Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anita Tufte

[#23857] Johan Bertin Larsen frå Seim sokn i Alværsund - kor blei han av?

Recommended Posts

Gjest Anita Tufte

Min bestefar, Osvald Wathne, var son av Johan Bertin Larsen fødd 1874 og Kari Hemmingsdtr. fødd 1868. Johan Bertin var fødd i Seim sokn i Alværsund, og voks opp på garden Vatne. Kan nokon fortelje meg meir om mine oldeforeldre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Er det same Osvald Wathne som er nemnd nederst på s. 12 i dette dokumentet? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Flesland

Nils Hjelmtveit, Bygdebok for Alenfit II, s 194: 'Johan Bertin f. 1875, g. 1896 m. Kari Hemingsdtr. f. 1868 .... Dei budde i Bergen, der Johan arbeidde i Bergens Telefonkompani. 8 born, dei 3 første fødde på Vatne, der Johan då er nemnd 'løsarbeider': 1. Ludvig f. 1896. Murar, busett i Oslo og gift, 2. Johan f.d. 1897, 3. Borghild f. 1898, 4. Konrad, d. 1952 i Bergen. Gift. 5. Håkon, 6. Oskar, 7. Osvald, 8. Frida. Dei siste fire er også busett i Bergen.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Og dette må vera far til Johan Bertin og familien i 1865. Vatne var den gang i Hosanger. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anita Tufte

Takk for god hjelp. Eg har no funne ut at mine oldeforeldre budde i Bergen. Er det nokon som veit korleis eg skal finne fram til kor i Bergen dei budde og kor dei blei gravlagt? Har prøvd å søke, men får ikkje 'napp'...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anita Tufte

Gisle - du spør om min bestefar er same Osvald som nemnt på side 12 i ei lenke du viser til. Når deg prøver å få opp denne, vert det berre noko kryptisk skrift som eg ikkje får lest. Dersom det har noko med sjøfart under krigen å gjera, så er det nok han. Veit du korleis eg skal få lest det som står der?Helsing Anita

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×