Gå til innhold
Arkivverket

[#23239] Meir om tema 23113: Henning Abelseth og Eva Christine Krog


Gjest Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Gjest Erling O. Hagerup

Magnar Kruse Bjørge, Familien Abelseth, skriv s. 13 at Henning CHRISTOPHERSEN Abelseth (f. 1778) eigde hus i Molde og var kjøpmann der, og 'visstnok ugift'. På s. 18 skriv han at Henning Martin HENNINGSEN Abelseth (1790 - ca 1840), son av Henning Martin Abelseth (1766-1798),handelsmann og gjestgjevar i Dyvvik, og kona Emte Nielsdatter Hagerup (1767-1802), (også) budde i Molde og var gift med 'Eva Christine Bloch', og at desse to hadde borna Johan Ulrik, Hans og Henning.Opplysningane framkomne i tema 23113 synest klårt å vise at Magnar Kruse Bjørge her har forveksla dei to Henning-ane.Mitt spørsmål er då om det er nokon som har fleire opplysningar om Henning Martin Henningsen Abelseth (f. 1790), og om det var slik at begge Henningane budde og døydde i Molde?I 1801 budde Henning M. Henningsen (f. 1790) saman med mor si, som då var enke, i Fyllingen hjå Christopher Henningsen og Emte Olsdatter Honningdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Magnar Kruse Bjørge skriv i Familien Abelseth (s. 18) at Henning Martin HENNINGSEN Abelseth og kona 'Eva Christine Bloch' hadde m.a. ein son Henning Henningsen, snikkar, døydde ugift i 1867 'som den siste av denne ætt derinne'. Folketeljinga 1865 for 1527 Ørskoug viser ein Henning Abelset, 75 år, ugift Snedkermester som budde på garden Gjærde. Dette er kanskje den same Henning som Bjørge seier er son av Henning M. HENNINGSEN? I så fall må han vere fødd same året som faren! (For stor prestasjon sjølv for ein sunnmøring?) Det korrekte er kanskje at denne Henning - som budde på Gjærde i 1865, er Henning Martin Henningsen (f. 1790), son av Henning Martin Henningsen (fødd 1766) og Emte Nielsdatter Hagerup (f. 1767)? Og at han ikkje har budd i Molde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Eg har også sett at Magnar Kruse Bjørge truleg har blanda saman desse to Henningane. Det kan jo vere ei forklaring at det har budd 2 ved namn Henning Abelseth på Molde, men eg har berre funne ein, og det må vere Henning Christophersen Abelseth. Det går fram av Føgjande:Romsdals Skifteprot. 2 p. 322 1803 5/4 Skiftesamling i afgl. Kjøbmand Peter Nicolay Møller og Hustru Maren Nagels Bo, hvor fremglagdes Skrivelse dat. 20/3 s.a. fra kjøbmand Hr. Henning Abelseth i Molde, hvori han tilbyder at ville betale til Boet 300 Rdlr. for den Gjeld hans Fader Christopher Abelseth er skyldig til det Møllerske Stervbo ..... At Henning Christophersen A. og Eva Christine Bloch hadde ein son ved namn Henning.Ein eller annan gong for ei god ri sidan har eg kome til denne samanhengen:HENNING MARTIN HENNINGSEN6 ABELSETH (HENNING CHRSITOPHERSEN5, CHRISTOPHER OLSEN4, OLE LAURITSEN3, LAURITS OLSEN2, OLUF JONSEN1) født 1766 i Haram, MR, død 1798 i Dyvvik i Borgund. Gift med EMTE NILSDATTER HAGERUP 1789, datter av NILS HAGERUP og CHARLOTTE ABELSETH. Hun var født 1767 på Giske, død 1802 i Tusvik.HENNING MARTIN HENNINGSEN ABELSETH: Handelsmann og gjestgiver på Dyvvik i Borgund fra 1789 (Sunnmøre tingbok 6/1 1789). Solgte stedet i 1797 til fogd Ole Alsing.Barn: i. HENNING MARTIN HENNINGSEN7 ABELSETH, f. 1790; d. 1867. Snekker ii. CHARLOTTE AAMALIE ABELSETH, f. 1792; d. 24. mai 1796. Døpt: 27. juni 1792Om det er rett kan eg ikkje garantere, for eg har først og framst vore interessert i kjøpmannen på Molde gift med Eva Christine Krog.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Jo, sammenhengen er slik: Soknepresten Henning Christophersen Abelset var far til Henning Martin Abelset (1766-98), kremmar i Djuvika, som var gift med Emte Elisabet Nilsdt Hagerup. Dei var foreldre til Henning Martin Abelset jr, som hadde sveinebrev som snekkar fra Bergen, og som 1817 bygsla ei tomt på Olsplass i Ålesund. Der budde han ei tid utetter; kva tid han flytta til Ørskog, er ikkje kjent.Henning Martin Abelset jr flytta vel til Tusvika 1802, då mora kom i ekteskap med kremmaren Jens Winje. Ho døde samme året. Nokre år seinare blei vel guten sendt til Bergen i lære. Seinast 1817 var han ferdiglært og slo seg ned i Ålesund som snekkar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

I innlegg 3 har det falt ut noko i ei setning, det skulle ha stått:At Henning Christophersen A. og Eva Christine Bloch hadde ein son ved namn Henning har eg ikkje funne nokon stad i kjeldene, og det ville jo vore utruleg om Henning og Eva fekk eit barn før dei vart tenåringar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Konklusjonen må vel bli: 1) Det finst ikkje opplysningar i kjende kjelder for at det har budd to Henning Abelseth i Molde, 2) Det er heller ikkje dekning for at Henning Christophersen Abelseth og Eva Christine Krog hadde ein son ved namn Henning, og 3) Dei to Henningane som M. K. Bjørge opplyser har budd i Molde, må vere (a) Henning Christophersen (kjøpmann i Molde) og (b) Henning Henningsen junior (snikkarmeister busett i Ålesund og Ørskog).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.