Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jørn Austbø

[#19089] Skifter etter Svanenhielm på garden Harkestad i Øygarden

Recommended Posts

Gjest Jørn Austbø

Har i dei siste åra arbeida litt med garden Harkestad i noverande Øygarden kommune. Er i den forbindelse interessert i å få vita litt meir om eigarforholda på garden i gamle tider. Etter det eg har lese, var det før folketeljinga andre enn folka på garden som eigde jorda. Både Apostelkyrkja i Bergen og kongen er her nevnde som eigarar. På 1600- og 1700-talet er bl.a. familiane Lillienschiold og Svanenhielm nevnte. I dei digitale registra til skifteprotokollane kan eg sjå at det er nevnt skifter etter Severin og Adamine Margrethe de Svanenhielm, på Harkestad, i tidsrommet 1788-90 (Protokoll 8a, side 332b), samt Johanna Svanenhielm (1786-88). Spørsmålet mitt er om det var etter desse skifta at jorda på garden vart seld til dei som var fødd og oppvaksne på garden, eller til strilane om du vil.PS! Eg har ikkje sjølv lese innhaldet i skifta, kun sett at dei fins i skifteprotokollane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Major Christian Ameln kjøpte Harkestad på auksjon, og auksjonsskjøtet ble tinglyst 19. mai 1794. Han overtok etter kaptein Svanenhjelm.Fru Ameln solgte ut i 1819 gjennom tre skjøter, alle tinglyst 20. oktober 1819, til Niels Monsen Harkestad (262 spd. 60 s.), Poul Monsen Harkestad (525 spd.) og Knud Monsen Bredvig (kjøpesum 262 spd. 60 s.). Niels og Knud hver med 1/4, Poul Monsen med 1/2.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jørn Austbø

Dette var interessant. Dersom ein ser på folketellingane i 1801 og 1825 for Manger, kan ein sjå at det har skjedd ei endring her. I 1801 er Paul Monsen og Niels Monsen registrert som gaardbeboer, medan dei begge er 'selveier' i 1825. Denne Knud Monsen Bredvig har eg ikkje vore borti før ifm. Harkestad. Han bur i Breivik på bruk nr. 1 ved 1825-tellinga, og ved matrikkelen for 1838, kan eg ikkje sjå han som eigar for noko bruk på Harkestad. Då er det to bruk registrerte på Harkestad, med Ole Nielsen og Ole Mikkelsen som eigarar. Er det mogleg å finna ut når denne Knud Monsen Bredvig selde sin del på Harkestad? Finn eg dette i skifteprotokollane? Kvifor finn eg ikkje det når eg søkjer i registeret på Gard=harkestad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Skjøtene er ført i avskrift i pantebøkene, og ordnet gard for gard og/eller bruk for bruk i panteregisteret. Knud Monsen Bredvig solgte - såvidt jeg husker fra oppslaget i panteregisteret - etter et års tid. En kopi av panteregistersidene for Harkestad vil vise når brukene er solgt, og hvem som har eid.Eldste panteregisteret for Nordhordland begynner i 1770.Pantebøkene og panteregistrene er mikrofilmet, men ikke digitalisert, foreløpig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×