Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bård Gram Økland

[#19651] Futen Iver Knutsson Gram i Sunnhordland

Recommended Posts

Gjest Bård Gram Økland

Hei,Eg er interessert i opplysningar om Iver Knutsen Gram som var fut i Sunnhordland på 1600 - talet.Det er sikkert fleire slektsgranskarar der ute som har vore borte i han før. Eg er særskild interessert i opplysningar om forfedrane hans, men også bigrafiske opplysningar som kan kaste lys over han.Eg har ein mistanke om at han hadde slekt på austlandet, og at slekta kjem frå Gram på Jylland i Danmark. Men eg har ingen sikre fakta.I Stord bygdebok frå 1973, bd. III (s. 177), skriv Ola Høyland: 'I 1664 kjøpte futen Iver Knutsson Gram halve Sørhuglo og budde der sidan. Huset som han budde i og som han truleg bygde óg, er i Sunnhordland Folkemusum si eiga. Det står i Sunnhordlandstunet no'.Vidare skriv han (s. 187): 'Knud Ivarsson Gram er nemnd som klosterlensmann i 1709 og 1713. Han var son til futen Iver Knudsen Gram i Sørhuglo. Futen hadde slege til seg mange gardar i Sunnhordland, han hadde soleis gard i Bømmelhamn. Der budde Knut nokre år, men flytta til Sørhuglo då han fekk skøyte der'. Klosterlensmann vil her sei at han var lensmann for dei gardane på Stord som Halsnøy kloster eigde.Håper nokon veit noko om han, eller forfedrane hans. Takk for alle svar!mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Ein opplysning til:Det ser ut til at Iver Knutsen ikkje var fut lenger i 1668. På tinget dette året 'spør futen Nils Resen ålmugen om dei hadde betalt noko til 'fogdegaardens bygning'. Dei svara då at 'al almue i Sundhordland len udi forrige foged Iver Knudsøns tid hafuer betalt hannem 1 rix = ort af hver løp smør eller 2 huder til fogedgaardens bygning på Horneland i Føyien skibreide som da til fogedgaard var udlagt' (Stord bygdebok, 1973, bd. III: 177f)mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Rostrup

I boka «Sunnhordlandslekter» av Erik Bakkevig (bd. 2, s. 185 ff.) står det ein heil del om futen og etterkomarane hans. Denne boka finn du på biblioteket. Det er elles sett fram ein hypotese om at han kan ha vore bror til borgarmeister Povel Knutsson i Stavanger, som før han kom dit heldt til på Hedmark. Sjå «Ætt og Heim 2001» s. 46-47. Denne årboka finn du nok også på bibliotek i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Takk Randi,Her er nokre opplysningar til (Stord bygdebok, bd. II: 796ff):'Ivar Knutsson Gram var ein danske som kom til bygdene her som fut hjå Erik Orning. Seinare var han fut i Sunnhordland. Han åtte mange gardar her i kring, og var rekna for ein rik mann. Han døyde på Sørhuglo 1697...I 1648 var futen Iver Knudsson Gram brukar på den parten (av garden Sørhuglo) som kruna hadde eigna til seg, og i 1664 var han eigar....(han) var gift med Karen Brose, dotter åt soknepresten i Fjelberg, Anders Brose. Dotter deira, Sara, vart gift med presten på Stord, Natanael Madsen Melboe. Dei åtte Høyland og budde der.... I manntalet 1701 er enkja etter Ivar Knutsson ført opp som eigar av Sørhuglo'. - eg trur bygdebok forfattaren har henta mykje på 'Sunnhordlandslekter' her.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Det ser ut til at Ivar Knutsson bygde seg opp som jordherre i 1650- og 60 åra.I skattematrikkelen frå 1647 for Hordaland kan eg ikkje sjå at han eigde nokon gardar. Han var då berre oppført som brukar av garden Høyland på Stord (gnr. 41). Denne garden var 'welb. Gallies goedtz...huilchett welb. Berendt Orning haffuer till siig forpantet'.Skattematrikkelen frå 1665 nemner derimot fleire gardar som han eigde. For å ta Stord kommune som døme: halve Lundemannsverk (gnr. 17), Høyland (gnr. 41), Digernes (gnr. 52), Dybvik (gnr. 59) og halve Sørhuglo (gnr. 66).Det kan også sjå ut til at han eigde fleire gardar andre stader i Sunnhordland.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Viser til innlegg 4 frå Randi RostrupEg har no fått sett i Sunnhordlandslekter bd. II. Der fist eit oversynt over borna og etterslekta hans, men lite om kvar han kom frå eller kven foreldra hans var. På siden 195 om Gram slekta står det:'Slektens stamfar er Iver Knudsen (Gram), som var foged over Sunnhordland fra 1648 til 1667 og antagelig lenger. Han budde på Sørhuglen som han eiet, men han eiet dessuten meget annet jordegods. Skifte efter ham 7/8 1697. Han var gift med Karen Andersdtr., død 1712, datter av Anders Jensen Coilding eller Brose, død 1612, sogneprest til Fjeldberg 1641 til 1662 .... Iver Knudsen og Karen hadde barna : a) Mikkel Iversen Gram, død ca. 1701. b)Knud Iversen Gram, død før 1735. c) Sara Iversdatr f. 1653, død 1729. d) Søren Iversen Gram. Nevnt i 1674'.Har også sett i 'Ætt og heim' 2001. Der står det ein artikkel av Rostrup, Rotvoll og Myhre som heiter 'Susanna Rasmusdotter - ektemennene og slekta hennar'. Artikkelen inneheld m.a. ein interessant teori om slektskap mellom Iver Knutsson og borgermeister i Stavanger, Paul Knutson:'Det er ikkje utenkjeleg at borgarmeister Paul Knutson kan ha vore ein eldre bror til den seinare Sunnhordlandsfuten Ivar Knutson (Gram). På Leiranger skipreideting i Ryfylke den 24.11.1635 møtte nemleg i retten 'Vellagt Iffuer Knudtzen paa sin broders Poffuel Knudtzen Borgermester vdj Staffvanger hans veigne'. Ivar Knutson var fut i Sunnhordland frå 1648 og har vel då vore ein ung mann i 1635' (Note: TB. Ryfylke, bd. 7, s. 74).Det forfattarene skriv om Paul Knutson er interessant. Han er nemnd i Stavanger ikring 1619, og før det ser det ut til at han heldt til i Hedmark. Han var gift med Anne Hansdtr. (d. ca. 1629) som var enkje etter ein annan borgarmeister der i byen, Kristen Nilsson (d. ca. 1621). Paul Knutson og Anne Hansdtr. hadde ingen born.Så kanskje må ein vende blikket mot Hedmark for å finne slekta til Iver Knutson?mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Jmf. innlegg nr. 5Fitjar bygdebok bd. I og II (1986) opplyser at Iver Knutsson også eigde jordgods der.I 1662 eigde han ein part av Rødland (gnr. 54) og i 1668 ein part i Helland (gnr. 49).Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Er det nokon som har Norsk Slektshistorisk Tidsskrift - bind 34?I følgje Norsk Slektshistorisk forening skal det stå litt om han der på side 11.Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Har sett på referansen over. Den opplyste berre at garden Ådnanes på Bømlo vart seld og kjøpt av Iver Knudsen i 1675.Eg ser vidare, at i følgje Bømlo bygdebok bd. 1 – 4 (1972 - 1986), var Iver Knudsen ombodsmann for Apostelgodset i Sunnhordland frå 1666. (Dette var jordgods som i mellomalderen vart lagt til kongen si ”private” kyrkje - Apostelkyrkja - som stod i kongsgarden i Bergen). I 1680 var det Hans Hanson Lillienschiold som hadde dette godset, men i 1682 kjøpte Iver Knudsen nokre av gardane av Lillienschiold.Bømlo bygdebok (bd. 3: 241) fortel også at sonen til Iver Knudsen - Knud Iversen – var født i 1657 og budde i Bømmelhavn og hadde privilegium som gjestgivar og kremmar for handelen i Espevær.Elles går det fram av denne bygdeboka at Iver Knudsen skaffa seg ein del jordgods i dette området i 1650- 80 åra. I heileige hadde han Utslåttøy (gnr. 70), Brekke (gnr. 99), Økland (gnr. 100), Gilje (gnr. 114), Stautland (gnr. 119), Vornes (gnr. 125), Indre Håvik (gnr. 9), øvre Grindheim (gnr. 14), indre og ytre Røyksund (gnr. 27-28), vestre Stokka (gnr. 29) og indre Sætre (gnr. 32). I tillegg eigde han partar i Sønstabø (gnr. 106), Ådnanes (gnr. 115) og Holme (gnr. 42).Dette styrkar vel berre oppfatninga av at han målretta må ha arbeid for å skaffa seg jordgods i si tid som fut i Sunnhordland, men òg seinare. Det teiknar seg no eit meir detaljert bilete av han som ein ganske stor jordherre i lokal målestokk.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Paulsen

I august var jeg for første gang på Huglo. Var på jakt etter mulige opplysninger om mine forfedre, slekten etter Niels Ostmundsen Hugletræet d. 1792, husmenn under Sør-Huglo og dermed under Gram-slekten. Jeg har i høst søkt etter slektsforbindelser på øyene i området og har i den anledning sjekket Kvinnherad bygdebok om Halsnøy. Har ikke boken foran meg da jeg hadde lånt den på biblioteket, men mener å huske at Gram-folk var nevnt ved flere anledninger under Halsnøy. Håper du har anledning til å sjekke dette nærmere.Etter besøket på Huglo var vi innom Futastovo på Sunnhordlandsmuseet. Det var interessant å se denne og trø på de gamle golvene der mine forfedre sannsynligvis har vært innom i ærend hos Gram selv. Tok flere fotos av det gamle huset og dersom du er interessert i kopi kan jeg gjerne maile det til deg. Mvh Magne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

I Kristine Sele sin bok 'Meir enn sirup' ( en kjempegod bok for dem som er interessert i 'handel og vandel' på Bømlo) står det en del om Knut Iversen Gram på side 210/211. Han kom til Bømmelhamn i 1690 og drog derfra til Huglo i 1712. Hans første kone, Elisabet (datter til ein gjestgevar i Fitjar)døde på barselsseng i 1695. Hun fekk en datter som og ble kalt Elisabet. Det var skifte etter Elisabet i 1695. Jeg har ikke B III, så jeg vet ikke hvor mye Kristine Sele har funnet der. Men dersom det er av interesse, kan jeg gjerne skrive det av her.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Hei Kjellaug og Magne,Takk for gode innlegg. Eg skal sjå nærare på både Kvinnherad bygdebok og 'Handel og vandel'. Når det gjeld Halsnøy, så var ein son av futen klosterlennsmann. Skal sjå meir på dette.Takk for tilbodet om bilete, Magne. Men eg kjenner til denne stova frå før. Om du derimot kjenner til ei lenke som har bilete av 'Futastova' så hadde det vært fint. Skulle likt å vise den til andre interesserte.Det hadde vært fint om du Kjellaug kunne skrive inn det du har funne når du får tid. Det er kanskje vanskeleg å finne spor etter futen sine foreldre. Eg håper likevel å finne ut mest mogleg om futen sjølv og familien hans.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Har og funnet litt mer om han i Bømlo II som kan være av interesse og to ganger fant jeg han nevnt med hensyn til andre eigedommer. Skal skrive av det som står i 'Meir enn sirup' i morgen engang.[url="http://lokalhistorie.austevoll.kommune.no/ARTIKLAR/Kultur/1945-/omgauksheim.htm>Lenke 'Liksom nabogardane var Gauksheim stiftsgod under Bjørgvin bispeembete. Seinare vart garden krungods som kong Fredrik III selde vidare i 1660-åra til Peder Andersson. Sidan vart garden seld til futen Ivar Knutson Gram, men han selde vidare i 1711 til borgar Mattias Ellingson i Bekkjarvik. Bekkjarvikborgarane åtte så garden fram til 1804. Då vart garden seld til brukarane på auksjon etter borgar, gjestgjevar og handelsmann Bendt Olrich Hynnemør. (...)'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er det som står i 'Meir enn sirup', håper det kan være av interesse. mvh Kjellaug'Meir enn sirup' s. 210/211 : 'Vi må gå 300 år attende i tid for å finne den fyrste fastbuande handelsmannen her (Bømmelhamn). Då er vi i 1690. Knut Iversen Gram, son til den rike futen Iver Knutsen på Huglo, kjøpte Bømmelhamn av ein kjøpmann i Bergen, som hadde hatt 'kjøpesvender' til å drive handel og kjøpe opp fisk i sesongane. Kona til Knut heitte Elisabet og var dotter til ein gjestgjevar i Fitjar. Ho fekk ei dotter i 1695 og døydde på barselseng. Jenta fekk også namnet Elisabet, og same år som ho var fødd var det skifte etter mora. I buet var det då ei gamal røykstove, ei saltebu og eit naust, noko av dette stod visst i Espevær. I Bømmelhamn var det eit nytt våningshus med bryggerhus, eit gjestgjevarhus og naust. Av alt som elles finnes i buet kan vi slå fast at det var velstand og gode tider : 'Ei mengd med underdyner, gåseduns overdyner, pute, linlaken, putevar med kvitsaum og mellomverk, fyrbekken, ryer, åklær og benkedyner, 12 store dukar, 33 tinntallerkener, 15 tinnfat, to tinnkanner, seks tinnkrus, sju lysestakar og arvesølvet som var 13 skeier, fire beger, fire konfektskåler og eit saltkar. Madam Elisabet hadde gullkjede og to gullringar, den eine hadde tre diamantar. Brureklærne hennar var flotte kjolar i silke med broderte liv og sølvknappar. Til reisebruk hadde ho mellom anna muffe i skinn og hue med svarte kniplingar. Knut åtte båtar og han kjøpte opp sild som han salta. Han gifte seg oppatt og fekk fire born med neste kona, Martha. Av dei vart ein lensmann, to gjestegjevarar og einaste dottera var gift ikkje mindre enn tre gonger, og alle mennene hennar var gjestgjevarar på Leirvik. Rundt 1710 slo fisket feil og det vart dårlege tider for Knut, men han berga seg ved å driva gardsbruk på garden Lønning. I 1712 selde han og flytte til Huglo. Neste eigar var Jakob Jensen Brose, ein av Knut sine slektningar.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

I Bømlo I står det og en del om hva futen kom til å eige her :s.480 : Brekke 'I 1661 pantsette kongen Apostelgodset. I 1666 var luten i Sunnhordland, Iver Knudsen Gram, ombudsmann over Apostelgodset i Sunnhordland. I 1678 fekk adelsmannen Hans Hansen Lillienschiold, som var panthavar, kongeskøyte på mesteparten av Apostelgodset, og der imellom på Brekke og Okland. Futen Iver Knudsen må ha lånt Lillienschiold pengar til å løysa inn godset, for i 1680 hadde futen m. a. Brekke og Økland som pantegods. Ikring 1682 har futen fått skøyte på godset. På skiftet etter han i 1697 vart Brekke utlagt på ekkja, og då skiftet vart halde etter henne i 1712 vart garden utlagt på arvingane. I 1720 selde dei 2/5 partar til brukaren Peder Jensson og sidan har denne parten vore i brukarane si eige. Dei andre 3/5 partane fekk sonen Knud Iversen Gram skøyte på frå medarvingane sine i 1724. Då han døydde, vart parten utlagd på ekkja. På skiftet etter henne i 1749 vart parten seld på auksjon til Sr. Jan Frøchen i Bergen. Det vart då etterlyst eigarmann til 9 mrk. smør som ingen visste kven som åtte. Eigaren var truleg Iver Nathanaelsen Melboe, ein dotterson til futen, for same året selde ekkja hans, Ellen Christine, 12 mrk. smør i Brekke til Johan Frøchen, som då vart eigar av heile den 3/5 parten. I 1765 var parten på auksjon att, og kjøpar var no ein Jan Jansen Frøchen, truleg son til førre eigaren. Jan sat ikkje lenge med godset, men selde same året til Nils Pederson Brekke for 300 rdl., ein dryg pris etter den tid å rekna. Sidan har denne parten og vore i brukarane si eige, stort sett. I 1769 lyste lensmannen Iver Knudsen Gram, ein sonason til futen, pa borna sine vegner «sin pengemangel» (han «mangla på odelen») til 2 pd. og 15 mrk. smør i Brekke, men godset vart ikkje innløyst.'s. 492 : 'Bruk C. Skyld: 7 mrk. smør, 1/10 hud, 7 mrk. fisk.Denne parten var det som Sara Iversdtr. Gram fekk utlagt i Brekke på skiftet etter mor si i 1712. Truleg var det parten i dei laksvågane som låg til garden. Sara var g. m. Nathanael Madsen Melbo, sokneprest til Stord.'s. 497 : 'Økland og Brekke hadde same eigarar fram til 1712. Dei er nemnde under Brekke. I skiftet etter ekkja etter futen Iver Knudsen Gram i 1712 vart Økland utlagd på sønene Mikkel og Knud og på dottera Sara, som då var ekkja etter presten pa Stord, Nathanael Madsen Melbo. I 1723 fekk Knud Iversen skøyte på broren Mikkel sin part, frå formyndarane for borna hans, og åtte då halve garden, bruk A. Ekkja etter Knud Iversen pantsette parten. I 1750 måtte arvingane hennar gjeva skøyte til panthavaren Sr. Johan Frøchen i Bergen. Den parten, bruk B som Sara Iversdtr. fekk utlagt på seg i 1712, arva sonen Iver Nathanaelsen Melbo, som ei tid dreiv handelen i Oklandsvågen. Då han døvdde, vart ekkja hans, Ellen Kristine, f. Rawert, eigar.'Side 525 står det litt mer om Sara Iversdtr og det er og nevnt en annen mulig sønn Nathanel Grams. 536 : '. I 1668 selde Rasmus parten i Holme og Blåmulen til futen Iver Knudsen Gram's. 642 : Sønstadbø : 'I 1648-54 er sagt at ekkja etter Bård og Kristoffer og deira medarvingar var eigarar. I 1657 er Kristoffer og Daniel, som var brukarar, eigarar. Dei selde ein part av garden til herr Anders Jensen Brose, sokneprest til Fjelberg. I 1668 er arvingane hans eigarar av denne parten. Futen, Iver Knudsen Gram, som var g. m. dotter til herr Anders, fekk parten utlagd på seg.'I Bømlo IV er det mer : s. 289 : 'Som før sagt var øvra Grindheim Apostlagods frå gamalt av. Før den tid var garden truleg krungods. (Sjå under Brekke, gnr. 99.) Hans Hansson Lillienschiold fekk kongeskøyte på garden i 1678. Han selde til futen Iver Knutsson Gram i 1682, som var eigar til han døydde, og på skiftet etter han i 1697 vart øvra Grindheim utlagt på ekkja. Ho selde til sonen Knud Iversson. I 1740 var ekkja hans eigar. I skiftet etter henne i 1750 vart garden utbydd på auksjon, men dei fekk ikkje bod. Garden vart då utlagt på sonen, Nathanael Knudsson Gram. I 1753 selde han halve garden til brukarane Lars Olsson og Peder Larson, og i 1754 andre helvta til Lars Johannesson, som og var brukar. Etter den id har brukarane vore sjølveigarar, stort sett.'s. 565 : 'Indra Røyksund var Apostlagods likesom Håvikgardane og hadde same eigarar som dei til 1697, då det vart halde skifte etter futen Iver Knudsen Gram. Garden vart då utlagd på sonen Knud Iversen. Han var eigar til han døydde ikr. 1735 og ekkja hans fekk garden. Då ho døydde i 1750 vart garden utlagd på dottera Karen Knudsdtr., g.m. gjestgjevaren på Leirvik, Knud Krag. Dei selde i 1859 til brukaren Kristoffer Pedersson.'s. 586 : 'På same måte som Håvikgardane, kom Stokka i futen Iver Knudsen Gram si eige. Først som pantegods, seinare som eigedomsgods. Då futen døydde i 1697 vart garden utlagd på «Byfogd Enken».'s. 607 : 'Sætre har alltid vore bondegods. I 1660 var Anders Pedersson, indra Håvik, eigar. Han pantsette då til futen, Iver Knudsen Gram, 1 pd. 1/4 hud i garden. I 1668 pantsette arvingane hans resten til futen. Godset vart ikkje innløyst, og futen vart eigar. I 1697, i skiftet etter futen, var buet hans eigar, men i 1699 var Frederich Springpiff på Fitjar eigar.'mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fant en Iver LARSEN GRAM døpt 05 Feb 1744 i Vilslev, Ribe, DanmarkDet er jo mulig at familien kommer derfra.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Hei Kjellaug,Ja eg trur slekten kjem frå Danmark. Var i den gamle vikingbyen Ribe i sommar, og om eg ikkje hugsar feil, så høyrte Gram til Ribe amt.På 1500- og 1600-talet må Gram ha vore ein liten landsby i Jylland, omkring 2 mil aust for Ribe.Eg har sett litt på nokre slektslister (men har ikkje systematisert det eg har funne). Det ser ut til at Gram - slekta kom til Noreg på 1500-talet, og alt tidleg på 1600 - talet finn me slektsnamnet over store delar av landet: Gudbransdalen, Lista, Herjedalen, Bergen, Sunnhordland og i Troms.Såg litt i tingbøkene for Sunnhordland som ligg her på Digitalarkivet. Det var spennende lesing og Iver Knudsen er nemnd mange gonger. Han må jo ha vore med på mange tingmøtene i 1660 åra. Det ser heller ikkje ut til at han brukte slektsnamnet Gram i offisielle samanhenger. Han er berre omtalt som Iffer Knudsen.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er vel ei avsporing, men eg finn i alle høve stadnamnet 'Gram' nevnt i Danmark på 1600-talet, og vedkommende som kom til 'Gram' fekk sønner som dro til Trondheim ser det ut til. Dette viser i alle høve at 'Gram' var ein stad eller gard ved Ribe i Danmark:'siiden kom han til Gram til Erlig og Velb. Mand Detleff von Bockwalt, huor han hans Velbhd tiente udi 11 Aars Tiid. Han overgik en uløckelig ildebrand i Ribe, huor han mistede 16 gaarde foruden mange andre midler, hans børn blefe derover adsprete og til Throndhiem kom trende af hans Sønner.' Christopher Iversen Schøller f.1534 Kiel, Tyskland d.1594, Ribe, Danmark far : Iver SchøllerEktefelle: Karen Hansdatter f.ca.1540 d.1592 Barn: 1) Iver Christophersen Schøller, f. 1568, d. 1620, Køge 2) Hans Christophersen Schøller, f. 1570, d. 1624 3) Else Christophersdatter Schøller, f. 1572, d. 1622 4) Eiler Christophersen Schøller, f. 1574 5) Karen Christophersdatter Schøller, f. 1577, d. 1622 6) Anne Christophersdatter Schøller f.1579 d.1637 Nakskov 7) Caspar Christophersen Schøller f.28 jan. 1582 d.6 mai 1661 8) Eiler Christopherssøn Schøller f.1584 Ribe, paa Søndag før Pintze Tid mellem 2 og 3 Slet. d.1628 Varberg 9) Maren Christophersdatter Schøller, f. 1585, d. 1622 X) NN SchøllerNotater: Anno 1534 er min Farfader Christoffer Schøller fød til Verden. Anno 1547 satte hans Fader Iver Schøller hannem til en Borgemester udi Kiil ved Navn Christianus Griip, hannem tiente han trei Aar, saa reyste bem^te^ Borgemester med en Tyrcken Stat til Celle udi Landt Lüneberg, huor han var med hannem og vaar der udi Selskab 10 riidende og 4 stattelige Heste for vognen, som denne Stat fremførde, huor samme Borgemester han døde, ellers skulde samme penger bleven førte til Halberstat, der annammede Hertzogen af Lüneburgs Cantzler Baltzer Clemner bem^te^ penger af dennem og førte dennem til Halberstat; den Tid den fromme Mand fornam intet liv at forvente, da skickede han Bud til Hr. Cantzler Balthasar Klemner og Hr. Evert Møller, som siden blef Borgemester udi Hamburg, hos hannem bestilte han hannem udi tjeneste til hans Fader Hr. Evert Møller Høvidsmand paa Ritzen Byttel udi Landt Holstein, der var han et Aar, siiden blef han forskreven til sin Føde Bye Kiil og blef der strax Slotsskriverens Tjenere ved Nafn Johannes Skomager, huor han tiente tuende Aar, siiden kom han til Gram til Erlig og Velb. Mand Detleff von Bockwalt, huor han hans Velbhd tiente udi 11 Aars Tiid. Han overgik en uløckelig ildebrand i Ribe, huor han mistede 16 gaarde foruden mange andre midler, hans børn blefe derover adsprete og til Throndhiem kom trende af hans Sønner.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er det også nokon som har regstrert slekta til Iver Knutsen Gram: LenkeMen det ser ikkje ut til at dei heller har komme lengre bak enn til Iver Knutsen.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

I sitt til no siste innlegg skreiv Bård Gram Økland: 'Det ser heller ikkje ut til at han brukte slektsnamnet Gram i offisielle samanhenger. Han er berre omtalt som Iffer Knudsen.'Det vert nærliggjande å spørja: Har du i det heile funne Iver Knutson nemnd med slektsnamnet Gram i ei samtidskjelde? ... Det finst ein del tilfelle der ettertida (slektslitteratur) har tillagt personar etter- eller slektsnamn dei sjølv ikkje hadde eller nytta. Dette kan ha skjedd i tilfelle der eitt eller fleire av borna til ein person nytta eit visst slektsnamn, og så har me i ettertid hatt ein tendens til å trekkja slutningar om at sidan sonen hadde slektsnamnet, så må faren ha hatt det òg. Men slik var det ikkje alltid den gongen.Men har du funne Iver Knutsen omtala som Gram i ei kjelde frå samtida, så er den saka grei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Hei Per Ivar,Nei eg har ikkje sett 'Gram' brukt som slektsnamn i kjelder som skal vere samtidige med Iver Knudsen. Men det skal då leggjast til at eg har ikkje sett mange slike kjelder til no. Namnet Gram har etter det eg har sett, berre vore brukt i slektslister (på internet), slektsbøker (t.d. Sunnhordlandslekter) og bygdebøker (td. Stord, Fitjar og Bømlo).mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

I en artikkel skrevet av H. Stenseth og Y. Nedrebø som omhandler 'Den gamle slekten på Hafstad i Førde' (Sunnfjord), så nevnes fogden Iver K. Gram som kjøper av gården Ådnanes på Bømlo, som han i 1675 skal ha kjøpt av arvingene etter Mads Hågensen, bruker av Hafstad i Førde 1633 - 1662. Her vises til note 24: Sunnfjord sorenskriverebede, Skifteprotokoll 1, 1677-1687, fol. 102. Skifte etter synneve Nilsdtr. Hafstad 1680.LenkeMvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bård Gram Økland

Takk til Liv Astrid Økland for tips:Riksarkivet i Danmark: http://www.sa.dk/ra/Bibsys (UB):Stamtavle over Familien Gram. Kjøbenhavn, 1882. 14 s.H. T. Gram, 1982: Trønderslekten Gram : med oversikt over andre nåværende Gram slekter i Norge. 185 s. : ill.Thomle, E. A. 1887: Lidt om den norske slægt Gram.mvh Bård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arvid Andersen

Vi har navnet Gram på Agder. I følge Petrus Valand så var Mats Nilsen Gram g.m. Elsebe Pallesdatter Splied fogd på Lista i 1580 - 1590 årene. Denne slekten skulle stamme fra Danmark. Det fants også en presteslekt i Gudbrandsdalen som het Gram. Arvid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×