Gå til innhold
Arkivverket

[#25334] Lars Pedersen, matros i Bergen, gift 1783 med Metta Marie Bremer - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Pedersen, matros og enkjemann, gifte seg i Domkyrkja i Bergen 21.5.1783 med Metta Marie Jensdotter Bremer, fødd i Hafslo i Sogn kring 1742. Lars og Metta budde i 11. rode nr. 255 i Bergen, og der finn me Metta i 1801 som enkje. Dei var barnlause.Lars Pedersen hadde vore gift før, truleg to gonger, for den føregåande kona hans var Borni Andersdotter (ved dødsfallet kalla Pedersdotter), som vart gravlagd frå Domkyrkja 16.5.1782, 64 år gamal. Ogso dei budde i 11. rode nr. 255. Lars og Borni gifte seg i Domkyrkja 5.11.1755, og ogso då vert Lars omtalt som matros og enkjemann, men om han er identisk med den matros og ungkar Lars Pedersen som gifte seg i Domkyrkja 23.5.1753 med Karen Thomasdotter, det kan ikkje eg seia noko sikkert om!Eg kan ikkje sjå at Lars Pedersen fekk born med nokon av dei første konene sine heller, men om eg ikkje hugsar feil, so manglar ein del av fødselsregisteret frå Domkyrkja i 1750- og 1760-åri(?).Uansett, kva eg er særleg interessert i å finna ut, er følgjande:* Døds- eller eventuelt gravferdsdato for Lars Pedersen? Eg finn fleire ''mogelege'' i Domkyrkja, men ingen eg kan seia sikkert er den rette.* Døds- eller eventuelt gravferdsdato for Metta Marie Bremer (Pedersen)? Det næraste eg kjem er ei Metta Persdotter ''Af Søefarendes Fattighuus'' som vart gravlagd i Bergen 20.1.1809, 67 år gamal. Kan det vera ho?Eg er sjølvsagt ogso interessert i opphavet til Lars Pedersen og opplysningar om dei første konene hans, om noko slikt kan finst!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.