Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#21181] Aage Nilssen Find i Drynesund - ektemakar og mulig opphav

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg viser til tema 20986 og 21131. Eg vil gjerne legge ut nokre utfyllande opplysningar om Aage Nilssen Find i Drynesund, stamfar til ei ætt Finne og ei ætt Knag.Etter eit manntall fra 1704 var Aage Nilssen då 63 år gammal, noke som tilseier at han kan ha vore fødd 1641/-42. Han tok over som kremmar i Drynesund seinast 1682 etter borgaren Hans Nilssen Knag, som hadde tatt over etter Jens Nilssen (av ætta som seinare kalte seg Svertz). Han tok også over enka etter begge, Boel Laugesdt, datter av moldekjøpmannen Lauge Nilssen.I eit dokument fra 1702 finn vi Aage Nilssen si eigenhendige underskrift: ''Aage Nielsen Find''; ellers opptrer han stort sett utan ættnamn.Boel og Aage hadde tre søner, trulig i denne rekkefølga: Nils Aagesen, Hans Knag Aagesen og Jens Aagesen. Sjå meir her:LenkeBoel Laugesdt døde 1701; 1704 blei det betalt 4 rd for å gravlegge ho under midtgolvet i Vatne kirke. Aage Nilssen gifta seg så på ny, nemlig med Sofie Eliasbet Bæverlou, datter av kaptein Johan Friedrich von Bæverlou på Molde. Dette går fram av justisprotokoll nr 8 for Sunnmøre, folio 63A (1705), der søskena hennar, Alexander og Emerentze, stadfesta at ho døde i Drynesund, hos deira ''kiere suoger'' Aage Nilssen. Dette har vore ukjent til no. 1706 betalte han 2 rd for å gravlegge ho under stolane i Vatne kirke. Ekteskapet var nok barnlaust. Endelig, uvisst kva tid, ekta han tollardatra Else Michelsdt Greve; dei var også barnlause.Begge Aage Nilssen sine føremenn i Drynesund var sunnmøringar, og det er ingen grunn til å rekne med at Aage Nilssen var noke anna; Drynesund låg jo også på Sunnmøre. Jens Nilssen var borgarson, Hans Nilssen Knag futeson, og ein kan vel rekne med at Aage sin bakgrunn var av samme slaget.På storgarden Søvik i Borgund budde i 1630-50 åra ekteparet Nils Gregersen og Anne Aagesdatter. Nils hadde 1629 vore i tenesta til bergensrådmannen og godsforvaltaren Rasmus Lauritzen Stud, Anne var datter av Aage Jonsen, som kring 1630 var lensmann i Gryta skipreide. Aage dreiv handel og sagbruk i lag med broren Oluf Jonsen, som 1611 var stiftsskrivar i Trondheim stift. Aage og Oluf var søner av sunnmørsfuten Jon Pederson og ei lågadelig dame, hustru Gunhild Olufsdt. Dei budde også i Søvik, der dei også eigde ein del av garden.Kronologiske, namnemessige og sosiale tilhøve taler altså for at Aage Nilssen var fra Søvik. Men kva med namnet Find? På denne tida var hovedtydinga av ''finn'' rett og slett ''same'' (''finne'' derimot ''finnlendar''). Vi kan vel sjå vekk fra at Aage Nilssen var same, så derfor må vi leite på andre hald etter opphavet til namnet, og vi må halde fast på at namnet var Find, som han skreiv seg sjøl, og ikkje Finde/Finne, som det blei til i yngre ættledd.Eg reknar med at den mulige faren hans, Nils Gregersen i Søvik, var danske tillike med Rasmus Lauritzen Stud. Stud var fra Fåborg på Fyn, og somme av dei mange tenarane hans var også derfra. Kan det tenkast at ''Find'' bare er ein måte å skrive Fyn på?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Her var det sanneleg mykje interesant og framfor alt ny, ukjent og tankevekkande informasjon om handelsmannen Aage Nilssen i Drynesund.Eg ser i NST bd. XI hft. 4 s. 380 at M. Rogne reiser spørsmålet om sambandet mellom Sofie Bæverlou og Aage F. Her serverar du oss løysinga på eit fat 56 år etter at spørsmålet dukka opp.P. Rogne referer også til ein rettsak mellom Anders Ulvestad og Aage Find om odelsretten til Fanneløp i Vatne. Aage hadde bygsla gården bort til Aage Olsen, og Rogne fortsetter 'som kanskje var en av hans slektninger'.Ut i frå det du skriv om Søvik og folket der, kan ein i alle fall slå fast at namnelikskapen er påfallande.Ellers slår dette hol på 'myta' om at Bodil Laugesdtr. vart gravlagt i Molde kirke på same stad som faren Lauge Nielsen, det same gjeld dødsåret hennar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Dersom Aage Nilssen hadde vore rikare på jord kunne ein kanskje ha brukt jordeiga som indikasjon på opphavet hans. Men han eigde bare 1/2 våg fisk i Fanneløp, halve garden. Eigarane 1674 var Anders Ulvestad og Sjur Fanneløp (1/2 våg fisk på kvar). 1699 var eigarane herr Knut Mann, borgundpresten, og Aage Nilssen (likeeins 1/2 våg fisk på kvar). Aage Nilssen sitt gods var helst reint kjøpegods. I motsett fall ville han vere av Ulvestad-ætta, som m.a hadde odel til Fanneløp og fleire andre gardar.Namnet Aage var sjeldent på Sunnmøre, men altså i bruk i minst eit par kjente ætter: odelsætta i Vik i Ulstein og futeætta i Søvik i Borgund. Ein Åge Tordson er nemnt i eit dokument fra 1532, trulig ein ættfar til folket i Vik. 1603-04 var det to Aage-karar på Saunes i Ulstein (Vik-ætta), éin Åge i Ertesvåg i Vatne og Åge Jonson i Søvika.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Ved skiftet etter Jens Aagesen Finne står det oppført at han åtte fleire 'Grunder' på Bjørnsund. Desverre var det ikkje noko skyldsetting på Bjørnsund før lenge etter. Så korleis han hadde fått hand om desse veit eg ikkje. Kanskje 'fekk' han dei gjennom gifte med Sophie Hansdatter Juul, enke etter Ole Iversen Helt. Såvidt eg har forstått overtok Jens forretninga som Ole Helt dreiv i Bud.Blant dei som står oppført på desse 'Grunder' på Bjørnsund er bl.a. både Sara Hendrichsen (gift med broren Niels Aagesen)og Steffen Eriksen (svigerfar til Niels Aagesens datter Bodil)Ellers har eg etter ditt innspel om bruken av Find som slektsnamn sjekka dei dokument eg har på Jens Aagesen og også han bruker Find, liksom faren.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Bonden Åge i Ertesvåg i Vatne 1603-04 heitte Åge Nilsson, og han eigde svært trulig 3 mællag i denne etter måten store garden. Dette går fram av fleire dokument (alle utrykte) fra åra kring 1600. Dokumenta viser til sams eigedoms- og slektstilhøve mellom m.a Skipper-Lauritz (= Lauritz Sæbjørnson) på Fjørtofta og Anders'ane på Ulvestad, og likeeins til Åge Nilsson i Ertesvåg.Det er eit tilfelle som liknar ein tanke: 1666 heitte ein av brukarane i Ertesvåg ''Aache'', og alderen hans var oppgitt til 24 år: fødd 1641-42 - og dermed jamgammal med Aage Nilssen Find. Denne mannen er einaste Åge i Vatne skipreide og sokn i manntallet 1666. Farsnamnet hans er ikkje oppgitt.Det er neppe grunn til ikkje å tru at Åge i Ertesvåg 1666 (dei tre Strand-gardane medrekna) var Åge Nilsson sitt barnebarn - ein soneson eller datterson. Denne unge mannen må såleis ha hatt odel også til Fanneløp, tilliks med Anders Ulvestad og ei rekke andre framståande bønder.Slutninga her blir, med mange atterhald, at Aage Nilssen (Find) på borgarsetet Drynesund i Vatne, like gjerne som å vere av futeætta i Søvik, kan ha vore av ei odelsætt i Vatne skipreide - ei ætt som svært trulig også hadde lågadelig opphav.Problemet her er likevel: Korfor utstyrte Aage Nilssen i Drynesund seg med ættnamnet ''Find''?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

I NST bd. 11 står: 'Hun er formodentlig død i året 1705. Det året ble det betalt til Molde kirke 'for det bedste Ligklæde til Aage Drønens Kjæreste 1 ort 8 sk.' Skal dette forståast som om det er Sofie Elisabet Johansdatter Bæverlau det er sikta til - og ikkje som ein har trudd Bodil Laugesdatter?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ein kan vel ikkje forstå det annleis, sidan Boel Laugesdatter allereie var gravlagt i Vatne kirke seinast året før. Kirkeverja i Vatne 1696-1714 var ellers Anders Larssen Aarøe, borgar på Larsgarden i Borgund. Han skreiv i kirkestolen 1704: ''For sahl Boel Drønnens Liigs nedsettelse under Midgulfvet i Kirchen, betalt - 4 Rd.'' Og 1706: ''for S:r Aage i Drønnens sidste sahl Hustrues Begravelse under Stoelene i Kirchen - 2 Rd.'' Det må altså vere tale om to koner.Anders Larssen Aarøe var 40 år gammal 1704 og døde 1714. Har du peiling på kven han var?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Apropos Aache - Åge, dette namnet er såpass sjeldent i Haram at det stikk seg ut. Haram kyrkjebok har ein Aache Olsen Hurlen som i 1698 blir gift med Anne Pedersdtr. Ein Ole Aagesen Hurlen er fadder i 1691. Der er og ei Gjertrud Achesdtr. Hurlen som døyr 40 år gammal i 1698. Hurla er såpass nær Søvika at det vel kan vere ein samanheng?Apropos Fyn - Finde, så er der ei meir nærliggande øy som heiter Finnøy. Er denne oppkalla etter ein av desse Find'ane?Apropos Skipper-Laurits, 'Halve Haram' har gener etter Sæbjørn Fjørtoft. Veit nokon kven han var gift med? (Mor til Laurits, Sjur og Tore Sæbjørnsen Fjørtoft.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Nei, eg kjenner ikkje til Anders Larsen Aarøe. Den eineste Larsen Aarøe eg kan kom e på er nemnt på Molde i 1703, 1704 og 1705, nemleg Bersvend. Han solgte da hus, nøst og hageplatz, truleg ein halden mann for det var folk som skulda han 50 Rdlr.Eg trur han var gift med enka etter Niels Clausen Friis i 1703.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ein av bøndene på Hurla 1666 heitte Åge og var 38 år gammal, og oppført med sonen Ola på 20 (kanskje steson). Vi kan ikkje sjå vekk fra slektssammenheng til Søvika, for futesonen Åge Jonson kan vere fødd kring 1570.Martinus Rogne meinte i si tid at Find-namnet kunne skrive seg fra Finnøya (men ikkje det motsette). Øya har vel opphavlig bare heitt Finna, og så fått slengt på seg øy-endinga på 1500-1600 tallet (jf Mida til Miøya). Fra 1700-tallet har vi døme på folk fra Langøya i Borgund som kalte seg Lange. Dette er i alle fall ein hypotese mellom andre.Dei utrykte diploma fortel ikkje noke om opphavet til Skipper-Lauritz. Derimot hadde han nok odel i Ertesvåg, sidan Ingebrigt Olson 1602 hadde bydd han noke odelsgods i den garden. Ingebrigt Olson var gift med ei Anne Olsdt, og dei var foreldre til Ola Ingebrigtson i Fjørtofta. Sæbjørn-namnet var nok eineståande for denne ætta. Ein Solve Sæbjørnson er nemnt 1507: [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=17524&s=530&str=>Lenke Ein Erik Sæbjørnson 1525:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Til innlegg 6: Ingen av kirkene på Sunnmøre, sjøl ikkje Borgundkirka, hadde inntekter av utleige av ''Ligklæde'' på denne tida, og dette er vel grunnen til at enkemannen Aage Nilssen måtte leige eit slikt av Moldekirka for å følge den fornemme skikken med å legge ein fin duk eller eit teppe over kista under gravferda. Moldekirka hadde på denne tida minst to ''likklede'' (helst kisteklede) til utleige: eit mindre fornemnt og det fornemste - ''det bedste''. Vi må rekne med at denne lik- eller kistekledeleiga gjaldt Sofie Elisabet Bæverlou si gravferd i Vatne kirke 1705.Til innlegg 9: Anders Larssen Aarøe på Larsgarden ser ikkje ut til å ha hatt eigne barn; skiftet etter han er heller ikkje å finne. Men ei av stedøtrene hans, gift med bakaren Lars Olsen i Bergen, kalte opp den førstefødde sonen sin etter stefaren: Anders Larssen Aarøe (1709-72). Han budde i Bergen, og var m.a gift med ei datter av ein Otte Ørbech, son av romsdalsfuten Hans Hanssen Ørbech. Otte Ørbech var kremmar på Sunnmøre 1737, men eg har enno ikkje funne ut på kva for borgarsete han budde. I alle fall: Bolsøynamnet Aarøe heldt seg i Bergen lenge etter Anders si tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Når det gjeld likklede har eg sett referert til 'det bedste' og 'det nye'.Romsdals tingprt. 3 p. 139 : 1705 16/10 Ting for Fanne Ott. hvor publ. Amtmand Hans Nobells Skjøde paa 3 voger 1 - 6 fisk Odelsgods etc. i den Gaard Mold, hans Velbaarh. af samtlige Capt. Bæverlous Børn og Arvinger, nemlig Emmerenze v.Bæverlou, Alexander v. Bæverlou, oc Aage Nielssøn, er under Haand og Segl skjødt og afhendt. - Drønen d. 14/9 1705.I skiftet etter ' Edle og Mandhaftige Johan Frederich von Bæverlou' i 1703 og videre ' paa den ugifte datter Sophia Elisabeth von Bæverlous...'. Det er også nemnt at ho er barnlaus.Det var eit kort ekteskap ho hadde med andre ord.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Er det altså her snakk om far og sønn med samme navn og yrke: kaptein Johan Friedrich (von) Bæverlou, eldstemann (d.e.) far til Sofie Elisabet Johansdatter Bæverlou (ca.1647-1705) (g. Aage Nilsen Find) og hans sønn (d.y.) kaptein Johan Fredrik Bæverlau som visstnok i 1703 eide (arvet?) halve Moldegård og var g.m. Margrethe Laugesdatter fra Reknes (søster av Bodil (g. Jens Nilsen Svertz), Mette (g. Jochum Früchtnicht) og Kirsten (g. Richard Richardsen Hagerup) ?Hvis dette er rett er vel JFB (d.y.) f. rundt 1640. Hvorfor er han ikke nevnt i skiftet i 1703 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Til innlegg 7 og 9) : Kona til handelsborger i Larsgarden, Borgund, og kirkeverge i Vatne, Anders Larsen Aarøe (f.ca.1664?), var Karen Nilsdatter (Smith ?), død 1722 (skifte 1723). Hvem var hennes foreldre ? (Hun hadde tidligere vært g.m. Lars Kjøstelsen fra Eikrem (skifte 1694) som eide Larsgarden. Hans (10) barn med Karen brukte etternavnet Smith).(En annen ALAa, dattersønn av Karen og Lars, Anders Larsen Aarøe (f.ca.1720?, død 1772) (fra Bergen ?) var sønn av handelsborger i Bergen, Lars Olsen og Marte Larsdatter Smith, som altså var en av Karens nevnte 10 barn).Kan Anders Larsen Aarøe (f.ca.1664) være bror av den Bersvend som nevnes i Innlegg 9 ? Var han kanskje også prest, siden han antydes å være g. i 1703 med enka etter (kapellan i Grytten) Nils Claussen Friis (f.ca.1650 ?) ? Når døde forresten Nils C. Friis ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er ikkje kjent kven foreldra til borgarmadammen Karen Nilsdatter på Larsgarden var, men det er vel mest trulig at det var ho som brakte namnet Smith inn i familien (alle 10 barna skreiv seg Smith). Ein Nils Smed fra Hjørring tok borgarskap som snekkar i Bergen 1647, og han kan høve som far hennar; ho var i alle fall ikkje av slekta til Henning Hanssen Smit og dei mektige brørne hans. Til skiftet etter Lars Kjøstelsen 13. desember 1694 møtte ingen av barna sine fødde formyndarar opp, og dette kan tyde på at dei ikkje budde på Sunnmøre. Namna på formyndarane er ikkje oppgitte, men S:r Nils Pedersen Assens på Grimmergård i Ålesund kaverte for formyndarane, noke som tilseier at han kjente dei og kunne gå god for dei (også økonomisk). Kanskje det er råd å finne ein eller fleire Smith'ar i manntalla for Bergen med farsnamnet Nils?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Det virker som de tre sønnene av Bodil Laugesdatter og Aage Nilsen Find er født 'i god tid' tid før foreldrene angivelig giftet seg (i 1682). Niels sies å være f. ca. 1677, Hans (Knag) ser ut til å ha fått barn fra ca. 1703 og utover, og Jens' kone Sophie Juul er f. 1664. Finnes det noen antydninger om f.år for Hans og Jens Aagessønner Find(e) ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Romsdal Tingbok 3 p. 109 1704 17/10 Ting for Fanne Otting hvor publieret Bersvend Larssøn Aarøes Skjøde given Rasmus Thorsten Skredder paa de Huse, Hageplatzer oc et Nøst paa Molde Ladested inden Elven staaende som hans Kjerestes Formand Hr. Niels Clausen Friis og hun tilforn har ejed og beboet- datt. Molde 1703 14/11 - og til Vitterlighed af Johan Johnston oo Aage Odinsen underskrevet. (Etter Collin)Nils Claussen Friis er nemnt sal. 18/1 1696.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Vi kan ikkje sjå vekk fra at Nils Aagesen Find var Aage Nilssen sitt særkullsbarn, og at Aage såleis var enkemann då han ekta Bodil Laugesdatter seinast 1682, då han betalte kopulasjonspengar til futen. Hans Knag Aagesen og Jens Aagesen er i alle fall begge fra ekteskapet hans med Bodil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

4/11 1678 opptrer Christen Poulsen (Morsing?) på vegne av ein Aage Nielsen som 'foregaf at være sindet sig for en Borger udi Bergen eller dessen District at needersette, der sin Lyche fremdeelis at søge'.Aage Nielsen seier altså opp sitt borgerskap i Trondhjem 4/11 1678 for å søke lykken i Bergen eller Bergensområdet.Kan dette vere Aage Nielsen Find?I to skifte er både Aage Nielsen og Jens Nielsen (død mellom 1694 og 1703)nemnt. Det eine etter Gjertrud Richertsdatter Hagerup(1703) og det andre etter Jacob Aagesen Skralthaug (1684)Veit ein nøyaktig årstal for når Hans Knag døydde? Kan han ha vore avliden før 1777?Etter folketeljinga for ladestedet Molde 1701 - er Niels Aagesen 24 år. Dersom det er rett at det vart betalt copulasjonspengar så sein som 1682 for Aage og Bodil - kan det jo tyde på at Niels er barn frå eit tidlegare forhold som Aage Nielsen Find har hatt.Såvidt eg kan forstå nemner Aage Nielsen ein gong sine stebarn. Er det nokon som kjenner til fleire stebarn enn Mein frå Bodil Laugesdatters første ekteskap.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Dete var ei svært interessant opplysning! Vi veit ikkje kva tid Hans Nilssen Knag døydde, men det kan for så vidt ha vore i 1677/-78. Dermed kan Aage Nilssen ha tenkt seg sør til Drynesund på Sunnmøre, der han ikkje kunne handle utan å vere borgar av Bergen (han tok likevel aldri borgarskap i Bergen).Ettersom Aage Nilssen allereie var borgar av Trondheim då han søkte seg søretter i 1678 er det grunn til å tru at han var etablert med familie seinast då. Nils Aagesen kan såleis godt ha vore sonen hans av eit første ekteskap.Jens Nilssen (Svertz) og Bodil Laugesdatter kan ha hatt fleire barn enn Mein, men bare Mein er nemnt på skiftet etter farmora Mein Clausdatter, enke etter bergensborgaren Nils Jenssen på Nilsholmen i Borgund, i 1693.Hans Nilssen Knag hadde snautt eigne barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Årstalet 1777 skulle sjølvsagt vere 1677.Dersom du har rett når det gjeld Nils Gregersen og Anne Aagesdatter som foreldre til Nils Aagesen Find så er det jo ei anna tilknytning til Nordmøre? Du nemner ein Oluf Jonson som farbror til Anne Aagesdatter n. 1630 - 50 i innlegg 1. Heiter kona til Oluf Bodil Jensdatter og at fleire av barna hennar eigde jord i garden Rånes på Nordmøre. Kan det vere sonen deira, Aage, som byksla Fanneløp i Vatne av Niels Aagesen Find?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er feil at Aage Nilssen betalte kopulasjonspengar i 1682. Derimot betalte 'Aage Christensen' slike pengar i 1682; dette dreidde seg om borgaren Ove Christensen Fros på Larsnes. Dermed er det godt mulig at Aage Nilssen var gift med Boel Laugesdatter allereie då han sa opp borgarskapet sitt i Trondheim i 1678.I 1682 heitte det derimot om Aage Nilssen at han hadde satt seg ned (i Drynesund) 'nyelig', men dette kan vere eit tøyelig omgrep.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.