Gå til innhold
Arkivverket

[#25184] Halvor Ånundsson Vå, Rauland, Bykle. Vinje, Felland Mo


Gjest Aanund Olsnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Eg har ein Halvor Ånundsson Vå, som budde på Hovden i Bykle i åra 1827 til 1835. Han er atskilleg omtala av Rikard Berge, så slik sett har eg meir enn nok om han. Derimot vantar eg informasjon om borna hans, både kva (nokre av dei) heitte og kvar det vart av dei (fleste av dei). Halvor var fødd på Vå Setberg i Rauland som son åt Ånund Sigvaldsson Vå og kona Gunvor Olavsdtr., fødd Edland. Ei oversikt av det eg elles har av data om han og borna tek seg ut som fylgjer; Hallvard Ånundsson Vå, f 1785, d 1856g 1.1812 Kjersti Jacobsdtr. Langeli, b 1774, d 13.12.1826born:Ånund, f 1813, d.1873, busett Nordstog Felland, Mo, g 1860 m. Else Olavsdtr. Felland, cf Mo bygdebok, I,485 fGunvor, f 1817Jacob, f 1820Ingebjørg, f 1822g 2.1834 m Åsne Hallvardsdtr. Vinjeruikjent barn:Tjodvor, f 19.11.1834 Etter Berge skal det ha vore 'ikkje so faae' born i det andre ekteskapet, men eg kjenner ikkje namna på fleire enn den nemnde dottera.Kjersti Jacobsdtr. var frå eit bruk under Midjås i Mo som heitte Evre Langeli. Faren heitte Jacob Tarjeisson og var frå Midjås, medan mora heitte Ingebjørg Andersdotter, og var fødd Reini.Kjersti døydde på Hovden, medan dottera Ingebjørg var fødd i Rauland, og dermed kan flytjinga til Hovden plasserast til tidbolken mellom 1822 og 1826.I 1827 kaupte Halvor garden Hovden av Olav Jonsson (Kråmviki) etter å ha leigd halve eigedomen hjå han eit par års tid.I 1932 gifte han seg andre venda med Åsne Hallvardsdotter Kjetjusland. I 1835 selde han Hovden og flutte til Vinje att. I fylgje Berge budde familien då ei tid frametter på Kjetjusland hjå far hennes, som heitte Halvor Asbørnsson. Men Halvor Vå åtte også eit bruk i Haugåsmo, som han bytte til seg mot halve Hovden hausten 1834, og ettersom eldstesonen vart skriven med etternamn Haugåsmo då han gifte seg til Felland, kan faren ha budd der seinare.Er det nokon som har kjennskap til desse folka, og kan fortelje meg noko om dei som eg ikkje veit ?mvhAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Paa Family Search Lenke ved foreldre sök, finner du fire til fra dette ekteskapet ser det ut for :Kjersti döpt 19/2/1832Gunlaug döpt 8/7/1838Gunvor döpt 12/4/1841Jorand födt 1/1/1844Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Muigheter er der : JORAND HALVORSDRMarriages: Spouse: OLE JOHNSEN Family Marriage: 17 FEB 1859 Valle, Aust-Agder,Det er en annen paa Bygland, litt langt unna kanskje.Det er mye aa finne paa FS, selv om du maa sjekke det siden.mvh kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det ser ut for at det förste ektaskapet hadde en datter til: Ingeborgdöpt paa Rauland 25 FEB 1827 Telemark, Norwaymvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Aslak Bekhus

Halvor Ånundson Vå er døypt 01.01.1785, så han er nok fødd i 1784. han døde 05.04.1856 på Kjekhusland. Han er gift 1.gong 10.07.1812 med Kjersti Jakobsdtr, ho er fødd i 1783 iflg. bygdebok for Mo.Barn:Ånund f.27.09.1813 i Vå. Mo I s.485Jakob f.04.04.1816 på Bratsberg i Vå, d.28.07.1816Gunvor f.16.08.1817 på Bratsberg i Vå, d.1903 på Straumstøyl. Gift 1846 med Knut Såvison Straumstøyl 1796-1867. Fleire barn.Jakob f.08.03.1820 i Haugeviki, d.1871 på Straumstøyl. Ugift. I ft.1865 er han hos systera Ingebjørg og er kalla vanfør.Eg finn ingen Ingebjørg f.1822 i Rauland eller Vinje. Feil alder ?Ingebjørg f.12.11.1826 på Hovden, stadfesta heimedåp 25.02.1827 i Rauland. Gift 1861 med Olav Torson Heie 1827-Halvor er gift 2.gong 20.07.1830 med Åsne Halvorsdtr Kjekhusland f.1807, død 15.02.1860 på Kjekhusland.Barn:Kjersti f.23.12.1831 på Hovden, stadfesta heimedåp 19.02.1832 i Vinje, død 1853 på Kjekhusland. Ugift.Tjodvor f.19.11.1834 'i Sætersdal' iflg. konfirmasjon 1854. Ho reiste til Amerika i 1860.Gunlaug f.02.02.1838 på Haugåsmo, stadfesta heimedåp 08.07.1838 i Vinje. Gift 1867 med Knut Tjøstovson Gunvaldjord 1843-. Dei reiste til Amerika i 1867.Gunvor f.02.02.1841 på Kjekhusland, stadfesta heimedåp 12.04.1841 i Vinje. Skriven for utflutt til Amerika i 1860 saman med systera Tjodvor. Skriven utflutt 2.gong 1867 til Mo. Sjå Mo I s.491.Joronn f.01.01.1844 på Kjekhusland. Ho reiste til Amerika i 1869.Svigerfar hans, Halvor Asbjørnson Kjekhusland døde i 1839, og det ser ut som Halvor Ånundson då flyt dit og blir verande der. Eigarar og brukarar på dei to Haugåsmogardane er ei ikkje heilt enkel sak, som eg pr. idag ikkje har full oversikt over.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Tusen takk, Aslak !Dette fyller ut det holete biletet mitt framifrå, og eg tenkjer ymse ættesamlarar i USA også vil vita å setje pris på opplysningane.helsingAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.