Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#21884] Peder Halvorson Holte kem var foreldra hans?


Recommended Posts

Gjest Gunnar Ellingsen

Eg veit ikkje om du allereie har sett i Voldasoga til Per Årviknes. I band 3 som kom ut i 1973, står det under br. 2 - Inste Holen på Holen/Holte:1760. Halvor Pedersson. - Born: 1) Peder, f. 1746, g. 1782 m. Lisbet Mortensdotter Liaskar, br. Høydalsnes.Det står altså ikkje kven Halvor var gift med, og det ser ikkje ut til at han har noko slektskap med dei tidlegare brukarane på garden. Andre born enn Peder er heller ikkje nemnde.Kanskje kan Olav Myklebust som held på med Busetnadssoga for Volda, hjelpe deg.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Manntalet for ekstraskatten 1762 skulle vere ei brukande kjelde her. Der skal det stå sivilstand (gift, enkjemann, ....). Dersom Halvor si kone levde, vil namnet hennar stå her. Likeins born over 12 år, dersom dei bur på garden. Men Halvor Pederson er ikkje ført som gift i Volda/Ørsta 1741-60, og ingen Peder Halvorson er ført som døypt. (Men vi må rekne med at det er manglar i boka.) Eg ville leita etter Peder døypt (og Halvor gift) i kyrkjebøkene for grannebygdene (Herøy m.Sande og Rovde, Hjørundfjord, Vanylven m.Syvde, Eid). Først ville eg forsikra meg om kor rett fødselsåret kunne vere (alder i 1801 og ved død, evt. også manntalet i 1762 dersom alderen står).

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.