Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#26180] Aage Hansson på Lyngvær i Romsdal og Synnøve Audensdatter

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Aage Hansson på Lyngvær i Sandøy kommune i Romsdallevde på siste del av 1500 - tallet og er død ca. 1618. Han skal ha vore gift med Synnøve Audensdatter frå Veien, datter av Audun Torsteinsen og Lisbeth. Audun er av den kjente og ofte godt dokumenterte Aspa-ætta. Lisbeth sitt opphav er meir ukjent for oss. Synnøve var også bror av Erik Audunsen, stiftsskrivar og stor jordeeier.Aage Hansson hadde ei hustru frå ei ætt som både hadde ein fremtredande posisjon, rik og vel ansett. Derfor har ein vel lov til å gå ut frå at Aage Hansen også var av 'god' ætt.Likevel - ein veit mest inkje om denne mannen. Kva kom han frå? Kom han frå ein lågadelfamilie som som hadde gått over i bondestanden?Aage namnet kan vi finne i nokre få familier den tida. T.d. Bjelke, i Sverige Thott - slekta, der kan ein også finne ein Aage Hansen som i alder godt kunne vere bestefar til den Aage Hansson som kom til Lyngværet. Find - slekta på Sundmøre og Romsdal der ein kan finne personar med namna Aage og Hans.Spørsmålet er altså: Kven i all verda var denne Aage Hansson som greidde å kapre den attraktive Synnøve av Aspaslekta.Du kan finne litt meir stoff her Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I NST XIX 1963 er det ein TH. Overwien fra Ranheim som i eit spørsmål opplyser at i Digres samlinger ved statsarkivet i Trondheim, finst opplysningar om ein Aage Hansen Thulesius som var riddar og riksråd. Vedkomande lurer på om denne kan være identisk med Åge Hansson 'Lyngvær'. Videre opplyser han at Åge Hansen 'Lyngvær' var borgar av Trondheim og representerte, i lag med andre standspersonar, Trondheim by ved prins Christians hylling. Om Th. Overwien har rett i 'sin antakelse' så er det freistande å gjera Ole Oudenson Thulesius til ein son av Ouden Ågeson på Reknes. Andre kona til Ouden heitte som kjend Magdalena el. Malena Eliasdotter med foreldre Elias Olson Soop og kone Anna Larsdotter Krabbe, dotter til sognepresten i Surnadal, Lars Nilsson Krabbe) (Anna vart seinare gift med Hans Hansson Ørbech i Bergen). Ole Thulesius hadde ei dotter som heitte Lena. Truleg er dette ei forkorting for Magdalena og ho kan difor vera oppkalla etter mor/stemor si.Kan elles opplysa at Age og Synnøve også hadde ei dotter som heitte Adalos e.l.. Ho var gift med sagbrukseigar på Kleive (Osen) Gjert Davidson (Mumme). Dei hadde sonen Gjert Gjertson Mumme, prest i Hemne. Namnet på foreldra til Gjert Gjertsen står på ei sølvskei nemnd i skiftet etter Johannes Irgens i Surnadal 1760 (Geistlig skifteprotokoll). (Det siste er teke på sperket ut frå hukommelsen, slik at årstal kan vera feil. Gjert hadde m.a. ein son som var kalla Ove, men ingen som heitte Åge. Dette må tolkast slik at Åge og Ove vart bruka om kvarandre på den tida. Dersom vi da kallar Borgaren i Trondheim for Ove Hansson så vert jo muligheitene for eventuelle fedrar ganske mykje utvida.Finn Oldervik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Det var litt av nokre opplysningar. Eg har lenge vore på jakt etter eit samband mellom slekta hans Audun på Reknes og nokon med namn David - så her fekk eg eit nytt spor å følgje.Vidare vil jo eventuelt slektskap mellom Audun på Reknes og Ole Oudenson kunne forklare kvifor ein arving i Balchenborg-slekta (der Lena inngifta) kunne selge grunder på Reknes først på 1700-talet.Dette var spennande.Eg har tilfeldigvis den geistlege skifteprotokollen for handa - så den skal eg sjekke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Ole Oudenson Thulesius kan vi nok sjå bort frå som son av Audun Aagesen på Reknes. Korkje han eller hans datter Lena er nemnt i skifta etter barna eller enka (Malene Eliasdatter) hans Audun der arven etter ham vart delt. Deler av skiftebrevet etter Audun i 1669, heile skiftet etter Dorthea Audunsdatter gift med Johan Ben i 1679 og Auduns enke, Malene Eliasdatters skifte i 1686 er kjent.Men likevel, dersom opplysningane Finn O. kjem med om Adelos er riktig så vil det kunne gjere at ein finn nye samband mellom folk i Molde og Romsdalen som hittil synes lite utforska.Dersom Aage Hansen Thulesius som var riddar og riksråd er den same som var utliggarborgar på Lyngvær er det for meg litt av ei overrasking.I forbindelse med ”Prins Kristian V’s hyldning 1610” er Aage Hansøn nevnt som en av de to borgere som representerte ”Thrundhjemb”. Han opptrer her i godt selskap. De andre som representerte Trondheim var borgermester og 2 rådmenn. Det er det einaste eg veit om Aage Hanssøn i Trondhjem.Er det nokon som veit noko meir om riddaren og riksråden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

At Ole ikkje er nemnd i nokon av skifta som vedkjem slekta på Reknes er ikkje noko prov på han ikkje var av slekta. Ofte var det slik at nokre av søskena hadde fått så mykje forskot på arven at det ikkje var meir å henta. For ein som var utdana prest er det sannsynleg at dette var tilfelle. Det finnes mange døme på at nokon av arvingane er utelatne i arveskifta/skifteprotokollane. Når det er sagt så meinar eg ikkje at eg dermed har prova at Ole er son til Ouden i eit av dei to ekteskapa hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

Ifølge nålevende medlemmer av Thulesius-slekta var Nils Olsen, Fosnespresten og sønnen av Ole Audensen, den første som brukte navnet Thulesius. Navnet skal han ha fått under teologistudiet for bl.a. å skille ham fra andre Olsen'er. Med tanke på stedet han kom fra, passet jo også navnet 'Mannen fra Nord' eller hvordan vi skal oversette det.Dagens Thulesius'er er så vidt jeg kan se utelukkende etterkommere etter Knut Olsen, eldste sønn av Ole Audensen og altså bror av Nils Thulesius. En av de mer berømte var jo Ole Andreas Thulesius, tredjepresten i Kristiania.Nå dukker altså både Aage Hansen og Ole Audensen opp med navnet Thulesius (2). Kan de ha blitt 'tildelt' dette navnet i ettertid? Det er jo ikke ukjent at historiske personer har 'fått' et etternavn som strengt tatt kom i bruk først etter at de var døde. For som student het Ole Audensen 'Olaus Oudeni Nidrosiensis.' (27339 (40)).Det er med stor spenning jeg følger med på debatten omkring Ole Audensen og hans opphav. Etter at Sunndalspresten Auden Eriksen ble fratatt farskapet (tema 27339/innlegg (46) m.fl., er jo feltet ganske åpent. Eller gjelder Franks motargument i (5) mot Johns avfeiing i 1.avsnitt (4) også vis-à-vis Randis 'avfeiing' i 27339 (46)? Så vidt jeg kan se, argumenterer John og Randi ganske likt. Hilsen Torgeir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

Til John: Hvilken Lena er det du skriver om i (3), 2.avsnitt? Hvis det er Lena (Cathrine) 'Thulesius', var vel hun først gift med tremenningen Ole Christensen Mechlenborg, sønn av Christen Johansen Mechlenborg og Margrethe Olsd. Helt på Einset?Da Ole hadde sulta ihjel i sitt ringe prestekall oppe i Troms, giftet hun seg om igjen med Morten Resen. Noen tilknytning til Balchenborg-slekta ser jeg ikke. Så det er kanskje ei anna Lena? Hilsen Torgeir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Jo - det var den Lene eg meinte.Men eg uttrykte meg kanskje uklårt.Det var Niels Olsen eg tenkte på når eg nemnte Balchenborg. [url="http://www.nose.dk/Norge/balchenborg.html>http://www.nose.dk/Norge/balchenborg.htmlMen etter å ha lese litt meir i notatane mine finn eg at det sambandet til Reknes-folket eg tenkte på, må gå gjennom ei Maren Sørensdatter som var gift med ein Jørgen Lambertsen (eg veit ikkje om han er av slekta Balchenborg - eg berre tenkte at det var mogleg ut frå namnet.)Sidan namnet Gjert Davidsen dukka opp her, nemnt som svigerson til Aage og Synnøve, kan ein jo nemne ei Lispet Davidsdatter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I eit tidlegare innlegg kom eg visst til å skriva at Anna Larsdtr. Krabbe vart gift på nytt med Hans Hansson Ørbech etter at første mannen, Elias Olsson Soop døydde i 1642. Det rette skal truleg vera at ho vart gift med Nils Ørbech på Møllendal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I to tidlegare innlegg har eg oppgjeve at presten i Surnadal, Elias Olson Soop var gift med eldste dotter til Lars (Laurits) Nilsson Krabbe som var prest same stad. Ho heitte som kjent Anna og var født 6. sept. 1593 som den eldste av 6 søsken. Namn og fødselsdato på desse 6 borna står i ein gammal tysk bibel som høyrer til inventaret i Aure kyrkje. Strengt teke så har eg ikkje noko endeleg prov på at det var denne Anna Larsdtr. som Elias Olson var gift med, men indisiene må seiast å vera sterke.Laurits Nilsson Krabbe var truleg son til Nils Krabbe og Anne Amundsdtr.. Nils var prest i Løiten (på Løten?) og døydde våren 1588. Anne var dotter til Amund Richartson, prest i Åmot prestegjeld i 1535-1537, i Elverum 1537- 1551 og deretter i Løiten der han døydde (Dei siste opplysningane er teke frå: Claudius, I. & Orten, E. 1996. Peder Lauritsen Krabbe - 1596 - 1686)Elles vart det meir eller mindre slik at alle dei nordenfjellske slektene av geistlege og embetsmenn var samanfløkte i alle retningar som kunne minna om eit stort dynasti utover 1600-talet og langt inn i 1700-talet. Mange prestar tente seg sturtrike på trelasthandel, særleg i Romsdal, og kanskje i enda større grad på Nordmøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Dette også er nye opplysningar for meg. Den gamle tyske bibelen - finnes det noko artikkel der ein kan finne meir om han?Claudius og Orten - er det ei hefte/bok som det er råd å få tak i?Her er så mykje nytt for meg å gripe fatt i at eg må dele det opp, og ta ein ting om gongen.Først Aage Hanssøn:Såvidt eg kan forstå er Aage Hansøn omtalt soma. riddar og riksrådb. borgar og representant i Trondhjem - 1610c. utliggarborgar på Lyngvær i Romsdal fram til 1618.Riddarar og riksrådar har eg lite greie på, men det høyres jo fornemnt ut, ja som storfolk. Rimer det med at ein under skatt av odelsgods som lagmannen og borgarane i Trondheim tilkjem finn 'Aagge Hannssonn i Lingevehr fisch 2 woger 1 Pund'? (Landskattemanntalet for Romsdal 1612) Dette er jo ikkje så mykje jordegods, men han kan kanske eig noko andre stader og gjerne vore rik på andre verdiar. Eit eller anna gjorde jo sonen Audun i stand til å skaffe seg rikdom i alle fall etter romsdalsk målestokk på 1600-talet.No har eg ikkje NST XIX 1963 som du viser til Finn O., og kjenner diverre ikkje til Digres samlingar i Statsarkivet i Trondheim. Det kunne jo vore interessant å vite når riddaren og riksråden levde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Steinar Hansen

Jeg blir litt forvirret av det siste innlegget til Finn Oldervik. I det materialet jeg har tilgang til, kan jeg ikke se at det har vært noen prest i Surnadal ved navn Elias Olson Soop. Det var imidlertid en prest Hans Eliassen der en kort stund i 1662. I Norsk Prestehistorie ser jeg at han tillegges slektsnavnet Soop. Hvem er Elias Olson Soop?Når det gjelder den gamle tyske bibelen, så er den også omtalt i Hans Hyldbakks 'Gards- og ættesoge for Surnadal' fra 1948. Hyldbakk formulerer seg slik: 'I ein gamal tysk postil, som høyrer til inventariet i Aurekyrkja står dette å lesa om han og borna hans:' Så regner han opp de seks barna med fødselsdato.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for opplysninga om kvar eg finn opplysningar frå den tyske bibelen, Lars Steinar.Elias Olufsen Soop var neppe prest - heller jordeigar. Son av Oluf Nilsen [Tibi] og Gjertrud Anfinnsdatter Soop ifølgje Henning Sollid i NST 1 s. 203ff. Overtok det meste av godset etter søster til mora Tyri.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Elias Olsen Soop var son av Olaf Sigurdson Tibi (-1589c), sokneprest i Borgund, Sunnmøre, og hustru Gjertrud Anfinnsdatter Soop(-1579). Elias Soop var ikkje prest, budde sist i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

I sørgediktet etter Gjertrud synes han å hete Nilsson - eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Først skal eg kort kommentera innlegg nr. 11 av John H. Aarønes.Punkt a) trur eg du kan sjå bort frå til så lenge. Punkt b) og c) er truleg rett. Ein Ove Hansson som opptrer som ombudsmann for ein av Bjelkekarane på Austråt i ein markagang i Romsdalen kan nok tenkjast å vera same karen?(Truleg har eg dette frå NNR ein eller annan staden. Notatet finnes, men eg har det ikkje for handa). Ein Hans Oveson Rød kan jo tenkjast å vera faren. I si tid får denne mannen attest for å vera godt kjend i 'Nordlandene', noko som kanskje kan overførast på sonen (Thulesius???). Hans Oveson Rød hadde elles 'i sin store svaghed' kome til å gifta seg med ei ufri kvinne. Dette frykta han kunne føra til at borna tapte arven etter han (Også desse opplysningane er henta frå NNR)Når det gjeld Digres samlingar så har heller ikkje eg tilgang til desse. Den spørsmålstillaren eg nemner i eit tidlegare innlegg hadde truleg gått gjennom desse samlingane utan å finna svaret på spørsmåla sine. Ellers har eg ikkje sett at han nokon gong har fått svar på det han spurde om. Innhaldet i spørsmålet har eg gjengjeve tidlegare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Opplysningane Finn nemner om Hans Overson Rød i forrige innlegg har eg også merka meg.Hans Overson Rød står omtala i NRR IV s. 174, 317, 349, 359, 425, 428, 436ff, 471f, 537 og 586.Så han er altså fått ein del plass her.Skal kome attende til kva som står her i eit seinare innlegg.Så eit spørsmål til deg Bjørn (16): Kva er kjelda til at Oluf hadde farsnamnet Sigurdson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Var Elias Olufson prest?På den tida det her er snakk om var Surnadal ein del av det store Stangvik prestegjeld. Elias Olufson har så vidt eg veit aldri fått påhengt eit Hr. framfor namnet sitt. Likevel trur eg at han enten var hjelpeprest, kapellan eller kanskje huslærar for Laurits Nilsson Krabbe. Ein slik status var kanskje ikkje nok til å få den litt fornemme Hr.-tittelen. Kva gjorde Elias ellers i Stangvik/Surnadal? Han hadde jo ikkje nokon eigedom å ta vare på der? Både Elias og den eldste dotra til gammelpresten, Anna var i giftefør alder på den tida, så kva var meir naturleg enn eit ekteskap mellom henne og kapellanen/huslæraren/hjelpepresten som attpå til var av adeleg opphav? At han seinare fekk ein son som også vart prest i Surnadalen er jo ikkje akkurat med på å svekkja denne teorien. Om vi går ut frå at det rett at slektsskapstilhøva var slik som eg her har skissert, så kan det også nemnast eit anna moment som indikerer slektsskap mellom Krabbe- og Soop-ætta. Bror til Anna Lauritsdtr. Krabbe, Peder Lauritsen vart prest i Aure. I 1639 representerte Peder Krabbe geistlegheita i Trondheims stift, saman med Mentz Christopherson (Darre) frå Domkyrkja og Zacharias Christopherson Holch frå Veøy. Seinare når Peder Krabbe fekk seg pålagd slike oppgåver orsaka han seg med sykdom/alderdom og fekk andre til å reisa for seg. Ved prinsehyllinga i 1656 vart det Jens Andersson Tingvoll som måtte reise i staden for Peder. I 1661 var det Fredrik den III sin tur til å verta hylla. Også no orsaka Peder seg og ville at Hans Eliasson Soop skulle reisa i staden. Sjølv om det ikkje vart slik Peder ønskte, så er det likevel grunn til å merka seg at han ønskte Hans Eliasson som erstattar. Etter alt å døma var Hans søsterson til Peder Krabbe på Aure.Elias Olufson Soop (f. ca 1580) hadde m.a. ein eldre bror som heitte Hans. Denne karen vart sogneprest i Bodø ca 1598. Han hadde ein son som heitte Stephan Hansson Soop. Den sistnemnde av desse vart gift med søster til Peder og Anna Krabbe, Sara Lauritsdtr. Krabbe f. 12.01.1607.Til Bjørn Jonson DaleOgså eg har noteret Oluf (Olaf) Nilsson som far til Elias Olson, ikkje Olaf Sigurdson.Til Arnstein RønningTakk for tipset om sida til Arnstein Ellefsen. Her var det endeleg nokon som hadde gjeve ei samla framstilling av Soop-slekta. Truleg kan eg supplera litt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

Ja - gjør det, Finn! Simon E har nok stort sett fått med seg det som tidligere har vært kjent når det gjelder Soop, så har du noe mere, så hadde det vært interessant (jeg er også av Soop).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Herr Olaf Tibi i Borgund var son av herr Nils Sigurdson Tibi, og han var dermed ein Nilsson, og ikkje ein Sigurdson, som eg kom i skade for å skrive (dumt å lite bare på minnet).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Om tittelen 'herr' først på 1600-tallet: Ikkje bare prestar, men også ombodsmenn for kirkelig jordegods av eit visst format kunne vere titulerte slik. Eit døme fra Sunnmøre er 'herr' Jørgen Claussen, som i 1626 forvalta Margrete prebende. Jørgen Claussen hadde nok gått Latinskolen, men var neppe prestevigd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Poenget mitt var ikkje at Hr(herr) berre vart bruka om prestar (geistlege), men at ein person kunne utføra presteteneste om denne 'forstavinga' mangla.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

I Norges riksregistranter bd. III 1588-1602 (ikkje bd. IV!)står referert to brev angående Hans Offessøn [Rød] og hans ekteskap med en ufri kvinne og barnas rett til arv. Såvidt eg kan forstå hadde han 3 døtre i dette ekteskapet, 2 av dei adelig gift og dei fekk arverett. Det første brevet er datert Kjøbenhavn 7/11 1594 og synes å være et svar på en skrivelse som Hans Offessøn tidlegare har sendt der han gjev til kjenne at han for nogen Tid siden forleden formedelst sin store Sygdom og Svaghed haver begivet sig udi Egteskab med en ufri Kvinde, som ham udi hans Sygdom kunde tjene og se tilgode, og han med forne Kvinde tilforn havde avlet trende Børn...Av dette brevet får det også fram at han 'ingen nærskyldte Arvinger eller Blodsforvandte haver' ..Eg går ut frå at det er meint at han ikkje hadde andre nære arvingar enn døtrene.I det andre brevet fra 1596 får vi vite at de tre døtrene 'maa agtes og holdes for Adelsfolk og arve udi hans Jordegods saavelsom udi alt andet Jordegods, dennem herefter arveligen kan tilfalde, ligesom andre Adelsfolk der udi forne vort Rige Norge: da efterdi samme Hans Offessøn haver for mange Aar siden forleden egtet samme ufri Kvinde, og lang Tid førend de Norsk Adel deres Artikler og Begjering bleve overgiven udi vor Kjøbsted Oslo Ao. 1591....'Ellers hadde han forleningsbrev på Bakke kloster i alle fall frå 1593 og til han var 'afgangen' i 1599.Ellers opptrer han eit par gonger saman med Henrik Jørgensen [staur] for å ordne opp i saker der embetsmann har misbrukt makta si.Kanskje vanskeleg å få plassert Aage Hannssøn som ein son her?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Steinar Hansen

En tilleggsopplysning om den tyske bibelen: Erlandsen gjengir innskriften på s. 423 i sin bok om geistligheten i Trondhjems stift. Hyldbakk hadde nok sin informasjon derfra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.