Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#24823] Foreldre til Ole Ingebrigtson Erager, Lærdal, S&F (f. ca. 1795/1802, d. 1873)

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Askvoll Bygdebok, Værøy:79. Ole Ingebrigtson Erager, Lærdal, innfl. Han d. 1873, 71 år, t.md. husm. g. 1835 Mari Pedersdtr. Værøy (66c), f. 1808, d. 1879. Dei fekk 6 born frå 1833 – 1852.Ved FT1865: LenkeOle skal ifølge denne vere f. ca. 1795, men eg finn ingen Ole Ingebrigtson (heller ingen Ingebrigt) der ved FT1801.Er det nokon som kan hjelpe med å lokalisere hans opphav?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ein mistanke om at eg veit kven dette er, men det kan eg fyrst svare sikkert på når eg kjem heim. Om eg ikkje hugsar feil, er dette halvbroren til min tippoldemor, fødd utafor ekteskap kring 1802.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

No er eg heime og har funne løysinga:Ole Ingebrigtsen er fødd 1511 1802 ue som son av: Ukonfirmert dreng Ingebrigt Pedersen Eggum (16 år i 1801) og Guroe Olsdotter (f. på Borlaug i Borgund/Lærdal 2307 1783, død på Alvora i Kinn 2709 1856 der dottera var gift).Eg har notert at Ole i 1835 flutte til Værøy, seinare Atløy i Askvoll. Han døydde på Molvær (elle var det Melvær?) 1873.Ingebrigt Pedersen veit eg ingenting om - ut over det eg har nemnd her.Guroe Olsdotter, derimot, veit eg litt meire om. Ho var dotter av Ola Nilsen (f. oml. 1757 i Hemsedal og død 1830 på Vettei i Borgund/Lærdal - fekk ein stein i hovudet) og Anna Gullaksdotter Hegg. Ola meiner eg å fa funne ein gong i Hemsedalsboka, men eg kan ikkje dokumentera at det er rette guten. Anna G. (1756-1809) var dotter av Gullak Olsen Hegg (1718-1788) og Marita Gunderdtr. (f. 1720).Guroe Olsdotter vart i august 1817 gift med Ole Tollevsen (IKKJE frå Hestetun i Årdal - truleg austfrå) som då tente på Sæl i Erdalen/Lærdal. I desember 1817 fekk dei dottera Anna.Ole og Guroe budde på Sjøbakken v/Erdal til Ole drukna i 1830 saman med sonen på ein av gardane i Erdalen - omlag samstundes som verfaren døydde på Vettei.I 1838 flutte dottera, Anna Olsdtr. til Alvora i Kinn kor ho 1840 vart gift med Jan Bendiksen. I 1841 kom mora etter, men ho flutta litt fram og attende, ser det ut til, men døydde på Alvora i 1856.Ei dotter av Jan og Anna var oldemora mi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk for mykje informasjon Bjørn,Et par tilleggsspørsmål:1) Jan Bendiksen: Er han son til Bendic Ols. og Barbara Larsdtr. på Alvora?2) Ingebrigt Pedersen Eggum; Er det han vi finn her (på Trove, Lærdal: [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&ptype=list&db=dbft1801&sql=low%5Fgard%3D%27trove%27&orderby=+low%5Fprestegj%2C+low%5Fgard%2C+id>Lenke). Ved FT1801 finnes det ein Peer Torsen på Eggum, Leganger (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, Jan B. er son til dei du nemnde. Bendik O. var frå Strandenes, f. ue då bonde på det eine bruket sette barn på dottera på nabobruket. Far hans klarte å bli far tre gonger på tre år med tre forskjellige.Barbro Larsdotter var oppvaksen i Gjervik på Atløy. Men foreldra, Lars Iversson og Cesilie Hansdtr., var frå Ytre Holmedal; faren frå Ytre Bjerga, mora frå Nautsund i Guddal. Dei busette seg i Gjervik. Der døydde Cesilie i barsel saman med yngste dottera i 1791. Dei tre andre jentene vart då sende til slekta. Kor faren vart av, veit eg enno ikkje. Har ikkje funne han død - og i bygdeboka står det berre at dei må vera flutt. Heller ikkje militærarkivet gjev noko svar. Der vert det berre slutt på opplysningane.Elles har eg under arbeid ei slektssoge eller kva eg skal kalle det, om folket på Alvora.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Når det gjeld Ingebrigt Pedersen, er det nok han du finn på Trove. Men han Per på Eggum i Leikanger er neppe faren. Der er nemleg Eggum oppe i Borgund, og det var nok der tarven tente då han vart far. Det er ikkje særleg langt frå Hegg, Borlaug og Eråker, som er gardsnamn i denne soga. Så vi lyt nok leite etter opphavet i Lærdal ein eller annan stad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Dersom dette er rette Ingebrigt Pederson så kom han frå husmannsplassen Sprakehaugen under Eggum og som vart eige bruk omtrent 1833.For å sitere Lærdal BB:Han var son av ein Peder Toreson (1745-1804) og Mari Jakobsd. Vettei Eggum (1754-1801) Ingebrigt var eldste ungen av fem, han var fødd 1786 og døydde 1804, same året som faren. Elles så står det at han Ingebrigt fekk eit barn med Guro Olsd., Ole Ingebrigtson fødd 1802, til Værøy 1835.I familieoppstillingen til foreldra hennar Guro, der er ho ikkje nemnt med dette barnet, men at ho blei gift med han Ole Tollefson Sæl.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk til Bjørn og Terje god tilbakemelding!Eg ser eg skreiv Eggum, Leganger i innlegget over, dette var sjølvsagt feil, om ein blar vidare til side 3 kjem ein til personen eg sikta til og som høyrer til Eggum, Leirdahl.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

At mora til Ole I. var same Guro Olsdtr. som vart gift med Ole T. Sæl, har eg fått opplyst frå dei som lagar bygdeboka for Lærdal. Kvifor han ikkje er teken med i nemnde familieoversyn, veit eg ikkje. Men eg skal sjå nærare på faddarane når eg kjem meg på SAB om ei vekes tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.