Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per Ivar R. Tautra

[#22272] Anne Hansine Andreasdotter Florvaag f. 1854 - Askøy

Recommended Posts

Gjest Per Ivar R. Tautra

Kan nokon hjelpa meg med opphavet til Anne Hansine Andreasdotter f. 1854? Ho vart gift i Askøy 8-10-1878 med Knut Mikal Nilsen Florvaag. I kyrkjeboka (her på DA) står det ved giftarmålet at Anne Hansine var fødd Nedre Kleppe. I folketeljinga 1900 (ho og mannen budde då i Bergen) står det som fødestad 'Kleppe Sta'. Eg trudde 'Sta' etter stadnamnet skulle tyda Stavanger amt, men det er truleg feil. Kan nokon finna dåpen hennar i kyrkjeboka for Askøy? Eventuelt vil vel original-boka ved vigselen oppgi namnet på far hennar. Det kan òg vera til hjelp. Er noko usikker på om eg har funne henne i 1865-teljinga. Der finst det fleire mogelege kandidatar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Anne Hansine Andreasdtr ble døpt 30.4.1854 i Askøy. Foreldre Andreas Jansen og Hansine Hansdtr. (Info IGI FS - etter kirkebok).Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Jeg tror du har rett mht Stavanger amt Lenke Dersom du søker etter Fsted som inneholder 'sta' så får du en mengde navn fra Rogaland med sta bakerst.Alternativet kan være feilskrift for Kleppestø.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Da er det nok feil avskrift. Kanskje er hun her i FT 1865 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Tusen takk for superraskt svar!Då er det nok den same Anne Hansine som i 1865 var pleiedotter på Kleppestø her: LenkeAv gravferdslista ser eg at faren, Andreas Jansen, døydde i 1853.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det er rett det som er skriven om Anne Hansine. Faren, Andreas Jansen, var fødd på Øvre Kleppe 1815 som son av Jan Thomassen frå Kleppe og Janikke Tollefsdotter frå Kleppe. Eg har meir om desse folka, men har diverre ikkje tid nett no til å leite det opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Takk til dykk alle! Opplysninga om kven som var far til Andreas Jansen førde meg litt vidare. :-) Om du finn meir av det du har seinare, tek eg gjerne imot. Eg ser at Jan Tomasson Kleppe sin fødestad vart oppgjeven til Bergen då han vart gravlagt. Er opphavet hans kjent?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Her finner du Janiche i 1801 tellingen LenkeOdd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dersom Jan T. er fødd i Bergen, er det tryggast å rekne alderen hans frå då han gifte seg for annen gong i 1834 (for då har han truleg lagt fram dåpsattest for presten). Då er alderen oppgjeven til 44 år. Det skulle tyde på at han er fødd i 1794. Det året vart det fødd ein gut, kalla Jan Fredrich, 0710, dpt. 1210, i Nykjerka. Faren var Thomas Christensen eller noko slikt, borteist matros frå Amsterdam (truleg eit oppdikta namn), og mora Anne Marie Jochumsdtr. eller noko slikt. Eg har førebels ikkje funne denne guten i 1801, men han kan vere det fosterbarnet Jan på Erdal/Øyjorden i Askøy, sjølv om alderen ikkje på langt nær er rett.Eg har diverre ikkje høve til å søkje meir etter han no, avdi eg skal på ferie til (fagre) Askøy. Men får eg høve til det, skal eg sjå nærare etter kor han kom frå seinare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Når det gjeld Janniche, er ho av jølster-slekt gjennom mora Marte Didriksdotter. Marte var dotter av Didrik Olsen frå Krokoås og Gjertrud Nilsdtr. frå Kleppe. Gjertrud var dotter av Nils Andersen Svidal og Gunnhild Olsdotter Holsen frå Jølster som busette seg på Kleppe på 1730-talet og har stor etterslekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være en kandidat til Jan T. Kleppe? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her døpes den samme Jan i Korskirken i 1796. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Hei Bjørn, Veit du kven foreldra til Hansine Hansdotter, kona til Andreas Jansen, var òg? Ho var fødd på Kleppe iflg. kyrkjeboka, men eg har ikkje tilgang til dåpslister frå her eg sit. Hansine gifte seg oppatt i Bergen med Johannes Nilsen Hovland frå Tysnes og døydde i Bergen i 1903.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Andreas Jansen og Hansine Hansdatter giftet seg i Sund i Hordaland 25.06.1843.Hennes far står oppført som Hans Mikkelsen , og hun skal være født ca.1825.(kilde FamilySearch VRI).For å få navnet på far til Jan Thomassen ville jeg ha sett på giftemålet hans med Helga Olsdatter 22.06.1834.Der står nok farens navn oppført. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og da er det den samme Hansine som ble født 27.12.1825 og døpt 08.01.1826 på Kleppe av foreldrene Hans Michelsen og Nicoline Nielsdatter.(kilde: avskrift av kirkebok for Askøy) Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Når det gjeld Hansine sine foreldre er det rett. Og Hans Mikkelsen var gift to gonger med to systre frå Årstad. Den fyrste hette Cathrine; den andre Nicoline - båe Nilsdtr. Eg trur dei to er døypte i SJ; har vore borti dette før. Og tek eg ikkje mykje feil, er dei òg av jølster-slekt. Det same er truleg Hans Mikkelsen; han er kan hende son av Mikkel Olsen på Kleppe. Men dette lyt eg sjekke fyrst.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

No fann eg noko: Cathrine Malene (f. 1787 på Tarlebø) og Nicoline Lassine (dpt. 29.7. 1798 frå Store Solheim) var døtre av Nils Mikkelsen Svidalsstøl frå Jølter og Thora (Thorine) Olsdotter (opphav førebels ukjend etter år med leiting). Nils var son av Mikkel Olsen og Trine Andersdtr. NM og TO vart gift frå Tarlebø 1786, medan Hans og Cathrine vart gift frå Store Solheim i 1806; dei hadde òg eit barn frå Solheim i 1807 før dei flutte til Askøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det er kanskje denne Mikkel Olsen du tenker på Bjørn? Lenke så er ble Hans født/døpt 26.01.1783.Foreldre står oppført som Michel Olsen Kleppe og Ingeborg Hansdtr. Det siste er trolig feil , for både ved dåp i 1780 og 1785 er hustruens navn Agathe Hansdtr. Forøvrig ble Michel Olsen Kleppe og Agathe Hansdtr. Florvåg viet 18.06.1780(Askøy kirkebok A1 fol.267a.) Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det ser ut til å vera klårt at Hans Mikkelsen er eldste son til Mikkel Olsen frå Kleppe og Agathe Hansdotter frå Florvåg. Du finn denne familien på Nedre Kleppe i 1801.Mikkel Olsen ser ut til å vera son av Ole Olsen og Berte Nilsdtr. sjølv om det ikkje er funne kyrkjebokinnføring på dette. Mikkel er truleg fødd litt før 1760. Den nemnde Ole Olsen er son av Ole Michelsen Krokås (fødd i Jølster) og Gunnhild Sjurdtr. Krokås (hennar 2. ekteskap). Berte Nilsdotter er dotter av før nemnde Nils Andersen Svidal og Gunnhild Olsdtr. Holsen.Agathe Hansdotter er dotter av Hans Reiersen Florvåg (opphav ukjent) og Kari Nilsdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Til Rune: Ja, det med Ingeborg må vera feil. Elles har vi vore djupt inne i desse slektene før, men eg fann ikkje noko meir nett no. Og no skal eg på ferie ei veke - sjølvsagt vestpå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

En liten bemerkning. I 1801 tellingen finner vi Nils Mikkelsen med fam. på Store Solheim. Lenke Hos dem bor konens søsterdatter Synneve Danielsdtr. 20 år.Den eneste Synnøve Danielsdtr. jeg kan finne som passer på FamilySerach IGI er hun som ble døpt i Gloppen 07.05.1780.Foreldrene var Daniel Olsen og Thora Olsdtr.Daniel og Thora giftet seg i Gloppen 25.06.1775.Han står oppført med gårdsnavn Hetle og Thora med Øfre-setter.Om dette er korrekt er der to søstre med samme navn, om da ikke den ene er døpt Thora og den andre Thorine. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sylvi Hagen

Hei. B. Davidsen har tidl. hjulpet meg med noe av dette. Jeg skal se på det jeg fikk fra ham av opplysninger. I mellomtiden kan du kanskje se på tema nr. 5710 Agathe Hansdtr. og nr. 8769 Jølster .... Nils Mikkelsen. mvh Sylvi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sylvi Hagen

Hei. Se/søk også følgende tema på Arkivforumet: nr. 17966 skifte .... Mikkel Olsen nr. 16805 skifte Kleppe Askøy nr. 17296 skifte Ole Olsen JuvikenJeg trenger litt tid på det andre. mvh Sylvi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sylvi Hagen

Det jeg har notert er som følger:Hans Michelsen f. på Nedre Kleppe 26.01.1783, d. 03.01.1847, sønn av Michel Olsen Kleppe 1760-09.02.1806 og Agate Hansdtr.1761- 12.05.1811. Hans g. I 20.09.1806 m. Cathrine Nilsdtr. Årstad f. 1787 d. 24.06.1817, dtr. av Nils Mikkelsen Svidalsstølen/Kleppe ca. 1753/1756-21.06.1827 og Thora Olsdtr. ca. 1756-24.06.1813 (g. 02.07.1786). Hans Mikkelsen g. II 18.01.1818 m. Nicoline Nilsdtr. døpt 29.07.1798 d. 05.02.1849, søster til første konen.Barn i 1. ekteskap: Martine Nicoline dpt. 15.03.1807 Solheim i Årstad, Thorine/Tarine dpt. 27.04.1808 Kleppe i Askøy, Michel dpt. 18.02.1810 Kleppe, Michel dpt. 11.08.1811 Kleppe, Niels dpt. 15.08.1813 Kleppe, Agothe f. 1815.Barn i 2. ekteskap: Thora dpt. 05.09.1824, Hansine dpt. 08.01.1826 Kleppe, Rakel Bertine dpt. 26.12.1830 Kleppe, Agathe f. 26.05.1842 dpt. 05.06.1842.På Family Search finnes flere barn oppført - men de har jeg ikke sjekket.(Catarina/Catrine Nicoline 1820, Nille Karine 1821, Niels Hansen 1828, Hans Andreas 1833, Ole 1835, Thorine Nicoline 1839 - her kan kanskje andre hjelpe oss).Foreldre til Hans Michelsen: Michel Olsen og Agathe Hansdtr. g. 18.06.1780. Her har jeg notert følgende barn: Nille 03.09.1780-11.11.1791, Hans 26.01.1783-03.01.1847, Ole 20.03-1785-, Berthe Karine 03.03.1788- d. før skifte etter faren i 1807, Berthel 23.08.1789, Nille Karina 14.10.1792-10.05.1821, Reier 01.05.1796-15.05.1829, Rasmus 26.12.1799-12.03.1815, Berte Karine 17.11.1805.Foreldre til Catharina og Nicoline: Nils Mikkelsen Svidal og Thorine/Thora Olsdtr. (d. 24.06.1813) g. 02.07.1786. Her har jeg notert barna: Catharina Malene 01.02.1787-24.06.1817, Ole dpt. 15.04.1792, Martha f. 15.07.1796, Nicoline Lassine dpt. 29.07.1798.Nils Mikkelsen g. II 06.11.1814 m. enke Berte (Marie) Knutsdtr. Kleppe fra StrusshamnForeldre til Thorine/Thora Olsdtr. mangler jeg fremdeles. Foreldre til Nils Mikkelsen: Mikkel Olsen Stølen f. 1720, sønn av Ole Stølen og Anne Jansdtr./Jensdtr., g. m. Trine/Trin Andersdtr. f. 1720, dtr. av Anders Nilsson Svidal og Gjertrud Nilsdtr. Svidal. På Mikkel og Trine har jeg notert 2 barn: Nils f. ca. 1753 og Ole f. 1765 overtok bruket.Her må jeg ta pause - (må lage middag).Du må sjekke dette - det var i en fart, så jeg håper jeg har skrevet rett av, evt. må spesialistene korrigere. mvh Sylvi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sylvi Hagen

Her følger litt mer, som jeg tror skal være slik: Foreldre til Michel Olsen: Ole Olsen Holmedahl/Juviken f. ca. 1736 d. 12.04.1801 skifte 22.04.1801 og Berte Nilsdtr. f. ca. 1735 d. 15.05.1803. 4 barn notert: Michel f. ca. 1759/60, Nils f. ca. 1761/62, Gunhild f. ca. 1764, Rachel f. 03.12.1768 (se tema om skifte på arkivforum).Foreldre til Agathe Hansdtr.: Hans Reiersen(Reinertsen) d. 14.09.1806 85 år g. m. Kari Nielsdtr., dpt. i DK 10.01.1739, d. på Askøy 26.08.1792 (dtr. av Niels Larsen, (fra Almeland til Florvåg ?) og Helle Pedersdtr.) På Hans og Kari har jeg notert 3 barn: Agathe 1761-12.05.1811, Niels 1766-1780, Gunvorre 1767-1768. Det finnes flere barn som kan passe inn med etternavn Hansd. og Hansen ved søk på døde og konfirmerte, men det har jeg ikke sjekket.Jeg håper at noen andre med samme aner evt. kan korrigere/oppdatere det jeg har skrevet.Særlig godt skulle jeg likt å få rede på foreldre til Hans Reiersen.mvh Sylvi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.