Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest John H. Aarønes

[#24295] Oluff Gumollfs(en) og drakampen om Horsgård i Veøy 1584

Recommended Posts

Guest John H. Aarønes

I eit Diplom dat. 7. april 1584 om Horsgaard i Wedøe præstegjeld står Oluff Gumollfs(en) nevnt saman med alle sine brødre og medarvinger som hadde den rette og sanne odel 'som er Haaskaar liggendis y Wedøø Gield y S: Peders Kircke Sogen'. Det gjelder ein tvist med fogden Hans Jens(en).Underskriverne på dokumentet var: Her Peder Andersen paa Agerø, Her Suend Hansen Y Buud, Jens Nielss(en) Giellesten, Knud Oluff(sen) paa Røssager, Hans Rasmuss(en) Paa Haarem Lensmand oc Fiærl Oluff y Sandøe.Har nokon kjennskap til kven denne Oluff Gumollfs(en) er?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Bjørn Jonson Dale

Flott med ''nye'' dokument. Kan du vere snill å legge ut dokumentet på heimesida di, og så legge inn ei lenke til det her?Oluf heitte nok Gunnulfson.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest John H. Aarønes

Du har nok rett Bjørn. Veit du noko meir om Oluf Gunnulfson? Eg har prøvd å tyde dokumentet. Du finn mi amatørtyding på lenka underLenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Bjørn Jonson Dale

Namnet Gunnulf var svært sjeldsynt. I skattelistene for tiandpengeskatten 1520-22 har eg bare funne fire på Vestlandet, éin i Jåtun skipreide, éin i Nordfjord men ''heile'' to i Romsdal: den utfattige (pauperrimus) Gunnulf på Nes (Åndalsnes) i Nes åtting og den rikare Gunnulf på Gjerset i Rødven åtting. Gunnulf skatta 1 lodd sølv og 1/2 mk av lausøyre og 3 lodd sølv av jordegods; jordegodset hans kan ha vore på 3 våger fisk eller 1.5 spann smør. Det er ikkje urimelig at Olaf Gunnulfson 1584 var son av Gjersetmannen 1520.(Landskylda av Ytre Horsgård 1647 var 1.5 våger fisk.)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Kjell Ove Hattrem

Nytt i en annen sammenheng er jo at dette dokumentet bekrefter at (fogd) Jens Nilsson var på Gjellstein allerede i april 1584.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest John H. Aarønes

I NST nr. 1 s. 147ff står ein artikkel om Rignæs-ætten i Krødsherad v/S. H. Finne-Grønn.Her møter viGudulf på Veikaaker i eit diplom fra 17/10 1325.Helga Gunnulfsdatter g.m. Eystein Jonssøn n. 17/6 1424Gudulf Gunnulfssøn nevnt 9/11 1443, 10/3 1470, død kort etter 1483. Barn: Anders GudulfssønAnders døde før 18/12 1512 og haqdde barna: Gudbjørg, Torstein og GudulfGudulf Anderssøn d. ca. 1541. Gift med Gurid Narvesdatter og hadde barna: Erik, Engebret, Oluf, Anders og Gurid.Oluf Gudulfssøn trolig gift 2 ganger. død ca. 1619.Kan det vere noko samband med desse personane og Horsgård/Gjerset i 1584?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.