellers utgreid slekta på Eide (Peter Gudleiksson mm) i NST XXIII (1971) s. 1-41.Det er ingen forbindelse mellom denne ætten og slekten på Skjåk i Skjåk. (Engebret Hougen har gjettet på at det var et slektskap, ved hjelp av en serie oppdiktede navn.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

artikkelen står i NST, dvs Norsk slektshistorisk tidsskrift, og kan lånes via et bibliotek, ev kan kopier bestilles direkte fra foreningen, www.genealogi.no, e-post sekretar@genealogi.no.Slekten Bratt på Bjølstad stammer ikke fra Sverige, og har heller ikke svenske etterkommere (med et mulig unntak for migrasjon det siste hundreåret), og er heller ikke i slekt med de svenske ættene som heter Bratt. Derimot finnes det mange i Norge idag av de svenske ættene Bratt, men det er en annen sak. (Innvandrere fra Sverige til Norge fra slutten av 1600-tallet og utover.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Orsak meg, men kven skjuler seg bak namnet Sigbart Slåpevold? Sidan vedkomande ikkje er registrert i skattelistene, må det dreie seg om ein person under konfirmasjonsalder, eller kanskje like gjerne eit fiktivt namn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bjordal Strømsholm

Digitalarkivet har satt innleggene til Sigbart Slåpevold passive. Viser til våre kjøreregler om registrering av navn og e-postadresse når man deltar i debatten på våre nettsider: 1) Alle som skriv innlegg i debattforuma skal oppgje fullt namn, bustad (kommune) og e-postadresse. E-postadressa vert ikkje publisert i forumet, men ein vil få e-postar frå debattforuma kvar gong ein lagar eit innlegg, eller dersom det kjem nye innlegg i eit tema ein sjølv har oppretta. LenkeFiktive navn og e-postadresser vil ikke bli godtatt. Vennlig hilsen Marianne Bjordal Strømsholm

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trond Myrstad

Tore Vigerust, innlegg (15): Kan du opplyse om hvilke navn i rekken fra Peter G. av Eide til Peter G. i Skjåk (Peter Gudleikson av Eide - Eindrid Peterson - Gudleik Eindridson - Eindrid Peterson - Peter Gudleikson d.e) som er fiktive ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Peter Gudleiksson (d.e.) er kjent i Vågå i Gudbrandsdalen 1386-1399, og bodde sikkert i bygda. Hans far er helt ukjent.Hans sønnesønn, Peter Gudleiksson (d.y.) av Skiåker (Skjåk) i Skjåk, er en bedre kjent person, kjent 1439-1482. Hans datter var gift til Bjølstad i Heidal.Vi kjenner en Gudleik Eindridesson, som 1336 var sysselmann i nordreluten av Gudbrandsdalen. Men vi kjenner ikke hans slekt, og vi vet ikke om han var i slekt med Peter Gudleiksson. Det fantes også andre i hans samtid i Gudbrandsdalen med fornavnet Gudleik.Jeg kjenner ingen Eindride Petersson. Navnet forekommer ved en feil, to ganger i Tronds liste ovenfor. En slik person er ihvertfall ukjent i Nord-Gudbrandsdalen. Navnet er muligens en ren konstruksjon for å ha et bindeledd mellom Peter Gudleiksson i Eide og sysselmannen Gudleik Eindridesson. Konklusjonen er fortsatt at vi ikke kjenner forbedrene til Peter Gudleiksson (d.e.).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(Innlegg 16): Væpner Jon Olavsson Teiste (død rundt 1555) skal ha vært forlenet med Andenes len fra 1549. Tidligere (fra 1525) var han erkebiskop Oluf Engelbrechtson's ombudsmann i Bergen. Hans sønn Hans skal rundt 1590 ha bodd på Fet i Hafslo, SF, en gård som muligens (?) fulgte med Jon's kone Anne Johansdatter Kruckow, hvis søster Barbara/Barbro var g.m. Jens Ol(av)sson Bratt (ca.1503-ca.1547), som var prest i Aure på Nordmøre og senere i Trondheim. (se ellers debatt 32747: Lenke)Spørsmål: Når og på hvilken måte er Bratt-slekten knyttet til Andenes på Andøya (innlegg 16) ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(13:) E. Hougen's linje mellom Gudleik'ene er såvidt jeg vet slik: Peter Gudleiksson Eide (Stryn) (nevnt 1296 - Eindride Petersson (ridder og riksåd) - Gudleik Eindridsson (sysselmann Nord-Gudbrandsdal) - Peter Gudleiksson i Vågå (nevnt 1386-1399) - Gudleik Petersson - sysselmann Peder Gudleiksson Skiåker (Vågå) (ca.1404-ca.1482) - Cecilie Pedersdotter (g. Guttorm Eindridesson Bratt på Bjølstad) (nevnt 1482-1529).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Spørsmålet ved avslutningen av innlegg 22 vil besvares i et foredrag ved et planlagt adelsseminar på Andenes april neste år.Når det gjelder Hougens ''linjer'' har disse null verdi så lenge det ikke foreligger kilder og argumenter som knytter navnene i ''linjene'' sammen til genealogier. Det er ingen sak å finne frem navn fra kildetekster i Diplomatarium Norvegicum og deretter produsere linjer ut av dem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.