Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes,

[#19496] Knudt Knudtsen, Voldsætter/ Woldsæter i Stryen, kvar blei han døypt?

Recommended Posts

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes,

Prøver å finne meir om ein av forfedrene mine, Knudt Knudtsen, Voldsætter, f. ca 1786.kan ikkje finne han under døypte i Innvik,Stryn, eller i Sunnylven, Møre og Romsdal(Folketeljing 1801)Eg finn ikkje nokon som passar som hans foreldre heller.Han gifta seg med enka Brite Jonsdtr.Øvre Flo i 1818, 32årgml, flytta til Krogsæt på Grytastranda ilag med henne. Datra Rakel gifta seg på Bjørlykhaug i Samfjord.Som enkemann gifta han seg i 1840 (54år)med Ingeborg Pedersd.Her er namnet skreve Knut Knuts.,Her står det også at fødestad er Woldsæter. Er det i Stryn eller i Sunnylven? Eller var den garden under Stryn før 1865 og Sunnylven seinare?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sol. Høydalsvik Ulvestad

Kyrkjebøkene for Innvik og Stryn er på 'nettet' Dette fann eg der; Brita Jonsdtr. Solien gifta seg 05.06 1814 med enkem. Rasmus Rasmussen, han døde i 1817, 12.o4 1818 gifta ho seg med Knut Knutson Vollset. I'Bygdesoga Innvik Stryn' bind 1, side 259; Knut Knutson Vollset(Krogset) br. 1818, flytte 1837 til Borgund K: enka. Brite. Brite kjem ant. frå garden Sollid i Oppstryn, det kan du sjekke i døypte Innvik og Stryn. Håper dette hjelper deg vidare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Takk for innlegget!Fint at du siterer Bygdesoga Innvik Stryn bind 1, for der skriv du at det står Knut Knutson Vollset.Under vigde på 'nettet' står det nemleg Voldsætter/ Woldsæter, så det kan vere ein annan gard. Eg finn heller ikkje ut kva foreldra til Knut Knutson heiter. Eg finn ikkje Knut under døypte/fødde, og heller ikkje i 1801-teljinga.Han gifta seg opp att i 1840(Borgund), og der står det at faren hans heiter Knut Knutson, Woldsæter i Stryen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Vollset og Woldsetter er same garden. Den høyrde tidlegare til Stryn men no til Sunnylven i Stranda kommune. Garden er omtala i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger.Knud Knudsen var son til Knud Danielsen Vollset og kona Inger Gunnarsdtr. I 1801 er Knud Danielsen død og enkja er oppattgift med Ole Haraldsen frå Guddal. Du finn henne her: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11447&variabel=0&postnr=2652&fulle=true&spraak=n>LenkeVed skiftet etter Knud Danielsen 18 mai 1797 er nemnd følgande born: Daniel 17 1/2 år; Sølfest 15 1/2 år; Knud 9 år; Lars 4 år; Thomas 1 1/2 år; Marthe 13 1/2 år; Brithe 11 år.Einaste kandidat eg finn til Knud Knudsen i 1801 er han som er tjenar på Strand i Olden:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Tusen takk for kjempegod hjelp! Du har verkeleg jobba! Ikkje så lett å finne att folk alltid,spesielt når namna blir skreve så forskjelleg.I 1801-teljinga for Woldsetter står det Ingebor Gundersdt.så då vart ho vanskeleg å finne i andre samanhengar.Eg prøvde å finne ut kvar Knut Knudsen vart fødd/døypt, men fann han ikkje.Det ser ut som om han vart fødd i 1786 (g.1818, 32år gml, og 2.g i 1840, 54år)men ved skiftet etter faren står det at han var 9år,men om han vart fødd i 1786, skulle han vel ha vore 11år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Eg trur vi kan slå fast at det er din Knud Knudsen (13 år) som er tjenar på Strand i Olden i 1801. Kona på garden, Ingeborg Rasmusdatter, var dotter til Rasmus Danielsen Muri, halvbror til Knud Danielsen. (Kjelde: bygdeboka for Innvik - Stryn).Det er fleire av borna til Knud D. og Inger G. som eg ikkje har funne døypt utan at eg kan forklare kvifor. Dei eg har funne er: Inger (1777); Daniel (1779); Gunnhild (1790) og Lars (1793). Alle døypte i Stryn. Dei andre er heller ikkje funne døypte i Sunnylven.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor  Myklebust

I ettertid har eg funne eit av Knud Danielsen Vollset sine born døypt i Sunnylven. Det gjeld truleg Marte som var 18 år i 1801. For alt som står i kyrkjeboka under datoen 4de desember 1783 er: '..prædikede jej udi Synelven. com. Samme dag døbt Knud Woldsetters barn og indledet konen: og oversend betalningen for begge foretningerne til Hr Baar'Vi skal ikkje sjå bort frå at også dei andre manglande barnedåpane kan vere utførde i Sunnylven, men at presten ved desse høva ikkje har funne det bryet verdt å føre dei inn i kyrkjeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes,

Tusen takk for god hjelp! Så kjekt at du har tatt deg tid til å finne ut så mykje for oss! Far min heiter også Knut Knutson,og far hans også, og han var son til Rakel Knudsdt., far til Knut vi har vore på leit etter.Far min blei veldig glad for hjelpa.Han har også eit barnebarn som heiter Knut.Nok om det. Kanskje hr Baar var klokkar? Kanskje andre dåpar står innskrevne i klokkarboka? F.eks. i farmor si slekt var eg på leiting etter ein vigsel, og den fann eg i klokkarboka i Borgund, men ikkje i kyrkjeboka.(Peter Paulsen og Marte Franzdtr.) Kva betyr forresten 'Indledet konen'?(det som sto i kyrkjeboka) Eg fann forresten Sølfest Knudsen(29år) i 1801-teljinga på garden Lie Nedre i Hafsloe, gift med Ingebor Iversd. Venleg helsing Solveig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Hr Baar var sokneprest i Stryn som Vollset den gong høyrde til. Klokkarbøker for denne tida finns ikkje. At presten 'indledet konen' tyder det same som at ho vart introdusert. Dvs at ei kvinne som nett hadde fødd vart rekna som urein og måtte førast inn i kyrkja av presten ved første kyrkjebesøket etter fødselen.Eg trur den Sølfest Knudsen du fann i Hafslo er i eldste laget, 29 år i 1801. Din Sølfest var som kjent 15 1/2 år i 1797. Derimot trur eg at han er her Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

Kjenner noen av dere til Erik Ellingson Vollset, f 18/7/1811, død 12/10/1856. Han ble gift med min 'sviger-tttttt-oldemor'; Agnethe Andersdotter Kvamme i hennes andre ekteskap. Denne Erik ble da gårdbruker på et bruk på Kvamme i Oldedalen. Jeg har notert at hans foreldre var Elling og Bertha Erichsdotter Voldsæther. Mvh -Jarl-

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Bergesen

Jeg ser av bb for Stryn at Elling Andersen Par på gården Nesje død 78 år 1855 skøyte 1831, flytte hit fra Tryggestad og gift med Brite Eriksdatter Vollset død 64 år 1842. I BB for Sunnylven og Geiranger ser jeg på bruk nr 1 er Erich Johnsen brukar gift med Kristi Jørgensdatter Bolstad. I 1801 er de 51 og 46 år og datteren Brithe er oppgitt alder til 23 år. Det står videre at Brithe er gift med Ellend Nesi. På Vollset er en Elling Arnesson Par nemnd på bruk nr 5 Jørnbruket og var gift med Brithe Eriksdatter Vollset, han flytte så til Nesi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Til Tor Myklebust, Bergen, Takk for god hjelp enno ein gong ang.min forfader Knud Knudsen, Voldsæter/Vollset/ Woldsetter. Eg visste ikkje at kvinnene blei introduserte att i kyrkja etter ein fødsel. Du har heilt sikkert rett når det gjeld bror til Knud, Sølfest, at han nok var for gamal han eg fann.. TIL ALLE: Skal tru om det går an å kome lenger bakover i slekta til Knut? Lurer litt på kvar generasjonane før kom ifrå. Har slekta til Knud si mor på Vollset budd på Vollset i mange generasjonar?Det finst vel ikkje bilder av Knud sin familie i bygdebøkene el.l? Skal tru om dei var mørke eller lyse? Mellom Knud sine etterkomarar har mange svart hår og brune auge. Helsing Solveig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×