Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21821] Samuel M. Hjortdahl (1806) og Julie Borch (1818) Førde-Drammen-Strømmen-og so ??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, son av landhandlar og gjestgjevar Hans Rue Eliasson Hjortdahl i Sjøhola, Skei i Førde (1776-1857) og kona Synneva Hansdotter (Bugge) frå Hafslo (Luster) (1771-1857), var fødd på Urnes i Hafslo og vart døypt der 7.7.1806. Han gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Borch, fødd i Drammen kring 1818.Samuel og Julie budde nokre år i Førde, men flytte i 1850-åri til Drammen og sidan til Strømmen i Vestfold der me finn Julie Hjortdahl i 1865 som gardbrukar og enkje på garden Håøen nordre.Eg har gjennom FamilySearch og/eller FT1865 funne desse borni etter Samuel og Julie, men truleg manglar eg eitt eller to av dei eldste...:1) Julie Sophie Samuelsdotter Hjortdahl, fødd i Førde 7.4.1847, ukjend.2) Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, døypt i Førde 3.3.1850, nemnd 1865, elles ukjend.3) Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, fødd på Bragernes i Drammen 4.11.1852, nemnd 1865, elles ukjend.4) Johan Samuelson Hjortdahl, fødd i Førde(?) kring 1855, nemnd i 1865, kan vera den Johan E. S. Hjortdahl som i 1880 utvandra frå Eiker til Pestigo, WI!?5) Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, døypt i Hurum 27.9.1859, nemnd i 1865 som fødd i Strømmen, elles ukjend.6) Christian Sophus, kjend som Sophus Samuelson Hjortdahl, døypt i Strømmen 26.10.1862, nemnd i 1865, elles ukjend.Spørsmål:* Kan nokon identifisera Julie Sophie Borch og opphavet hennar?* Kva yrke hadde Samuel Hjortdahl, og kvar nøyaktig budde han og Julie fram til 1865?* Endeleg, kan nokon fortelja meg kvar det vart av denne huslyden etter 1865? Eg finn ikkje nokon av borni i FT1900, i alle fall ikkje som Hjortdahl. Følgde dei kanskje sonen Johan til Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Klikk på gruppe 2 og 3 - Det er snakk om Samuel Chr. Hjortdal - nærmeste slektning er professor Hjortdal i Christiania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Her er han: LenkeMen det er kanskje et skudd i tåka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Karlsen

Bygdebok for Førde, b. 2, s. 268 nevner barna Cecilie Margrete f. 1843 og Johan Kristoffer f. 1845 i tillegg til Kristoffer Borch f. 1850. Kona oppgies å være født 1819. Samuel d. 1863 som handelsmann i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I følge Familysearch IGI fikk de også en datter Cecelia Margrethe i 1843. CECELIA MARGRETHE SAMUELSEN Female -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: 28 JUL 1843 Christening: 09 SEP 1843 Forde, Sogn Og Fjordane, Norway Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Parents: Father: SAMUEL HJORTDAL Family Mother: JULIE BORCH -------------------------------------------------------------------------------- Messages: Extracted birth or christening record for the locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the birth or christening date. -------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Batch No.: Dates: Source Call No.: Type: Printout Call No.: Type: C420345 1843 - 1860 0126393 Film NONE Sheet: 00 Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og Johan Christopher i 1845.JOHAN CHRISTOPHER SAMUELSEN Male -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: Christening: 15 MAR 1845 Forde, Sogn Og Fjordane, Norway Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Parents: Father: SAMUEL HYORTDAHL Family Mother: JULIE BORCH Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her tror jeg vi finner Julie født og døpt.JULIE SOPHIE JACOBAEA KRISTOF. Female -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: 24 DEC 1818 Christening: 19 MAY 1819 Bragernes Drammen, Buskerud, Norway Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Parents: Father: KRISTOF. BORCH Family Mother: PETRONELLE MARGRETHE MOLLER -------------------------------------------------------------------------------- Messages: Extracted birth or christening record for the locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the birth or christening date. -------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Batch No.: Dates: Source Call No.: Type: Printout Call No.: Type: C420484 1814 - 1830 0123847 Film NONE Sheet: 00 Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I følge den samme kilden ble Kristoffer og Petronelle viet i Ullensaker 10.08.1810. Og da er det vel Petronelle og hennes mor vi finner her i 1801. Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon, Nina og Rune for interessante og nyttige innlegg.Då ser det ut til at samuel Mandrup Hjortdahl og kona Julie fekk åtte born i lag, men det er likevel underleg korleis huslyden forsvinn etter 1865!Den kjøpmannen Samuel Hjortdahl som døydde i Bergen i 1863, heitte Samuel Baar Hjortdahl og var 55 2/3 år gamal. Han var soleis om lag jamngamal med Samuel Mandrup Hjortdahl, men det kan ikkje vera same person! Samuel Baar Hjortdahl var gift med Augusta Jacobine Hallager og fekk elleve born, som alle var fødde i Bergen!Når det gjeld skipsfører Samuel Chr. Hjortdahl, kan han godt vera del av huslyden til Samuel Mandrup Hjortdahl, men eg finn ikkje nokon ''link'' i FT1900...!Nina, om du har bygdeboki for Førde, står det der noko om søsteri til Samuel Mandrup Hjortdahl? Ho var:Elisabeth Margrethe Hansdotter Hjortdahl, fødd kring 1808(?), skal ha butt i Førde og vert referert til som ''Lise ved sjøen''!?Eg takkar nok ein gong for framifrå opplysningar og vonar at fleire detaljar vil dukka opp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Dette er kanskje Julie i 1900. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har visstnok ikkje takka Rune for det siste innlegget her frå 2004, men no er det gjort! Hjarteleg takk, Rune! Eg trur òg du har funne dotteri!Eg har no ''reinska litt opp'' i denne huslyden og her følgjer ei oppdatering:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, d. som gardbrukar på Høien i Strøm, Vestfold 29.12.1865. Samuel gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Jacobea Christophersdotter Borch frå Drammen, f. på Bragernes i Drammen 24.12.1818. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1865!)Samuel tok over som landhandlar og gastgjevar etter far sin i Sjøhola, Skei ytre i Førde, men han og Julie flytte kring 1857 til Høien i Strøm i Vestfold der dei sidan var gardbrukarar. Dei fekk åtte born ilag:a. Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gift Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Karl Hagbart Haagenson Nilsen, f. 1833.b. Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845.c. Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, ?1900: gift rentenist Julie Ohlsen i Kristiansund?d. Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 26.2.1850.e. Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Drammen 4.11.1852.f. Johan Emil Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 27.7.1855, utvandra 1880 frå Eiker til Pestigo, WI.g. Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm (Hurum) 3.8.1859.h. Christian Sophus, kjend som Sophus Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm 19.7.1862.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg er særleg oppteken av å finna lagnaden til Julie Sophie Jacobea Borch Hjortdahl, fødd 1818, ho som i 1865 var enkje på Høien i Strøm ved Svelvik. Sidan sonen utvandra frå Eiker, kan ho vera flytt til Eiker?Elles er eg òg interessert i opplysningar om lagnadane til desse borni...Hjarteleg takk på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg veit ikkje kor interessant det er, no når du har vielsen til Julie d.y., men ho har kome til Ålesund før 1865 Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×