Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25510] Henrik Olson Brendingsdal i Bergen, fødd 1797 - kvar var han eigentleg ifrå?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Henrik Olson Brendingsdal, 21 år og 6 månader gamal, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 9.5.1819 med enkja Margretha Knutsdotter, 40 år, opphavleg frå Lomheim i Hafslo og døypt der 9.5.1779.Men kven var Henrik Olson? Namnet Brendingsdal høyrer heime i Bø sokn i den delen av Hyllestad som opphavleg var ein del av Gulen. Alderen seier oss at han skal vera fødd hausten 1797, men på Brendingsdal i Hyllestad finst ikkje nokon slik person i 1801!Hjå FamilySearch finn me ein Henrik døypt i Gulen 29.9.1797 som son av Ole Henrikson og Sophia Rasmusdotter, og dessutan finn me ein Henrik Olson døypt i Gulen 28.5.1798 som son av Ole Andersson og Orloug Halvorsdotter.Aldersmessig høver den første so absolutt best av desse, men denne huslyden finn me att i 1801 som busette på Nordgulen i Gulen. Hin Henrik Olson finn eg ikkje i det heile, men ved FT1801 finn eg mori som gift tenar på Heggebø i Hyllestad, utan mann og born! Heggebø syner seg å vera ein av nabogardane til Brendingsdal!Er det nokon som har oversikt over desse ættene i og kring Brendingsdal i Hyllestad og som kan hjelpa meg vidare? Kanskje det er den siste Henrik Olson som er den rette?Eg er forrsten ogso på jakt eter opplysningar om lagnaden til Henrik Olson. Kona Margretha døydde i Bergen 13.5.1820, og sidan ser me ikkje noko meir til Henrik, om han då ikkje er identisk med ein Henrik Olsen, som døydde på sjukehuset i Bergen 12.6.1837, 38 år!?Eg takkar so mykje for all hjelp eg kan få i høve denne huslyden og vonar på svar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg kan leggja til at Ole Andersson og Orloug Halvorsdotter ogso er nemnde hjå FamilySearch med to andre born, i tillegg til Henrik frå 1798:* Orloug Olsdotter, døypt i Gulen 21.10.1803* Pernille Olsdotter, f. i Fjaler 14.12.1814So, det kan sjå ut til at denne huslyden er flytt til Fjaler...Nok ein gong hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg finn ingen Henrik Olson omtalt under Brensdalen i Hyllestad Bygdebok (Bind 2).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er framleis på leiting etter opphavet til denne Henrik Olson Brendingsdal eller Brensdal som i ung alder flytte til Bergen. Eg har òg studert bygdeboki for Hyllestad, men har ikkje funne spor etter nokon slik person!Eg er framleis interessert i alle tips som kan leia til oppklaring av denne ''gåta''!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Henrik døypt i Gulen 29.9.1797, som son av Ole Henrikson Nordgulen og Sophia Rasmusdotter Nappen, vart g. I i 1827 og g. II i 1861, d. 12.8.1888 Nordgulen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Ekteparet Ole Anderson / Orlaug Halvorsdtr har ikke fått store omtalen i bygdebøkene i Ytre Sogn. I bygdeboka for Gulen er han så vidt nevnt under ein plass i Svardalen i bind II s. 375 der man sier at han bodde i Svardal i 1792. Foreldrene hans er Anders Olson Midttakle (1720-) og Ingeborg Olsdtr. Svardal gift 24.10.1752.Ektefellen Orlaug er født i Buvika i Hyllestad. Bygdeboken for Hyllestad sier hun er født i 1763, ble gift 1797 med Ole Johs. Svardal og bosatt Bergen. Foreldrene hennes er Halvor Jakobson (Buvika) (1726-) og Johanna Tidemannsdtr. Buvika (1735-) gift 1754.Trolig kom aldri dette ekteparet til Bergen, for det er svært sannsynlig Ole som dør her [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=guledo79&gardpostnr=2430&merk=2430#ovre>Lenke. Alderen passer svært godt (døpt 29.9.1754) og ingen andre kjente personer i Brensdalen med dette navnet. Enka har så trolig etter en tid flyttet til Bergen, og kanskje er det hun som gifter seg her Lenke. Dette kan være hun og ektefellen i 1815

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Flott Terje! Dette ser ut til å stemme og Henrik O. sitt opphav er funne.Det er altså ein liten feil i Hyllestad-boka. Her vert Ole A. og Orloug H. gifte: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje og Gisle for nye flotte innlegg. Det kan ikkje vera mykje tvil om at de har funne den rette Henrik Olson og foreldri hans. Det ser ut til at Ole og Orlaug i 1801 er oppskrivne som tenarar på Heggebø. Dei er utan born, men Henrik er ifølgje FamilySearch døypt i Gulen 28.5.1798!Eg reknar med me kan seia at Ole Andersson og Orlaug Halvorsdotter etter kvart vart husmannsfolk på ''ein plass'' under Brensdalen(?), og med dette er problemet løyst!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×