Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Gisle Hersvik

[#25239] S&F: Gjertrud Andersdtr. frå Luster og Peder Sjurson frå Aurland – deira opphav?

Recommended Posts

Guest Gisle Hersvik

Nesøen, Solund, S&F:Peder Sjurson Veum, f. i Aurland 1822 vart g. 1847 m. Synnøve Pedersdtr. Steinsund, f. 1812. Dei fekk 2 born saman, men Peder fekk også ei jente, f. 1861 ([url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbdoypte&page=1&sql=low%5Ffar%5Fforenamn+like+%27p%25%27++AND+low%5Ffar%5Fetternamn+like+%27s%25%27++AND+low%5Fmor%5Fforenamn+like+%27g%25%27++AND+low%5Fmor%5Fetternamn+like+%27a%25%27+++ORDER+BY+forenamn%2C+etternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0>Lenke) m. Gjertrud Andersdtr., f. i Lyster (tjenestejente i Kråkås).== Kvar i Lyster/Luster kom Gjertrud frå, og kven var hennar foreldre? Det er lite opplysningar å hente i Solund Bygdebok.Peder Sjurson m.fam. i 1865: Lenke== Kan dette vere Peder Sjurson?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Anders J. Moen

Peder Sjurson har også et barn med Gjertrud Petrine Oline Olsdtr. Dyrdal f. 1835: Sjur Pederson Tokvam født. 1855. Kan det være samme Gjertrud?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Er det same Peder Sjursen det er snakk om?Reknar med at dette er den Sjur Peders. du tenker på: Lenke (nemnd som ekte born, men på den tida var 'min' Peder allereie gift). Ifølge Solund Bygdebok d. Synnøve i 1899 og Peder i 1906.Det er nemnd at borna til Peder var:a. Andreas, f. 1855 (neste brukaren)b. Anne, f. 1859.c. Anne Marie, f. 1861 (mor: Gjertrud Andersdtr.)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Pål W. Martinussen

Det er feil i boka ang. Peder Sjursons barn. Årsaken er nok Ft.1865 hvor Anne (Marie) feilaktig er ført som f. 1859, MEN med merknad HANS DATTER. Jeg har nemlig leita etter denne Anne, f. 1859 da det ble hevdet at hun var min kones oldemor. Da alle brikkene falt på plass, viste det seg at det var Anne Marie, f. 1861 som var den rette og at Anne f. 1859 ikke eksisterte. Har ikke data tilgjengelig her, men har mange forfedre til Peder Sjurson, via Aurland og til Hallingdal. Har også hvem Gjertrud sansynligvis var datter av.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Hei Pål,Takk for oppklaringa. Eg stussa litt på dette eg også...Har du meir opplysningar om desse folka set eg pris på det!M.v.h. Gisle

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Gjertrud Andersdotter er høgst sannsynleg identisk med ei Gjertrud Andersdotter som var fødd på plassen Stubbøy under garden Øyene i Luster 7.8.1933 som dotter av husmann Anders Halvorson og kona Martha Iversdotter. Denne Gjertrud tente i Solund i yngre år, men flytte attende til Luster i 1863 då ho fekk ei dotter her som hadde Søren Olson frå Kråkås i Solund som far. Gjertrud utvandra til Amerika i 1884 og døydde i Viroqua, WI 26.6.1922. Ho var ugift.Eg syner elles til Gards- og Ættesoga for Luster, band I (1984).Eg er forresten interessert i fleire opplysningar om Søren Olson Kråkås; kanskje du, Gisle, kan hjelpa meg?På førehand takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Takk for opplysningar Lars.Eg har Solund-bøkene så eg skal sjå kva som står der. Poster det seinere i kveld!M.v.h. Gisle

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Pål W. Martinussen

Hei Gisle. Kan jeg på mail-adr. din så skal du få alt jeg har så langt. Er også interessert i hvordan du er tilknyttet denne slekta?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Til Lars:Kråkås, Solund, nr. 14:Ola Olson Stokkevåg var 25 då han kom hertil. Gift m. 15 år eldre Rakel Pedersdtr. Ingen born. Rakel d. 1819, 70 år. Ola g. igjen i 1824 m. 21 år gamle Brithe Johannesdtr. Stølen.a. Rakel, f. 1826, g. 1852 m. uk. Mikkjel Jakobson Steinsundb. Johannes, f. 1829, g. 1853 m. gj. Elen Katrine Thomasdtr. Tveranger, 32 år.c. Oline, f. 27/12 1830, g. 1866 m. uk. Hans Sørensen Pollen.d. SØREN, f. 1835, g. 1854 (skal vel vere 1864) m. Andrea Knutsdtr. Eilund, bst. Engevik.Ola d. 1838, vel 74 år gml.Brithe trulova seg m. dreng Sjur Knutson Kråkenes, 32 år. Han kom vekk på sjøen 1839.i) Sjur, f. 1840, g. 1865 m. enke Sigrid Hansdtr. Leirvåg.=Vidare står det: 1856, barnedåp, Ola Johan, foreldre: Søren Olson og gj. Brithe Jakobsdtr. Kråkevåg. Ola Johan Sørensen budde på Hop (Hopsneset).=Så denne Søren hadde nokre born spreidd rundt omkring…….===Engevik, Solund, nr. 18:Søren Olson g. 1864 m. gj. Andrea Knutsdtr. Eilund u. Dumba. 3 born:a. Anne Bergitte, f. 1866, g. 1890 m. uk. Hans Johannesson Pollen.b. Knut, f. 1868, til Fana 1887, d. 1891 i England, sjømann.c. Ole Johannes, f. 1870. Til Amerika 1892.Andrea d. 1872 (barselseng). Søren g. 1879 m. Brithe Ysteinsdtr. Ei dotter:d. Ølla Lovise Andrea, f. 1880Året etter d. Søren, berre 46 år gml. Skiftet slutta i 1886.===Om du treng meir info (det står litt meir tekst i Solund-boka) så berre gi beskjed.Til Pål:Eg er nok ikkje direkte tilknytta denne slekta (i alle fall ikkje så langt eg kjenner pr. i dag), men grunnen til at eg ”spør og graver” etter opplysningar om innflytta til Solund kommune (dagens kommunegrenser) er for å ”komplettere” og rette opp dei opplysningane som står i Solund-bøkene. Kanskje dette ein gong kan ende opp med ein revisjon av Solund-bøkene (litt dugnad kanskje?!)Uansett er eg interessert i dei opplysningar du måtte ha om dette folket (gjerne ”langt” tilbake i tid også)! M.v.h. Gisle HersvikE-post: ghersvik@frisurf.no

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Gisle, for gode opplysningar om Søren Olson frå Kråkås. Her er meir enn eg treng for mitt behov!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Alf Strand

Mi avskrift frå Kyrkjebok for Eivindvik prestegjeld viser at Anne Marie Pedersdtr. Nesøy vart fødd 12. januar 1861, at ho var fødd utanfor ekteskap og at mora var Gjertrud Andersdtr. frå Luster. Anne Marie må ha vakse opp hos faren. Ho vart gift 1/10 1886 m. enkemann Jonas Fredrikson Humledal. Dei budde i Humledal og fekk minst 7 born. Men noko dotter Anne f. 1859 som Peder Sjurson skulle vera far til, finst ikkje i kyrkjebøkene, så der har nok den gode bygdebokskrivar Alf Steinsøy teke feil. Alf Strand

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Pål W. Martinussen

Jeg har bare 5 barn i ekteskapet mellom Jonas og Anne Marie. Det er Petrine Sofie, Jakobine Johanne, Fredrikke Serine, Ingeborg Alette og Peter. Hvem er de andre to? Anne Marie døde 11/5 1952 i Evanger. Hun ble gift på nytt med Helge Knutsen Gjeilen.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.