Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arnfinn Kjelland

[#21600] Peter Andreas Cappelen ca 1751-1800, sokneprest Ulstein og Lom

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

Vi manglar detaljinformasjon om han, ut over det som står i Bastian Svendsens manuskript om dei geistlege i stiftet (at han hadde vore misjonær på Grønland i 9,5 år før han vart sokneprest i Ulstein). Han kom til Lom i 1797, men døydde alt i 1800, berre 49 år gamal ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=lombg&variabel=0&postnr=3353&fulle=true&spraak=n>Lenke).Iflg. folketeljinga 1801 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

I H Ostermann: Nordmænd paa Grønland 1721-1814 finn du heile 11, store sider (band I, s 210 ff) om Peter Andreas von Cappelen. Der går det m.a fram at han 4. april 1783 blei vigd i Trinitatis kirke, København, til Kirstine Gleerup 'f. ca 1760 i København, formentlig datter af silke- og klædehandler Christopher Gleerup og hustru Anne Elisabeth Hasselbalch'; ho døde 1790. Like etter bryllupet for dei til Umanaq. Cappelen lærte seg grønlandsk på kort tid. Han var ikkje bare misjonær, men også ein sunnmørsk gründertype, og jamvel ein dreven topograf. Les også om Cappelen i Bjørn Jonson Dale: Ørstatider I - Historiske samlingar 1600-1900, i kapitlet 'Reisen til Grønland' om astronomen Rasmus Lievog, som førte Cappelen fram som student.Du finn resten av personalia hos Ostermann. Eg kan her bare nemne at svigerfaren i andre ekteskapet, Nils Jacobsen Wind, kalte seg 'Søndmørs magnat'!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Takk for god hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.