Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#25243] S&F: Opphav til Jens Larsson frå Hafslo til Solund.

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Hardbakke, Solund, S&F:Husmann Jens Larsson, f. 1842 Hafslo var g. m. Barbra Olsdtr., f. 1840/45 (Hardbakke). Dei flytte 1885 til Indrevær. Jens dø i 1900.Jens i 1865: LenkeBarbra i 1900: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Om det stemmer så er vel dette giftet til foreldra i 1835: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at du har funne foreldri til Jens Larsson. Eg ser av dødsregisteret for Solund at Jens døydde på Indrevær 25.11.1892, men eg lurer på om du, Gisle, kan hjelpa meg med dødsdatoen til kona Barbro Olsdotter i 1923?Eg er ogso interessert i dødsdatoane til borni Martinus, Ludvig Johan (med kone), Johan Severin, Oline Marfgrethe (med mann), Johan (med kone) og Ole (med kone), so om du kan hjelpa meg der, ville det vore kjempebra!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - loya@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk Kjellaug,Har då spurd SAB om skifteopplysningar; Lenke.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Det ser ut til at skifteopplysningane stemmer med 'vår' Barbra, enke og 6 myndige barn.Men så var det fødselsdatoen daå.... MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Gisle,Dette er ein annan huslyd som eg saknar opplysningar om for bygdeboki for Luster bznd XI, Solvorn i Hafslo). Eg tek ikkje her med dei to yngste borni som utvandra til Amerika (og som eg har ein del opplysningar om, dersom dette er av interesse for deg...?), men her er den delen av huslyden som budde i Noreg:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Jens Larsson {Sjøthun}, f. {Hafslo} 22.1.1842, flytte i 1858 til Solund der han 31.12.1864 gifte seg med Barbro Olsdotter frå Hardbakke i Solund, f. i Solund 28.5.1847. Jens og Barbro var først plassfolk under Hardbakke i Solund, men flytte kring 1884 til ein plass under Indrevær i Solund der Jens livnærte seg som fiskar. Jens d. på Indrevær 25.11.1892, medan Barbro d. som enkje same staden 16.3.1923. Dei fekk ti born i lag:a. Martinus Jensson Hardbakke, f. i Solund 18.1.1865, d. i Solund 4.4.1865.b. Anna Marie, kjend som Marie Jensdotter Hardbakke, f. i Solund 7.12.1869, d. i Bergen 23.5.1935. Marie flytte i 1884 til Bergen der ho 21.7.1902 gifte seg med Jacob Olai Jacobson Absalonsen, f. i Bergen 21.9.1866. Han d. i Bergen 15.10.1930. Jacob var skomakar, og han og Marie budde i Solheimsviken, Årstad i Bergen. Dei fekk seks born i lag.c. Ludvig Johan Jensson Hardbakke, kjend som Ludvig Harbak, f. i Solund 14.1.1873, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Svolvær!?)Ludvig flytte i ung alder til Ankenes i Ofoten der han 11.7.1900 gifte seg med Jenny Franciska Larssen, f. i Vågan 8.5.1879.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – tydeleg i Svolvær!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – minst ein son og ei dotter!)d. Johan Severin Jensson Hardbakke, f. i Solund 6.7.1875, d. i Solund 1.10.1877.e. Oline Margrethe, kjend som Line Jensdotter Indrevær, f. i Solund 19.1.1878, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – på Laksevåg?)1969. Oline flytte i 1902 til Bergen og gifte seg i Årstad, Bergen 22.11.1902 med enkjemannen Jacob Bertin Magneson Oen frå Oen i Herdla, f. i Herdla 28.11.1878. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - på Laksevåg?)1958. Jacob Oen var verftsarbeidar, og han og Line budde på Laksevåg. Dei fekk seks born i lag, men Jacob hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt.¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born??)f. Johan Jensson Indrevær, f. i Solund 19.10.1880, miste livet ved eit ulukkeshende ved Kvalvik i Solund¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans?)1923. Han gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)1909 med Hansine Pedersdotter Hetlevik frå Hetlevik på Askøy, f. på Askøy 7.7.1890. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – på Hetlevik, Askøy!?)24.6.1961. Johan var fiskar, og han og Hansine budde på Indrevær i Solund, men Hansine flytte som enkje attende til Hetlevik på Askøy der ho sidan livnærte seg som sildefabrikkarbeidar. Dei fekk fire born i lag.g. Ole Jensson Indrevær, f. i Solund 16.5.1883, d. i Larvik¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans? – gravlagd 8.8.1972 på Undersbo kyrkjegard i Larvik)1972. Ole gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)med Kristine Nilsdotter Kjæregaard, f. på Herdla 1.9.1882 og d. på Indrevær 26.11.1962. Ole Indrevær var fiskar, og han og Kristine budde på Indrevær i Solund. Dei fekk fem born i lag.h. Jørgine Bergitte Jensdotter, f. i Solund 11.4.1885, d. i Solund 1.11.1885.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kan du supplera med noko, ville eg vera svært so takksam for det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Mange takk for opplysningar Lars,Eg skal sjå kva eg evt. kan supplere med når eg får litt betre tid.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg held nett no på med manuskriptet for Sjøtun i Hafslo, der denne ætti har utspringet sitt, og eg undrer på om du Gisle er komen fram til svar på nokre fleire av spørsmåli mine (jmf. innlegg #8).Eg takkar so mykje på førehand for kvar minste detalj..Med venleg helsing og God Påske!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei!Du har vel gløymt to av borna;i. Jøregn BertinKildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Husøy i Solund, Ministerialbok nr. C 1 (1881-1896), Fødte og døpte 1887-1888, side 11.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6930&idx_id=6930&uid=ny&idx_side=-10>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 1j. JohanneKildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Husøy i Solund, Ministerialbok nr. C 1 (1881-1896), Fødte og døpte 1889, side 13.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×