Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#22309] Jordegods på Nordmøre - Rånes i Kornstad

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Marit Jonsdatter var gift med presten Arne Evensen i Norddal på Sunnmøre, som døde 1634. Som enke ekta ho borgaren Johan Johansen fra Hansund i Borgund; dei budde på Rellingen i Dalsbygda, Norddal.28. januar 1669 steig Marit Jonsdatter fram på tinget for Dale skipreide, som blei halde på Langlo, Stranda. Ho opplyste då at ho var enke for andre gang, ''dog ingen børn haffde bekommet''. Derimot hadde ho både bror og søsterbarn. No var ho redd for at brorbarna ikkje ville unne søsterbarna hennar noke i arv, og ho sette derfor opp eit gavebrev til barna til ''hendis kiære nu salige søster Ingeborg Jonsd i Odden paa Nordmør och Bodil Jonsd i Søvigen i Grytten skibb.'Av skifta etter fleire av Bodil Jonsdatter i Søvik (i den tids Borgund) sine barn, ser vi at dei eigde jord i ein gard Raanes, må vere Rånes, på Nordmøre. 1647 var Rånes på 2 spann, av dette eigde brukaren sjølv 2 øyre, Marit Smørholm 1 øyre og Lars ''Oersett'' 1 spann; Lars byksla alt.Kan det vere Marit Jonsdatter på Sunnmøre som er kalt ''Marit Smørholmb''? Kven eigde i Rånes 1661?Litt ekstra opplysningar: Bodil Jonsdatter var gift inn i eit sivilt embets- og jordeigarmiljø i Borgund på Sunnmøre. Mannen hennar var Aage Jonson, sag- og jordeigar og ei tid lensmann i Gryta skipreide; svogeren var Oluf Jonson, som var stiftsskrivar på Sunnmøre - dvs det samme som Erik Audunson i Kvalvåg var på Nordmøre. Foreldra til Aage og Oluf var sunnmørsfuten Jon Pederson og den lågadelige kona hans, hustru Gunhild Olufsdatter.Det er vel ikkje utrulig at Bodil Jonsdatter og søstrene hennar stamma fra eit tilsvarande miljø på Nordmøre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Bjørn Jonson! Jordeboka for Nordmør 1661: Halffuor Raannæs, Thil Laurs Oerset 1 spd. Halsten ibm. eigesr selff 2 øre. Olle Løngstad 1 øre. 1 quern der under. Truleg er det ein feil i denne jordeboka her, det skal helst vera Lars (Erikson) Avset (Auffsedt) Son hans Lars vart gift på Rånes , og i odelsskattelistene frå før 1647 åtte dei to brukarane på Avset tilsaman 2 spd. odelsjord, utan at det er spesifisert kvar. Marit var enke etter Ole Olsen Smørholm. (Vevang)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja, rimeligvis er Marit Smørholm lik kona til Ole Olsen Helt, Marit Augustinusdatter. John Aarønes har eit godt stykke om Heltslekta her:Lenke Men korleis kjem Marit Jonsdatter på Rellingen inn mellom eigarane i Rånes - kan ho ha vore av Heltslekta eller av slekta til Marit Sveinsdatter, kona til gamle Oluf Helt, jf epitafiet i Kornstad kirke fra 1638.Kan ikkje Ingeborg Jonsdatter på Odden vere ein leietråd? Av manntallet 1663-64 går det fram at det då var to værmenn (vergemend) på Odden, Oluf Iversen, 58, med 'sønene' Knut Knutsen, 12, og Knut Mikkelsen, 2, og ein Anders, utan alder, med 'sønene' Svein Anderssen, 1, og Eilif Sveinsen, 8. Anders må ha vore gift med enka etter ein Svein.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg har no sjekka originalkildene (tingbøkene for Sunnmøre) og funne ut at søstrene Bodel i Søvik, Marit i Norddal og Ingeborg på Odden sitt farsnamn var Jens (ikkje Jon). Dermed blir spørsmålet kvar for storkar på Nordmøre av dette namnet som kan ha vore far deira - ein prest, kanskje?Vidare: Bodel Jensdatter i Søvik var gift med Oluf Jonson, stifsskrivaren, og ikkje broren Åge, som eg kom i skade for å skrive.Herr Arne Eivindson, førstemannen til Marit Jensdatter, kom som prest til Norddal 1610; han blei 'skicket fra Trondhiem i velbyrd: Steen Billes tid, og ham blev og som en residerende all præstel: rettighed tillagt...' (etter Hans Strøm si Annotationsbog). Det er vel rimelig at herr Arne var presteson - finst ein herr Eivind noken stad i Trondheim stift sist på 1500-tallet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

På leit etter folket på Reknes i Molde, fann eg at ein Hr. Arne i 1624 eigde dei same gårdpartane i Helgeland som seinare Hr. Anders til Thingvold eigde og etter ham Audun Aagesen på Reknes.Kona til Hr. Anders heitte vel Margrethe Jensdatter og ho vart enke rundt 1655.Hr. Arne Evensen i Norddal på Sylte var etter Norddal bygdebok gift med Maritte Jensdatter (kalt Maritte Jonsdatter i eit seinare ekteskap på Relling). Ho vert i ei fotnote knytt til Ingeborg på Odden og Boel i Søvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for opplysninga, John. Dette svingar det av. Når eg kjem heim fra Bergen skal eg følge opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det ser no ut til at herr Jens Pederson på Tingvoll i ekteskap med ei Marit/Margrete hadde tre døtre, nemlig Margrete Jensdt, gm herr Anders på Tingvoll, Marit Jensdt, gm herr Arne Evensen i Norddal, og Bodil Jensdt, gm stiftsskrivar Oluf Jonson i Søvik.Ingeborg på Odden og dei brørne som er nemnde 1669 må vere Marit Jensdt sine halvsøsken, og kanskje er det mest rimelig å gå ut fra at det ikkje var herr Jens, men kona som gifta seg på ny?Dumt spørsmål, kanskje, men er noke meir kjent om herr Jens Pederson enn at han var prest på Tingvoll?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Er det heilt visst at Ingeborg på Odden var ei Jensdatter. Kan det tenkjast at det var ei Olsdatter t.d.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Farsnamnet til Ingeborg på Odden er ikkje kjent, så ho kan for så vidt vere ei Olsdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Dette som kjem her er spekulasjonar, og eg håpar det ikkje avsporar debatten.Postmeister Jens Collin skriv om ei Ingeborg Olsdatter som ei mogleg søster av presten Iver Olsen Helt i Bud. Ho var gift med Michel Lauritzen. Collin antyder at hans etternamn var Falster eller Holst.Collin nemner også ei anna søster n.n. Olsdatter som var gift med ein Anders som han meiner har Stephensen - slekta på Molde som etterslekt.Eg forstår ikkje heilt kva grunnlag han har kome fram til desse konklusjonane. Men han viser til opplysningar i eit skifte 1688 13/3 efter æredydrige Matrone Margrethe Iversdatter sal. Johan Nielsen Enke. Sjølv har eg diverre ikkje tilgang til dette skiftet.Sjølv skriv Collin 'der er ingen støtte for at Ingeborg og NN Olsdatter er af Slægen - Helt', men peiker på at Michel Lauritsen hadde lånt så mange penger (200 Rd.) av Iver Olsen Helt at Iver nok skjønte at Michel neppe kunne betale tilbake.Grunnen til at eg kom til å tenke på dette notatet frå Collins hand, var jo at det på Odden fantes ein son etter ein Michel og ein Anders som gifta seg med ei enke der.Sjølv har eg ikkje nok kunnskap om desse folka til å ha noko meining om det, men har likevel ei sterk kjensle av at kronologien ikkje stemmer heilt.Er det nokon som veit kvar eg kan finne stoff om desse folka, og då spesielt om dei på Odden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg trur eg har funne forklaringa: Førstekona til herr Jens Pederson på Tingvoll kan ha vore den Marit Sveinsdatter som seinare var gift med Oluf Olsen Helt, dvs at ho er lik enka som 1638 skjenka eit epitafium over ektemannen, fem søner, fem døtre og eitt daudt barn.Herr Jens Pederson var var avløyst som sokneprest på Tingvoll 1608, og han var vel daud då. Oluf Olsen Helt ser ikkje ut til å ha vore prest, sjølv om både han og sønene var avbilda med ''prestekragar''. Sonen Iver Olsen Helt, prest i Bud, var fødd c1612, og sonen Ole Olsen Helt treng ikkje å ha vore fødd mykje før.Mora til herr Jens Pederson sine tre døtre (Bodil, Marit, Margrete) heitte ellers Marit. Med denne forklaringa går likninga i alle fall opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

I siste innlegget (11) er det noe jeg ikke forstår:Hvis denne Marit (Sveinsdatter?) var Jens Pedersens 'førstekone,' hvordan kunne hun da seinere bli gift med Oluf Olsen Helt? Ble Jens Pedersen skilt?Dessuten: Er denne Marit Sveinsdatter (?) samme Marit som var mor til Jens Pedersens tre døtre?Ellers: Ifølge Norsk Prestehistorie Lenke var Jens Pedersen sogneprest på Tingvoll til 1609 mens etterfølgeren Hans Pedersen tok over i 1608. Betyr det at Herr Jens var sjuk og ikke funksjonsdyktig siste året han levde? Hilsen Torgeir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det siste først: Eg trur eitt av talla er feil, helst 1609. Og ja, eg slurva då eg kalte Marit Sveinsdatter førstekona til herr Jens - det skulle bare ha stått kona. Meininga er at Marit Sveinsdatter som enke ekta Oluf Olsen Helt. Ho hadde 3 døtre med herr Jens. Om disse også er avbilda på epitafiet fra 1638, er ukjent.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.