Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mona Falch

[#25766] Ungkar fra Sjøholt eller Herøy?

Recommended Posts

Gjest Mona Falch

leiter etter Martin (Martinus) Olson som fikk ei uækte datter med Laurentze Olsdtr fra Synnylven. Datra ANNE var født i 1816 i Ulstein/Herøy. Martin Olson var født ca 1780-97. og han kalte seg for Sjøholt i 1816 og i 1841 for Moltu. eg finn ikke ut meir om han og er det vanskligere å finne ungkarer? håper noen kan vere behjelplig litt på vei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Dette var litt knapt. Ola-er og Martin(us)-ar fanst det overalt. Er desse opplysningane frå kyrkjeboka då Anne vart døypt og gift? Kvar var det? Kva med konfirmasjon? Er fødestad Ulstein eller Herøy? (Kan ikkje vere begge - men ho kan vere fødd i det eine og døypt i det andre). Står det om det er prestegjeld eller sokn? (både U og H er/var hovudsokn i kvar sine prg. med same namn) Var ho fødd i Herøy, bør ho stå i kyrkjeboka der (eg har mikrokort, men lesaren treng litt stell før han verkar....). Kyrkjeboka for Ulstein brann i 1832.Har du leita i folketeljingane 1801 og 1865?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Den omtala Laurentze Olsdtr (Moltu) er ei av mine tippoldremødre på morsida. Ho skal ha vore frå eller ha vorte oppvaksen på Stadheim v/Hellesylt eller fjellgarden Furneset i Sunnylven. Det er også ålment kjent mellom etterkomarane at Laurentze utanom sonen Sivert - min oldefar - også hadde dottera Anne utanom ekteskap (Eller at Laurentze hade vore gift før?) Men kven faren til Anne var eller at han nokonsinne budde på Moltu, har eg ikkje høyrt noko om. Vidare etter familietradisjonen kom Laurentze og mannen Bernt frå Sunnylven og vart paktarar på prestegarden i Dimnasund, Ulstein. Seinare hjelpte presten dei til å kjøpe eit bruk på Moltu i Herøy, heiter det seg. Etterkomarene sit framleis på Moltu, Br nr 1. Og Anne vart også gift på Moltu, Br nr 6. Men kven denne 'presten' var, veit eg ikkje. Viser elles til Herøyboka, Gardar og Folk III, under Moltu.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Om Martinus/Martin - far til Anne - også skal ha butt på Moltu, finn eg det meir enn merkjeleg at det har gått forfattaren av Herøyboka, Bjarne Rabben, 'hus forbi'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Dette var litt meir. Ut frå Herøyboka (bd.3 s. 176, Moltu bnr.6) vil eg tru at Anne er gift (1842) i Herøy eller Ulstein, og at fødestaden (ulstein) står anten ved vigselen eller ved gravferda (1897) (eller begge), og skal stå i teljingane i 1865 (prg.) og 1876 (sokn). Ho må vere konfirmert ein gong mellom 1830 og 1836. Dersom det ikkje er i Ulstein 1832 eller før, må det late seg gjere å finne innførsla -- med farsnamnet. (Filmlesaren min har ikkje fått stellet sitt -- Mona må kanskje gå på biblioteket i Ålesund; trur dei har mikrofilmen).Eg legg merke til at Bjarne Rabben skriv at Anne og Sivert (Moltu bnr.1, s.164) 'skulle vere' halvsysken. Eg tolkar det slik at han har høyrt det, men utan å finne noko dokumentert. Her høyrer det med (som Harald sikkert veit), at Bjarne Rabben voks opp på Moltu, og at fosterforeldra hans slo seg ned der i 1870, 19 og 27 år før Sivert og Anne gjekk bort.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Ja, eg reknar med at Bj. Rabben var kjend med tradisjonen eg referer til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er det som gjer meg litt uviss her. I andre samanhengar ser eg at det skal mindre til før han skriv 'var'. Han hadde gode føresetnader for å vite dette sikkert (m.a. frå barna til Anne, som levde på Moltu til 1930- og 40-åra), men har likevel atterhaldet som ligg i 'skulle vere'. Det vart kanskje ikkje snakka så mykje om denne slektskapen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Laurentse Olsdatter vart fødd i 1793 på garden Lundanes Lenke i Sunnylven der foreldra Ole Larsen f. Gomsdal og Guri Raasmusdatter f. Stadheim var plassefolk. I 1809 er Ole Larsen nemnd som husmann på Reitebakken på Stadheim. 'Tienestepigen' Laurentse Olsdatter vart i 1821 gift med Bernt Sivertsen Seljeflot.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Innlegg 8: Takk til Tor Myklebust! Det har alltid vore sagt om Laurentze at ho var frå 'Stadheim eller Furneset'. Lundaneset er gått i gløymeboka, men Stadheim er no i alle høve bekrefta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

Hei alle svarere! Eg har leitet i alle herøybøken og kirkerullene der, leita ågså i Ørskog da han kalte seg sjøholt i 1816, uten resultat, fin 2 stk Martin Olson i 1801-tellingen, han eine bodde hos sine foreldre men han har eg funnet og kan ikke vert far til ANNE, han andre var tenestekar i sykkylven, men fin ikke meir ut om han, lurer på om det kunne dreid seg om samme kar siden dei var født på samme år. men det er vel snakk om ein kar som har reist ein del rundt som tenestekar på gardene, og tok vel gardsnavna etter hvert, men han kalte seg i 1842 i giftemålet til datra ''Moltu''.men finn ikke noe der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Nøyaktig kva for innførsler er det du har funne i kyrkjeboka?Du har tydelegvis funne vigsel (1842). I Herøy sokn? Har du dåpsinnførsla for Anne (1816)? Kva sokn/prg.? Konfirmasjon? Død?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

Hei Ivar, Eg har fått brev om dette fra Statsarkivet i Trondheim for noen år siden,der dei har funne Anne samt at ho var Martindtr og ikke Martinusdtr som det sto i Herøybøkene,Statsarkivet fant ut at var ho var døpt i ulstein og gift i 1842. men har ikke kjikket på komfirmasjon eller dødliste. men ho ble komfirmert på Moltu i Herøy og som ho døde. men akkurat tidspunkt har eg ikke i hode. men kan finne det fram hvis inresse,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Mja.... det er vel du som har interesser her. Eg har mikrofilmane frå Herøy fram til 1878. Då skal eg kunne finne vigsel og konfirmasjon, men ikkje død (1897 ifl. Herøyboka). Det er berre spørsmål om når eg får tid å fikse filmlesaren - til helga kanskje (lovar ingenting). Men som sagt, er dåp i Ulstein før 1832 tapt for alltid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

Ja eg er sikkert alene om denne delen av familien. fint hvis du kan tenke deg å kjikke i filmene, men det er ingen hast eg har holdt på lenge med dette og han er ein av noen som eg sitter igjen med, slik at eg kan fokusere på dette sjenerelt. eg har ein unkar i Ørlandet som er like vanskli og født på samme tid,men finn det vel ut til slutt og kan vel ikke forvente at mann skal vere like heldi å finne alle,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

No vart det lys i lesaren: Kb. Herøy, vigde 1842, nr. 4, 26.juni: Ungk Carl Henrik Pedersen og Pigen Mortensdatter; Bg. føde- og opphaldstad: Moltu; Br. fødestad: Moltu; alder bg.: 27, br.: 24; Bg.far: Peder Moltu; Br.far: Martin Moltu; forl.: Gdbr. ..?.. Wiig, Handelsmand Gerhard Wiig;[Det er litt vanskeleg å skilje mellom a og o i handskrifta; eg er temmeleg sikker på Martin under 'far' og nesten like sikker på Mortensd. - men dette er altså frå mikrofilmkort. Det gjer ingen skilnad Martin, Morten, Martinus kunne vere brukte om kvarandre.] Eg trur elles ikkje det er rett å seie at 'han kalla seg'. Martin kunne ha vore langt unna, og uansett skreiv presten det han sjølv syntest var best og ut frå det han visste (og ikkje visste).Gerhard Wiig var frå Moltu, og vart etter kvart stor handelsmann øya Flåvær utanfor Moltu. Men dette var berre året etter at han starta handelsstaden (1841), så han var neppe nokon 'storkar'. Den andre forlovaren (namnet litt vanskeleg å tolke), kan ha vore broren Johan, på Moltu bnr.8 Myra. Altså to grannar til brudeparet. kb. Herøy, Konfirmasjon, 1833 (27.okt), jente nr.13: Anne Martinsdt. Moltu; Ungkarl Martin Olsen Søeholdt af Ørskoug og Pige Laurentse Stadem af Nordalens Prgjd.; 'Alder efter Dag og Datum, udviist ved Døbe-Attest': 24 Decbr 1818; Kundskab og Opførsel: ('Ligesaa' - dvs.) God Kundskab og Sædelig i sin Adfærd; 'Naar og af hvem vaccineret': 15. Januar 1820, Rasmus Rasmussen.Vaksinatøren Rasmus Rasmusson kan vere eit spor. Dei andre konfirmantane er vaksinerte noko seinare, og eg ser ingen andre som han har vaksinert. Han er heller ikkje nemnd som vaksinatør for nokon av konfirmantane i Ulstein på same tida (1833-34). Sjøholt ( idag) er sentrum i Ørskog. Garden Sjøholt er grannegard til Ørskog (prestegarden med kyrkja); på kvar si side av elva.Eg ville leita etter Martin på Sjøholt (og Sjøholstrand). Der er eit par Ole i 1801, men (så langt eg ser ingen Martin Olsson). Born som er på vitjing, lengre opphald eller i teneste andre stadar (slektningar), kan vere oppførte der dei er. Kanskje gardssoga for Ørskog kan hjelpe?I Ft 1865 er Anne 49 år og f. i Ulstein prg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

ja det ble litt lys her ågså, skal kjikke etter Ørskog bøkene enda ein gang og se om eg kan finne noe morten der, blant annet se over dei andre opplysningene eg har fått. har ihvertfall skaffet meg noe lesestoff noen kvelder,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

AHA, eg har ikke tenkt på det, da det står senere navnet Ulstein etter Anne, men det kunne ho fått etter ho bodde i Ulstein da hennes mor bodde der med sin nye mann, og at dei flyttet til Moltu senere, men siden kirkebøkene i Ulstein ikke eksisterer i dag har eg tatt det som ein selfølge, Takker takker, skal se på mikrofilmen fra Norddal, selv om den er ikke så leslig syns eg, så det skal eg gjere, skal si ifra om eg finn dette slik at all deres hjelp har verdt nyttig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor M yklebust

Eg har sett i kyrkjeboka for Norddal og funne Anne. Oppgitt fødselsdato er 29 nov 1818 og dåpsdatoen er 29 des. Foreldre er Martinus Olsen Skotte og Laurendse Olsdatt Stadem. Faddarar: Knud Aachernes, Sølvfest Verpesdahl, Anna Aachernes og Guraa Stadem.Martinus var altså frå garden Skotet i Stordal Lenke.Martinus var fødd i 1797 på Skotet. Begge foreldra var frå Geiranger. Ole Knudsen frå Maråk og Anne Pedersdtr frå Flydal. Dei flytta til Skotet like etter at dei vart gifte i 1786 men flytta tilbake til Geiranger, truleg i 1804. Skots-Ola, som dei kalla han vart husmann på Maråk og bygdevektar.Martinus Olsen vart gift i 1830 med Inger Sjursdtr frå Blomberg i Geiranger. Ved dette høvet er han kalla Maråk. Dei vart plassefolk på garden Smogeli i Norddal og fekk i 1831 sonen Siver Andreas. Den 19. januar 1832 kollsigla ein båt på Norddalsfjorden. Martinus og broren Knud omkom saman med Else Knudsdtr, kona til ein tredje bror Peder, og hennar 2 år gamle son Ole Andreas.Litt om fadderane: Knud Aachernes var gift med Anna Aachernes. Ho var frå Flydal og søskenbarn til Martinus. Guraa Stadem kan ha vore mor til Laurentse eller Guraa Dagfinnsdtr Stadem f. 1800. Ho var søskenbarn til Laurentse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Fantastisk kva forskarane på Digitalarkivet finn ut av! Helsing Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Først: I vigsel-innførsla i kb. (jf. 15) stend naturlegvis også førenamnet: Anne. Og dåpsdatoen i konfirmasjonsinnførsla kan lesast både som 29 og 24.Elles er dette tydelegvis litt på etterskot, men likevel: Eg såg litt Sivert Berntson Moltu, som 'skulle vere' halvbror til Anne. Han er g. 15 Juli 1855 (nr. 2) i Herøy sokn, 31 år, og f. Dimmesund (Dimnasund i Ulstein) ifl. vigsel-innførsla. Han er konfirmert 1838 (nr.2) i Herøy sokn, f. 15.mars og dp. 20.apr. 1824, vaksinert 29.sept. 1828 av Hans Søvdsnes - alt ifl. konfirmasjons-innførsla. Hans Søvdsnes har vaksinert fleire av Herøy-konfirmantane på den tida.Korkje Sivert (1824) eller Anne (1818) er innførte med dåp i Herøy. Herøyboka gjev ikkje årstalet då Laurentse og Bernt gifte seg - det tyder på at dei ikkje står i kb. for Herøy. Det er sagt at Bernt bygsla Moltumyr eit år før han kom til Moltu bnr.1 i 1829 (altså 1827 eller -28), og at han då vart kalla Dimnasund. Det siste må vere frå bygselkontrakten for Moltudal.Presten i Dimnasund hadde paktar-familie buande iallfall i 1801. Kallet stod ledig frå 1822 til 1826. I bygdeboka for Ulstein (bd.4 s.394) er det sagt at Bernt Sivertson Seljeflot (far til Sivert ovanfor) var der i 1824 (ifl. Johan Haddal, 1869-1948, tradisjonssamlar i Ulstein) og at han rimelegvis dreiv garden nokre år på den tida.I tilgangslistene (innflyttar-) i kb. Herøy er Bernt og Laurentse ikkje nemnde.Ifl. Ft 1865 var Sivert f. i Herøy - men det stemmer tydelegvis ikkje. Det gjer at vi ikkje treng tru altfor fast på Ft når ho seier Anne var f. i Ulstein. For å underbyggje at Anne på Moltu er den same som Anne i Norddal, ville eg sett på konfirmantlistene i Norddal kring 1833 - om det var fleire som var vaksinerte av ein Rasmus Rasmusson kring 1820. Dersom det er slik, må Anne og mora ha budd der inne i 1820.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mona Falch

Å jøye meg hvor flinke dere er, eg blir nesten helt rørt eg,og for flere som er slekt med Anne og som vil leite etter henne den delen av familien, det er jo stor mulighet at Laurentze bodde i Nordalen der ho traff sin ektemann som var fra samme sted før dei dro videre til Ulstein/herøy. eg syns eg er vert veldig heldig med svara og løsningen på dette, da dere har fått dette fra faste sikre kilder og ikke mange gjetninger, og skal se videre på dette likevel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Eg har sett på konfirmantlistene for Sunnylven kring 1830 og funne at ein Rasmus Trondstadøen har vaksinert borna der rundt 1820. I følge bygdeboka heitte han Rasmus Rasmusson. Det skulle tyde på at Laurentse budde i Sunnylven med dottera Anne på den tida. Vi har sagt at Anne vart døypt i Norddal. Sunnylven og Geiranger høyrde den tida til Norddal prestegjeld og slik denne kyrkjeboka er ført går det ikkje fram i kva kyrkje handlinga skjedde. Anne kan altså like gjerne vere døypt i Sunnylvskyrkja eller i Geirangerkyrkja.Bernt Siverson Seljeflot og Laurentse Olsdotter Stadheim vart vigde 23 juni 1821. Dei hadde ingen born døypte i Sunnylven. Vi har avgangslister for Norddal frå 1823 og utover, men eg har ikkje funne dei der. Det skulle tyde på at dei har reist ut hausten 1821 eller i 1822. Ved søk på Familysearch finn eg ingen Sivert Berntson fødd i 1824 i MR. Det kan vel tyde på at han er døypt i Ulstein og at opplysningane er gått tapt i brannen. At Sivert er fødd først i 1824 kan kanskje tyde på at dei har hatt eit barn tidlegare?? fødd i 1822??Bernt Siverson hadde ein halvbror Lars Siverson Seljeflot som døydde 12. mars 1822. Skifte 12. okt. 1822. Enkje og barn arvar. Men vi skal ikkje sjå bort frå at Bernt kan vere nemnd blant debi- eller kreditorar og med opplysning om kvar han då budde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Sjå der...Der var Rasmus-en. Men det kunne vel vere slik at vaksinatørane - det var ikkje så mange av dei - iallfall opererte i heile prestegjeldet og kanskje i grannegjeldet også. Med andre ord... eg ville sjekka konfirmantlistene i grannesokna også.Og om det hadde stade kva kyrkje Anne var døypt i, ville det fortelje kva kyrkje i prestegjeldet det først var gudsteneste i -- og ikkje naudsynlegvis den næraste. Barnet skulle døypast innan åtte dagar.Av- og tilgangslister verkar nokså tilfeldige. Vi har lista for Herøy, men der er dei ikkje førte som innflytta. Det finst også manglar i fødselslistene, men det verkar sannsynleg at Sivert var fødd i Ulstein.Eg ville ha sett etter i skiftet etter Lars, sidan det kan fortelje ein del om slekta. Det kan tenkjast Bernt er oppnemnd som verje for nokon av barna - sjølv om det er meir sannsynleg at dei har valt meir etablerte menn til det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.