Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#21693] Emte Larsdt. , Jens Larsen og Hans Jonsen frå Sykkylven ?

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Emte, fødd ca. 1847, Jens fødd ca. 1856 og Hans, fødd ca. 1851 skulle vere frå Tusvik i Sykkylven. Kan nokon bekrefte dette eller ha andre opplysningar. Ønskjer å få opplysningar om kven som var foreldra til desse tre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Eg kan ikkje finne dei namna du viser til, men eg eg finn noko som kan likne i Sykkylven Gardssoge band 3 side 416.Bnr 2 Vassnakken, TusvikBrukara 1845 - 1863.Lars Olsen Ørsnes 1807 - 1863 g 1834 m. Berte Marie Rasmusd. Hatlemark 1814 - 1866.Born: 1) Anne Karoline 1838 - 1907 g. 2 gonger (Nedregotten) 2) Rasmus Andreas 1842 - 1890 Omkom på havet. 3) Emte Marie 1847 - ?. 4) Johan Tomas Olaus 1849 - ?. 5) Marte Tomasine 1849 - ) (tvillingar). 6) Jens Johan 1855 - ?.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Mange takk for opplysningane. Dette er nok rett. Emte Larsdt. er å finne i Skodje i 1865, dei to andre har eg ikkje funne i den teljinga. Kanskje du også kan finne noko om Hans Jonsen og. Eg har opplyst at han heitte Hans Martinus. Alle desse kom til Sandøy kommune, Jens og Emte til Ona og Hans til Husøya.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Det står vidare i Gardssoga at Berte Marie Rasmusd. fekk sonen Hans Martinus i 1851 med Jon Kolbeinsen Svartebekk. (Emte Marie og Jens Johan var altså halvsyskjen med Hans Martinus.)Det er og nemt at Hans gifta seg i 1877 med Pauline Iversd. frå Fræna, og at han flytta dit.Det er truleg 'vår' Hans vi finn i FT 1865 i teneste på nabogarden Thue i Sykkylven 15 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Tusen takk for god hjelp. Hans Jonsen gifta seg i 1877 med Pauline Iversdt., men ho var frå Steffagarden på Husøya, og dei budde på Husøya. Hans døydde alt i 1883. Han og Pauline hadde då 3 døtre, 2 av desse busette seg seinare i Bud som no er ein del av Fræna. Den 3. gifta seg på Sandøya.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.