Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per-Ståle Moltu

[#24770] Ola Knutson i Dragesund, Herøy - fødd 1656 i Liadal eller Dimnasund?

Recommended Posts

Gjest Per-Ståle Moltu

Ola Knutson i Dragesund, Herøy, var fødd 1656 og død før 1732. I Herøysoga er det nemnt at han kom frå Liadal i Ørsta. Ørstasoga (”Ørstingar 1”) seier det same, men Ulsteinsoga seier at han kom frå Dimnasund i Ulstein kommune. Ola Knutson vart gift med enkja på garden i Dragesund, Maren Gunnarsdotter Eiksund. Han vart seinare gift med Marte Toresdotter, kanskje frå Sætre på Vartdal. Med Marte fekk han 8 born – tre av desse vart busette nettopp i Dimna i Ulstein. Ola, som var lagrettemann og kyrkjeverje, var eigar av to bruk på Liadal på til saman 6 mellag. Kva er rett? Kom Ola Knutson frå Liadal eller Dimnasund?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det står mykje rart under Dragesund i Herøysoga, men ikkje at Ola Knutson - autentisk fra Liadal - var gift med Maren Gundersdatter (som slett ikkje var fra Eiksund). 1699 eigde Ola Knutson over 9 mællag i Liadal. Som du ser i Ørstingar I, tar eg ikkje atterhald når det gjeld opphavet til Ola Knutson, og dette tyder at det finst prov for at han var son av Knut R. At nokre av barna hans hamna i Dimna, tyder ikkje noke som helst.Helst burde heile kapitlet om Dragesund skrivast på ny (og mykje av Ulsteinsoga med), men forfattarane er ikkje i live lenger, og dermed blir vel rotet ståande som sanning.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ståle Moltu

Takk for svar! Kva som står i Herøysoga er avhengig av kva utgåve ein har. For Dragsund 1 er det stor skilnad på kva som står i 2.opplag samanlikna med det som står i 1.oppl. I 2.oppl (1981) av 'Gardar og folk 2' står det slik under Dragsund 1 - sitat: 1642-16.. Ola Olson 1616 g Maren Gunnarsd. Eiksund. Barn: Knut f. føre 1666, nemnd som brukar av ein part av garden 1683. Ola (?), g. i Haddal. 1689-1715 Ola Knutson Liadal, Ørsta, 1656, d føre 1732 g1 enkje Maren Gunnarsd. (sjå ovafor), g2 Marte Torsd. Vartdal. Kvar kom så Maren Gundersd. frå? Herøy sogelag er no i gong med å planlegge ny Herøysoge - truleg vert det ei påbygging av den gamle, men sjølvsagt med rettingar m.m.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det jo synd når rettingane blir galare enn det som sto først...Maren Gundersdt var søster til storborgaren og jordeigaren Jens Gundersen i Kjeldsund. Herøysoga vil ha det til at Jens var son av Gunnar Gudbrandson i Eiksund; dette bygg på rein gjetning (kombinasjon av ''rette'' namn og det at Jens seinare eigde m.a Eiksund). Foreldra til Jens Gundersen var borgaren Gunder Torbjørnson i Hallehamn og kona Ingrid Olsdt. Jens Gundersen, som tok borgarskap i Bergen 1634, hadde brørne Torbjørn Gundersen, borgarskap 1638, og Gunder Gundersen. Gunder heldt fram med handelen i Hallehamn til langt ut i 1650-åra, trulig på vegner av broren Jens. Utanom Maren i Dragsund hadde Jens Gundersen også søstra Brite, gm Jørgen Simonson på Sundnes (son av lensmannen Simon Sjurson på Leikong).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.