Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#26250] Lyster Prestegård


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Det kan sjå ut som denne anen din er identisk med Ole Sjurson, sidan kjend som Ole Kjesbu, fargar og haugianar, fødd på plassen Lauvhjellene under Dale prestegard i Luster og døypt der 2.2.1783. Ole flytte til Røros i 1816, men gifte seg i Haltdalen 2.3.1820 med Ragnhild Olsdotter frå Nordaune i Haltdalen, døypt i Haltdalen 5.11.1797. Etter fleire år på Røros og sidan på Tynset flytte Ole og Ragnhild i 1840 til Skogn der dei kjøpte garden Kjesbu. Men i 1847 flytte dei vidare til Levanger der Ragnhild døydde 13.12.1875. Ole d. same staden 4.4.1878. Dei fekk åtte born, men diverre manglar eg ein del opplysningar om desse borni. Kanskje du Bjørn kan hjelpa meg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane, bygdebokskrivar Luster kommune, loya@online.no

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.