Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#26072] Oluf Martin Johannessen (1853) og Petra Justine Grung (1856) - frå Bergen til ??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Oluf Martin Johannessen, fødd i Bergen 9.6.1853, gifte seg i Bergen 5.5.1878 med stesøsteri Petra Justine Frantzdotter Grung, fødd i Bergen 30.1.1856. Oluf var styrmann, og denne huslyden budde i Bergen til kring 1891, då dei er opplista på Vetrlidsalmenningen. Deretter forsvinn dei frå Bergen, men kvar vart det av dei??Fire born er fødde i Bergen:a. Oluf Johannes (Johannessen), fødd i Bergen 29.3.1879 – er nemnd i 1891b. Elisabeth Cathrine (Johannessen), fødd i Bergen 5.3.1882 - er ikkje nemnd i 1891c. Sigrid (Johannessen), fødd i Bergen 19.1.1887 – er nemnd i 1891d. Petra Elisa (Johannessen), fødd i Bergen 23.11.1890 – er nemnd i 1891Eg finn dei ikkje i FT1900 for Noreg og heller ikkje mellom emigrantane frå Bergen.No vonar eg at einkvan av Digitalarkivet sitt Brukarforum sine skarpe brukarar kan hjelpa meg å løysa dette problemet!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stein for overraskande innlegg! Eg har leitt på Digitalarkivet sin versjon av FT1900 for heile landet etter Sigrid og Petra, men ingen av dei finst der i registeret, so dette var merkeleg!Hovudsaki er likevel at me no har følgt dei so langt fram som til 1900, men dei må vera farne frå Bergen etter den tid, for ingen av dei er i Bergen ved teljingi der frå 1912!WOOPS: Ved nærare leiting finn eg at Sigrid Johannessen gifte seg i Bergen 15.7.1908 med dampskipsførar Knut Christian Olsen, fødd i Bjugn 1869. Og dei fekk ei dotter:- Anna Dorthea Grung, fødd i Bergen 26.6.1910, men foreldri var busette på Nesttun i Fana!!So kanskje heile huslyden flytte til Fana? Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Peter Wiborg

Sigrid & Petra finns i DA sin versjon også. LenkeJan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Peter Wiborg

Har du lett etter Johannessen kanskje?De står oppført som Johannesen... :-)Jan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei Jan!Nei, eg leitte på førenamni Sigr.. og Petr.. og so fødestad Berg.. og deretter fødselsår med +/-1, og då er INGEN av desse med i Digitalarkivet sitt register! Men no ser eg òg at det i Digitalarkivet sin versjon som fødestad berre vert oppgjeve ''T'' (=teljingskrins) i motsetnad til RHD som tydeleg har bytta ut denne T'en med Bergen dersom huslyden budde i Bergen...Dette burde det kanskje vore gjort noko med...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette problemet, som framleis ligg uløyst.Eg har ikkje funne noko nytt om desse folki, men eg mistenker Oluf Martin og Petra Justine for å vera flytte til Nesttun i Fana, og at dei truleg er avlidne der...Kanskje er det sidan 2004 kome til nye brukarar som dreg kjensel på denne huslyden?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Grethe, for kjempefint innlegg. Det var skikkeleg bra å få desse dødsåri på plass! No skal me nok òg finna datoane, rimelegvis i ein av kyrkjelydene sør for den gamle bygransa...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roy Ove Myhr

Sigrid og Knut Christian Olsen er bosatt på Nesttun når de får datteren Sigrid Kristine Grung Olsen, født 22/1-1913, døpt 20/3-1913. Ho og søsteren Anna konfirmeres begge i Birkeland Sogn retning Fana. Bosted satt til Nesttun.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Roy Ove for interessante innlegg!Eg har freista finna kyrkjebokinnførslene for Oluf og Petra. Petra døydde so seint at dei kyrkjebøkene ikkje enno er tilgjengelege, men Oluf Johannessen synest ikkje vera gravlagd frå Domkyrkja (som oppgjeve i kyrkjegardsregisteret!) eller andre kyrkjelyder i ''gamle'' Bergen. Heller ikkje finn eg han i Birkeland eller Fana kyrkjelyder, i Laksevåg eller i Arna. Kvar kan dei då ha høyrt til? Det var dotteri og svigersonen som budde på Nesttun...Om nokon har tips å komma med for å finna dei nøyaktige dødsdatoane og -stadene til Oluf og Petra, ville eg setja stor pris på å få høyra om det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore S. Falch

Ifølge ''Slektsregister for Familien Grung'', utarbeidet av Reidar Grung (Oslo, 1965), døde Petra Justine den 9.januar 1928, og hennes ektemann, skipsfører, senere bestyrer av hyrekontoret i Bergen, Olaf Johannessen døde den 16.juni 1905 (- dette siste er altså ikke overensstemmende med opplysningen på gravstedet ifølge innlegg 9).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for spennande innlegg!Eg må likevel seia eg tviler på dei nya datoane. Det er 20 dagar avvik også i dødsdatoen til Petra, og ingen av dei synest vera avlidne i Bergen, Årstad eller Laksevåg!MEN, i Birkeland i Fana finn eg dødsfallet til Petra Justine Johannessen, 9.1.1928 (Lenke)Forresten finst det i Bergen ein Oluf Johannes Johannessen som døydde 16.6.1905, men han var 26 år gamal og kan høva som SONEN til Oluf Martin og Petra!!Dødsfallet til Oluf Martin Johannessen er soleis framleis eit mysterium. Han er ikkje i Fana, i alle fall ikkje i åri kring 1922...! Eg vil freista Arkivforum...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.