Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#20017] Peder Janson Teiste (1667-1722) og Mari Jensd Engslef - Hafslo/Bergen/Danmark?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Janson Teiste, son av Jan Janson Teiste til Kroken i Hafslo og kona Mari Pedersdotter Hanning frå Sogndal, var fødd kring 1667 og døydde i Kroken kring 1722. Han gifte seg (ukjend dato) med Mari Jensdotter Engslef av ukjent opphav. Ho levde att som enkje i 1722.* Er det nokon som har kjennskap til denne ætti Engslef og særleg Mari Jensdotter?Peder hadde fleire søsken, mellom anna Øllegaard Jansdotter (Teiste) som truleg gifte seg med ein Søren Jensson og budde i Bergen der ei dotter Margrethe Sørensdotter vart døypt 16.6.1702.* Er det nokon som har kjennskap til Øllegaard og huslyden hennar?Attende til Peder og Mari, so fekk dei ni born i lag:1) Jan Pederson Teiste, fødd kring 1694, tok over som gardbrukar til Kroken i Hafslo, var gift (kona er ukjend) og fekk minst tre born, Peder 1722, Søren 1724 og Mari 1726. Den siste av desse gifte seg med Zacharias Svabo og vart buande i Hafslo/Luster. Jan med kone og truleg flere andre born flytte til Danmark, var busette på Sæbygaard i 1745, og kona skal vera avlidi i Gjærlev på Sjælland i 1750-åri.* Er det nokon som sit inne med fleire opplysningar om denne huslyden i Danmark?2) Jens Pederson Teiste, var i 1722 busett i Amsterdam.* Er det nokon som har høyrt gjete denne personen?3) Peder Pederson Teiste, var i 1722 busett i Bergen.* Er det nokon som har opplysningar om denne guten?4) Mari Pedersdotter Teiste, var i 1722 busett i København.* Er det nokon som veit noko meir om lagnaden hennar?5) Anna Pedersdotter Teiste, var i 1722 gift med ein Petter Petterson og budde visstnok i Bergen der ein son Christian vart døypt i Nykyrkja 4.2.1724.* Kan det vera nokon som har vore borti denne huslyden?6) Søren Pederson Teiste, var i 1722 i gullsmedlære i Bergen der han 11.5.1727 gifte seg med Else Milde Mørch. Eg finn ikkje born etter dette paret, men ei Dorothea Mørch vart døypt i Domkyrkja i Bergen 17.4.1768 av foreldri Henrik Lorentz Bøysen og Maren Teiste - ei samanhang?* Kanskje nokon har vore borti denne huslyden og kan fortelja meg meir?7) Henrik Pederson Teiste, fødd kring 1706, levde i 1722, men er elles ukjend.* er det nokon som har høyrt gjete denne poden?8) Metta Margrethe, kjend som Margretha Pedersdotter Teiste, fødd kring 1709, gifte seg i Hafslo 8.1.1730 med Ole Sjurson frå Leri i Luster, fødd i Luster kring 1690. Dette parfolket budde førdst på Fleskheller i Lærdal, men flytte so til Bergen der Ole døydde kring 1742. Margretha døydde 22.5.1765 på Strange fattighus. Me kjenner til to søner, Peder Olsen 1730 og Sivert Brinch Olsen 1739.* Er det noko som kjenner lagnaden til desse to borni etter Margretha Teiste?9) Øllegaard Pedersdotter Teiste, var gift med husmann Henrik Jonasson Nitter i Hafslo, men døydde barnlaus i 1745.Eg ville setja umåteleg stor pris på tilleggsopplysningar om denne store huslyden, som er ein grein av den gamle Teiste-ætti, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sølvi Arntzen

Det står noe i Jon Labergs bok: Hafslo, bygd og ætter. Jeg har ikke boken her, men jeg har notert derfra at4) Mari Pedersdatter ble gift med klokker i Slidre, Johan Brandt. De hadde sønnen Domenikus Brandt som ble døpt 1729 i Solvorn kirke.5) Petter Pettersen var kjøpmann i Bergen og døde før 1745.6) Søren døde 1753 i Mo i Hafslo. Han hadde sønnen Aksel Sørenson Teiste som også var gullsmed.7) Jeg har ikke notert noen Henrik, men derimot en Fredrik som døde ung og ugift.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Det er under utarbeidelse en artikkel om dette sakskomplekset, og man kunne jo spørre forfatteren av den, O.K. Fangan, om han var villig til å lette litt på sløret?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudrun Wallengren

Hvis man søger i Dansk Demografisk Database, Folketællinger, København, er der to træf på navnet Teiste:Kilde: FT-1787 Navn: Johan Teiste Køn: M Alder: 45 Civilstand: Ugift Erhverv: Pentionist mad 2rd Maanedlig Sogn: Hof & Militæretaten Herred: København (Staden) Amt: København Stednavn: Nyboder 2.Divisions 5.Matroskompagni Husstands-/familienr: 22 Matr.nr/adresse: Salviegade 14Kilde: FT-1870 Navn: Karoline Teister Køn: K Alder: 27 Civilstand: Ugift Erhverv: Huusjomfru Fødested: Slagelse Sogn: Sengeløse Herred: Smørum Amt: København Stednavn: Cathrineberg Hovedgaard Husstands-/familienr: 269 Matr.nr/adresse: Cathrineberg Hovedgaard.Jeg kan godt prøve at se lidt mere efter navnet.Men hvad betyder ordet 'huslyden'?Mvh Gudrun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Til Gudrun: Sjå i nynorskordboka Lenke huslyd ~lyd (av II lyd) familie i same huset; husstand .II lyd m1 (norr lýðr og ljóðr; sm o s ty. Leute 'folk') 1 folk, forsamling, flokk, lag festl- / kyrkjel- / møtel- / ungel- 2 husstand, familie husl- / han har ein stor l- / både i lag og l- heime og borte .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erik Amundsen

1. I skiftet etter søstra Øllegaard Pedersdotter Teiste 09.02.1745 er Jan allerede død. [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbisogn&page=1&sql=low%5Fgard+like+%27kro%25%27++AND+low%5Ffornamn+like+%27%F8llegaard%25%27++&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0>LenkeHer er feile referanser i slektskap.2. Jens ser fortsatt ut for å leve i 1745, men bosted er ikke oppgitt.3. Peder Pederson Teiste ser ut til å ha blitt henretta rund 1759. Lenke6. Det er holdt skifte etter Søren Pedersen Teiste på Mo, Solvorn i 1753.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erik for nytt interessant innlegg. Eg har ikkje enno vore gjennom alle skifti i indre Sogn og var ikkje merksam på dei to skifti frå 1759. Dette med ''likvidasjon'' er eg ikkje so heilt sikker på. Eg trur heller det har med booppgjeret å gjera, men det hadde vore interessant å sjekka om det står noko meir i sjølve skiftet. Det er underleg at dei to skifti vart haldne samstundes!Elles er det tydeleg ''dissens'' om innhaldet av skiftet frå 1745. Det har før vore tolka slik at Jan Pederson Teiste framleis levde i 1745 på Sæbygaard i Danmark, men at dotteri Maren var tilstades ved skiftet. Kanskje det heller var enkja etter Jan som fór til Danmark? Skifti frå 1759 ser ut til å seia at Maren då var einaste attlevande barnet etter Jan(?).Elles er det framleis eit mysterium kven denne Mari Jensdotter Engslef (eller Engeslef) kan ha vore? Ho var nok søster til Søren Jensson Engeslef (sjå tema #26572), og truleg var dei danskfødde...?Eg vonar framleis at nye opplysningar vil dukka opp, særleg om Jan og/eller Mari i Danmark, og takkar nok ein gong for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.