Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25839] Iver Ellingsen (f. Bergen 1838) - til Bø i Vesterålen og so til Vardø i Finnmark

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Iver Ellingsen, fødd i Bergen 2.10.1838 av foreldre frå Aurland og Sogndal, flytte med foreldri sine til Lavik og derifrå Til Hammarøy, men gifte seg første gongen i Bø i Vesterålen 5.10.1862 med enkja Synneva Pedersdotter, døypt i Hafslo i Sogn 18.9.1821. Iver og Synneva busette seg på Nykvåg i Bø der Iver dreiv som handelsmann og jekteskippar. Synneva døydde på Nykvåg 1.11.1888, og Iver gifte seg i 1889 (dato og stad?) att med ei Hanna Margrethe Sakariasdotter, fødd i Alstahaug kring 1845 (dato?). Med denne andre kona si flytte Iver i 1895 til Vardø, der dei framleis budde i 1900. Iver var då los, men den seinare lagnaden deira er ukjend.Iver og Synneva fekk to born, men berre eitt av dei voks opp:- Edvard Karolus Iversen eller Ellingsen(?), fødd i Bø 14.12.1864, gifte seg i Bø 2.12.1884 med Valborg Jensine Mathilde Pedersen, fødd på Nyke i Bø kring 1864 (dato?). Eg har eit notat som seier dei tok over som gardbrukarar på Nyke i Bø, men eg finn dei ikkje i FT1900 nokon stad i landet. Heller ikkje finn eg dei utvandra over Trondheim eller Bergen, og ikkje fekk dei born i Bø mellom 1884 og 1890. Det er soleis eit ''mysterium'' kvar det kan ha vorte av dette parfolket...!?No vonar eg at einkvan kan hjelpa meg finna att både Iver Ellingsen og sonen Edvard Karolus, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Kan det være Edvard og kona som er her i 1900.Da må noen ha rotet til fødselsåret 34= 64? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det var da svært; berre ein ettermiddagsutflukt til Basel og Mulhouse, og so er temaet alt kome over på neste side...!Men, ikkje desto mindre; ein hjarteleg takk til Rune for interessant kommentar til spørsmålet om lagnaden til Edvard Karolus! Eg har studert innlegget og trur sanneleg at du har treft spikaren på hovudet nok ein gong...! Eg såg ogso denne Edvard, men eliminerte han på grunn av alderen. Men dette stemmer jo bra med at han ''skal ha butt'' på Nyke...So er spørsmålet om eventuelt bygdeboki for Bø kan bidra med fleire opplysningar? Og eg vonar likeins at fleire opplysningar kan gravast fram om losen Iver Ellingsen i Vardø...Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bent Nilsen

I følge den nye Slektshistorie for Bø,levde Edvard og Valborg på Nyke. Edvard døde i 1949 og Valborg i 1944. Begge døde på Nyke.De hadde en datter før de var gift.Elise Mathilde født 15/7 1884,hun døde samme året.Det står mer å lese om Edvard og Valborg i den gamle bygdeboka for BØ bind 3 gården Nyke.Forfatter Rolf Straume.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Pettersen

Hei! Har bygdbøkene for Bø, men har ikke funnet noen flere opplysninger der. Legger inn en link til Iver Ellingsen i FT for 1900: Lenke Mvh Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bent og Terje for gode og nyttige opplysningar. No saknar eg berre dei nøyaktige dødsdatoane (og dødsstadene) til Edvard og Valborg (attåt tilsvarande detaljar om Iver og Hanna Ellingsen)!Nok ein gong ein stor takk for kjempefin innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ei lita retting til føregåande innlegg: Eg har dødsstadene til Edvard og Valborg; det er berre datoane som manglar!Elles er det litt underleg med desse to sønene som vert nemnde hjå Iver og Hanna i 1900. Den eine heiter jo Ellingsen, men han er fødd i 1885, ti år før Iver og Hanna vart gifte og medan Synneva framleis levde. Var Iver kanskje ''på farten'' på den tidi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Villy Ovesen

Hei. Har kanskje ikke så mye å bidra med, men jeg kan iallfall oppklare dette med de to sønnene som står oppført ved FT1900 i Vardø. Har kikket på konfirmasjoner og funnet følgende:Konf. i Vardø 1/9-1895 Johan Andreas Johansen f. 8/7-1881 døpt 2/7-1882 Øxnes. Foreldre: Inderst Johan Andreas Endresen og hustru Hanna Bergitte Zakariasdtr. Konf. i Vardø 9/9-1900: Morten Emanuel Mortensen (kaller seg: Ellingsen) f. 19/8-1885 døpt samme dag Øxnes. Foreldre: Ungkarl murer Morten Jonsen Stø og enke Hanna Birgitte Sakariasdtr Finstad. (Anm: Gift 19?3 Død 1956)Johan er altså Hannas sønn fra et tidligere ekteskap, mens Morten er et resultat av at Hanna har vært 'på farten' etter at hun ble enke.Fra Fam Search: Viet 28 Dec 1876 Øksnes, Nordland Johan Andreas Endresen f.1851 og Hanna Bergitte Zachariasdtr f.1854. Hans far Endre Andreas Steffensen. Hennes far Zacharias Jensen. Lenke Mvh Odd Villy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.