Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Hallvard Tveit

[#21827] Anders Persson, svenske fødd ca 1680, gift ca 1700 i Flesberg, død Bygland 1753

Recommended Posts

Gjest Hallvard Tveit

Anders Persson skal etter tradisjonen vere Svensk, kalla fingerlausen. Truleg tilknytta sølvverket i Kongsberg (Anders lenkesmed), gift ca 1700 i Flesberg med Anne Pedersdotter. Hadde sønnene Peder (min stamfar), Hans (f 1704) og Linder. Linder skal etter tradisjonen vere den første sølvsmeden i Setesdal. Hadde ikkje så godt rykte då dei kom til Setesdal (Bygland) og til plassen Heddevik. Dei vart kalla tjuvane frå Heddevik. Det er ikkje noko domspapir som tyder på at dei har gjordt noko gale medan dei budde her. Er det nokon som veit noko om denne personen eller kor eg skal leite for å finne ut noko meir. Har vore litt i kontakt med Are S Gustavsen då han har skriva om ein Svenske Anders Andersson (Genealogen 2/2001) som holdt til i dette distriktet. Var interessert om det kunne vere noko kopling her, eller om det var ein heilt ny 'svenske'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.