Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per Ivar R. Tautra

[#22932] Døde i Bergen 1912-1972: Berent Martin Olsen og Karoline Pedersen

Recommended Posts

Gjest Per Ivar R. Tautra

Treng hjelp til å få verifisert eit par personar frå lista over døde i Bergen.1. Gullsmed Berent (Bernt) Martin Olsen f. 1832. I lista finn eg EIN Berent Martin Olsen: død 01.01.1929. Om dette er rett person, fekk han ein høg alder. Elles finn eg tre stk. Berent Olsen: døde hv. 01.09.1925, 07.10.1923 og 19.08.1917. Skulle gjerne visst kven av desse som er identisk med gullsmeden. Kona Marie Kristine f. Malling budde i Markeveien då ho døydde 05.07.1908.2. Karoline Pedersen (f. Akselsdtr Sanden 22.01.1843), enkje etter Moses Pedersen. Eg finn tre mogelege kandidatar i lista: død 20.09.1912, 27.05.1918 og 05.10.1918. Karoline skal (etter det som vert fortalt) ha døydd i 1918, så det er vel helst ei av dei to sistnemnde som er den rette. Moses døydde 03.06.1911.Venleg helsing Per Ivar Tautra

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Berent Martin Olsen, død 01.01.1929, var forhenverande gullsmed, 96 år gammal, og busett i Welhavensgt. 35a. Arvingane skifta privat. Det var døtrene Nilda Olsen, Olufine Nilsen og Erikka Wichne, og stedottera Georgine Frank Petersen.Karoline Pedersen, fødd i Lavik 22. januar 1844 (iflg. oppgåva), og enkje etter Moses Pedersen (fødd i Jølster 16. august 1849, død 3. juni 1911), døydde 20. september 1912.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Tusen hjarteleg takk, Yngve, for raskt og godt svar! Eg ser fødeåret til Karoline avvik med eitt år, men det er utan tvil rette personen likevel.Venleg helsing Per Ivar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.