Gå til innhold
Arkivverket

[#22158] Ouden Aagesøn på Reknes (Molde)


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest Randi Rostrup

Eit lite tillegg til innlegg 47 om Guru Andersdotter, som truleg var dotter til Tingvollpresten Anders Pedersson. Ho vart gift (før 1645) med Audun Eriksson, kapellanen til far sin. I 1650 vart han sokneprest i Sunndal etter at den førre presten Lambert Balchenborg døydde. I tema 27339 (innlegg 46) vert det prova at Audun ikkje etterlet seg born då han døydde i 1654. Ole Audunsson (Thulesius) kan dermed ikkje ha vore son hans, slik mange (m.a. Dahl) har trudd. No syner det seg i tillegg at Guru Andersdotter må ha døydd før 1652, for då gifta nemleg Audun seg med Anne, enkja etter hr. Lambert. Etter Dahl (s. 222-23) heitte ho Anne Christensdotter Lund.At desse to vart gifte kjem fram i odelskatten 1654/55 der ho er ført i Sunndal tinglag som «Anne S: her Ouden Erichsens». Seinare er ho i desse skattelistene ført som «Anne Sahl: M: Lambrets». Slik sett kunne ein gjerne tru det var feilskrive dette eine året. Men ser me på sagskatten, finn me at Anne og Audun må ha vore gifte. Inntil 1650 er det hr. Lambert som skattar av dei to sagene Sandvik og Erstad i Sunndal (kontribusjonsskatten). I 1651 og 1652 har «Anne S: Mester Lamberts» kome i hans stad, men i 1653 er det hr. Audun Eriksson som betaler skatt av dei to sagene. Audun døyde i 1654 og dei to neste åra finn med igjen «Anne Sl: Her Øudens» som skattar av dei same to sagene. Dermed kan det ikkje vera nokon tvil om at dei to gifta seg, truleg i slutten av 1652. Dei hadde ikkje born.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Roar Aalborg

Tvilen om hr. Ole Audensen meldte seg på tema 28092 i innlegg (9) 1. halvdel, og er viderebrakt på 27339 innlegg (28) -- se også (31) og Rostrups (46).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Randi Rostrup

Såvidt eg kan konstatera, har det vel i det ovanforståande enno ikkje vorte heilt klårt korleis Christian og Jacob Ravn var gifte med døtre til Audun Ågesson. Når ein leitar etter ein ting, finn ein oftast anna interessant også. I ein gjennomgang av Trondheim bytingsprotokoll for perioden jan. 1676 - okt. 1677 såg eg at det der var ei sak som gjekk over mange møter frå april til juni 1677, ei sak som kanskje kan kasta meir lys over Christian Ravn. Då stemna nemleg Audun Audunsson rådmannen i Trondheim Jacob Christensson, som i eigenskap av byfut (i Trondheim) hadde vore skifteforvaltar på skiftet etter far til Audun, Audun Ågesson (Reknes) den 28/1 1669, for at denne hadde overlate vergemålet for farsarven hans til sl. Christian Ravn, ein arv som ingen no kunne finna. Eg har ikkje finlese saka og har heller ikkje notert noko vidare utover kvar i protokollen saka fanst, men ser ikkje bort i frå at andre interesserte kanskje kunne finna eitt og anna nytt her. Om ikkje anna så at Audun var umyndig på skiftet etter faren og truleg nettopp myndig i 1677, slik at han då mest sannsynleg må vera født kring 1650-52. Saka går over fleire møter og finst i Trh. bytingsprot. 4, fol. 14a-16a, 34b, 40a ff., 43b ff., og 46a ff. (film NT 692).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Kjempeflott Randi! No veit eg kvar eg skal leite vidare. Vi får jo også vite at Christian Ravn var død i 1777. Når eg har lese lokallitteraturen frå distriktet her, har det for meg sett ut som Christian Ravn var i live så seint som 1690, men ved lesing av førstehåndskjeldene har eg funne at eit viktig ord som sto her, mangla - nemleg sal. foran Christian Ravn. Det er derfor fullt mogleg og kanskje til og med sannsynleg at Elisabeth Audunsdatter først var gift med Christian Ravn og deretter med Jacob Rafn. Om dei er brør desse to - veit eg ikkje.Siste gang jeg finner Christian Ravn nevnt i dokumenter i live er 'J Tingboka, film 984, s. 74. Sahl. Christian Rauffn, tidligere tholder i Molde har lånt 300 rdl. av Hr. Hans Nilsen Tausan i Tingvoll. 9. okt 1671 mot pant i Venaas, Holten og Bersaas, 'sampt i tuende Sauger udj Tingvold beliggendis med ald indredning och Huusgeraad ved saugerne Meisingsettvogh og ...' - som referert av Endre Holten i eit tidlegare innlegg her.Ellers stadfester jo det du skriv Randi, at Ouden Oudensen var født tidleg på 1650-talet, og ein kan vel rekne med at opplysninga om at Ouden var 55 år under greseoppgangen mellom Moldegård og Reknes i 1709 er sånn omtrenteleg. Alderen var vel ikkje så viktig i den saka. Men som du peiker på Randi, er det sannsynleg at han nettopp var myndig i 1677, m.a.o, passert 25 år.Du kjem alltid med spennande puslebitar Randi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Kjell Ove Hattrem

Jeg har fulgt denne debatten en stund og har i grunn kun et enkelt spørsmål:Er det noe som 'beviser' at Synnøve Audunsdotter i Lyngværet var datter av Audun Torsteinsson på Veien?Dette er ikke ment retorisk, kun nysgjerrig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Argumenter for at ho kan vere datter av Audun Torsteinsen:1. Ho vert kalla Synnøve i Aspen2. Faren hennar heitte Audun3. Ho hadde ei tante som heitte Synnøve.4. Eit av Audun Aagesen sine barn fekk namnet Elisabeth (Lisbeth gift med Audun T.)Argumenter mot:1. Eg kan ikkje finne noko av det jordegodset Audun Torsteinson arva 13.11.1577 blandt det jordegodset Synnøve eigde i 1647.2. Barna til Synnøve og Aage (som eg kan finne) er ikkje oppkalla etter Synnøves søsken. Heller ikkje etter farfar og farmor.Det er frustrerande å ikkje finne noko dokumentasjon for sambandet mellom Audun Torsteinson og Synnøve Audunsdatter. Ikkje i Smøla-bøkene som har ein god del stoff om Aspa, heller ikkje i skriftet etter Aspa-seminaret. Begge stader er Synnøve Audunsdatter berre nemnt som gift med Aage Hansen og som datter av Audun T. og Lisbeth. Det skulle vore interessant å visst korleis ein har kome fram til dette?Ein annan ting som forundrar meg, er at Audun Aagesen i 1661 har overteke alt jordegodset som mora Synnøve sto oppført med i 1647. Kva fekk dei andre barna hennar mon tro?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest John H. Aarønes

Til innlegg 103 av Randi Rostrup.Eg har etter beste evne prøvd å lese meg gjennom dokumentet du viser til Trondheim bytingsprotokoll for perioden jan. 1676 - okt. 1677.Det står etter det eg kan sjå ikkje noko direkte om ekteskapet mellom Christian/Jacob Ravn med Lisbet Audunsdatter.Men det går fram at Christian er død ein gong mellom 1671 og 1677. I 1671 skriv han under på eit dokument og i 1677 vert han nemnt som sal. Christian Ravn.Såvidt eg kan forstå av folketeljinga for 1701 som gjeld Molde Ladeplads, er Jacobs og Lisbets eldste son fødd ca. 1678.S.T. Dahls antydning om at Christian og Jacob er same person må vere feil.Reint kronologisk synes ingen ting å vere i vegen for at Lisbet Audunsdatter først var gift med Christian Ravn og deretter med Jacob Ravn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.