Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#24064] Michael Syvertsen (1862-1898?) på Follum fabrikker, Hønefoss og huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Michael Syvertsen, fødd i Hafslo i Sogn 30.6.1862, flytte i ung alder til Norderhov (Ringerike) der han 27.12.1884 gifte seg med Olava Olsdotter frå Skaugstad i Haug, Norderhov, fødd i Norderhov 13.11.1864. Michael var sliperiarbeidar på Follum fabrikker på Hønefoss og budde på Evensbråten under Veien.Men Michael døydde i 1898 eller 1899, og Olava gifte seg att i 1899 eller 1900 med Johan Johnsen frå Smella under Veholt i Norderhov, f. i Norderhov 16.4.1853. Johan var tømmerhoggar og brytningskar, og han og Olava budde i 1900 på Fredensborg under Veien i Norderhov. Den seinare lagnaden til dette paret er ukjend.Michael og Olava fekk åtte born i lag:* Brita Pauline Michaelsen, fødd i Norderhov 19.8.1885, nemnd 1900 hjå mor si* Ole Michaelsen, fødd i Norderhov 5.9.1888, nemnd 1900 som fosterson hjå farbroren Kristoffer Moe i Lier* Syver Michaelsen, fødd i Norderhov 24.8.1890, nemnd 1900 hjå mor si* Martin Michaelsen, fødd i Norderhov 8.1.1892, nemnd 1900 hjå mor si* Anna Dorothea Michaelsen, fødd i Norderhov 10.8.1893, nemnd 1900 hjå mor si* Oskar Michaelsen, fødd i Norderhov 10.3.1895, nemnd 1900 hjå mor si* Otto Michaelsen, fødd i Norderhov 11.10.1896, ikkje nemnd 1900, død ung?* Martha Michaelsen, fødd i Norderhov 18.6.1898, ikkje nemnd 1900, død ung?Eg er interessert i fleire opplysningar om lagnaden til Michael Syvertsen og kona Olava, og vonar òg at nokre av borni kan sporast opp...?På førehand hjerteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tormod Thoresen

Hei.Jeg kjenner ikke til denne fra Hafslo, men jeg antar at du muligens snart vil spørre etter Anders Pedersen , Moe fra Hafslo. Han kom også til Ringerike. Han giftet seg med en pige Marie i min familie , - dog kjempelangt ute i, 2.4.1893. Hans far het Peder Jensen og bodde i 1865 på plassen Motræ i Hafslo i 1865.Tormod

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×