Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Antoni Pisani

[#21081] Nordmenn ved vestfronten 1914-1918

Recommended Posts

Gjest Antoni Pisani

I årene 1914-1918 tjenestegjorde tusenvis av norske gutter på begge sider av de kjempende parter. De fleste var emigranter som sloss for sine nye ferdreland som USA, Canada og Australia - men mange meldte seg også frivillige til tyske, franske og britiske styrker.Jeg er en skribent som er på jakt etter informasjon om norske gutter som deltog i denne krigen. Alt er av interesse - bilder, brev, små historier... Dette er et neglisjert emne i norsk historie. Ønsker å dokumentere at flere nordmenn døde i uniform i første verdenskirg enn i andre. En utfording - men jeg tror det er mulig.MvhA. Pisani

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per B. Lilje

Se Tryggve Grans bok 'Under britisk flagg: krigen 1914-18', utgitt 1961. Tryggve Gran (1889-1980), vel mest kjent som den som først (i 1914) fløy over Nordsjøen, og som dessuten var kjent for å ha vært temmelig 'stripete' under 2. verdenskrig var frivillig flyver i Royal Air Force i 1. verdenskrig, noe han skrev om i ovenfornevnte bok.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Henning Nicolai Gaare

Jeg har informasjon. Send en mail til nico1008@hotmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Sidan 'Alt er av interesse', sender eg noko som kanskje er i grenseland av det du er på jakt etter, men som likevel kan vere interessant:14. juli 1882 reiste eit følgje på 233 personar frå Ålesund til Natal, der det også tidlegare var ein og annan nordmann. Nokre av desse utvandrarane fekk søner som var med i 1. verdskrig på sør-afrikansk side. Dei var fødde i Sør-Afrika, så det er kanskje ikkje rett å kalle dei nordmenn - kanskje heller norsk-afrikanarar, men vi veit at dei heldt på dei norske røtene og namna sine.Eg tek med eit utdrag av artikkelen min i 'Ørstaminne 1997' om denne utvandringa:'Den 1. verdskrigenDet var sunnmørs-afrikanarar med også i denne verdsomfattande stormaktskrigen. Slagmarkene var ikkje berre i Europa, også i Afrika merka dei krigen. Britane og deira allierte gjekk til åtak på dei tyske koloniane der. Sør-afrikanske styrkar tok Tysk Sørvest-Afrika, og om lag 15 norskætta soldatar var med i desse styrkane. Mellom dei var også Ole Brautaset, den eldste sonen til Johanne og Otto Brautaset frå Ørsta. I Tysk Aust-Afrika varte kampane like til storkrigen tok slutt i Europa, og om lag 10 norskætta soldatar var med her.Ein av dei var Otto Brautaset jr., veslebror til førnemnde Ole som kjempa i Sørvest-Afrika. Så vidt vi veit, var det berre 1 av de om lag 25 norskætta soldatane som mista livet under kampane i Afrika. Han heitte Oluf Dahle, son til Ane og Thomas O. Dahle frå Ålesund. Han døydde på militærsjukehuset i Pretoria. Så låg dødsprosent fann ein ikkje mellom dei 7 norskætta soldatane som i 1916 vart sende frå Sør-Afrika til slagmarkene på Flandern i Vest-Europa. 3 av dei 7 mista livet der, og ein av dei var Thorkel Brudevold som tidlegare hadde vore med i kampane i Sørvest-Afrika. Han var son til Hilmar Brudevold frå Ørsta som kom til Natal i 1862 og som var med både i zulukrigane i 1879 og 1906 og i boarkrigane, og som på slutten var oberst og øvstkommanderande for forsvarsstyrkane i Natal under zuluoppreisten i 1906.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.