Gå til innhold
Arkivverket

[#23229] Jetmund Eriksen Holmen (Stordalsholmen) - hans fødestad og foreldre


Gjest Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Gjest Erling O. Hagerup

Eg leitar etter foreldre og fødestad, fødselsdato m.m. til Jetmund Eriksen (5. tippoldefar), kremmar på Stordalsholmen (på garden Holmen) rundt 1700. I Stordalsoga, Band I, er det opplyst at ”så vidt vi veit kom han frå Bergen”. Dette stemmer ikkje med det som blei opplyst då han tok borgarskap i Bergen 11.05.1702. Det blei då opplyst (om eg skal tru Digitalarkivet) at han var fødd på ”Søndmøre”. (Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751).Bjørn Jonson Dale opplyser (”Gullsmeden i gamle dagar”) at Jetmund truleg kom frå Rise i Hjørundfjord. Dette stemmer betre med det opplyste om at han var frå Sunnmøre.I 1701-manntalet for Dale Skipreide, gard ”Stordalsholmen”, er det ikkje opplyst noko om kvar eller når ”Borger” ”Jetmund Stordalsholmen” var fødd. (Digitalarkivet: 1701-manntallet for Dale skipreide). Dette manntalet viser at det på Stordalsholmen også budde ein Hans Erichsen Riise, 24 år, dreng, ”av Jørgenfjord”. Dersom også Jetmund var frå Rise i Hjørundfjord, kunne det kanskje vere grunn til å spørje om desse kunne vere brør?I kyrkjeboka for Ørskog 1720-1773, s. 599 (år 1745), er det innført: ”Gravfæstet d: 5 Jan: E: Jetmund Erichsen Holmen 84 aar”. Eg meiner det ikkje kan vere særleg grunn til å tvile på at dette er ”min” Jetmund. (Namnet Holmen var brukt i kyrkjeboka både då kona døydde i 1728 og då døtrene trulova seg.) I kyrkjeboka er det elles ikkje direkte sagt noko om kvar han budde då han døydde, eller kvar han blei gravlagd. Eg er difor i tvil om eg kan slutte noko frå at namnet ”Holmen” er brukt – om dette kan tyde på at han framleis budde på Holmen/Stordalsholmen, og følgjeleg må ha blitt gravlagd i Stordal? (Svigersonen til Jetmund, Peder Larsen Viddal/Widdahl blei på eit tidspunkt eigar av Stordalsholmen (Ekstraskatten 1762 for Stranda prestegjeld: Sr. Peder Vigdal, Selv-Eijer.)Er det nokon der ute som har fleire opplysningar om opphavet til Jetmund Eriksen, og kvar han budde då han døydde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Eg vil tru at 'Holmen' i kyrkjeboka viser til garden Holmen=Stordalsholmen, og at Jetmund Erichsen dermed budde/døydde på Holmen=Stordalsholmen i 1745.I kjeldene blir det veksla mellom Holmen og Stordalsholmen. I ekstraskatten 1762 heiter staden 'Holmen', i folketeljinga 1801 'Stordalsholmen' og i folketeljinga 1825 'Holmen'. I dagleg tale nyttar ein og både 'Holmen' og 'Stordalsholmen', dvs. Hølminj/Stordalshølminj (nom./akkusativ) og Hølma/Stordalshølma (dativ). Eg kjenner ikkje til om det er bestemte 'reglar' for dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter prestemanntallet 1666 hadde Erik Einarson på Rise i Hjørundfjord (38 år gammal) sønene Einar Erikson (6 år gammal) og Jetmund Erikson (1.5 år gammal). Dette er einaste Jetmund Erikson i høvelig alder eg har funne på Sunnmøre i manntallet 1666.Hjørundfjordboka V, s 271, nemner Erik Einarson og Jetmund Erikson som søner av Erik Einarson, som brukte den seinare Lensmannsgarden på Rise 1651-81. Eg reknar med at lektor Lars Strømme, som er opphav til disse opplysningane, hadde godt belegg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Stor takk til Dale og Solli!Dette tyder på at Jetmund var 4 - 5 år yngre enn eg til no har gått ut frå (alderen 1 1/2 år må sjølvsagt vere langt meir påliteleg enn 84.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.