Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21103] Dødsfall i Årstad 1881-1911

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Etter kva eg leser i dokumentasjonen for dødsfall i Bergen 1881-1911 er Årstad mellom dei kyrkjelydene som enno ikkje er innlagde i basen. Ligg det føre konkrete planar for kva tid dette vil skje?Eit konkret spørsmål i samband med eigne notat:Kari Johannesdotter Grodt, arbeiderenkje i Solheimsviken, fødd i Hafslo 1818, døydde i Årstad 4.7.1909. Eg er ikkje i stand til å identifisera denne kvinna og spekulerar på om det kanskje ligg føre ei dødsmelding som kan fortelja om etterlevande born?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Vi har for lang tid tilbake registrert døde i Årstad sokn 1886-1915, og holder på med fortsettelsen oppover i tid. Jeg regner med at hele databasen kan bli lagt ut i løpet av sommeren.Kari Johannesdatter Grott var - ifølge opplysning ved registrering av dødsfallet - født i Sogndal 8. august 1818.Kari, datter av pike Ragnilde Eriksdtr Hougen og ungkar Johannes Rasmussen Grøth, ble født i Sogndal 8. august 1818, og døpt dagen etter. 'Forældrene have siden ægtet hinanden', skriver presten i merknadsrubrikken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Nok ein gong ein stor takk til Yngve for framifrå opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Den Kari Johannesdotter (Grøt) som Yngve nemner som fødd i Sogndal, trur eg må vera ei anna enn den som Lars leitar etter. Ho vart gift 1838 med Nils Trondsson i Sogndalsfjøra, og er helst identisk med den Kari Johannesdotter som døyr i Sogndal 1. mai 1890. For Lars kan det vel vera interessant å vita at ho er mor til den Carl Nilsen som vart gift til Kolstad i Luster og vel budde der ei til, samt til Erik Nilsen (1849-1876) som var bakar i Marifjøra ein svært kort periode og som var gift med Elen Andersdotter frå Ytre Eikjane i Hafslo.Mor til Kari Johannesdotter har eg og Lars vore innom tidlegare. Det må vera den Ragnhild som er dotter av Erik Johannesson som ei tid var husmann på Kalhagebakken under Ronnei i Gaupne, men som er utegløymt i 1801-teljinga. Dermed har Lars henne ført som død i bygdeboka. Ho var fødd i Luster 1797, og er tvillaust identisk med den Ragnhild Eriksdotter som vart konfirmert i Sogndal 18. juli 1813.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Men dersom denne Kari som døyr i Bergen verkeleg er enkja etter Nils Trondsson, kan ein jo spørja seg om ho vart gift på ny etter at mannen døydde i 1884, eller om ho budde hjå ein av borna som må ha budd i Bergen. Og kven var då Kari Johannesdotter som døydde i 1890?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Jo Rune for interessante innlegg.Eg trur at Yngve har rett når det gjeld identiteten til Kari Johannesdotter som døydde i Årstad i 1909. Den Kari Johannesdotter som døydde i Sogndalsfjøra 1.5.1890, vert sagt å vera strandsitjarenkje og fødd i 1802. Ho er vel truleg den same som den Kari Johannesdotter som i 1865 er 64 år gamal og gift med Berent Beretnson i Sogndalsfjøra...?Elles var det fødestaden til Kari Johannesdotter Grodt som gjorde meg interessert! I Klokkarboki for Årstad står det tydeleg Hafslo som fødestad, men eg sakna ikkje nokon som høvde...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Det ser ut til at de må ha rett med omsyn til identiteten hennar. Det understrekar jo nok ein gong også kor viktig det er å dobbeltsjekka opplysningar:-) Då er det nok den same Kari Johannesdotter som er nemnt som enkje og 'Spinderkone (paa rok)' i Sogndalsfjøra i 1900. Interessant å sjå at ho då må ha flytta til Årstad i svært høg alder, og elles at det kan dukka opp informasjon om nære tipp'ar i dei merkelegaste samanhengar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.