Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#21871] Ola Johannesson fro Årdal og Bolette Vilhelmsdtr frå Kinn, møttest i Luster -

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Kan nokon hjelpe meg å identifisere desse personane?At dei møttest, truleg i Luster, viser denne oppføringa[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Hafslodb&variabel=0&postnr=12321&fulle=true&spraak=n>LenkeDenne Sjur emigrerte til USA, herLenkeSom ein ser, skulle han til far sin, men eg har ikkje funne emigrasjonen til faren.Mor hans døydde i 1900,LenkeEg har ein mistanke om at Sjur er identisk med Sivert Melheim i USA, men i så fall - kvifor Melheim?Eg trur dette er Ole, men eg er ikkje sikker.LenkeBolette er her i 1865, dessverre ikkje saman med foreldra sine.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Jaha, kanskje det er Sjur vi har her? Då rett nok med feil fødselsår?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Aase, her har du råka borti ei særs interessant ætt som ogso eg har hatt (og har) problem med å finna ut av.Bolette Margrethe Wilhelmsdotter Walaker, fødd i Kinn 17.5.1858 som dotter av Wilhelm Olai Corneliusson frå Hamarset i Kinn (1828-1862) og kona Synneva Christensdotter frå Valaker i Hafslo (1829-1888), flytte kring 1867 attende til Hafslo med mor si og budde for det meste på Valaker der ho døydde som legdelem 29.10.1900, ugift.Ole Johannesson Offerdal, far til det andre av tre born fødde av Bolette, var fødd i Årdal 27.8.1872 som son av husmann Johannes Sjurson ved Sjøen under Offerdal og kona Anna Eriksdotter. Ole skal ha utvandra til Amerika i 1892 og vart naturalisert i Mahnomen Co., MN. Han døydde i Clearwater Co., MN 21.6.1938.So var det sonen Sjur. Eg har ikkje noki forklaring på ættenamnet hans, men det kan synest rimeleg at han voks opp som ein fosterson på Melheim i Hafslo og at han tok dette namnet i Amerika! Sjur ''Severt'' Melheim gifte seg med ei Ella Josephine som hadde svensk far og norsk mor, men som var fødd i North Dakota 22.5.1894. Dei farma først ei tid nær Mayville, Traill Co., ND og sidan nær York, Benson Co., ND, der Severt hadde skyldfolk på morssida, men hamna til sist i Albany, Linn Co., OR. Eg kjenner til åtte born etter Severt og Ella, men veit lite om dei. So no kjem eg med eit spørsmål til deg, Aase:* Har du kontakt med etterkomarar etter Severt og Ella Melheim som eventuelt kan supplera med opplysningar til Gards- og Ættesoga for Luster? Eller kanskje sit du sjølv inne med detaljar?Eg vonar å høyra frå deg att om denne ætti og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - loya@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Snakk om å få tinga servert på sølvfat! Ja, utgangspunktet mitt er ei etterlysning på Norway Genealogy Forum, lagt inn av ein etterkomar etter Sjur/Sivert. Eg skal tipse henne om denne tråden, så får de sikkert kontakt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Ole Johannessen Offerdal (f.1872) er med i Årdals-databasen på nettet ( Lenke ). Han er riktignok registrert med Svalheim som etternavn her, men det kommer av at faren var fra Svalheim. Sønnen Sjur er ikke kommet med.Ved hjelp av databasen lar det seg gjøre å følge slekten bakover, men jeg kan selvsagt ikke garantere for sannhetsgehalten for disse opplysningene. Databasen er for eldre generasjoner stort sett basert på bygdebøkene for Årdal. Databasens viktigste innhold er opplysningene om senere generasjoner, særlig i USA, der det er samlet inn en god del ny informasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Om det er av interesse så vil eg nemna dette.Anne Eriksd. g. Johannes Sjøen Svalheim hadde mykje slekt rundt i ytre Årdalsfjorden. I grove trekk så ser det slik ut:Mori Guri Fodnes g. med Erik Knutson Hove frå Leikanger, då vil me tru dei kom til sjøen under Offerdal. Erik er nemnt husmann i Offerdal då han gifte seg med ho Guri. Kanskje nokon kan bekrefte det?Kvar det vart av Guri og Erik er ei ny gåte! Det ser ut til at dei fekk berre ho Anne.Så det var vel heller igjennom kona at han Johannes Svalheim kom til Sjøen under Offerdal.Elles så hadde ho Anne:Morbror Anders g. med ei frå Sagi, Sigrid Rasmusd. og som hadde Fodnes, morbror Anfinn som kom til ein plass under Y. Offerdal. Morbror Peder som fekk eit barn med syster til kona has Anders, ho Mari Rasmusd.Elles så hadde mormor Eli Anfinnsd. på Fodnes desse brødrane: Hans på Bergmål og Per som kjøpte kyrkjejordi i Offerdal.Elles så kom han Johannes Svalheim frå plassen Marki under Svalheim. Han var son av Sjur Tomasson Dalen Hestetun og Randi Olsd. Nausteplassen Ve.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.