Gå til innhold
Arkivverket
Gjest aanund olsnes

[#24398] Olav Larsson frå Rollag (?). f ca 1721

Recommended Posts

Gjest aanund olsnes

Eg har ei kjensle av å ha skrive eit innlegg eller to om denne karen fyrr, men finn ikkje att den gamle tråden, så det må vel ha vore på eit anna forum(?).I alle fall har eg ein Olav Larsson (Ole Larsen), som budde i Bykle frå ca 1760 og til han døydde i 1805. Ved dødsfallet blir alder oppgjeve til 84 år, noko som skulle tilseia at han var fødd ca 1721.Om opphavet hans veit eg ikkje anna enn at det vart fortalt i Bykle at han var frå Numedal.Ein numedøl som hamna i Bykle har rimelegvis vore frå langt oppe i dalen, ein flatbygding ville snautt ha kome på å flytje til denne desiderte fjellbygda.Så langt tenkt søkjer eg på 'OLe larsen', frå Buskerud, f ca 1721, på IGI, og får opp ei lita handfull med 'male christenings' som kunne passe i alder. Desse personane var fødde i Rollag:Ole, son åt Lars Olsson Tveiten, f 10.4.1716Ole, son åt Lars Asbjørnson,f 28.1.1719Ole, son åt Lars Vedhuus, f 28.2.1722Ole, son åt Lars Gravningsgård. f 25.3.1722 Nåja, sjølvsagt er det mogeleg å operere med vidare marginar enn +/- 10 år, slik eg gjorde i dette søket. Oppgjeven alder ved dødsfall er ofte på slump. Men dei 4 nemnde er dei eg har funne.Er det nokon som kan slå opp på Tveiten Gravningsgård og Vedhus i Bygdeboka frå Rollag for meg, og sjå om nokon av dei nemnde Larsane kan vera ein rimeleg kandidat ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Dette er vel den du lette etter. Søke på ditt eget navn om du vil finne noe du har lagt inn før. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd K. Stuvstad

Bygdeboka for Rollag har Ole Larson Tveiten f.1716 d.1795 (kan vel utelukkes som en kandidat)Bygdeboka for Uvdal har Ole Larson (sønn av Lars Asbjørnson) dpt. 7.1.1719. Dåpsdato stemmer ikke helt med dine opplyninger fra IGI, men det er vel snakk om samme person. Ingen videre opplysninger om sjebnen til denne Ole Larson i bygdeboka.Vedhus og Gravningsgård ligger i Nore sogn. Har ikke bygdebokene for Nore tilgjengelig for øyeblikket. Kan derfor ikke få sjekket disse nå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest aanund olsnes

Til Berit Knudsen:Eg kan berre raudne meir eller mindre kledeleg, og takke for at du sette rotet mitt på plass!Til Odd K. Stuvstad:Takk for opplysningane!.Denne karen frå Uvdal er altså framleis ein mogeleg kandidat, skjønnar eg.Når det gjeld dei to frå Nore, lyt eg få einkvan med dei bygdebøkene innan armlengdes avstand til å slå opp for meg.Rimelegvis vil det i alle høve vera vanskeleg å få til ein positiv identifikasjon av ein person med eit så vanleg namn som dette, men det er jo lov å prøve!mvhAanund

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.