Gå til innhold
Arkivverket

[#20139] Amanda Severin Pedersen fra Bremnes


Gjest Gunnar Pedersen
 Del

Recommended Posts

Gjest Gunnar Pedersen

Min far er født 1927? Den 23.11 ?? Arne Pedersen Ikke registrert noen steder, da papirer ikke er å oppdrive. Bodde på spebarnshjem, og deretter på Lønningen barnehjem i Fana ( Bergen ). Mor?? Amanda Severin Pedersen født 26.11.1901 er fra Bremnes. Det er heller ikke registrert fødselpapirer i Bremnes eller Bergen. Amanda bodde i Bergen i Løytnant Bjelkesgate i 1930. Kan noen hjelpe meg med disse to.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei1Har du ingen fleire ledetråder? Eg har alle 4 bygdebøkene for Bømlo, men veit ikkje kor eg skal starta å leite dersom du ikkje har gardsnamn eller meir info.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

8 Rasmus Olai Pederson Dalen, Fitjar, f. 1865, d. 1941. (Sonason til Jakob P. Kloven). G. m. Kristine Gurine Eriksdtr. Seievåg, f. 1866, d. 1929. Born: a. Peder Martin, f. 1892, g. Lægøyno, Seiavågen. b. Erik Johan, f. og d. 1893. e. Emma Helene, f. 1896, g. i Bergen. d. Hermann Johan, f. 1898, g. Seiavågen. e. Erik Johan, f. 1900, g. Skudenes. f. Amanda Serine, f. 1901, ug. b. i Bergen. g. Gustav Olai, f. 1904 g. Skudeneshamn. h. Marta Gustava Petrine, f. 1907, d. 1931. i. Oskar Andreas, f. 1910, d. 1932. Kom bort på sjøen under hummarfiske. (Rasmus) Olai bygsla i 1891. Var brukar til 1935.Fra Bømlo bygdebok I side 61Jeg kan finne mer siden, det er sikkert Amanda Serine f. 1901.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

10 Jakob Pederson Svortland, f. 1806, d. 1877. Han drukna nede ved Klovasjøen. G. m. Inga Rasmusdtr. Hallaråker, f. 1807, d. 1888. Born: a. Peder, f. 1829, g. Dalen, Fitjar. b. Rasmus, f. og d. 1831. c. Mari, f. 1833, g. Kloven. d. Brita, f. 1834, d. 1835. e. Brita, f. 1836, g. Akselsholmen, Økland. f. Ola, f. 1839. Bleiv på sjøen i 1863. g. Rasmus, f. 1842, d. 1843. h. Inga, f. 1844, g. Søraneset. i. Jakob, f. 1847, g. nora Sele. j. Rasmus, f. og d. 1850. Jakob bygsla i 1829 og var brukar til 1854. Her har du besteforeldra, tenker jeg.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B II, s. 62 :152 Peder Jakobson Pollen, f. 1782, d. 1834. G. m. Brita Rasmusdtr. Katla, f. 1777, d. 1844. Born: a. Jakob, f. 1806, g. Kloven. b. Rasmus, f. 1809, g. Vorneset. c. Brita, f. og d. 1813. d. Ola, f. 1814, g. Helvikjo.'e. Mari, f. 1818, g. Brennesetre, Svortland. Peder bygsla plasset i 1805 og var brukar til han døydde. Sonen Rasmuss, var brukar etter faren, til ikr. 1838, men truleg var det mor hans som sat med bygselen, til ho døydde. I skiftet etter Peder 1834 er ment at buet åtte 4 kyr og 7 smaler. Nettoeiga var 29 spd.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 334 Jakob Pederson Økland, f. 1755, d. 1799. G. m. Mari Olsdtr. Pådl. f. 1747, d. 1821. Born: a. Oline, f. 1778, d. liten. b. Lars, f. 1779, d. ug. 1853. Han gjekk på legd. Var lite for seg. c. Oline, f. 1780, d. ug. i 1832. d. Peder, f. 1782, g. Svortland. e. Baltser, f. 1784, d. liten. f. Alis, f. 1786, g. Øyjordsøyno. g. Ola, f. 1789, d. 1799. h. Jakob, f. 1792, d. liten. Jakob bygsla plasset i 1793. Avgifta var 2 rdl. og 3 dagsverk årleg. Han var brukar til han døydde. Jakob åtte husa på plasset. Det var: røykstove med nævertak, sengjabu, løa, flor med skut, alle med næver og spontak. Då skiftet vart halde etter han i 1799, var medelen 4 mark.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 511 :66 Peder Jakobson Hidle, f. ikr. 1726, d. 1759. G. m. Brita Ingebriktsdtr., f. ikr. 1726. Born: a. Jakob, f. 1751, d. før 1756. b. Guri, f. 1752, d. før 1756. c. Ingebrikt, f. 1753, g. Nordplasset. d. Jakob, f. 1755, g. Pollen. Brita vart oppattg. m. Lars J. Nordplasset i 1759. Peder budde nokre år på yttra Sakseid før han bygsla på Økland i 1755. Han var brukar til han døydde. Ekkja var seinare brukar til 1758. Bruket vart då slege saman med bruk A I a. Peder fekk ein særs tungsam lagnad. I 1756 fekk han eit barn med syster til kona, Anna Ingebriktsdtr. Barnet vart døypt Anna. Dei vart stemnde av futen same året og dømde frå livet. Året etter kom saka opp for lagtinget i Bergen, den 14. januar, der Peder og Anna tilstod. Nokre dagar etter fekk dei denne dommen: «Dømt og Afsagt. Jndstefnte Peder Jacobsen Øchland og Anne Ingebrigtsdtr. haver saavel for denne som hiemetings Retten u-stokket og u-blokket tilstaset og bekiendt, at de med hinanden haver haft omgiengelse, hvorpaa og barne aufling er fulgt, hvortil og kommer at Anne Ingebriktsdtr. er fuld Søster til Pederjacobsen Øchlands endnu levende hustru, Britha lngebrigtsdtr. j henseende til Sagens beskaffenhed Kiendes og Dømmes for Rett, at Peder Jakobsen Øchland og Anne Ingebrigtsdtr. desformedelst, følgelig Lovens 6te bog, 13 cap. 14 art. Confereret med 3de bogs 18 Cap. 9 artl. 4de punct, bør miste Deres Liv, Saaledes at Deres Hoveder med Sverdet afhugges, og Legemerne efter henrettelsen uden nogen Ceremonie i Kirkegaarden at begraves, samt endelig begges Hoved Lodder til hans Mai sts. Casse at henfalde, og saaledes Stadfestes den indstefnte hiemetings Dom. - Deg indstilles denne Sag og Dom i allerdybeste uiiderdanighed til Deres Kongel. May st. Naade, om det i betragtning af Qvinde Menneskets store Enfoldighed, at hun ikke var bekiendt om den straf saadant Leiermaal medførte, allernaadigst kunde behage Deres Kongel. May.st den i dømte Livsstraf at forandre eller ikke ... » Ein veit ikkje em Anna fekk nåde, i so fall vart det truleg livsvarigt straffarbeid for henne, men Peder måtte gå den tunge veg til rettarstaden. Peder var lagrettemann.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 61Foreldra til Kristine Gurine :7 Erik Ysteinson søra Habbastad, f. 1828, d. 1905. G. m. 1. Anna Kristensdtr. Sjøvoll, f. 1832, d. 1861. Born: a. Dorthea, f. 1860, d. 1942 ug. b. Anna, f. 1862, d. ug. på Nese i 1946. Erik gifte seg so med Guro Isaksdtr. Sørvikjo, Fitjar, d. 35 år gl. på barselseng i 1864. Barnlause. Erik g. 3. gong m. Marta Olsdtr. Koløyno, Fitjar, f. ikr. 1830, d. 1890. Born: a. Kristine Gurine, f. 1866, g. Seiavågen. d. Synneva, f. 1868, g. Lægøyno, Seiavågen. e. Anna Martine, f. 1870, g. m. Ola K Sørvikjo, Fitjar. Erik hadde ei dotter, Erika, f. og d. 1852 med Margrete Ingebriktdtr. Klubbo. I 1866 kom ei Petrine Olsdtr. Koløyno, truleg syster til Marta, til Seiavågen som taus. Ho vart spilt og d. på Pleiestiftelsen nr. I i Bergen. Erik bygsla i 1859, og var brukar til 1891. I 1865 fostra han 6 kyr, 6 smaler. Sådde 1/2 t. blandkorn, 11/2 t. havre og 21/2 t. poteter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 669 Foreldra til Inga Rasmusdtr :19 Rasmus Jonson Hallaråker, f. 1768, d. 1849. G. m. Mari Rasmusdtr. Stavland, f. 1770, d. 1849, dagen etter Rasmus. Born: a. Kristi, f. 1799. b. Jon, f. 1793, g. Hallaråker. c. Rasmus, f. 1796, g. Hallaråker. d. Lars, f. 1799, g. Hallaråker. e. Kristi, f. 1804, g. Stavland. f. Inga, f. 1807, g. Kloven. g. Mari, f. og d. 1810.669 h. Jakob, f. 1811, g. Gåsland. i. Mari, f. 1811, d. 1836. Ho var trulova med Jakob Størkson Ekornsetre og det var lyst for dei, men ho d. på barselseng før dei vart gifte. Rasmus kom frå Gilje, der han hadde vore brukar ei tid. (Sjå Gilje nr. 16.) Han vart brukar etter stykfaren og verbroren i 1806. Han hadde bruket til 1832. Bruket vart då delt i 2 like bruk. Det eine vil me nemna bruk A I b 1. Det andre fekk seinare bnr. 7.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s.73 Foreldra til Brita Rasmusdtr4 Ola Nilsson Rasmusholmen, Fitjar, d. 1766. G. m. Brita Olsdtr. Stokkvikjo, f. 1735. Born: a. Hans, f. 1760, d. liten. b. Nils, f. 1762, g. Katla. c. Synneva, f. 1765, g. Brekke. Ola bygsla plasset etter verfaren i 1757, og var brukar til han døydde. Han hadde litt medel etter seg. Brita vart oppattg. m. Rasmus O. Steingbø, Skinnhueneset. 5 Rasmus Olson Steinsbø, f. 1736, d. 1781. G. m. Brita Olsdtr., ekkja etter Ola N. Katla. Born: a. Ola, f. 1767, d. 1837, ug. b. Sygni, f. 1770, g. Urong. c. Brita, f. 1777, g. Svortland. Brita g. oppatt m. Daniel N. Alforo, Fitjar. Rasmus vart brukar i 1768 og hadde plasset til han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 33Foreldra til Mari Olsdtr Pådln : 1 Ola Knutson (Seiavågen?), d. 54 år gl. i 1758. G. m. Guro Baltsersdtr. Born: a. Mari, f. 1747, g. Pådl. b. Lars, f. 1750, d. 1758. c. Baltser, f. 1753, d. liten. d. Knut, f. 1753, g. Pådl. e. Endre, f. 1755, d. 1758. Ein veit ikkje når Ola kom til Pådl. Han var brukar til han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 452Foreldra til Anna Kristendtr49 Kristen Pederson Øyjordsøyno («Spele-Kristen»), f. 1798. Det står ikkje i kyrkjeboka kva tid Kristen døydde. Kanhende tok dottera han til seg, men ein veit ikkje kvar ho vart av. Kristen var g. m. Borgny Bårdsdtr., ekkja etter Johannes L. Søvodl. Born: a. Maja Johanne, f. 1830. b. Anna, f. 1832, g. Seiavågen. Borgny døydde i 1869. Kristen spela fele, og spela til dans for ungdommen på laurdagskveldane. Då han vart eldre, var han mest blind, og såg ikkje kva ungdommane la i fela. Det vart mykje knappar og stein, og lite pengar. Men på heimvegen riste han på fela, og sa: «Noko til god kveld.» Kristen var brukar frå 1830, truleg til 1839.48 Johannes Larsson Sjøvoll, f. 1783, d. 1828. G. m. Borgny Bårdsdtr., truleg frå Rymbareid, Fitjar, f. ikr. 1790, dotter til Bård Endreson Sjøvoll. Ho var på Søvodl då ho vart konfirmert i 1807. Born: a. Lars, f. 1812, g. Søvodl. b. Stina, f. 1815, g. nora Meland. c. Erik, f. 1818, d. 1852. d. Mari, f. 1821, d. 1827. e. Bård, f. 1824, g. nora Meland. Borgny g. oppatt m. Kristen Pr. Øyjordsøyno, b. p. Sjøvoll. Johannes kjøpte bruket i 1810, og var brukar so lenge han levde. Ekkj'a var brukar eit års tid etter. Johannes hadde framleis husa saman med bnr. 2. Røykstova, sengjabua, floren og løa og snialhuset var dei same som i 1810, men dei hadde bygt eldhus, stabbur, hestaskut, sjøbu og naust seinare, som dei og åtte ilag. I buet etter Johannes er nemnt 2 kyr, 1 stut, 1 kalv og 2 smaler, 1 hest, tredjeparten i ei mortanot, ei ny laksnot, 10 hummarteiner, litt sylv og litt snikkarverkty er nemnt. Netto eige utan jordegodset var 176 spd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B II, s. 14 Foreldra til Mari Rasmusdtr f. 177053 Rasmus Samuelson Stavland, f. 1743, d. 1809. G. m. 1. Kristi Salamonsdtr. Hovstad, Fitjar, f. 47 år gl. i 1783. Born: a. Mari, f. 1767. b. Mari, f. 1770, g. Hallaråker. e. Marta, f. 1773, g. Hallaråker. d. Samuel, f. 1775, g. Gåsland. e. Kristi, f. 1778. Rasmus vart oppattg. m. Gjertrud Sjursdtr. søra Meland, f. 1753, d. 1827. Born: f. Sjur, f. 1784, g. Stavland. g.Kristi, f. 1787, d. ug. i 1866. h. Endre, f. 1790, g. Stavland. i. Ingeborg, f. 1793, g. ytra Klubbo. Rasmus bygsla i 1766 og var brukar til 1807. I buet etter Kristi i 1783 var nettoeiga 58 rdl. M. a. var det i buet litt sylv, ei sengjabu med sval som Rasmus hadde bygt « - paa øde tomt». Husa var haldne i god stand. Men då lensmannen skulle skriva opp buet etter Rasmus, fann han ingen ting å registrera.B II, s. 556 Foreldra til Brita Olsdtr Stokkvikjo f. 1735 7 Ola Andersson, g. m. Synneva Olsdtr., ekkja etter Lars M. Stokkvikjo. Born: a. Lars, f. 1730. b. Kristi, f. 1731, d. 1737. c. Brita, f. 1735, g. Katla. d. Kristi, f. 1937, g. Laurhammar. Olav var brukar frå 1727 til 1733, då han måtte flytta av di den nye eigaren ville bruka garden sjølv. Ola flytte då til Svortland. (Sjå Svortland nr. 37.) B I, s. 472 Foreldra til Spele-Kristen46 Peder Knutson Økland, f. 1766, d. 1838. G. m. Udna Olsdtr. Skinnhueneset, f. 1756, d. 1833. Born: a. Helene, f. 1788, g. m. ein styrmann i Bergen som heitte Knut. Ho fekk ein son, Jørgen Tysland, 1. 1813 med signalstyrar Jørgen Tysland, Naustbakken. Dotter hennar, Ida Elisabet, g. Fleskøyno. Helene, d. 1865. b. Ola, f. 1790, g. Nordplasset. c. Knut, f. 1792, g. Øyjordsøyno. d. Kristine, f. 1795, g. Hidlesøyno, nora Habbastad. e. Kristen, f. 1798, g. Sjøvoll. f. Malene, f. 1802, g. Akselsholmen, Økland. Peder vart brukar ikr. 1790 og var brukar til 1823. Han budde eit par år på Kvedna, Fitjar før han kom til Øyjordsøyno. Peder åtte husa på plasset. Han stod seg bra. Var reservelos.B I, s 512 Foreldra til Peder Knutsson økland, f. 176667 Knut Pederson Øyjoro, f. 1735, d. ikr. 1790. G. m. Kristi Kristensdtr. nera Nese, f. 1736. Born: a. Kristen, f. og d. 1759. b. Helge, f. 1762, d. før 1790. c. Peder, f. 1764, d. 1765. d. Peder, f. 1766, g. Øy-jordsøyno. e. Knut, f. 1769, g. Innvær. f. Mari, f. og d. 1771. g. Kristen, f. 1772, d. fø@ 1790. h. Brita, f. 1774, g. m. Hans O. Folderøyno. i. Mari, f. 1778, d. før 1790. j. Kristen, f. 1782. Kristi vart oppattg. m. Abraham Y. Gilje. Dei flytte til Folderøyno. Knut fekk ei dotter, Kari, f. 1769 med Marta Olsdtr., ekkja etter Nils J. Lundemannsverk i Øklandsvågen. For dette vart han dømd til 8 dagar på vatn og brød, og til å svara dubbel legermålsbot, 24 rdl., men Knut hadde ikkje pengar til bota, og skifteretten tok difor over buet. Knut bygsla bruket i 1758. I 1765 kjøpte han bruket, 1/2 1. smør 5/8 hud. Knut måtte låna 90 rdl. av Lars E. nera Nese, i 1769, truleg for å løysa inn att bruket etter skiftet i buet hans. Men Knut greidde ikkje lånet, og i 1772 måtte han gjeva Lars skøyte på bruket, Knut budde seinare nokre år på Søvodl, og dei siste åra levde han hjå sonen i Øyjordsøyno. Knut var lagrettemann.B I, s. 462 Foreldra til Knut Pederson, f. 17359 Peder Kjølvson Meling, f. ikr. 1699, d. 1770. G. m. Mari Olsdtr. Søvodl, f. 1711, d. 1790. Born: a. Knut, f. 1735, g. Økland. b. Idna, f. 1736, g. Ersland. c. Udna, f. 1737, g. Økland. d. Stina, 1. 1739, d. før 1770. e. Ola, f. 1742, g. Øyjoro. f. Kjølv, f. 1744, g. Meling. g. Gyri, f. 1747, d. 1750. h. Mari, f. 1748, d. 1750. i. Mari, f. 1750, g. nera Nese, j. Salomon, f. 1753, g. Øyjoro. Peder vart brukar i 1733. I 1764 delte han bruket med sonen Ola, og var brukar saman med han til han døydde, og seinare var ekkja brukar til 1777. Peder var lagrettemann. I 1770 vart halde skifte etter Peder. Skuld og eiga var like, so det vart ingen ting å arva. Ekkja kunngjorde at dei borna som var gifte hadde fått 20 rdl. i heimanfylgje, og ville at dei ugifte skulle få utlagt like mykje. Det var ikkje lite sylv i buet, 4 kyr, 2 kviger, 6 smaler og fjerdeparten i ei makrellnot er nemnde. B I, s. 609Foreldra til Kristi Kristensdtr f. 173669 Kristen Karlson Nordtun, var 40 år gl. i 1701. Han var «mariner» og stod seg bra. Første kona er ukjend, d. før 1704. Truleg syster til andre kona. Ikkje kjende born. Kristen g. oppatt m. Brita Sveinsdtr. nera Nese. Ein veit korkje når ho var fødd eller døydde. Born: a. Svein, f. 1700, levde i 1737. b. Kari. Ho fekk 2 born med Anders L. nera Nese. Kristen g. oppatt m. Anna Jakobsdtr. Levåg, Fitjar. Ho d. 1727. Born: e. Brita, g. Brekke. d. Mari, f. ikr. 1720, g. søra Habbastad. Kristen vart g. 4de g. m. Brita Helgesdtr. Laurhammar, f. ikr. 1702. Born: e. Anna, f. 1730, d. 1737. f. Helge, f. 1731, d. 1737. g. Karl, f. 1733, d. 1737. h. Siri, f. 1735, g. m. 1. Knut Jakobson Hidle, 2. gong til Meling. i. Kristi, f. 1736, g. Økland, fødd etter at faren var død. I 1704 vart Kristen stemnd for legermål. Kristen måtte bøta vanlege legermålsbøter, 3-2-4. Kristen var velstandsmann, trass i at han gong på gong måtte skifta frå seg, men dei siste åra gjekk det noko til atters med han. I 1692 er sagt at Kristen var 22 år og tente hjå far sin. Han kom til nera Nese ein gong før 1701, og var brukar til han døydde. Ekkja var so brukar eitpar år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 435/436Foreldre, besteforeldre og oldeforeldre til Erik Ysteinsson Habbastad, f. 1828 Oldeforeldra kommer først her :39 Ystein Gunnarson Gjerde, Etne, d. ikr. 1778. G. m. Synneva Aslaksdtr., truleg frå Straumøy, Valestrand, der dei budde før dei kom til Habbastad. Synneva flytte dit etter at Ystein var avliden. Born: a. Marta, f. 1738. b. Aslak, f. 1740, g. Gåsland. c. Gunnar, f. 1744. Han fekk ei dotter, Guri, f. 1771 med Ingeborg Kristoffersdtr. Hollund. d. Ranvei, f. 1747. e. Kari, f. 1752. f. Ystein, f. 1754, g. Øyjordsøyno. g. Synneva, f. 1759, g. søra Habbastad. Ystein bygsla bruket i 1746. Året før hadde han bygsla bruk A. og var soleis brukar av heile garden til han døydde. Ystein var lagrettemann.40 Hans Erikson Gåsland, f. 1751, d. 1828. G. m. Synneva Ysteinsdtr. søra Habbastad, f. 1759, d. 1839. Born: a. Ystein, f. 1778, g. søra Habbastad. Hans bygsla Domkyrkjeparten etter faren i 1778, mot vilkår til mor si. Ho skulle ha årleg I t. korn, og 1 vilkårsku, og so skulle han overlata henne to små åkerflekk til slæpavilkår. Hans var brukar åleine til 1802, då sonen Ystein fekk halve bruket. Hans var brukar til han døydde, og so var ekkja brukar saman med sonen nokre år. Hans var lagrettemann.41 Ystein Hansson søra Habbastad, f. 1778, d. 1835. G. m. 1. Haldri Larsdtr. Svortland, f. 1780, d. 1818. Born: a. Synneva, f. 1804, g. Gilje. b. Helk, f. 1807, d. 1808. c. Lars, f. 1809, g. Gåsland. d. Massi, f. 1813, g. nora Meland. e. Barbru, f. 1816, g. Svortland. Ystein vart g. oppatt m. Dortea Eriksdtr. Tormodsetre, f. 1788. Born: f. Haldri, f. 1821, g. Røyrøyno. g. Anna, f. 1823, d. 1865. Ho vart spilt og d. på St. Jørgens Hospital i Bergen. h. Hans, f. 1825, g. søra Habbastad. i. Erik, f. 1828, g. Seiavågen. j. Endrikka, f. 1835. Vart spilt og d. på St. jørgens Hospital i Bergen. Dortea vart oppattg. m. Årstein Årsteinson Alvsvåg. Ystein var brukar saman med foreldra til ikr. 1834, då han kjøpte bruket og fekk kongeskøyte. Prisen var 300 spd. Årleg jordavgift 1 t. 7 skjepper bygg. På skiftet etter Ystein i 1835 vart bruket utlagt på kreditorane Mons O. Økland, Johannes K. Setre og Jon H. Kuleseid som Ystein hadde lånt pengar av då han kjøpte, men ekkja og sonen løyste inn bruket straks etter. I buet var 1 hest, 4 kyr, 3 kviger, 1 stut, I 1 smaler, fjerdeparten i ei mortanot, ei sumarsildnot, noko vårsildnot, femteparten i ein notabåt, tredjeparten i ei laksnot, 1 tømra notabu og 15 hummarteiner. Nettoeiga var 57 spd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 559Foreldra til Peder Kjølvsson Meling, f. ikr. 1699113 Kjølv Råmundson, d. i 1742. G. m. Udna Knutsdtr. Tveit, Stord, d.i 1742. Både ho og Kjølv døydde i sotta som gjekk det året, då mykje folk døydde. Dei vart gravfeste same dagen. Born: a. Råmund Nordtun. b. Knut Meling. c. Ola Steinsbø. d. Peder Øyjoro. e. Anna Rubbestad. f. Dordi Grønås. Kjølv budde først på Tveit på Huglo der han var brukar saman med verfaren, men vart so utarma at han måtte gå frå bruket. Han kom til Meling ikr. 1706 og bygsla bruket etter Gunnar Simonson. Ikr. 1716 fekk sonen Knut bygsla helvta og bruket vart delt i 2 like bruk. Det eine vart seinare bnr. 14, og det andre nemner me her bruk B 2 a. Kjølv var brukar på sin part til 1740. Kjølv stod seg toleg bra på Meling.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 451 Foreldra til Mari Olsdtr Sjøvodl f. ikr. 171144 Ola Salomonson, d. 90 år gl. i 1770. G. m. Idna Bårdsdtr., ekkja etter Jakob E. Sjøvoll. (då ho gifte seg med han var ho og enke. Fyrste mannen var Gunnar S. Meling) Idna døydde 75 år gl. i 1750. Born: a. Brita, f. ikr. 1708. g. Brekke. b. Mari, f. ikr. 1711, g. Øyjoro. c. Salomon, f. ikr. 1713, g. nora Habbastad. d. Gyri, f. ikr. 1716, g. Alvsvåg.Ola vart brukar i 1 708 av halve garden, til han selde i 1751. Med kona vart han eigar av 11. smør, 1/2 hud i Søvodl, og 6 mrk. smør i Grutle. Parten i Grutle selde han i 1754. Ola var ein dugande og vyrd mann i bygda, og velstandsmann. Han var presten sin medhjelpar og lagrettemann. I 1733 var han mellom dei 8 menn i skipreidet som vart innkalla av futen for å gjera greie for ymse lunnende i skipreidet. Det vart halde skifte etter Idna i 1751. Buet var rikt. Netto var 270 rdl. utanom jordegodset. I buet var m. a. I sildenot og 1 sjøbu, I ottringsbåt, 1 kvern med hus, ikkje lite sylv, m. a. I sylvkjede med flaske, I sylvforgylt belte med 21 støler, spenne og «sprotter», verd 8 rdl. Ola og Idna hadde delt noko sylv mellom borna. Mari hadde fått 2 nålekjeder, og so fekk ho utlagt eit til, dessutan I sylvskei og I sylvbeger. Ekkjemannen fekk utlagt I sylvgås,,I sylvskei, I stort sylvstaup av gammaldags arbeid med fot under. På skiftet kravde Lars P. Øyjoro, som var g. m. eldste dotter til Idna, å løysa inn godset i Søvodl, som var hennar odelsgods. Han la 81 rdl. på bordet og bad Ola ta imot dei, so dei kunne unngå usemje og rettsak seinare. Lars var og viljug til å gjeva Ola godtgjerdsle for det arbeid han hadde lagt ned for å gjera bruket betre sidan han vart brukar, og meinte det var best å gjera saka av då. Men Ola svara at han var ikkje førebudd på å ta imot betaling då, og meinte at dersom saka kom for retten, skulle han få rett til å bruka garden so lenge han levde. Dei vart ikkje samde, og skifteretten viste difor saka til «ordentlig Lans lov og Rett». Ola laut likevel selja i 1751. I 1712 vart Ola stemnd av Dirk Meyer i Bergen for 5 rdl., 4 mark. Ola ville ikkje betala avdi det var «hans formand »Jakob Endreson som hadde vorte skuldig pengane, men Ola vart dømd til å betala innan Mikkeli dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 355 Foreldra til Udna Olsdtr Skinnhueneste, f. 17566 Ola Kjølvson Meling, d. 69 år gl. i 1766. G. m. 1. Sygni Rasmusdtr. øvra Nese, d. 33 år gl. i 1736. Born: a. Hans, f. og d. 1730. b. Halvard, f. 1731, d. 1761. c. Gunnar, f. 1733, b. i Stavanger. d. Rasmus, f. 1735, d. 1736. e. Rasmus, f. 1736, g. Katla. Ola g. oppatt m. Marta Andersdtr. Katla, d. 45 år gl. 1753. Born: f. Sygni, f. og d. 1740. g. Hans, f. 1742, d. før 1766. h. Anders, f. 1744, g. Skålavikjo. i. Sygni, f. 1747, g. Kvedna, Fitjar. j. Kristi, f. 1751, d. ug. på Hollund i 1780. Ola 3dje g. m. Malene Olsdtr. Hollund, f. 1723. Born: k. Marta, f. 1755, g. Myro, Klubbo. 1. Udna, f. 1756, g. Øyjordsøyno. m. Ola, f. 1760. n. Kjølv, f. 1763, g. Skinnhueneset. Ola bygsla bruket ikr. 1728. I 1744 sa han opp og flytte til Skinnhueneset. (Sjå Skinnhueneset nr. 4.) Ola greidde seg bra på Steinsbø. Han flytte truleg frå Steinsbø på grunn av dei høge skattane som kvilde på bruket. Som du ser var Ola Kjølvsson bror til Peder Kjølvsson, så foreldra hans har du over.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B II, s. 139Foreldra til Haldri Larsdtr Svortland, f. 178060 Lars Gunnarion Svortland, f. 1747, d. 1804. G. m. Helk Salomonsdtr. Habbastad, f. 1749, d. 1824. Born: a. Massi Olrich, f. 1773, g. Setre. b. Alis, f. 1775, g. Gilje. c. Haldri, f. 1778. d. Haldri, f. 1780, g. søra Habbastad. e. Ola, f. 1783, g. Svortland. f. Ida, f. 1785, g. nera Nese. g. Salomon, f. 1788, g. Svortland. h. Gunnar, f. 1792, g. Svortland. Lars vart truleg brukar då han gifte seg i 1772. Ved arv etter Helk sine foreldre og kjøp frå medarvingane vart Lars eigar av bruket, og halve Sørgarden. Han var brukar på Heimegardsbruket til han selde i 1804. Lars var lagrettemann. I 1771 stemnde Lars gastgjevaren Rasmus Falk for å fri seg frå ei grov skulding som Falk hadde sett fram. Lars vart frikjend avdi Falk ikkje kunne føra fullgode prov for skuldinga. I skiftet etter Lars i 1805 var Nettoeiga 144 rdl. utanom jordegodset. Husa på bruket er nemnde då. Det var: røykstove, løe, flor, stabbur, smalhus og ei lita høyløe. Buet åtte helvta i ei kvern med hus. I buet etter Helk er nemnt noko gamalt arvesylv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er forfedrene til Lars Gunnarsson Svortland, f. 1747 1. Lars Gunnarson Svortland, son of Gunnar Jonson Nordtun and Alis Guttormsdtr Urong, was born in 1747 and died in 1804, at age 57. Second Generation (Parents) 2. Gunnar Jonson Nordtun,(1) son of Jon Gunnarson Økland and Barbru Karlsdtr Nordtun, was born in 1705 in Nordtun, Bømlo and died in 1754, at age 49. General Notes: BB II: Gunnar Jonson Nordtun, f. ikr. 1705, d. 1754. G. m. Alis Guttormsdtr. Urong, f. ikr. 1706. Born: a. Peder, f. 173 1, g. Svortland. b. Jon, f. 1732, g. Gåsland. c. Guttorm, f. 1734. Han vart utskriven til militærteneste i Kjøbenhavn, og er seinare ikkje spurd. d. Hans, f. 1736, g. Lindøyno. e. Gunnar, f. 1739, d. 1756. f. Barbru, f. 1741. g. Anna, f. 1742, g. Svortland. h. Ola, f. 1745. i. Lars, f. 1747, g. Svortland. j. Ola, f. 1750, d. 1765. Gunnar vart brukar etter Knut Guttormson, truleg ikr. 1730, og som før nemnt sa han bruket frå seg og flytte til Nordgarden i 1750. (Sjå nr. 2 1.) Gunnar Jonson Svortland, f. ikr. 1705. (Sjå nr. 124) arva 18 mrk. smør i bruket med kona. I 1747 kjøpte han resten av det som Jon sine arvingar åtte, og flytte frå Sørgarden til dette bruket. I 1750 bygsla han andre helvta av Nordgarden. Gunnar døydde i 1754 og ekkja var so brukar saman med sonen til 1762. Forutan halve Nordgarden åtte Gunnar 15 mrk. smør i Søvodl med bygsel, som han hadde kjøpt, og noko arva. Han var velstandsmann, og lagrettemann i nokre år. I skiftet etter han er nemnt at han fostra 8 kyr, 4 kviger, 1 stut, 2 hestar og 8 smaler. Ekkja var brukar saman med Sonen Peder til 1762. Gunnar married Alis Guttormsdtr Urong. Deres barn var i. Lars Gunnarson Svortland. Lars married Helk Salomonsdtr Habbastad. ii. Peder Gunnarson Svortland was born in 1731 in Svortland, Bømlo and died in 1813 in Svortland, Bømlo, at age 82. Peder married Inga Torkjelsdtr Stavland. iii. Jon Gunnarson Svortland was born in 1732 in Svortland, Bømlo and died in 1799 in Svortland, Bømlo, at age 67. Jon married Barbru Samuelsdtr Meland (Nora). iv. Hans Gunnarson Svortland was born in 1736 in Svortland, Bømlo and died in 1798 in Lindøy, Bømlo, at age 62. Hans married Marta Olsdtr Sele Søra. 3. Alis Guttormsdtr Urong, daughter of Guttorm Knutsson Urong and Anna Mikkjelsdtr, was born in 1706 in Urong, Bømlo. Alis married Gunnar Jonson Nordtun(1). Third Generation (Grandparents) 4. Jon Gunnarson Økland,(2) son of Gunnar Monsson Økland and Malene Gunnarsdtr Meling, was born in 1685 and died in 1737, at age 52. General Notes: 35 Jon Gunnarson Økland, f. ikr. 1685, d. 1737. G. m. 1. Barbru Karlsdtr. Nordtun, d. før 1730. Born: a. Mikkel, g. Nordtun. b. Gunnar, f. ikr. 1705, g. Svortland. c. Karl, f. 1720, g. Meling. Jon g. oppatt m. Kari Aarsteinsdtr., ekkja etter Knut ,G. Svortland. Born: d. Knut, f. 1731, d. 1750. e. Barbru, f. 1736, d. 1750. Kari vart g. 3dje g. m. Anders O. Habbastad, b. p. Nordtun. Jon bygsla bruket i 1705 og var brukar til han døydde. Seinare var ekkja brukar til ho gifte seg att i 1743. Jon åtte ein part i Søvodl, arva etter faren. Jon var los, og lagrettemann. Jon married Barbru Karlsdtr Nordtun. Deres barn var i. Gunnar Jonson Nordtun. Gunnar married Alis Guttormsdtr Urong. ii. Mikkel Jonson Nordtun died before 1801 in Meland, Bømlo. Mikkel married Johanne Salomonsdtr Hallaråker. 5. Barbru Karlsdtr Nordtun, daughter of Karl Olson Nese (Øvra) and Anna Christensdtr Øklandsvågen, died in 1730. Barbru married Jon Gunnarson Økland(2). 6. Guttorm Knutsson Urong, son of Knut Guttormson Urong and Barbru Jonsdtr Alvsvåg, was born in 1679 in Urong, Bømlo and died in Urong, Bømlo. General Notes: Guttorm Knutson Urong, f. ikr. 1679 (sjå Svortland nr. 99). Kona heitte truleg Anna Mikkjelsdtr. Born: a. Knut, f. ikr. 1705, g. Svortland. b. Alis, f. ikr. 1706, g. Svortland. Guttorm bygsla bruket i 1699, 1/2 1. smør, 1/2 hud som var fjerdeparten av garden, ei tid kalla 'Gutormsjorden'. Resten av farsbruket vart liggjande øyde til Kolbeins Olson bygsla det. Guttorm stod seg toleg godt. Ved synfaringa i 1703 er sagt: 'l. Bundens tilstand temmelig. 2. Huserne nogenledis i stand, aabotfald, I rdl. 3 mark. 3. Saar og føder som ovenmelt er (d. e. som grannen Lars Tomasson). 4. Eier alt forskrefne undtagen en Koe hand har til leje.' Han hadde ikkje nemnande skuld. Guttorm hadde bruket til ikring 1723 då han flytte til Svortland. Guttorm married Anna Mikkjelsdtr. Deres barn var i. Alis Guttormsdtr Urong. Alis married Gunnar Jonson Nordtun(1). 7. Anna Mikkjelsdtr died in Urong, Bømlo. Anna married Guttorm Knutsson Urong. Fourth Generation (Great Grandparents) 8. Gunnar Monsson Økland, son of Mons Olson Økland and Helga (Ukjent Far) Økland, was born in 1663 and died in 1710 in Økland, Bømlo, at age 47. General Notes: BB I, s. 504 Bruk A Il. Fjerdeparten av garden. Som nemnt før vart bruk A delt i 2 like bruk i 1669. Gunnar Monsson Økland, var 33 år gl. i 1665, d. ikr. 1704. G. m. Malene Gunnarsdtr. Meling, d. ikr. 1702. Born: a. Gunnar, f. ikr. 1663, g. Økland. b. Marta, f. ikr. 1665, g. Rubbestad. c. Mons, f. ikr. 1673, g. Søvodl. d. Hans, f. ikr. 1677, g. Økland. e. Jon, f. ikr. 1685, g. Nordtun. f. Helga, g. m. Endre E. Børøyno. Gunnar bygsla helvta av det bruket faren hadde då han døydde i 1669, og var brukar av halve garden. I 1682 sa han opp dette bruket på grunn av vanhelsa, og var sidan berre brukar av bruk B 1. Frå 1685 og utover bruka han fjerdeparten av Søvodl. I Søvodl åtte han tredjeparten, og so åtte han 12 mrk. smør i Grutle og Hope, som kona hans hadde arva. Han åtte og ei tid part i nora Habbastad, som han makeskifte med ein part i Søvodl. Gunnar var velstandsmann og ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år. Då kona døydde i 1702, vart ho nedsett i skipet i Gåslandskyrkja. For denne føremonen svara Gunnar 2 rdl. til kyrkja. Gunnar married Malene Gunnarsdtr Meling. Deres barn var i. Gunnar Gunnarsson Økland was born in 1663 and died in 1710, at age 47. Gunnar married Siri Knutsdtr Urong. Gunnar next married Brita Nilsdtr Meland Nora. ii. Marta Gunnarsdtr Økland was born in 1665 in Økand, Bømlo and died in 1721 in Rubbestad, Bømlo, at age 56. Marta married Bottolv Andersson Rubbestad. iii. Mons Gunnarsson Økland was born in 1673 in Økland, Bømlo and died in 1742 in Sjøvold, Bremnes, Hordaland, at age 69. iv. Jon Gunnarson Økland. Jon married Barbru Karlsdtr Nordtun. v. Helga Gunnarsdtr Økland was born in Økland, Bømlo and died in 1708 in Børøy, Bømlo. Helga married Endre Endresson Børøy. vi. Hans Gunnarson Økland was born in 1677 in Økland, Bømlo and died in 1733 in Økland, Bømlo, at age 56. Hans married Anna Nilsdtr Sele (Søra). 9. Malene Gunnarsdtr Meling, daughter of Gunnar Gyrdson Sjøvold and Marta Villumsdtr Sjøvold, was born circa 1643 and died in 1702, at age 59. Malene married Gunnar Monsson Økland. 10. Karl Olson Nese (Øvra),(3) son of Ola Matsson Nese (Øvra) and Unknown, died in 1709 in Nese (Øvra), Bømlo. General Notes: 7 Karl Olson øvra Nese. d. 1709. G. m. Anna Christensdtr. Øklandsvågen, d. 1709. Born: a. Kristen, f. ikr. 1667, g. nera Nese. b. Hans, f. ikr. 1671, g. Mehus. c. Bertel, f. ikr. 1687, g. Nordtun. d. Nils. Var sjømann 'udenlandtz, skal seigle fra Holland -' i 1709. Døydde utanlands. e. Barbru, g. Nordtun. Karl var 66 år, gl. i 1701, og kunne svara skattane sine. Han var komen til Nordtun i 1677, då han vart stemnd av Bent Mikkelson Sandbech 'for nogen grove och utilbørlige skjellsord om ham i hans fraværelse da arveskiftet skiede i høst paa Mehuus -'. Karl sa 'at han iche ved med sin Sandz eller Sambuittighed at haffue talt eller Sagt noget paa den Dannemand Bent Michelsen Karl hadde vore 'overstadig drukken' og måtte bota 1 rdl. I 1700 vart Karl stemnd av Casper Warner i Sønstabøvågen fordi han 'nest afvigte Nytaars aften paa Mehus skielt ham for adskilligt paa hans ære og meere u-beqvemsord -'. Mellom vi ' tna var presten Hans Rafnsberg. Han kunne vitna at han høyrde Karl ' - skielte Casper Syndstabøvaagen for en kieltrings unge og Raabte paa sin Knif -'. Når presten var på Mehus nyårsaften, so var det fordi han, etter gamal skikk, kom nordetter nyårsaltan og heldt gudsteneste i Gåslandskyrkja, og so overnatta han i Sønstabøvågen og hadde gudsteneste nyårsdag og. Han har då vorte beden til gjestebods på Mehus, og dei har truleg då feira sekelskiftet. Då nokre vitner ikkje møtte, vart saka utsett, men kom ikkje opp att. Truleg vart dei forlikte før nytt ting vart halde. Karl var velstandsmann. Det var skifte etter han og kona i 1709. Dei døydde straks etter einannan. I buet er nemnt 13 rdl. i reide pengar, 7 kyr, 3 kviger,1 stut, 1 kalv, 1 føl, 3 smaler, 2 laksnøter, 2 sjøbuer, 1 naust, I glasbu 'opbiugt paa øde Tofft.' (Dette er eit av dei første husa i bygda som er nemnde som hadde glas.) Netto i buet var 103 rdl. Bruket vart no delt i 2 like bruk, som her vert nemnt bruk A I og A 2. Karl married Anna Christensdtr Øklandsvågen. Deres barn var i. Barbru Karlsdtr Nordtun. Barbru married Jon Gunnarson Økland(2). ii. Kristen Karlsson Nordtun was born circa 1667 in Nese (Øvra), Bømlo and died in 1736 in Nordtun, Bømlo, at age 69. Kristen married Brita Helgesdtr Laurhammar in 1. 11. Anna Christensdtr Øklandsvågen, daughter of Christen Nielson Øklandsvågen and Karen N.N. Øklandsvågen, died in 1709 in Nese (Øvra), Bømlo. Anna married Karl Olson Nese (Øvra)(3). 12. Knut Guttormson Urong, son of Guttorm Jonsson Urong and Unknown, was born in 1641 in Urong, Bømlo and died in 1695 in Urong, Bømlo, at age 54. General Notes: BB I, s. 305 : Knut Guttormson Urong, var 24 år gamal i 1665 (sjå nr. 39). Han var først brukar på bnr. A 2 men tok over dette bruket etter faren ikr. 1683. Han var brukar her til han døydde. Bruk A 2. Skyld: 1/2 1. smør, 1/2 hud. Som før er nemnt vart bruk A delt i 2 bruk i 1664. 39 Knut Guttormson Urong, var 24 år gl. i 1665. D. i farsotta i 1695. G. Barbru Jonsdtr. Alvsvåg, d. i 1696 i same sotta. Born: a. Peder. Hadde bruket ei tid. b. Siri, f. ikr. 1673, g. Økland. c. Guttorm, f. ikr. 1679, g. Urong. Knut fekk bygsla denne parten av farsbruket ikr. 1664. Då faren fall frå ikr. 1683, tok han over hans bruk som var større. (Sjå nr. 8.) I 1695 vart halde skifte etter Knut. Buet stod seg bra. Nettoeiga var 55 rdl. I buet var m. a. eit sylvbelte, verdsett til 9 rdl., I I kyr 2 kviger, 2 kvalvar, 1 hest og 3 smaler. Av utlegg kan nemnast ' 3 mark i bot for bismarvekta som var bortgøymd, og som grannen måtte svara like mykje i bot for. Elles er nemnde dei husa som trong vøle, for 4 rdl. So var det 'hans lille lade' som trong vøle på taket Sameleis floren, stabburet, sengjabua og bruket sin part i stova, som alle var skrale i taket. Ekkja fekk åbotspengane mot at ho skulle syta for at husa vart vølte til pinstid, dersom ikkje det vart gjort, skulle futen eller ombudsmannen for klostergodset ha pengane, og syta for at husa vart vølte. I 1696 vart skifte halde etter Barbru. I mellomtida var sonen Peder død. Han hadde vore brukar på grannebruket og døydde ugift, og det hadde ikkje vore skifte etter han. Huseåbota som vart pålagd i skiftet etter Knut var ikkje betalt, og ikkje var husa vølte. I Barbru sitt bu vart det då teke utlegg for åbot både på dette bruket og Peder sitt bruk. Likeeins hadde ikkje Peder svara bygsel og landskyld av sitt bruk. Dette vart det utlagt for i skiftet etter Barbru, med ialt 19 rdl. Det vart då vedteke at arvingane skulle få åbotspengane mot å setja husa i forsvarleg stand 'inden Aar og Dag', eller og betala dei til ombudsmannen. Knut married Barbru Jonsdtr Alvsvåg. Marriage Notes: Både Knut og Barbru døde i samme sotta. Deres barn var i. Siri Knutsdtr Urong was born in 1673 in Urong, Bømlo. Siri married Gunnar Gunnarsson Økland. ii. Guttorm Knutsson Urong. Guttorm married Anna Mikkjelsdtr. 13. Barbru Jonsdtr Alvsvåg, daughter of Jon Torsteinson Alvsvåg and Ingeborg N.N. Alvsvåg, died in 1696 in Urong, Bømlo. Barbru married Knut Guttormson Urong. Fifth Generation (Great Great Grandparents) 16. Mons Olson Økland, son of Ola Økland and Unknown, was born in 1588 and died circa 1669, at age 81. General Notes: Nemd i 1665 og var då 80 år gamal. Mons married Helga (Ukjent Far) Økland. Marriage Notes: Bømlo Bygdebok I Deres barn var i. Brita D.E. Monsdtr Økland was born circa 1635 and died in 1697, at age 62. Brita married Gabriel Sjursson Alvsvåg. ii. Andor Monsson Økland. iii. Gunnar Monsson Økland. Gunnar married Malene Gunnarsdtr Meling. iv. Siri Monsdtr Økland was born in Økland, Bømlo. v. Brita Monsdtr D.Y. Økland. vi. Anna Monsdtr Økland died in Bømlo, Hordaland. Anna married Ola Jonsson Fylkesnes. 17. Helga (Ukjent Far) Økland died circa 1668. Helga married Mons Olson Økland. 18. Gunnar Gyrdson Sjøvold, son of Gyrd Knutsson Meling and Mari N.N. Meling, died in 1663. General Notes: Gunnar Gyrdson Søvodl, (sjå Sjøvoll nr. 3) d. før 1663. Kom frå Sjøvoll i 1629 då han bytte bruk med faren. Kona heitte Marta Villumsdtr. og var dotter til Villum på Voll og kona Malene frå Eide. Marta døydde millom 1682 og 1685. Kjende born: a. Simon Meling. b. Haldri, g. Meling. c. Malene, g. Økland. (Og truleg har dei hatt ein son, Villum, som d. tidleg, for dette namnet går att i ætta seinare.) Gunnar arva ein part i Søvodl etter faren. Seinare, i 1747 løyste han inn 2 1/2 pd. smør i garden frå dei andre syskina, og vart eigar av heile garden, og heile Grutle. I Sønstabø åtte han I spann smør som seinare vart innløyst. I 1663 vart Marta stemnd for bruken av laksvågen Oddevågen under Hiskjo som ho då vart frådømd retten til å bruka. I 1652 vart Gunnar stemnd for ein skipsbåt han hadde funne på rak nordmed Øklandsvågen og som han ikkje ville gjeva frå seg til lensmannen, men ville sjølv ha båten mot å svara det som den måtte vera verd. Det vart ikkje dom i saka og er truleg vorten forlikt med futen. Gunnar var brukar til han døydde. Bruket vart då delt i 2 like bruk, som me her vil kalla bruk B I og B 2. Gunnar married Marta Villumsdtr Sjøvold. Deres barn var i. Malene Gunnarsdtr Meling. Malene married Gunnar Monsson Økland. ii. Haldri Gunnarsdtr Meling was born in 1645. Haldri married Hans Meling. iii. Simon Gunnarsson Sjøvold was born in Meling, Bømlo and died in 1680 in Meling, Bømlo. 19. Marta Villumsdtr Sjøvold, daughter of Villum På Vold Sjøvold and Malene Eide, died in 1682. Marta married Gunnar Gyrdson Sjøvold. 20. Ola Matsson Nese (Øvra) (4) died in Nese (Øvra), Bømlo. General Notes: 7 Ola Matsson, vart brukar etter Pål i 1657. Første kona er ukjend. Born: a. Jens øvra Nese. b. Karl Nordtun. c. Hans øvra Nese. d. Kari, g. Mehus. Andre kona heitte Guri Bårdsdtr. Ola døydde ikr. 1675. Han var 50 år i 1665. I 1657 fostra Ola 4 kyr, I ungnaut. Han hadde nett då teke over bruket og var truleg ikkje komen opp i full fødnad. Etter at Ola døydde, vart garden delt i 2 like bruk mellom dei 2 sønene hans, Jens og Hans. Ola married (name unknown). Deres barn var i. Karl Olson Nese (Øvra). Karl married Anna Christensdtr Øklandsvågen. 22. Christen Nielson Øklandsvågen (5) died in 1657 in Øklandsvågen, Bømlo. General Notes: BB I, s. 524 : Christen Nielsen, d. ikr. 1657 var den første ein veit som budde i Øklandsvågen. Kona heitte Karen. Born: a. Ei dotter, g. m. Hans P. Hiskjo. b. Peder Brekke. c. Kristen Hiskjø. d. Bertel, f. ikr. 1651. e. Anna Nordtun. Christen var samstundes brukar på Brekke, truleg fordi handelen kasta so lite av seg at han ikkje kunne leva av den åleine. Då Christen døydde, ser det ut for at Karen gav opp handelen og flytte til Brekke. Christen kom til Øklandsvågen ikring 1646. I 1649 stemnde han Ådne Dyvikjo på Stord, eg son hans, ' - for et hus som de lofuet at bygge hannem, som han skulde gifue dennem 18 rdl. for. Og det skulde vere for ungefær 3 aar siden, hvilket endnu ikke er etterkommet. ' Christen fekk pengane attende, og bygningsmennene fekk bot. Etter kjøpesummen å døma var det eit stort hus han ville byggja. Truleg var det i Oklandsvågen han hadde tenkt å setja det opp. Christen married Karen N.N. Øklandsvågen. Deres barn var i. Kristen Kristenson Øklandsvågen was born in 1648 in Øklandsvågen, Bømlo and died in 1732 in Øklandsvågen, Bømlo, at age 84. Kristen married Brita Aslaksdtr Øklandsvågen. ii. Anna Christensdtr Øklandsvågen. Anna married Karl Olson Nese (Øvra)(3). 23. Karen N.N. Øklandsvågen died in Øklandsvågen, Bømlo. Karen married Christen Nielson Øklandsvågen(5). 24. Guttorm Jonsson Urong was born in 1615 and died in Urong, Bømlo. General Notes: Guttorm Jonsson, var 50 år i 1665. Ukjent kva tid han døydde. Kona var truleg ekkja etter Knut Omundson. Kjende born: a. Jon Guttormson Svortland. b. Knut Guttormson Urong. c. Barbru Guttormsttr. Hollund. Guttorm vart brukar ikr. 1645. Då ekkja etter grannen Lars gjekk frå bruket sitt i 1657, vart det delt mellom Guttorm og grannen Halvard, soleis at Guttorm då brukte 5/8 partar av garden til ikr. 1664 då sonen Knut fekk bygsla 112 1. smør, 1/2 hud. Bruket vart då delt i 2 bruk, som me her vil nemna bruk A I og A 2. Guttorm sat att med 3/8 partar av garden, eller 3/4 1. smør, 3/4 hud, til ikr. 1683. Det ser ut som om Guttorm var velstandsmann. I 1657 fostra han 1 hest, 12 kyr, 4 ungnaut og 9 smaler. Han var kyrkjeverje. Guttorm married (name unknown). Deres barn var i. Barbru Guttormsdtr Urong died in 1712 in Hollund, Bremnes, Bømlo. Barbru married Endre N.N. Hollund(6) in 1. Barbru next married Nils Erikson Hollund in 2. ii. Knut Guttormson Urong. Knut married Barbru Jonsdtr Alvsvåg. 26. Jon Torsteinson Alvsvåg, son of Torstein Alvsvåg and Unknown, died in 1648 in Alvsvåg, Bømlo. General Notes: 77 Jon, vart brukar ikr. 1618. Truleg var han son til Torstein på Bruk B. Jon var brukar til han døydde i 1648. Ekkja var so brukar av fjerdeparten av garden til 1662. Kona heitte Ingeborg. Kjende born: a. Endre søra Meland. b. Knut Alvsvåg. c. Barbru Urong. Jon åtte bruket sitt, 1 spann smør, 1 hud. So åtte han ein liten part i Kuleseid og ½ 1. smør i søra Habbastad, og ein liten part i Rymbareid, Fitjar. Alt truleg arva. I 1657 fostra Ingeborg 3 kyr, 1 kvige. Jon var lagrettemann. Jon married Ingeborg N.N. Alvsvåg. Deres barn var i. Barbru Jonsdtr Alvsvåg. Barbru married Knut Guttormson Urong. ii. Endre Jonson Alvsvåg was born in 1645 in Alvsvåg, Bømlo and died in 1696 in Alvsvåg, Bømlo, at age 51. Endre married Gjertrud Olsdtr Alvsvåg. iii. Knut Jonsson Alvsvåg was born in Alvsvåg, Bømlo and died in 1693 in Alvsvåg, Bømlo. Knut married Målfrid Nn (?) Alvsvåg. 27. Ingeborg N.N. Alvsvåg died circa 1662 in Alvsvåg, Bømlo. Ingeborg married Jon Torsteinson Alvsvåg. Sixth Generation (3rd Great Grandparents) 32. Ola Økland died circa 1627. General Notes: Ola (Oluff Ocklannd) er nemd som brukar av ein liten part i garden i 1601. I 1605 hadde han garden åleine i nokre år. I 1610 vart garden delt i to. Ola satt på bruk A til 1615. Etter knekteskatten i 1612 å døma var Ola ein av dei mest velståande menn i bygda. Siste året han er nemd er i 1627. Ola married (name unknown). Deres barn var i. Mons Olson Økland. Mons married Helga (Ukjent Far) Økland. 36. Gyrd Knutsson Meling died in Bømlo, Hordaland. General Notes: Gyrd Knutson, bruka halve garden i 1601. Han var brukar til 1629, då han bytte bruk med sonen Gunnar og flytte til Søvodl. (Sjå Sjøvoll nr. 5.) Kona heitte Mari (Marren i 1645). Kjende born: a. Gunnar, g. Søvodl, seinare Meling. b. Johannes Meling. c. Lars. d. Erik Søvodl. e. Truleg ei dotter, g. m. Peder Danielson Bjørnevik. Gyrd sat som leiglending på Meling, men åtte I Y4 laup smør 1 1/4 hud i Søvodi i 1624 som han då svara odelskatt for. Noko av dette jordegodset vars utlagt på døtrene til Torstein Olsson Børøyno i 1606. Denne parten - kor stor han var, veit ein ikkje - må Gyrd ha teke på odel eller kjøpt før 1624. Etterkvart løyste han inn heile Søvodlegarden. Gyrd kjøpte og Grutle ein gong mellom 1626 og 1637. Dette var og odelsgods som vart skift etter Torstein Børøyno i 1606. I søra Habbastad åtte han 9 mrk. smør som han hadde som pantegods. Gyrd var med og rusta ut ein soldat til Svinesund både i 161 I og 12, men av ein eller annan grunn er han ikkje nemnd i 'knekteskatt' manntalet korkje i 1611 eller 12 endå han var ein velståande mann. I 1617 vart Gyrd stemnd 'for en Hest Hannd sig tilkiender och anderlles Bleff bevuist. Aff Sonnet och Gaff Penninge 8 Rdr.' Han vart soleis dømd for å vilje stela hesten, difor var bota so stor. Gyrd rydja laksvågen Oddevågen i Hiskjo, som han og sonen Gunnar brukte i over 60 år, og som dei svara 2 pund laks for året i landslut for. Gyrd married Mari N.N. Meling. Deres barn var i. Gunnar Gyrdson Sjøvold. Gunnar married Marta Villumsdtr Sjøvold. 37. Mari N.N. Meling died in Bømlo, Hordaland. Mari married Gyrd Knutsson Meling. 38. Villum På Vold Sjøvold died in Bømlo, Hordaland. Villum married Malene Eide. Deres barn var i. Marta Villumsdtr Sjøvold. Marta married Gunnar Gyrdson Sjøvold. 39. Malene Eide . Malene married Villum På Vold Sjøvold. 52. Torstein Alvsvåg . General Notes: BB II, s. 90 : Bruk B. Halve garden. Garden vart, som før nemnt delt i 2 like bruk ikr. 1600. 60 Torstein vart då brukar. Han hadde bruket åleine til 1618 då ein 'Joenn Al1suogh' fekk bruka fjerdeparten. Bruket vart då truleg delt. Den parten som Torstein hadde ått, og som seinare vart fråskilt ein fjerdepart til, fekk seinare bnr. 7. Det andre vert her nemnt bruk B 1. Torstein var brukar til 1642. I 1611 var Torstein med og rusta ut ein soldat til Svinesund, men av ein eller arman grunn svara han ikkje 'knekteskatt' korkje i 1612 eller -13. Torstein var ein av dei største jordegodseigarane i bygda på si tid. Saman med Bård Sønstabø, som truleg var av same ætta, åtte han 1 1. smør, I hud i Sønstabø, 16 mrk. smør i Våge, 1 spann smør, 1 spann korn i Kuleseid, 4½ spann korn i Våge i Sveio. Av dette var noko odelsgods. So åtte han åleine I vett korn i Erisland i Skåre, 1 1. smør, ½ våg fisk i Alvsvåg, ½ 1. smør i søra Habbastad og 6 mrk. lyse i Hiskjo. Alt odelsgods. Torstein married (name unknown). Deres barn var i. Jon Torsteinson Alvsvåg. Jon married Ingeborg N.N. Alvsvåg.-------------------------------------------------------------------------------- Sources1. Bømlo II, s. 55. 2. Simon Steinsbø, s. 626. 3. Ibid, s. 619. 4. Ibid, s. 569. 5. Ibid, s. 524. 6. Ibid, s. 278.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er forfedrene til Helk Salomonsdtr Habbastad, f. 1749 1. Helk Salomonsdtr Habbastad, daughter of Salomon Olson Sjøvoll and Maren (Massi) Michelsdtr Olrich, was born in 1749 in Habbastad, Bømlo and died in 1824 in Svortland, Bømlo, at age 75. Helk married Lars Gunnarson Svortland, son of Gunnar Jonson Nordtun and Alis Guttormsdtr Urong. Second Generation (Parents) 2. Salomon Olson Sjøvoll, son of Ola Salomonson Sjøvoll and Idna Bårdsdtr Vestbøstad, was born in 1713 in Sjøvold, Bremnes, Hordaland and died in 1795 in Habbastad, Bømlo, at age 82. General Notes: BB I, s. 420: 33 Salomon Olson Sjøvoll, f. ikr. 1713, d. 1795. G. m. 1. Haldri Larsdtr. nora Habbastad, f. 1711, d. 1741. Barnlause. Salomon vart oppattg. m. Maren (Massi) Michelsdtr. Olrich, Hiskholmen, f. 1720, d. 1785. Born: a. Mikkel, f. 1747, g. Habbastad. b. Helk, f. 1749, g. Svortland. c. Beate Hasse, f. 1751, d. 1759. d. Ida Marie, f. 1753, g. Sønstabøvågen. e. Anna, f. 1756, d. 1759. f. Ola, f. 1760, g. søra Habbastad. g. Beate Kathrine, f. 1762, g. Svortland. Salomon g. for 3dje gong m. Mari Kristine Torsdtr. Hiskjo, f. 1767. Han var ikr. 72 år, ho 19. Dei var barnlause. Mari vart seinare g. m. Knut O. Fitjar, Fitjar og so med Erik Halvardson nora Habbastad. Etter segna likte ikkje Olrichane i Hiskjo at dottera ville ha denne bonden og ekkjemannen på Habbastad, og sette seg imot giftarmålet. Men ein søndag då Hiskafolket kom til kyrkja, gjekk Salomon til Straumfjorden, tok båten deira og rodde til Hiskjo og henta Maren heim til Habbastad, og då måtte foreldra gje seg. Men det varde lenge før dei blidka seg so mykje at dei vitja dottera. Men ein søndag dei var til kyrkje kom dei på vitjing. Då Salomon såg dei kom, samla han alle mjøltønnene han kunne finna, snudde botnen opp og strødde mjøl på. Då verforeldra kom på stabburet og såg rekkja med mjøltønner, tykte dei at dottera var bra gift likevel. Seinare var det alltid vennskap med dei og Salomon, som ikkje gjekk mykje or vegen for verfaren korkje i rikdom eller vyrdnad, seinare. Salomon vart etterkvart ein rik mann som åtte mykje gods og eigedommar. I 1734, 1744 og 1755 kjøpte han so mykje av vcrfaren Lars, at han åtte halve garden. I 1769 selde han helvta til sonen Mikkel. Bruket vart då delt i 2 like bruk, som seinare vart bnr. I og 2. Salomon hadde bnr. I til han døydde. Bruket vart då utlagt på borna. På skiftet etter faren fekk Salomon utlagt 6 mrk. smør i Grutle og 2 mrk. smør i Hope, som han selde til Jan Hansson Grutle i 1754. Med Maren fekk han 2/3 av Svortland, nemleg I laup 1 pund smør, 2 huder, som vart utlagt på borna. I søra Habbastad kjøpte han I 1. 18 mrk. smør i 1775 som og vart utlagt på borna. I 1774 kjøpte han heile Steinsbøgarden. Han selde nokre år seinare med god vinning. I 1756 kjøpte han Skålavikjo med underliggjande plass Pollen av verbroren, Jochum Hynnemør i Brandasundet, men selde straks etter til andre verbroren Jacob Hasse Hynnemør. I 1760 kjøpte han yttra Klubbo med plasset Myro av Jochum Hynnemør. Dette vart utlagt på borna i skiftet etter han. I 1745 kjøpte han Utslåttøyno med laksvågen, saman med grannen Erik, men selde året etter til Erik. Salomon var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann, og skiftetakstmann. I 1743 vart han vald 'til Skoele Cassens regnskab at forestaa -' saman med Erik M. Sjøvoll. Han var og laverje for ei mengd ekkjer. I 1785 vart halde skifte etter Maren. Netto i buet var 952 rdl. utanom jordegodset. M -kje sylv er nemnt, m. a. 'I rød Halskrave med Sølv paa og et Stølebelte til Bruedestads for Enke Bruder', verdsett til 18 rdl. I stort sylvstaup, verd 7 rdl. 5 mark som truleg finnst enno, og I gamal 'Silke Bastes Kaabe med hvitt Boyes Foder', verd 6 rdl. Etter Salomon var det skifte i 1795. Buet åtte då fjordeparten i 'den store glasstue med kjøkken, loft og afpanelt kammer', den vesle glasstova, sengjabua, eldhuset, hestes+,allen, eit naust på Gåslands grunn, (i Urangsvågen) eit tømra naust og eit stava naust i Søvocilvågen på Øyjoro sin grunn, halvparten i eit smalhus, og eit kvernhus med kvern på Habbastad sin grunn, mykje sylv, m. a. eit belte 'med 18 store firkantede udarbeidede Sølv Støler og 2 smaa runde Løv paa hver Støle, samt 5 smaa runde forgy-ldte udarbeidede Sølv støler med forgyldt udarbeidet Spende', verd 14 rdl. og eit 'stort høyt Sølv støb med 3 udarbeidede Fødder med Sølv render og 3 løv.' Av bøker var der, 'Søren Matisens Regnebog, Kong Christian Femtes Norske Lov ' I bibel, Joakim Frederich Høestes Bibel, Den fuldkomne Psalmebog med 1070 Psalmer, Speners Kristendoms Øvelse, Guds ords første Antrabeet. Johannes Larsens Bibelske Kiærne. Caspari Rasmii Brochmanns Huspostil, værende hos Lars G. Sortland. Catekismus paa Sang af Peder Dass.' Elles er nemnt, fjerdeparten i ei makrellnot, 8 famnar mortanot, 'I stor tyk Spandsk trøie med stor Sølv Knap, 3 gl. vindusgardiner', ei eik dragkiste, og ei furu do. med messinglås, ei lita våpenøks o. m. m. I 1754 vart halde skifte på Habbastad etter myndlingen Kristine Pedersdtr. Heltberg som var død der, og som Salomon var formyndar for. Ho var truleg ein tremenning til Maren. Arvingar var syskin og halvsyskin, men ingen av dei møtte. Av utgifter i buet kan nemnast, 'Betalt for den SI: Myndlings Ligs nedsettelse i Bremnes Kirke, for ligprediken og for Klokkerens møye, 6 rdl.' Ein lyt tru det var ein særskild grunn til at ho var send ut her til so fjerne slektningar, og ingen av slekta møtte ved skiftet. Salomon married Maren (Massi) Michelsdtr Olrich. Deres barn var i. Helk Salomonsdtr Habbastad. Helk married Lars Gunnarson Svortland. ii. Beate Kathrine Salomonsdtr Habbastad Nora was born in 1762 in Habbastad, Bømlo. Beate married Jens Larsson Brekke. 3. Maren (Massi) Michelsdtr Olrich, daughter of Michael Michaelson Olrich and Beate Jakobsdtr Hasse, was born in 1720 in Hiskholmen, Bømlo and died in 1785 in Habbastad, Bømlo, at age 65. Maren married Salomon Olson Sjøvoll. Third Generation (Grandparents) 4. Ola Salomonson Sjøvoll was born in 1680 in Unknown and died in 1770 in Søvoll, Bømlo, at age 90. General Notes: BB I, 451 : Ola Salomonson, d. 90 år gl. i 1770. G. m. Idna Bårdsdtr., ekkja etter Jakob E. Sjøvoll. Idna døydde 75 år gl. i 1750. Born: a. Brita, f. ikr. 1708. g. Brekke. b. Mari, f. ikr. 1711, g. Øyjoro. c. Salomon, f. ikr. 1713, g. nora Habbastad. d. Gyri, f. ikr. 1716, g. Alvsvåg. Ola vart brukar i 1 708 av halve garden, til han selde i 1751. Med kona vart han eigar av 11. smør, 1/2 hud i Søvodl, og 6 mrk. smør i Grutle. Parten i Grutle selde han i 1754. Ola var ein dugande og vyrd mann i bygda, og velstandsmann. Han var presten sin medhjelpar og lagrettemann. I 1733 var han mellom dei 8 menn i skipreidet som vart innkalla av futen for å gjera greie for ymse lunnende i skipreidet. Det vart halde skifte etter Idna i 1751. Buet var rikt. Netto var 270 rdl. utanom jordegodset. I buet var m. a. I sildenot og 1 sjøbu, I ottringsbåt, 1 kvern med hus, ikkje lite sylv, m. a. I sylvkjede med flaske, I sylvforgylt belte med 21 støler, spenne og 'sprotter', verd 8 rdl. Ola og Idna hadde delt noko sylv mellom borna. Mari hadde fått 2 nålekjeder, og so fekk ho utlagt eit til, dessutan I sylvskei og I sylvbeger. Ekkjemannen fekk utlagt I sylvgås,,I sylvskei, I stort sylvstaup av gammaldags arbeid med fot under. På skiftet kravde Lars P. Øyjoro, som var g. m. eldste dotter til Idna, å løysa inn godset i Søvodl, som var hennar odelsgods. Han la 81 rdl. på bordet og bad Ola ta imot dei, so dei kunne unngå usemje og rettsak seinare. Lars var og viljug til å gjeva Ola godtgjerdsle for det arbeid han hadde lagt ned for å gjera bruket betre sidan han vart brukar, og meinte det var best å gjera saka av då. Men Ola svara at han var ikkje førebudd på å ta imot betaling då, og meinte at dersom saka kom for retten, skulle han få rett til å bruka garden so lenge han levde. Dei vart ikkje samde, og skifteretten viste difor saka til 'ordentlig Lans lov og Rett'. Ola laut likevel selja i 1751. I 1712 vart Ola stemnd av Dirk Meyer i Bergen for 5 rdl., 4 mark. Ola ville ikkje betala avdi det var 'hans formand 'Jakob Endreson som hadde vorte skuldig pengane, men Ola vart dømd til å betala innan Mikkeli dag. Ola married Idna Bårdsdtr Vestbøstad. Deres barn var i. Mari Olsdtr Sjøvoll was born in 1711 in Søvoll, Bømlo and died in 1790 in Øyjordsøyno, Bømlo, at age 79. Mari married Peder Kjølvson Meling. ii. Salomon Olson Sjøvoll. Salomon married Maren (Massi) Michelsdtr Olrich. iii. Brita Olsdtr Sjøvoll was born in 1708 in Sjøvold, Bremnes, Hordaland and died in 1776 in Brekke, Bømlo, at age 68. Brita married Nils Pederson Brekke. 5. Idna Bårdsdtr Vestbøstad, daughter of Bård Mikkelsson Vestbøstad and Marta Simonsdtr Rimbareid, was born in 1675 in Vestbøstad, Fitjar, Stord and died in 1750 in Søvoll, Bømlo, at age 75. General Notes: Idna var gift tre gonger: 1° Gunnar Simonson Meling, var 30 år i 1701, og greidde då å svara skattane sine. G. m. Idna Bårdsdtr. Vestbøstad, Fitjar. Born: a. Simon, f. 1695, d. ug. i 1732. b. Marta, f. ikr. 1701, g. Øyjoro. c. Mari, d. ikr. 1732. 2° Idna vart oppattg. m. Jakob E. Levåg, Fitjar, b. p. Sjøvoll. 3° med Ola Idna married Ola Salomonson Sjøvoll. 6. Michael Michaelson Olrich, son of Michael Bentson Olrich and Maren Bentsdtr Sandbech, was born in 1695 and died in 1767 in Hiskholmen, Bømlo, at age 72. General Notes: BB II, s. 408: Michael Michaelson Olrich, d. 72 år gl. i 1767. G. m. Beate Jakobsdtr. Hasse, ekkja etter Nathanael Hynnemor på Geitung. Ho d. 63 år gl. i 1750. Born: a. Maren (Massi), f. 1720, g. nora Habbastad. b. Nathanael, f. 1722, g. Hiskholmen. c. Elisabet, f. 1724, g. m. syskinbarnet sitt, Casper Grandorph, skipperborgar i Bergen. d. Kathrine, f. 1726, g. m. syskinbarnet sitt, Paul Andreas Olrich i Bakholmen. e. Michael, f. 1827, borgar i Bergen. Som før nenint handla Michael saman med mor si dei første åra, men då ho døydde, tok han over heile handelen. Michael var ein dugande handelsmann, som dreiv verksemda fram til ei av dei fremste her vest. Samstundes dreiv han gjestgjevari. Det gjekk tilsvarande til atters med handelsmennene i grannclaget. I Geitung handla Søren Nagel, som det gjekk ut med. I Tuesundet var handelen nedlagd då Anders Svendsen døydde. I Sønstabøvågen gjekk det stadig til atters, og i Øklandsvågen var det vanskeleg å greia seg. Det vart halde skifte etter Beate i 1751. Nettoeiga var 1761 rdl. utanom jordegodset. Av jordegods åtte buet Hiskjo og Hiskholmen. I Våge 2 pund, 6 mrk. smør, med overbygsel til resten. Heile Tverrborgvikjo. Dette var arv etter foreldra. So åtte buet Kuleseidgarden, kjøpt i 1744. I Geitung åtte buet 2 pund, 1½ mrk. smør som Beate hadde med seg inn i buet. Vidare Steinsvåg med underliggjande plass Vorneset, kjøpt i 1717. I Alvsvåg, 2 pund, 6 mrk. smør, kjøpt i 1726. I Svortland 2 laup, I pund smør med underliggjande skogteigar Bjørkåsen og Lundiåsen, kjøpt i 1725. I Gilje ½ 1. smør og so Søreide i Opdal skipreide, 2 1. 18 mrk. smør, kjøpt i 1726. Det hadde vore halde eit drusteleg gravøl. Ekkjemannen fekk utlagt 80 rdl. i gravferdsvederlag, like mykje som Beate sitt gravøl hadde kosta. Det var nett so mykje som heile Steinsvåggarden med Vorneset vart verdsett til. I tillegg til dei husa som er nemnde i 1710 var no kome ei mjølkebu med vedhus til, eit saltenaust, em bøkkerverkstad, ei bu med sval rundt, og eit kornloft ovanpå i tillegg til det som var frå før. Michael hadde bygt ein ny våningshusbygning, '- bestaaende af en for stue, en dagligstue med Kjøkken ved, 2de smaae Saler oven over og tvende Kammerser hos, samt Lem over paa, alt vurdert for 710 rdl.' I buet var elles mykje sylv, m. a. ei gylt brurekrune, med sylv til 2 armband og belte, verd 84 rdl., mykje kopar, messing og tinnkjerald, mykje innbu av ymse slag, m. a. eit klaver, ei bomseglsjekt, ein vengjebåt, ein speilbåt, ein åttring, ein seksæring, 2 færingar, 1 mortanot og andre sjøreidskap, tønnematerialer, ferdige tønner og fjerdingar, 17 kyr, mange av dei ute på leige, 3 kviger, 1 stut, 1 kalv, mykje linkler og andre kler, gardiner og strykejarn. Buet hadde uteståande 183 rdl. Hiskholmen vart utlagd på ekkjemannen, som heldt fram med handelen til han døydde i 1767. Michael og kona var særs gavmilde mot kyrkja. Saman med presten, hr. Jesper Omsen, gav dei ei kyrkjeklokke til kyrkja. Den er i bruk enno. Før dei vart gifte, gav Beate ei fint saurna messeskjorte. So gav dei preikestolen som no står i bedehuset på Laurhamar. Den nye kyrkja på Gåsland var først tekt med spon, men fleire gode menn gav ikr. 3000 hollandske panner til taket, av dei gav Michael 1000 stk. Saman med 6 andre gastgjevarar var han med og kosta vøle på ein gamal alterkalk som høyrde kyrkja til og som enno finst. No var det so at privatfolk hadde ikkje noko plikt til å vedlikehalda kyrkja eller å kosta på henne, og Michael må truleg hatt andre grunnar for gåvene. Den gamle kyrkja på Gåsland var vigd til St. Nikolaus, som var dei sjøfarande sin helgen. Det var verhardt her vest, og Michael kan lia brukt den gamle skikken frå katolsk tid, å gjeva gåve til kyrkja når ein var komen velberga or ein stor fåre på sjøen. Det vart halde skifte etter Michael i 1768. Nettoeiga var no 905 rdl. Hiskholmen vart utlagd på sonen Nathanael. Av bøker hadde Michael etter seg, I liten bibel, I Brochmanns huspostill, 2 salmebøker, I bok 'Iesu Christi Kierlighed'. I gamal større bibel, I gamal lovbok, Dorthe Eiigelbrektsdtr. sangbok. Christian Schriber: 'Siæle Skat', og I salmebok 'Af ny Sorth'. Det ser ut som at Michael har vore ein fredeleg mann. Berre ein gong hadde han sak føre på tinget. Det var i 1737 då han stemnde kræmaren i Espevær for laksehandelen av laksvågane Blåmillen, Gisøyno og Tednuro, som Michael meinte høyrde til Geitung sitt handelsomkverve. Det møtte 8 vitne frå Bremnes og Moster, som alle var tilårskomne. Alle vitna at handelsmennene i Geitung alltid hadde kjøpt laksen som vart fiska i desse vågane. Michael married Beate Jakobsdtr Hasse. Deres barn var i. Maren (Massi) Michelsdtr Olrich. Maren married Salomon Olson Sjøvoll. 7. Beate Jakobsdtr Hasse, daughter of Jacob Andresson Hasse and Unknown, was born in 1687 and died in 1750 in Hiskjo, Bømlo, at age 63. General Notes: Ho var ekkja etter Nathanael Hynnemor på Geitung. BB II, s. 448 : Nathanael Jochumson Hynizemør, frå Brandasundet. G. m. Beate Jacobsdtr. Hasse, dotter til Suldalspresten Jacob Andresson Hasse, ein danske. Born: a. Jochum, f. 1714. Han tok skipperborgarskap i Bergen i 1739. Han var ein dugande mann som opna Middelhavet for norsk skipsfart, og var ein av grunnleggjarane for Noregs skipsfart. (Sjå tidsskriftet 'Sunnhordland' årg. 1942.) b. Jacob Hasse, f. 1716, handelsmann og gastgjevar i Brandasundet. c. Anna, f. 1718, d. i ung alder. Nathanael kjøpte handelsplassen eg bruket som Søren Nagel åtte, i 1711. Han bygsla ogsc, bruk B eg bruka heile garden. Nathanael vart ikkje gamal. Det er fortalt at han eg drengen for til Bergen og skulle få heim varer til jul i 1717. Medan dei var i Bergen rauk det opp med uver, men Nathanael øste på å koma heim, men drengen var ikkje huga på å reisa. Det vart til at dei reiste, men kollsiglde ved Stolmen og kom bort begge. Det vart halde skifte etter Nathanael i 1718. Buet stod seg godt. Nettoeiga var 891 rdl. og so jordegodset attåt. Mellom anna er nemnt: 30 t. salta torsk, 16 våger turr torsk, 16 våger turr sei, 4 våger turr lange, 4 t. spansk salt, 'smalt maal,' 2 t. fransk salt, 'smalt rnaal', 6 t. dansk malt, 1 mortanot, 1 storsildgarn, 2 småsildgarn, 3 suler liner, 2 hågarn, 2 færingsbåtar, 1 seksæring med segl, 2 børser, 14 kyr, 3 stutar, 6 ungfæ, 4 kalvar, 1 hest, noko innbu, mykje seng- og gangkler, gardiner, 6 sylvstaup, 12 sylvskeler, tinn, kjørel, koparkjelar og gryter, 1 gullring, 1 par gullknappar til 'Hal Erncr', o. m. m. Ekkja gifte seg oppatt året etter med Michael Olrich på Hiskholmen, som dermed fekk hand om kræmarstaden. Han tok ikkje opp handelen her, og Nathanael var den siste handelsmannen på Geitung i gamal tid. Beate married Michael Michaelson Olrich. Fourth Generation (Great Grandparents) 10. Bård Mikkelsson Vestbøstad, son of Mikkel Vestbøstad and Anna N.N. Vestbøstad, was born in 1638 in Vestbøstad, Fitjar, Stord and died in 1723 in Vestbøstad, Fitjar, Stord, at age 85. Bård married Marta Simonsdtr Rimbareid. Deres barn var i. Idna Bårdsdtr Vestbøstad. Idna married Ola Salomonson Sjøvoll. 11. Marta Simonsdtr Rimbareid, daughter of Simon Olsson Rimbareid and Anna Endresdtr Levåg, was born in Rimbareid, Fitjar, Hordaland and died in 1723 in Vestbøstad, Fitjar, Stord. Marta married Bård Mikkelsson Vestbøstad. 12. Michael Bentson Olrich was born in Lübeck, Germany and died in 1710 in Austre Bakholmen, Austevoll, Hordaland. General Notes: BB II, s. 407: 3 Michael Bentson Olrich, f. i Lubeck. Tok borgarskap i Bergen i 1697 og budde i Austre Bakholmen i Austevoll. Han kjøpte Hiskjo med Hiskholmen i 1690, og tok opp handelen her, men budde ikkje sjølv på Hiskholmen. Han hadde ein 'kjøbsvend' som stod for handelen. Michael handla her til han døydde i 1710. I den tida han dreiv handelen, bygde han opp husa på holmen, og handelen tok seg monaleg opp. Dei husa som stod på holmen i 1710 var: '1 Stue med jern Kakkel ofven udj, 2de Karner ved Stuen, Itt Kiøcken med Itt panel Karner hos. Een enkel boe. 2de fiske Nøste. 2de boer og Loffte. I baade Nøst og cen borgerstue'. I skiftet etter Michael vart husa og handelen utlagde på ekkja. Ho heldt fram med handelen til sonen Michael vart vaksen. Han kom sørover frå Bakholmen og tok over handelen saman med mor si, til ho døydde eingong i 1720-åra. BB II, s. 418: Hiskjo har vore i privat eige so langt attende som kjeldene rekk. Men Finnås prestebol åtte I pd. 6 mrk. smør, og Bremneskyrkja og Mostrakyrkja åtte 14 mrk. smør, 14 mrk. fisk laus landskyld kvar, i garden. Denne lause landskylda har sitt grunnlag i ein eigedomspart i garden. Men frå tidleg på 1500-talet fekk eigaren av slike småpartar ikkje anna av garden enn sin part av landskylda. Frå ikring 1820 vart ikkje desse partane rekna som eigedomspartar. Eigarane av bondegodset var då rekna som eigarar og svara berre landskyld av partane. Alle 3 landskyldspartane er no innløyste. Første gong desse landskyldspartane er nemnde er i ei geistleg jordebok frå ikr. 1596, men truleg har kyrkjene og prestebolet fått desse innkomene lenge før den tid, kanhende tidleg i katolsk tid. I 1724 var kyrkjene sine innkomer omrekna i pengar med 3 mark på kvar. Første fretnaden ein får om eigedomstilhøva på Hiskjo er i 1624. Torstein Alvsvåg åtte 6 mrk. lyse i landskyld som er jamgodt med 6 mrk. fisk. Ola Hiskjo åtte 9 mrk. smør, 9 mrk. fisk. Resten var det truleg utanbygds folk eller presten som åtte. I 1646 åtte Trond O. Hiskjo 1 spann smør, 1 spann fisk, Trond S. Hiskjo åtte 4 ½ mrk. smør 4 ½ mrk. fisk. Soknepresten, hr. Christen på Finnås åtte I pd. smør, og ekkja på Gronås 10 ½ mrk. fisk. Både då og seinare når eigarane er nemnde, står at kyrkjene og prestebolet var eigarar av det dei fekk landskyld av. I 1650 var hr. Christen vorten eigar av bondegodset bortsett frå 4 mrk. smør, 3 mrk. fisk som Arne Håvikjo åtte. Arne var eigar av sin part til han døydde ikring 1682, og Årstein Ingebrigtson, som truleg var ein verson, var so eigar av denne vesle parten til han døydde ikr. 1690. I 1691 var Mikkel Olrich i Bakholmen eigar av denne parten. Hr. Christen åtte sin part til han døydde i 1653. Arvingane hans er oppførde som eigarar i 1662. Ein av dei var hr. Johan Bechmann, sokneprest til Finnås, g. m. Sara Jensdtr. syster til hr. Christen. Hr. Johan står som eigar i 1668. I 1675 møtte Lars Hiskjo på tinget på eigne og grannane sine vegne og talde opp I I mark pengar som var 3dje års bygselen av Hiskjo 'som de ikke visste hvem der er berettiget at annamme, eftersom ingen af de Intresserede jord Eigere Vdfører deris prætention efter laugmandens dom (av 26 mars 1672) hvem for gaarden Hidsken bør være bøxelraadig och den forrige forfaldne tredie tage som illigemaade till tinge er frembudt, hos opsidderen beroer, da annammede Lars och dennern till sig igien til videre -'. Den nemnde lagtingsdommen er ikkje å finna. Den strauk med i Bergensbrannen i 1702, men det er truleg hr. Bechmann som var eigar. Han var då frådømd prestekallet og hadde sagt opp det annekskallet han hadde fått etterpå og var reist til Bergen. I 1676 måtte han pantsetja godset til futen for skuldig skatt som då har fått landskylda til avdrag på skatten. Ikring 1690 selde hr. Bechmann til Mikkel Olrich som då vart eigar av heile garden. Mikkel Olrich døydde i 1710, og garden vart utlagd på ekkja, Maren Bentsdtr. Det er då sagt at buet åtte I pd. 5 mrk. smør i Hiskjo, og denne feilen skapte mykje ugreie om eigedomstilhøvet. I 1733 visste ikkje futen kven som var rette eigarar, og skreiv ein merknad i kassaboka si: 'Når de kongel. skiøder på Kirchegodset skal følges og enhver beholde sit Rette Eiendom skal Hidschen være i Landskyld 1. L. 18 mrk. sm. 18 mrk. fisk og penge I Rdl. Der af Findaas Prestebol smør I pd. Muster kirche penger 3 mark, Bremnæs kirche 3 mark, og Michel Uldrich resten som er 2 pd. 18 mrk. smør, 18 mrk. fisk. I 1734 vil det nøie Examineres at odelskatten saaledes kand blive Bønderne Bereignet, elles vil nøie Examineres hvad Michel Uldrich egentlig Eier'. Då Maren Olrich døydde ein gong i 1720 åra, arva sonen Michael som då var gastgjevar eg krærnar på Hiskholmen garden. På skiftet etter kona hans, Beate Hasse, i 1751 vart garden utlagd på eldste sonen, jochum Nathanaelson Hynnemør, som då var skipperborgar i Bergen. Han selde i 1777 til halvbroren Nathanael Olrich og systersonen Mikkel Habbestad, helvta til kvar. På skiftet etter Nathanael i 1785 vart hans part utlagd på sonen Michael Olrich med 11 mrk. smør, 9 mrk. fisk og på dottera 22 mrk. smør 6 mrk. fisk. Ho var g. m. Rasmus Engelsen på Gloppen i Karmsund. Rasmus Engelsen selde kona sin part i 1799 til Hans Wadbech O. Hiskjo som var brukar. I 1801 kjøpte Hans 2 mrk. fisk landskyld av Michael Olrich med overbygsel til 32 skl. pengar og var då eigar av bruket sitt. Seinare har brukarane her, stort sett vore sjølveigarar. I 1786 kjøpte Michael Olrich helvta av det Mikkel Habbestad åtte i garden, nemleg 16 ½ mrk. smør 4 ½ mrk. fisk, attåt det han arva etter faren. I 1801 var han truleg i pengevanskar og selde parten i Hiskjo. Lars L. Hiskjo løyste då inn bruket sitt, 22 mrk. smør. So selde Michael 4 ½ mrk. smør 5½ mrk. fisk til Ola T. Hiskjo (og 2 mrk. smør til Hans W. O. Hiskjo som før er nemnt). Den andre helvta av den parten som Mikkel Habbestad kjøpte i 1777, selde han i 1789 til Ola T. Hiskjo. I 1801 var soleis alle brukarane sjølveigarar med overbygsel til kyrkje- og prestebolsgodset. Denne landskylda vart innløyst seinare. Michael married Maren Bentsdtr Sandbech. Deres barn var i. Michael Michaelson Olrich. Michael married Beate Jakobsdtr Hasse. 13. Maren Bentsdtr Sandbech, daughter of Bent Michelson Sandbech and Anna Brose Andersdtr, was born in Sønstabø, Bømlo and died in 1720 in Bakholmen, Austevoll. Maren married Michael Bentson Olrich. 14. Jacob Andresson Hasse was born circa 1660 in Danmark and died in Suldal, Norge. General Notes: Han var prest i Suldal. Jacob married (name unknown). Deres barn var i. Beate Jakobsdtr Hasse. Beate married Michael Michaelson Olrich. Fifth Generation (Great Great Grandparents) 20. Mikkel Vestbøstad was born in 1604 and died in 1681 in Vestbøstad, Fitjar, Stord, at age 77. Mikkel married Anna N.N. Vestbøstad. Deres barn var i. Bård Mikkelsson Vestbøstad. Bård married Marta Simonsdtr Rimbareid. 21. Anna N.N. Vestbøstad died before 1650 in Vestbøstad, Fitjar, Stord. Anna married Mikkel Vestbøstad. 22. Simon Olsson Rimbareid, son of Ola Pedersson Førde and N.N. Olsdtr Rimbareid, was born in 1615 and died in 1697, at age 82. Simon married Anna Endresdtr Levåg. Deres barn var i. Brita Simonsdtr Rimbareid died in 1696. Brita married Nils Johannesson Skumsnes. ii. Marta Simonsdtr Rimbareid. Marta married Bård Mikkelsson Vestbøstad. iii. Paul Simonson Rimbareid was born circa 1653. Paul married Guro Kristoffersdtr. 23. Anna Endresdtr Levåg, daughter of Endre Levåg and Brita Taraldsdtr Levåg, was born in Levåg, Nedre, Fitjar and died in Rimbareid, Fitjar, Hordaland. General Notes: Rimbareid 34. Anna married Simon Olsson Rimbareid. 26. Bent Michelson Sandbech was born in 1601 in Bakholmen, Austevoll and died in Sønstabø, Bømlo. General Notes: BB I, 643 : 6 Bent Michelson Sanbech, frå austre Bakholmen i Austevoll vart brukar i 1661. Han var då truleg eigar av ein mindre part i garden. Ved kjøp og pant vart han litt om senn eigar av meir, og i 1674 fekk han skøyte frå futen Iver Knudsen Gram på 1 laup smør, 1 hud og var då eigar av heile garden, og frå 1669 brukte han heile garden åleine. Bent var handelsmann og gastgjevar i Sønstabøvågen, og var truleg den første som tok til med handel her. Bent var brukar til ikring 1682. I 1685 var han komen attende til Bakholmen. Han var då vorten ekkjemann og hadde lege tilsengs i omlag 2 år, lama, truleg hadde han fått 'slag'. Han hadde då 2 born hjå seg. Kona heitte truleg Anna Lauritsdtr. ell. Anna Brose Andersdtr. 5 born er kjende: a. Hans 5 styrde garden og handelen i Sønstabøvsgen i 1692, seinare handelsmann i Bakholmen. b. Lars Bentsen Sandbech, g. Geitung. c. Maren, g. m. Mikkel Olrich i Bakholmen. d. Anna Cathrine, g. m. Casper Warner i Sønstabøvågen. e. Jannike, g. m. Mats Olson Broch, Sønstabø. (Bent var truleg 64 år gl. i 1665.) Bent var kyrkjeverje i mange år. I søra Habbastad åtte han omlag 2 pd. smør, 2 pd. fisk som han kjøpte i 1678 og -79. Dette godset åtte han so lenge han levde. I kring 1653 hadde Bent kjøpt eller bygt kræmarhus på Geitung. Han hadde bygsla tufta og svara 2 mark pengar årleg i grunnleige. I 1677 vart han stemnd av Arne yttra Håvikjo, som var eigar av Geitung, fordi han ville ha I rdl. i grunnleige, men som Bent ikkje ville betala. Bent vitna at husa stod i fjæra og var lite til meins for eigaren, og meinte at Arne kunne ikkje krevja meir enn føremannen hadde gjort som hadde bygsla grunnen til Bent. Avgjerda vart at hustuftene skulle synfarast av 6 menn og takserast på nytt. Samstundes stemnde Bent Arne 'for en liden oxe han har taget til sig som ham (Bent) var pantsat av gamle Rasmus Sortland som siden boede i vhren -' (Uro). På same tinget klaga Bent og på 'at der findes adskillige tøser og drenge som bruger kiøbmandskab -'. Samstundes fekk han fredlyst nokre øyar han åtte, nemleg båe Komløyane 'Suigøen' og Toska, og ein skogteig. I 1681 stemnde han Karl og Aksel Nordtun fordi dei brukte ein laksvåg ' som hand formeener att til dels hører Vnder Sundstabøes Eyendeele, huoraff hand formeener bør Vinde landslod, saa vit paa hans lod komme, og mente at vere nermest att kiøbe deris laxs.' Aksel møtte på eigne og grannen sine vegne, og meinte at den holmen dei no i 21/2 år hadde sett garn ved høyrde berre Nordtun til. Aksel svara, då han vart spurd om kor mykje laks dei hadde selt, at året før hadde dei selt 3 kvarter salta laks og 2 1/2 pund turka laks, kvar. Saka vart ikkje avgjort då. I 1692 var det son til Bent, Hans Bentsen som styrde på Sønstabø. Elias Endreson Børøyno var dreng. Bent married Anna Brose Andersdtr. Deres barn var i. Jannike Bentsdtr Sandbech Sønstabø was born in 1653 in Sønstabø, Bømlo and died in 1730 in Sønstabø, Bømlo, at age 77. Jannike married Mats Olson Broch. ii. Maren Bentsdtr Sandbech. Maren married Michael Bentson Olrich. iii. Anne Cathrine Bentsdtr Sandbech was born in 1657 and died in 1740 in Sønstabøvågen, Bømlo, at age 83. Anne married Casper Caspersen Warner(1). 27. Anna Brose Andersdtr, daughter of Anders Brose Jensen and Unknown, was born in 1620 in Fjelberg, Hordaland and died in Sønstabø, Bømlo. Anna married Bent Michelson Sandbech. Sixth Generation (3rd Great Grandparents) 44. Ola Pedersson Førde was born in Førde, Sveio and died in 1656 in Rimbareid, Fitjar, Hordaland. Ola married N.N. Olsdtr Rimbareid. Deres barn var i. Simon Olsson Rimbareid. Simon married Anna Endresdtr Levåg. 45. N.N. Olsdtr Rimbareid was born in Rimbareid, Fitjar, Hordaland and died in Rimbareid, Fitjar, Hordaland. N.N. married Ola Pedersson Førde. 46. Endre Levåg,(2) son of Ukjend and N.N. Mats Fartegnssonsdtr Skaga, was born in Levåg, Nedre and died in 1656 in Våge, Stord. General Notes: óEndre var komen til Levåg nedre i 1621. Granskarar meiner at Endre var dotterson til Mats Fartegnson Skage i Kvinnherad av Baggeætta, og kona Gyri Jakobsdtr frå Sogn. Endre åtte nedre Levåg og 1 1/2 spann smør, 3/8 hud i Frøkedal og 1/2 l. smør, 1/2 hud i Nes i Tysnes, i Skage 1/2 pund smør og 1 slett mark pengar, i Slinde i Sogn 1 1/2 spann, 3 1/2 mrk. smør og 3 mæler korn. Dette godset betalte han odelskatt for. Han fødde 1 hest, 13 storfe, 14 smaler og 3 geiter. I 1638 kom Endre i legermål og måtte bøta 'efter hans yderste formue, formedelst der var en stor Gield, for 30 rdl.' Hans 'yderste formue' var halve buet med unnatak av odelsgods. Den andre helvta av buet åtte kona. Endre var lensmann for Våg skipreie av lenets gods. På sine eldre dagar fekk Endre ein sjukdom i hoftene so han mest ikkje kunne gå over golvet. Truleg var det dette som gjorde at han slutta som lensmann. Dette skulda han ei omreisande kone for, at ho hadde kasta trolldom på han. Det vart halde forhør på henne i 1650, og ho vart seinare brend på Horneland. I 1650 var det forhør i Engesund, og Endre sende drengen sin avstad for å vitna i saka : 'Dernest frembkom Peder Olsen, Endre Leuog sit tienner, och berette at hans Hosbund hafde sendt hannem hiid at sige, at det hende sig en gang mens hand var Lensmand, da var han i Eresund och drach, huor var, och da der hand effter huis ord dennem mellem falt thalede hende noget hart thil, sagde hun thil Anna Feresund och Knud Leuog i Kiøchenet mens hand var i Stuen, han springer nu uar læt, mens inden faa Aar schal hand iche springe saa Kaad som nu gjør hand, siden om it aar der efter fich hand i bode hans Lender saa hand Kunde iche gaa offer Gulffuet Vden med stor nød med en stauff hvilket hand endnu haffde ..' Endre var legdsmann for skatten i fleire år. I 1669 vart halde skifte etter Brita som var død vinteren 1668. Som ventande var det lite i buet. Nettoeiga var 76 rdl. og so noko odelsgods. Buet åtte heile Levåg nedre og 1/2 l. 2 1/2 mark smør, 1/2 hud og 2 1/2 mark 'ware' i Nes i Tysnes. Elles var buet 1 sølvkanne for 17 rdl. 1 gamal børse, 1 lite skap med skriveklaffe og eit skrivebord med 'forsette', m.a. Og her er beviset for at han var dattersønn til Gyrid og Mats Fartegnson: Skattmantal 1645-46 4255 Endre Brite Anne mff 8 Leeruog Ø. Wog Sunnhordland (Digitalarkivet: Poll tax 1645-46 for Sunnhordland, Nordhordland and Voss) År 1647. Endre Levåg äger 1/4-part av Nese. Hans Håland svärson till Endre Levåg (gift med Randvei Endresdotter Levåg) tog över Endre Levågs del ca 1660, men kring 1670 köpte Nils Jacobson Sle Uggdal dette så han hade halve Neset. (Tysnes Gard og Aettesaga,av Ernst Berge Drange, band 1 sid 401) ”I en rettssak 16/9 1652 er Lauritz Skage og Endre Levaags mor også nevnt som sösken av Samson Kjerland og Jacob i Opdal, men de må vaere halvsösken, barn av Gyrid og Mats, for Lauritz Skage er ikke med brödrene (halvbrödrene) og deler odelsgodset efter deres far Lauritz Gautesen (se Jacob Slee i Opdal). Hvis han var sönn av Lauritz skulde han også hatt odelsgods efter ham. Navnet Lauritz tyder også på oppkalling efter Gyrids 1. mann, hvilket var skikken den gang.” (Sunnhordland-slekter av Erik Bakkevig, bd 2, Haugesund 1943 sid 4) Information om Endre Levaags mor i 'Sunnhordland tingbok 3' för år 1652 'Noch Kreffuer hand for noget gods udj Sogen nemblig 2 løber Smør och 8 Meler Korn udj en Gaard kaldis Slinde, som Lauritz Kierland schal haffue soldt med Thuende hans 49a Farbrødere och En Søster, nemblig Jacob Opdall, Lauritz Skage och Endre Leewog sin Moder, huoraff hun paa hendis lod iche haffde faaed mere end 6 Rdr. huilche hun haffde laandt Sl. Lauritz Kierland igien,....' Hendelser i hans/hennes liv var : * He was employed. Fut Endre married Brita Taraldsdtr Levåg. Deres barn var i. Tarald Endresson Levåg Nedre was born in 1629 in Levåg, Nedre, Fitjar and died circa 1690 in Levåg, Nedre, Fitjar, at age 61. Tarald married Guri Bjørnsdtr Gauksheim. ii. Ranveig Endresdtr Levåg was born in Levåg, Nedre, Fitjar and died in Håland I Tysnes. Ranveig married Hans Håland. iii. Anna Endresdtr Levåg. Anna married Simon Olsson Rimbareid. 47. Brita Taraldsdtr Levåg, daughter of Tarald Levåg and Unknown, was born in Levåg, Nedre and died in 1668. Brita married Endre Levåg. 54. Anders Brose Jensen was born in 1595 and died in 1660 in Fjelberg, Hordaland, at age 65. General Notes: Han var sogneprest. Anders married (name unknown). Deres barn var i. Anna Brose Andersdtr. Anna married Bent Michelson Sandbech. Seventh Generation (4th Great Grandparents) 92. Ukjend . Ukjend married N.N. Mats Fartegnssonsdtr Skaga. Deres barn var i. Endre Levåg. Endre married Brita Taraldsdtr Levåg. 93. N.N. Mats Fartegnssonsdtr Skaga, daughter of Mats Fartegnsson Skaga and Gyrid Jakobsdtr Slinde. N.N. married Ukjend. 94. Tarald Levåg (2). General Notes: Kone ukjend. 'Tarald var brukar i 1590, og svara då leidangskatt for heile garden. han er siste gong nemd i 1624. Dei hadde truleg berre ei dotter. Tarald åtte heile nedre Levåg. Dertil åtte han 1 pund smør, 3/8 hud i Støle i Etne. For dette godset svara han 1 rdl. 1/2 ort. 5 skill. og 1 album i odelskatt i 1624. Andre eigarar i Støle var Kristoffer Levåg øvre som åtte 10 mrk. smør, Mons Støle 1 spann smør, 1 geitskinn, mest like mykje som Tarald. Erik og Tørres Vik 8 mrk. smør, Elling Lygren 6 mrk. smør, 5 skill. 1 album. I 1611 rusta Tarald og Tomas Sandvik ut Knut Engjavik som vart send til Svinesund.' Tarald married (name unknown). Deres barn var i. Brita Taraldsdtr Levåg. Brita married Endre Levåg.-------------------------------------------------------------------------------- Sources1. Simon Steinsbø, s. 644. 2. Fitjar Bygdebok band II, 530.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Innlegg n° 8, det er Marta Olsdtr Koløyno som er mor til Kristine Gurine, så det er kommet en del feil her.Jeg har satt det opp rett nå, men det blir så kollosalt mye å sende hit. Ta kontakt så skal jeg sende det til deg.mvh Kjellaugkelly.petit@wanadoo.fr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Pedersen

Til Helga Kallevik Rasmus Olai Pederson Dalen, Fitjar, f. 1865, d. 1941. (Sonason til Jakob P. Kloven). G. m. Kristine Gurine Eriksdtr. Seievåg, f. 1866, d. 1929. Gardsnummer og andre opplysninger sitter jeg ikke på. Som du ser er jeg ganske blank. Har fått en del men må sortere litt.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Ser at du nok har fått det meste som er å finna frå Bygdebøkene i Bømlo av Kjellaug. Ser ut som det er rett person ho har funne fram til her.Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

På FS fant jeg en Rasmus Olaus Pedersen døpt 1/1-1866 i Fitjar av foreldre Peder Jakobsen og Helga Rasmusdtr.Det er muligens 'din' Rasmus - for i bygdeboka fra Bømlo står det at han var født på Dalen, Fitjar i 1865.Jeg har leita etter gifte, men finner bare et par Helga rasmusdtr og Peder Jakobsen og de er gift på Bømlo og det ser ut for at det er et helt annet par. Du må nok få hjelp fra Fitjar bygdebøker her.En annen fra Fitjar er Marta Olsdtr Koløyno f. 1830. Finner henne ikke på FS.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Så viser det seg at Helga Rasmusdtr er fra Bømlo og! Det var nok de rette jeg fant på FS med andre ord. LenkeFår kikke i Bøkene der igjen.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.