Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21145] Ole Ingebrigtsen ''Bersager'' frå Hafslo til Bergen kring 1800 - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Undersøkelseskommisjonen for Bergen 1804 syner:Ole Ingebrigtsen, 36 år, matros, fødd på Bersager i Hafslo. I merknadsfeltet står det: ''Indført efter Mantals Listen pro 1803, da han i dette Huus har været boesadt i 3 Aar''. So vidt eg forstår, bur han då i 5. rode.Matroser i Bergen 1754-1800 syner:Ole Ingebrigtsen, fødd 1767, fødestad ikkje oppgjeven, bustad Bergen, ugift, ''maadelig'' status, innrullert 4.8.1800.MEN, FT1801 har ikkje nokon ugift matros Ole Ingebrigtsen. Det næraste eg kjem er ein matros Ole Ingebrigtsen, 41 år, i første ekteskap med Karen Monsdotter, 59 år. Dette paret gifte seg i Bergen 19.9.1784 og budde til leige i 4. rode nr. 1. Denne matrosen er ikkje å finna i listen over matrosar i Bergen. Det er heller ikkje ein annan matros Ole Ingebrigtsen, 49 år, i første ekteskap med Christina Jensdotter, 48 år. Dette siste paret gifte seg 23.10.1791 og budde 1801 til leige i 9. rode nr. 157.FT Bergen 1815 har berre ein mann med dette namnet som høver i alder:Olle Engebricsen, 56 år, søemand, med kone Karen, 70 år. Dei bur då til leige i 9. rode nr. 86.Men kven av desse er Ole Ingebrigtsen ''Bersager'' frå Hafslo?Og kven var Ole Ingebrigtsen ''Bergsager''? Bergsager er truleg ein ''variant'' av gardsnamnet Buskaker, men der budde det ikkje nokon Ole Ingebrigtson som høver i alder. Det næraste me kjem er:Ole Ingebrigtson, døypt i Hafslo 7.6.1761, son av Ingebrigt Erikson, men korkje far eller son ser me noko meir til i Hafslo!Eg står verkeleg fast og vanar at einkvan kan hjelpa meg ''sortera'' desse opplysningane og kanskje hjelpa meg identifisera denne Ole Ingebrigtson!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.