Gå til innhold
Arkivverket

[#26180] Aage Hansson på Lyngvær i Romsdal og Synnøve Audensdatter


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars Steinar Hansen

Om Hans Offesen [Rød]: Audun Dybdahl utga i 1989 en bok med tittel 'Jordeiendomsforhold og godseiere i Trøndelag', bygget på hans doktoravhandling om temaet. I forbindelse med kartlegging av Bjelke-gods, må han også kartlegge gods etter Hans Offesen. Det nevnes her kun tre arvinger etter ham, melig døtrene Else, Øllegård og Birgitte, gift med henholdsvis Otte Bjelke, Jørgen Henriksen Staur og Laurits Dal.Noen sønn er altså ikke nevnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Ad (26): Vites mer om denne Laurits Dal? Det ville være interessant å vite hvorvidt han kan utelukkes å være i familie med lensmann Lars Nilsson Dall i Vestnes prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Rostrup

Til innlegg 19 og spørsmålet «Var Elias Olufson prest?» Mitt svar på det er eit klårt NEI. Som alt er påpeika ovanfor, vart tittelen Herr nytta om andre enn prestar på denne tida, men ikkje omvendt - altså, at ein prest ikkje vart kalla herr. Denne tittelen vart praktisert konsekvent så snart ein mann vart prestevigd (ordinert). Eg har arbeida med prestar i mange år og har ikkje ein einaste gong sett døme på at ein prest på denne tida ikkje har fått denne tittelen føre namnet sitt. Elias er nemnd i kjeldene mange gonger, kvar einaste gong utan tittelen herr. Dette er etter mi meining eit heilt klårt prov på at han ikkje var prest.Derimot hadde han truleg studert ved universitetet, for han er nok identisk med den «Elias Olai Norvagus» som i 1599 vart innskriven i kommunitetsmatrikkelen ved universitetet i København. Dermed er det ingenting i vegen for at kan kan ha vore huslærar hjå hr. Laurits i Stangvik, tvert i mot, det er faktisk ganske sannsynleg. Det kan han ha vore alt frå tidleg på 1600-talet, kanskje frå 1603 då hr. Laurits Krabbe vart sokneprest i Stangvik, og truleg av den grunn fekk betre råd.Eg er samd i at kona til Elias Olsson Soop gjerne kan ha vore Anna Lauritzdotter Krabbe. Det som er viktig ved kongehyllinga i 1661, er at sonen Hans Eliasson då var huskapellan i Stangvik (han kallar seg «domesticus») hjå soknepresten Hans Lauritson Krabbe, som då må ha vore morbror hans. (Etter Dahl skal Hans Krabbe vera død 2/1 1661, men det kan ikkje vera rett, for han skriv under kongehyllinga etter 1/6 det året. Eg trur heller at han kan ha døydd 2/1 1662.) I tillegg var Hans Soop samstundes fullmektig for prosten Peder Lauritson Krabbe (sokneprest i Aure), som også må ha vore ein morbror. Eitt slikt samband åleine er ikkje noko særleg til indikasjon, men to som peikar i same retning, er det. Ein ytterlegare viktig indikasjon er (som nemnd i innlegg 19) at brorsonen til Elias, Steffen Hansson Soop vart gift med yngste syster til Anna.Spørsmål til Bjørn (innlegg 21): Kva er grunnlaget for å hevda at herr Nils Sigurdson (spr. i Borgund) var far til hr. Olaf Nilsson (Tibi) i Borgund (utover at farsnamn, tid og stad kan høva), og på kva grunnlag tillegg du denne Nils Sigurdsson tilnavnet Tibi?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Til 27: Det er snakk om Laurits Dal til Sandviken og Malkenes, sønn av Amund Lauritsen til Sandviken og Malkenes og Margrethe Christoffersdatter Tronds [Rustung].

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til innlegg nr. 24. Truleg har du rett. Lurar på om eg ikkje kom fram til same konklusjon sjølv for mange år sidan. Det er likevel grunn til å nemna ein Ove Hansson, Ove Bjelkes fullmektig som er nemnd i eit brev dat. 18.okt. 1599, Holmeim i Veøy. Sidan Hans Oveson Rød også var i teneste hos Bjelkane, så kan det jo vera lett å koma på den tanken at vi her har med far og son å gjera. Kanskje var sonen uegte født?Truleg er det fleire mulege løysingar på dette spørsmålet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Til Finn (Innlegg 30). Ja, eg trur også at Ove Hansson var den som vart nemnt 18. okt. 1599.Tanken om fødsel utanom ekteskap har også slått meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg forsto i grunnen ikkje kva dansken Hans Ovesen Rød hadde i dette ordskiftet å gjøre. Så blei han eliminert, men skal no inn bakvegen som far til ein uektefødd son...Til Randi (28): Belegget for ættnamnet Tibi på borgundpresten og kanniken Nils Sigurdson er eit dokument fra 1573, der han er omtalt som 'sal: Hr Niels Tibi'. Dokumentet finst bare i avskrift, gjengitt i 'Series Pastorum Parochiae Borgensis' som er å finne på slutten av kirkebok 3 for Borgund. At herr Olaf Nilsson var sonen hans og stundom blei kalt Tibi, skal vere belagt i eldre dokument, som vi ikkje har avskrifter av, bare referat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Eg meinte berre å seie at einaste forklaring på at han evt. ikkje arva eller nemnt kunne vere at han var fødd utanfor ekteskap. Men nei - eg trur i grunnen ikkje at Hans Ovesen Rød er far til Aage Hanssøn.Eg har no fått tilsendt spørsmålet i NST nr. 19 og gjev det att her:Spørsmål 467.Jeg søker opplysninger om forfedrene til Aage Hansøn fra Lyngvær, Sandø herred i Romsdalen. Han døde i 1618 og var g, m. Synnøve Oudensdatter av Aspeætten. Han var borger av Trondhjem og representerte sammen med andre standspersoner Trondhjem by ved prins Christians hyldning i Christiania. I Digres samlinger i statsarkivet i Tr.heim omtales en Aage Hansen, Thulesius, ridder og riksråd. Kan det være den samme?Kan han være sønn av Hans Hansen på Molde gård? I Collins opptegnelser vedrørende Molde omtales et pantebrev av 20. decbr. 1715 hvori omtales «fordums» Hans Hansens gård. -I Romsdal Sogelag 1928: «Prestene i Bud fra 1542 til 1706» finnes Sven Hanssøn som prest i Bud i 1581 eller 1582. I 1601 blev han sogneprest til Aukra, og døde samme sted i 1617 som prost i Romsdal. Kan han være en bror til Aage?Th. Overveien, Ranheim.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Grenseoppgangsbrevet (30), fra Holmem, et skinnbrev fra 1599 med bumerke påtrykt ble funnet i en tønne på gården Lerheim i 1859 og skal visst fortsatt befinne seg på gården. Futen Lave Jespersen og 24 lagrettesmenn fra store deler av Romsdal blant dem 4 lensmenn deltok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg trur kanskje at eigedomstilhøva til garden Molde først på 1600-tallet kan gi ein peikepinn om opphavet til Aage Hanssen, for det kan sjå ut til at han eigde noke i Molde (jf Moldenes).Eg meiner også å ha sett at trelasthandlaren og sageigaren Kort Hanssen også eigde i garden Molde; og Kort Hanssen kan godt ha vore av gammal møreætt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Under Lerheim i Rødven står nemnt eit diplom i Riksarkivet som fortel at sjølveigaren Hans Kortson i 1531 selde Teigen il Mads Jude. (Kilde: Rødvenboka av Myskja).Kombinasjonen Hans og Kort førekjem tidleg i Romsdalen med andre ord.Den parten som Audun Aagesen overtok i Molde vert av postmeister Jens Collin kalla 'Nordmørsparten'. Men eg veit ikkje om han siktar til er den delen av hovudbruket han fekk hand om. Dei 2 vog Audun eigde i Molde vert nemnt som odel og pant, og han var bøkselrådig..Jens Collin skriver at under en grenseoppgang den 4. juni 1709 mellom Reknes og Molde(gård) får vi opplyst at Aage Aagesen var 'en Broder af Audun Aagesen', og videre at Aage eide '1 pd 3 ml. i Moldenes under Moldegaard, som han pantsatte til sin bror Audun, der seinere tilbragte sig den'. Efter Auduns død rundt 1669 kjøpte Aages Hustru nevnte 1 pd 3 mkl.. 1/3 1692 solgte Margrethe Jorisdatter Non en jordepart på 1 pd. 3 mkl. til amtmann Iver von Ahnen.'Oden Aagesen udi Rette kaldet Capitaine Beverlou angaaende 1 pd. 3 mkl. fiskeleje udi Moldegaard som hans sal. Mormoder Ingeborg Jorris Nons af dessen eiere Kort Vordeman efter Pantebog af Molde 12/3 1646 skal være overdraget.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til innlegg nr. 28Eg skal ikkje motseia Randi Rostrup når det gjeld spørsmålet om Elias Soop i Stangvik var prest eller ikkje. No må det likevel tilføyast at eg bruka ein litt vidare definisjon av prestetittelen enn Randi. At Elias ikkje var ordinert til prest i Stangvik/Surnadal er vel heilt klårt. Det eg ville fram til var at Laurits Krabbe truleg nytta Elias som hjelpeprest og kanskje og vikar i mange høve. Om ein går igjennom kykjeboka for Tingvoll som går attende til 1645, så vil ein ganske ofta finna innførslar om at gudstenesta var utført av 'studiosus' NN, altså ein person som hadde studert, men ikkje var ordinert. Det var noko slikt eg tenkte på da eg skreiv at Elias Soop var kapellan/hjelpeprest/huslærar hos Laurits Krabbe. Det var kanskje ein liknande rolle son til Elias, Hans Soop hadde hos son til Laurits, Hans Krabbe som 'domisticus'?Elles hadde neppe Elias Olson Soop kome til Stangvik/Surnadal alt i 1603. Om opplysningane som kjem fram under sida til Simon Ellefsen (Sjå linken som er oppgjeven under innlegg n. 14), er rette, så var Elias rektor på katedralskulen i Trondheim frå 1605 -- 1610. Dette var elles eit embete også to av brørna hans, Peder og Anfinn, hadde innehatt tidlegare. Dette viser da at Elias i alle fall ikkje kom til Stangvik før ca 1611.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er vel ikkje urimelig at Hans Kortson som i 1531 selte ein part i Lerheim til Mads Jyde var son av den beskjedelige mann Kort Hansson som i 1490 selte garden (Litje) Årset i Vatne sokn (seinare Borgund) til herr Alf Knutson på Giske: LenkeEin Hans Kortson er ellers nemnt i 1520 som skattytar på Ona (NRJ II, s 94). Samtidig er Kort på Brandal, Sunnmøre, nemnt som skattytar der. Denne Kort eigde mest trulig heile den store garden Brandal, om vi skal dømme etter yngre kjøpebrev fra 1601, der sonesonen Johannes Olson på Bigset, son av Olaf Kortson, selte halve Brandal til bergenslagmannen Povel Helgeson.Denne sunnmørsk-romsdalske ætta har eg førebels kalt Kort-ætta. Kort Hansson i 1490 blei titulert som ein mann av høg stand, kanskje lågadelig. På grunn av eiga i Brandal, som kanskje var setegarden til den såkalte Synnesætta, må vi rekne med samband mellom disse ættene.Ein arbeidshypotese kan vere at Aage Hanssen i Lyngværet kan stamme fra dei framståande romsdalingane Hans Kortson og Aage Tordson, som begge levde kring 1530. For Aage sin del viser eg ellers til ordskiftet om Audun Aagesen på Reknes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Er det 'hevet over tvil' at det var Elias Soop's datter Magdalene som var g.m. Auden Aagesen (Widerøe) på Reknes ? I andre debatter her på DA har jeg sette henne plassert som d. av Elias Ravn i Molde, og som søster av Marit (g. John Scot), Christian (g. Elisab. Audensd. Widerøe) og Jacob Ravn (g.3. samme ESW).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Til innlegg 37, siste avsnitt:I Trondhjems Katedralskoles Historie (Erichsen 1911) s.30 står det at Elias Olufssøn overtok som skolens rektor etter at Mogens Pederssøn i 1605 var blitt avsatt (pga. 'utilbørlig' forhold til lektor Borchs hustru.)Det står med andre ord ingenting om at han var en Soop. Om en av hans forgjengere skriver Erichsen derimot s.19 at Peder Olufssøn må ha vært bror av sin etterkommer Anfinn Olufssøn Soop selv om han, Peder, ikke brukte Soop-navnet. Mens Erichsen belegger slektskapet mellom Peder Olufssøn og Anfinn Olufssøn Soop, kobler han altså noen sider seinere ikke Elias Olufssøn til de to brødrene.Jeg vet ikke hvor 'tung' Erichsen er i forhold til seinere bøker om katedralskolen i Trondheim. Men tenkte dette kunne ha litt interesse.Den samme Elias Olufssøn måtte før sin tiltredelse love at han ikke skulle drikke eller spille om penger. Jeg vet ikke om dette ble for hardt for Elias, for 'Tilslut opgav han skolen og begav sig til Bergen' ifølge Erichsen.Jeg kan ikke bidra med noe vettugt i diskusjonen om hvorvidt Elias var prest, her eller der. Men fantes det noen annen adekvat faglig bakgrunn enn teologien for stillingen som rektor ved en katedralskole? På den annen side kunne det kanskje heller være et spørsmål om Elias Olufssøn var egnet som prest og åndelig veileder.Kan han ha vært i Stangvik før han tok over rektorstillingen i Trondheim?Ellers er jeg fortsatt interessert i å få vite mer om bruken av Thulesius-navnet sammen med herrene Aage Hansen og Ole Audensen (6). Siden det var Oles sønn Nils som først brukte dette navnet, virker det litt spesielt - om det er det rette ordet - at også Aage Hansen nå knyttes til det. Han var jo i beste fall oldefar til Nils.Eller hvilken konklusjon kan vi trekke av momentene i innleggene 4 og 5?Hilsen Torgeir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Til innlegg 39.Ravn-namnet har eg aldri dokumentert nokon stad - heller ikkje veit eg kven som lanserte det.Riktignok var det ein Peder Raufn som dreiv sag på Reknes og er nemnt i 1603 og 1610.Marit gift med Scot - søster til Malene har eg berre sett ein stad - nemleg i J.A. Schneiders bok Molde og Romsdalen - utan kjelde.Men kona til John Scot meiner eg heiter Maren Micheldsdatter.Om Maren Eliasdatter er av slekta Soop veit ein vel ikkje sikkert. Noko talar for, og noke får ein til å undras. T.d. kvifor finn ein ikkje spor etter jordegodset som Elias eigde hos Malene. Såvidt eg veit disponerte Ørbech dette jordegodset på stebarna sine vegne ei god stund etter at Malene gifta seg med Audun på Reknes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

John, bare en liten korreksjon på din kilde i (36). Kilden må være 'Bygdebok for Eid' av Karl Myskja s 142. 'Rødvenboka', redaktør Einar Klungnes har ikke med Lerheim som lå i Eid mens Rødven lå i Veøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har lyst til ytterlegare å tilføra nokre opplysningar om Krabbe-ætta, delvis for å få fram slektsrelasjoner og delvis for å dokumentera namnebruk i slekta. Særleg kan det kanskje vera interessant med tanke på Lena Cathrine Olsdtr. (Thulesius).Det 6 borna til Laurits Nilson Krabbe d 15.07.1619 i Stangvik var:1. Anna f. 06.09.1593, truleg g.m. Elias Olson Soop. Kjende born Hans og Magdalena.2. Hans f. 06.05.1595. Sokneprest i Stangvik frå 1654 til han døydde 02.01.1662 (om Randi Rostrup har rett) G.m. Ingeborg Nilsdtr. Hadde m.a. dotra Birgitte g.m. fogd i Fosen Anders Rasmussen.3. Peder f. 26.12.1596 (Sjå lenger nede om han)4. Nils f. 31.07.1599, Død same år.5. Nils f. 30.07.1604. Prest i Nesna og Rana. Døydde i 1646. G.m. Gjertrud Hansdtr.6. Sara f. 12.01.1607. G.m. Stephen Hansson Soop. sokneprest i Gildeskål frå 1622.Nokre av opplysningane her er teke frå det tidlegare omtalte heftet om Krabbe-slekta av Orten & Claudius.Peder Larsson Krabbe vart først ordinert til kapellan i Tingvoll 02.08.1620. 1. mai 1623 vart han ordinert til sokneprest i Aure etter Størker Olson som omkom på Edøyfjorden. 29. juni s.å. gifta han seg med Susanna Olsdtr. Skriver. Ho var dotter til Oluf Jensson Skriver og kone Aarselle (Ursula) Christophersdtr. (Darre). Svigerforeldra til Peder var sterkt knytt til miljøet i Trondheim. Mykje kunne ha vore skrive om Peder Krabbe på Aure, men dette vil ligga utanom det som er tanken med dette innlegget.Borna til Peder og Susanna var:1. Cathrina f. 16.09.1624. Kanskje g.m. ein Peder Strømmer, som neppe kan vera identisk med Peder Danielson Strømmer g.m. Kirsten Jonsdtr. Todal.2. Lars f. 02.01.1626. G.m. Anna Mentzdtr. (Darre). Ho måtte helst vera dotter til Mentz Christopherson (Darre), bror til den tidlegare omtalte Årselle. Dette måtte da bety at Lars og kona var søskenborn. Lars etterfølgde faren som sokneprest i Aure.3.Susanne f. i aug. 1627. G.m. borgarmeister i Trondheim, Lars Bastianson Stabel. Susanna hadde mange born og var ei vidløftig kvinne. Døydde fattig på husmannsplassen Skiphamna i Aure.4. Magdalena (Mallena) f. 28.10.1628. G. m. Lauritz Erikson Blix. Hadde m.a. anna sonen Peder Blix som truleg er identisk med gullsmeden i Trondheim.5. Årsilla f. 22.01.1629. Ho vart først g.m. bondeson og prest i Rødøy, Jon Nilsson Todal frå Aure, sidan med presten på Tingvoll, Hans Nilsson Tausan. Årsilla hadde fleire born med Jon Todal, men ingen med Hans Tausan.6. Olaf f. 18.05.1630. Døde i midten av juni s.å.7. Anna f. i mai 1634. Døde i midten av sept. s.å.8. Anna f. 26.09.1636. Gift med Hr. Henrik Zackariasson Holch i Veøy. Hadde kanskje berre ein son, Henrik.9. Oluf. f. 10.06. 1640. Døde 10.10.1643.10. Maren f. 10.06.1640. Gift med Jacob Hermannson Borchmann, sokneprest i Alstadhaug. Hadde visstnok 3 born.11. Peder f. 22.10.1641. Døde 16.03.1642.12. Christopher f. 26.12.1645. G. 31.07.1670 på Tingvoll med Margrethe Johansdtr. Femmer. Christopher vart gravfest 25.05.1673 på Tingvoll. Ein kjenner ikkje til born.Etter denne lange utgreiinga skal eg gå attende til det som var utgangspunktet, nemleg namnebruk i slekta.Vi ser at Peder Krabbe kallar eldste dotter si for Cathrina. Slik det ser ut er ho truleg oppkalla etter mor til Peder, altså kona til Lars Krabbe i Stangvik. Eldste sonen heiter som seg hør og bør, Lars, medan nest eldste sonen heiter Olaf etter svigerfar til Peder. Nest eldste dotra heiter Susanna. Ein vil lett tru at dette er etter mora, men det kan like godt vera etter ei eldre kvinne på morssida. Namnet til dotter nr. 3, Magdalene, må då vera henta frå slekta til Peder igjen. Vidare kjem det ei Årsella som er oppkalla etter svigermor til Peder, så kjem det ei Anna som truleg er oppkalla etter farmor hans.Eg skal ikkje gå vidare på dette, men minna om at den einaste kjende dotra til Anna Larsdtr. også heitte Magdalena. Vidare er det grunn til å minna om at den einaste kjende dotra til Ole Oudenson (Thulesius) heitte (Magda)Lena Cathrina, altså begge dei to namna som Peder Larsson brukar først frå si slekt på døtrene sine. Eg går ut frå at det er semje om at Lene er ei kortform for Magdalene el. Mallene.Det er også grunn til å merkja seg at Peder Krabbe hadde ei dotter som vart inngift i Holch-ætta som jo igjen var nært i slekt med Soop.Vonar at eg vert tilgjeven plassbruken på denne utgreiinga, som vel er litt på sida av temaet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Til Finn (43): Fra O.Olafsen 'Veøy i fortid og nutid'. Om nr 9 Annas mann Hr. Henrik Holck på Veøy finner jeg bl.a. på s 436 følgende:'Hr. Henrik Holck paa Veøy har muligens havt en søn, som boet i Trondhjem og er død i ung alder. Dennes søn var den nevnte Ole Holck (pa gaarden Lervik i Hyllestad født i Trondhjem i 1687, nevnt ovenfor); faderen antas ogsaa at ha havt navnet Olav. Skjønt dette ikke lar sig sikkert bevise, er der dog al grund til at tro, at det i hovedsaken er riktig. Oberstløitnant Holck var gift med Elen Rosendal fra Fredrikshald. De havde 9 børn; av disse var Hans Henrik Holck, kaptein i 1st Bergenske regiment. Han var gift med Margareta Middelfart og boede i Lervik. Deres søn var oberst Ole Elias Holck, en bekjent mand i Sogn i sin tid. Hans Henrik Holck og Margareta havde blandt flere børn en datter Nille Susanne f 1772 g. m. sogneprest i Lervik, senere Gloppen Ludvig Daae. Deres datter var Katrine Drude Daae f. 1812 g. med Rasmus R. Arnet senere sogneprest i Veøy og provst.'Det slo meg at navnene fra Veøyboka går igjen i din opplisting. Det tyder vel på at antydningene til Olafsen om at Anna (ukjent i Veøyboka) og Henrik også hadde sønnen Olav.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Rostrup

Til innlegg 37: Ein person som ikkje var ordinert var per definisjon ikkje prest. Det var først når han vart ordinert at han vart titulert som herr. Ein ikkje-ordinert person kan difor heller ikkje kallast korkje hjelpeprest, kapellan eller prestevikar, uansett korleis ein snur og vender på det. Ein prestetittel kan med andre ord ikkje definerast «vidare» enn dette. Berre ordinerte prestar kunne utføra kyrkjelege tenester, som dåp, vigsel, gravferd, nattverd osv. på det punktet var lova heilt klår. Derimot har eg sett fleire døme på at studentar kunne halda preike i kyrkja. Dette fekk dei lov til for å øva seg. Men dette kvalifiserer ikkje for å kallast korkje vikarprest, hjelpeprest eller (hus)kapellan, av di kriteriet for å kallast prest er ordinasjon. Eg har sett døme på at slike studentar sidan valde ikkje å lata seg ordinera. I kyrkjeboka for Tingvoll som startar i 1645 skal ein studiosus ha utført gudstenesta. Eg er nokså sikker på at om ein noterer ned nøyaktig kva som står der, vil det koma fram at det er preike det er snakk om. Elias kan gjerne ha vore huslærar, JA, men absolutt ikkje hjelpeprest eller kapellan. Hans Eliassen Soop, som var «domesticus» i 1661, kaller seg sjølv for «her», det same gjer Peder Lauritzen Krabbe, som kallar han «hæderlig och vellærte her Hanns Eliæsen Soep», den vanligaste tituleringa av ein prest. Han var difor utan tvil prestevigd. Det var derimot IKKJE faren.Sjølv om det kanskje er den same Elias Olsson som var rektor ved katedralskulen i Trondheim i tida frå kr. juli 1605 til 1610, noko som ikkje er så heilt urimeleg, kan han ikkje ha vore prest. Så vidt eg veit måtte lektorane vera prestar, men ikkje rektorane. Det står att å sjå korleis Elias Olsson er titulert i dei originale kjeldene som gjer han til rektor. Denne stillinga forhindrar ikkje at han gjerne kan ha vore huslærar på Nordmøre i nokre år før 1605. Han kan ha kome attende til Stangvik i 1610 eller 1611 og ha gifta seg då. I boka om Katedralskulen i Trondheim står det at han då fór til Bergen (utan kjelde gjeve opp), men det treng ikkje vera rett. Derimot budde han seinare i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(Innlegg 43:) Var Aure-presten Peder Lauritssøn Krabbe's yngste sønn (12.) Christopher (f.1645) gift (1670) med Margrethe Johansdatter FEMMER ? Jeg har henne notert som datter av proprietær i Kvalvåg, Johan Jacobssøn Mechlenborg (1606-1673) og Anne Eriksdatter Trygge (død 1678). Er dette altså feil ? Margrethe skal ha levd 1647-1674 (Gjemnes) og ble skilt fra Christopher (hvorfor ?) kort tid før hun døde.Jeg har sett antydet at Christopher Krabbe senere (ca.1678) 'kan ha fått' datteren Alida med en datter av Berent Gerhardsen von Krogh (død 1676) (stadskaptein i Tr.h.) og Alida von Bolten. Alida skal rundt 1693 ha blitt g.m. en løytnant Friis (hvem var han ?) og senere med kaptein Peder Andersen Bredal fra Veøy, med hvem hun fikk 4 barn. Er det noe hold i dette med Alida's mulige opphav ?Tilbake til Christopher Pedersøn Krabbe, som var sogneprest i Værøy, et kall han visstnok skal ha frasagt seg den 16 Mars 1692, noe som stemmer dårlig med at han (iflg. innlegg 43) skal være gravfest på Tingvoll, Nordmøre, den 25.05.1673 ! Hvori ligger misforståelsen her ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takkar Randi i siste innlegget for utgreiing om titlar, reglar o.l. som galdt for prestar, prestevigsle m.m. Når eg skreiv at eg bruka ein vidare definisjon av prestetittelen enn deg, så var det mi subjektive oppfatning og har lite med lov- og regelverk å gjera. Når det gjeld dette så har eg ingen grunn til å tvila på at du har rett.Elles tok eg ein liten sjekk i Norske Herredags-Dombøker, Dombog for 1607. Det kan sjå ut som om saka dreier seg om ei gjeld ('børnepenninge' altså arv) som ein Bergensborgar, Zent Koffermann, var skyldig 'Elias Oluffsen och hans broder her Hans Olsszen, pastor til Baadtz (Bodøs) prestegield Wdi Saltens leen'. Det kan elles sjå ut som om gjelda hadde vorte betalt til Laurits Pedersenn eller Petter Nielszen i 'Trondhiemb'.... Det er og snakk om at gjelda var betalt og av bispens tjener i Trondheim 'var opborit'. Elles kan ein tilføye at det var bergensborgaren, Nils Henningssønn som førte saka for Hans og Elias, samt at det var avsagt dom i saka første gongen 9.aug. 1604. Saka viser altså at Hans får tillagt tittelen 'her', medan Elias ikkje får nokon slik tittel. Det kan sjå ut som om Elias held til i Trondheim på dette tidspunktet, samtidig som det er snakk om bispens tjener. Dette er vel ikkje akkurat med på å svekka påstanden om at Elias var rektor ved Katedralskulen på den tida. Slik som no, så var vel rektorstillinga av meir administrativ karakter enn tillagt undervisningsoppgåver. Om Elias hadde vore i Stangvik før han byrja som rektor vert vel uansett berre gissing så lenge han ikkje er sett kalla Elias Olsson i Stangvik e. l. på den tida. På den andre sida så har vi heller ikkje noko bevis på det mottsatte. Uansett så kunne han ikkje gifta seg med Anna Lauritsdtr. Krabbe før 1610, helst noko seinare (Ho var født 1593).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.