Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#23485] Forfedre til Jonas Sjurs. (Færøy) - Kvar kom dei frå?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Under fødde på [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/:>http://www.sffarkiv.no/sffbasar/:Namn År Foreldre Gard/bustadAnna Sjurd. 1840 Sjur Mons ?s., Brithe Erikd. Færøe(Fedøy)Edvard Sjurs. 1834 Sjur Monss., Brithe Erikd. BuskøeJonas Sjurs. 1831 Sjur Monss., Brithe Enoch ?d. Færøe(Fedøy)FT1865: Brite finn ein att her: LenkeSjur dø før FT1865, men kva tid? Fødd når? Foreldre?Då kan dette vere Brite: LenkeBrita Erikd. Meisterplass / Fødselsdato 17.2.1796Far Erik Anderss. / Far's bustad MeisterplassMor Brita Olsd.Deira gifte er då truleg dette som ein i sffarkiv.no:g. 2.6.1789: Erik Anderss., Hovland og Brita Olsd., HauståkreFamilien til Brite Eriksd. i FT1801:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bent Grotle

Dette er hva som står i Alf Steinsøys Solund Gards- og ættesoge til 1980 (side 575 og 576) om denne familien:'Sjur Monsen skal vera f. 1805 etter skreven dødsalder. Han og kona Brite Eriksdtr. var tenarar på Færøy det fyrste dei finst i kyrkjebok for Vilnes. Korkje gifte eller innflytting står i Askevoll eller Eivindvik kyrkjebøker... Det er truleg fyrste barnet deira dei har fyrst dei var på Færøy. So budde dei i Buskøy ei tid, men er komen att på Færøy før 1840 og vart der verande, for Sjur er død der, i 1865.'Bygdeboka lister opp de samme barna som du har.Mvh Bent Grotle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Mange takk til deg Bent for oppslag i Solund-boka.Brite Eriksdtr. og hennar foreldre som er trur kan være dei rette personane har eg vore inne på i eit anna innlegg her på Brukarforumt, sjå LenkeEr svært interessert i å finne ut meir om desse 'søstrene' som eg reknar med er dei rette og som kom frå Sogndal til Solund.Og kvar kom så Sjur Monsen frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

I mitt kartotek har eg følgjande: Sjur Monsson Herland, f. 1805, g. 15. mai 1831 m. Brite Eriksdtr. Hovland, f.1800. Far Sjur Monsson og Erik Andersson.Dessverre har eg ikkje notert kvar eg har opplysningane frå, men det kan vera Askvoll kyrkjebok. Sjur Monsson døydde på Færøy 8. april 1865 og er kalla husmann.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Alf,Takk for opplysningane. Då er det mykje som kan tyde på at vi kan dra anene til Jonas Sjursen på Færøy tilbake til Herland/Askvoll, Hatlem/Hyllestad og (mest truleg) vidare til Arnafjord/Vik. I bygdeboka for Hyllestad (u. Ytre Hatlem) står det at Sjur Monsson der har ukjent opphav (gjeld nok også første kona, som er mora til Mons Sjursson Herland, f. 1772, d. 1810).Sjur Monsson (f. ?, d. ?) og Inger Guttormsdtr. (f. ?, d. 1782) på Ytre Hatlem:Søk på FS IGI gir vigselsdato 1.10.1765 ([url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=500223843167&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke) (første dottera er f. 1765, ref. bygdebok for Hyllestad, så dette kan stemme bra) i Arnafjord/Vik. Andre giftet hans er i 1782 (med Anne hansdtr. Hatlem (f. 1753, d. 1833).Ved søk på sffarkiv.no sine databasar finn vi også dette giftet (dato stemmer med FS IGI):Siur Monss., Åse og Ingeri Guttormd., Åse (begge frå Vik) Vidare søk på Sjur og Inger gir følgande:***************Sjur, f. 1738 (Lenke / Lenke)Sffarkiv.no: Siur Monss. Åse, f. 26.5.1738***************Inger, f. 1730 (Lenke)Sffarkiv.no: Ingeri Gutormd. Sjøtun, 30.4.1730 (Merknad: Hovsvik)***************Ved søk på

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Dette vart svært interessant. Sjur Monsson som kom til Hatlem frå Åse i Arnafjorden er då bror til Bothild Monsdtr. som vart gift med Rognald Ellingson Nese og kom frå Arnafjorden til Leirpollen i Hyllestad og er av mine forfedrar. Større er ikkje verda!Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×