Gå til innhold
Arkivverket

[#25386] Inga Knutsd f. 1863 på Åsebø, Hamre; gift på Davanger, Askøy i 1888


Gjest Signe Marie Solheim
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Eg finn ikkje at Gunnar og Inga fekk born.Ho vart oppattgift til Follesø LenkePeder Martin Nilsen var gift med Synnøve Thomasdtr. Dei fekk ialt 6 born. Ein av dei må ha døydd som spebarn, for han er kalla oppatt neste gong. Dessutan døydde den sjette, i 1894, nokre dagar gamal - samstundes med mora. Eg går difor ut frå at Inga kom til Follesø og tok seg av ein barneflokk på kan hende fire steborn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Signe Marie Solheim

Ja, det var så enkelt. Eg trudde først det, men så begynte eg å rote, fordi det ikkje stod noko om at dei var enke(mann). Og så var det ei Ingborg Knudsdatter i Meland som var fødd i 1863. Og så var det ei Ingeborg Knutsdatter fødd 1860 i Alversund som vart gift på Davanger, og som eg finn att i 1900.Og det gjer eg jo med Inga også. Finn ho på Follese. Det er berre fødselsåret som ikkje stemmer heilt. Det er nok rett likevel. Takk for at du fekk meg tilbake på sporet, Bjørn!Helsing Signe Marie

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Signe Marie Solheim

Akk. Eg klarer ikkje å komme til bunns i dette. Håper du orker å hjelpe meg en gang til, Bjørn. Eg finn ikkje Inga død. Og registeret her går jo fram til 1958, då er ho nesten 100 år.. Men ho KAN jo ha levd lenger. Det er berre det at eg finn ikkje Peder død heller. Dvs. eg finn ein fiskehandler Peder Nilsen Smedhaug (1856 - 1931). Det kan jo vere han. I så fall vart han visst gift for 3. gang med ei Tora Torsdatter, fødd i 1890? Eller er det ei svigerdatter? Eg rotar visst fælt no, men eg vil gjerne ha Inga ført heilt til grava, og det klarer eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ingeborg Knudsdotter er det ikkje som vert gift til Follesø i 1895, for ho får eit barn på Davanger med mannen Ole Bertin Gundersen i 1897. Så det er nok rette jenta. Eg har ikkje tid no i kveld/natt til å sjå etter henne død, men denne fiskehandlaren kan godt vera Peder Martin Nilsen. Men han er ikkje gift i Askøy med ei Tora Torsdotter før 1912 - i alle høve har ikkje eg funne det ekteskapet.Elles skal eg sjå meire på det når eg får tid, for no er det både jobb og presidentval utover natta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.