Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#23001] Sjur og Kirstina Heggestad til Sande i Vestfold 1902 - til Amerika 1905


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sjur Nilsson Heggestad (1870-1961) og kona Kirstina Johannesdotter (1872-1955) flytte i 1902 frå Hafslo i Sogn til Sande i Vestfold der dei skal ha hatt to born:* Carl, fødd hausten 1902, døydde kort tid etter* Carl Johan, fødd 5.1.1904I 1905 utvandra heile huslyden til Chippewa Co., MN.Kan nokon fortelja meg:- Kva gard i Sande denne huslyden budde på mellom 1902 og 1905?- Fødsels- og dødsdato for den første sonen Carl?Eg vonar at einkvan med tilgang til kjelder frå Sande i Vestfold kan hjelpa meg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Dette var raskt servert! Hjarteleg takk Rune for å ha gjort meg merksam på denne databasen frå Sande. No står det berre att spørsmålet om sonen som døydde i ung alder. Kanskje han berre var heimedøypt?Og takk til deg, Laila. Eg har hatt kontakt med fleire huslyder Torvi i Amerika, men berre ein gifte seg med ei Tuff-jente, Jacob Torvi. Eg har bra med opplysningar om den huslyden, men manglar nokre detaljar om vigslene til borni Anna, Juel og Margaret. Du får senda meg det du har på loya@online.no! Takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.