Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marie Skålnes

[#26761] 3 søsken frå Breivikjo under Ytrenes, Skånevik, til Amerika

Recommended Posts

Gjest Marie Skålnes

Oldemor mi, Anna Halvardsdtr Breivik/Ytrenes, hadde 3 søsken som drog til Amerika. Her er familien i 1965: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=hentglobal®ister=gardsnavn&pgj=248&teljing=ft1865&filnamn=f61212.wc2&amt=12&funnenr=357>Lenke.Ales f. 1857 drog i 1877. Eg reknar med det er ho eg finn her Lenke, til tross for at ho er kalla Anna.Lars f. 1869 drog i 1890:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Er dette den lenka du prøvde å legge inn for 1865. Her finnes både Alis og Anne ? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Lenka for 1865 er den rette. Anna vart igjen i Noreg. Ho var oldemor mi og vart over 90 år, så eg kan så vidt hugsa henne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Greit med disse julenøttene, Marie, men ikke alle er like lett å knekke.Nå har jeg ikke lett så lenge, men det eneste jeg sålangt har klart å finne er at Ingebrigt Halvarsen (24) og kona Ingeborg (23) ankom New York den 13 mai 1889 med 'Servia'. De hadde med seg en jentunge på 11 måneder; Maren Halvarsen, trolig deres datter. Reisemålet var Illinois. Så de endte vel kanskje opp i Chicago.Det blir lite tid til videre søk i dag, men kanskje litt i morgen ettermiddag. Trur eg. ;-)Men det er vel sikkert andre som leter, så vi får håpe det dukker opp noen innlegg i år.Ha et riktig Godt Nyttår.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!På Family Search finn eg også ein Ingebrigt Halvorsen som gifter seg i Chicago, Cook County, Illinois i Nov. 1889. Kan dette vera same person? i så fall må han ha blitt enkemann straks etter ankomst Ill. og så ha gifta seg att ganske snart. Ingebrigt Halvorsen - International Genealogical Index / NA Gender: Male Marriage: 02 NOV 1889 Chicago, Cook, Illinois Matches: International Genealogical Index/North America - 1 Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her er ei anna lenke til 'Story County' Iowa. Eg kom på at mange frå Skånevik enda opp i dette området. På sida til Story County er der mykje emigrantar frå Skånevik nemde både i folketeljingar og andre databasar. (Også Bømlingar havna der, ma. bror til min oldefar). mange Sunnhordlendingar reiste først til Illnois for deretter å dra vidare til Iowa (ma.Story County).http://genloc.com/DCerts/DCertAccess.mv?HalversonDersom dette er same paret som arne fann i inlegg 4, kan du sikkert gløyma han eg fann i innlegget over her. Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Beklager, eg var nok litt for raskt ute i stad. Fann denne Engebret Halverson i ein annan database også (Lenke), med både norsk og amerikansk namn. Det var nok ikkje din Ingebrigt diverre.Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Hei Helga! Takk for opplysningar! Eg trur ikkje han Ingebrigt som gifte seg i 1889 var vår Ingebrigt, i så fall må han ha gifta seg rett etter at kona døydde! Halvorsen er eit vanleg navn, spesielt på Austlandet.Det paret som Arne fann, er nok det rette. Det er truleg det same paret som du har funne kva tid dei døydde. Han vart berre 50 år og kona litt meir.Me får leita vidare etter søskena til Ingebrigt og etterkommarar. Barnebarnet til Ingebrigt's bror i Norge har spurt etter desse slektningane fleire gonger. Han er no langt over 80 år og kan ikkje hugsa at nokon har høyrt gjete dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Hei igjen! Eg kikka litt rundt omkring medan eg skreiv svar, så eg såg ikkje at du kom med eit nytt innlegg! Så då er det altså ikkje rettt Ingebrigt likevel, sjølv om han vaks opp ikkje så mange mil unna...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Hei igjen, Marie-Jeg må dessverre melde pass her. Jeg har brukt noen timer på å søke - uten å finne noe som helst, bortsett fra det jeg skrev sist. Du kjenner ikke til noen navn på barn etter Lars?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Marie!Kanskje du likevel kunne prøva å senda ein E-mail til Mark Christian i Iowa, adr. finn du på sida eg la inn lenke til. Det var mange frå Skånevik og Sunnhordland elles i dette området og Mark Christian har arbeida ein del med desse slektene.Han hadde ma registrert bror til oldefar min som vart gift der borte rundt 1870 med ei Sara Halverson frå Skånevikområdet. (Begge sitt 2. ekteskap). F.året til denne pers. stemte ikkje heilt, men Mark Christian stadfesta at det var rett person ma. ved å sende meg dødsattestane der mine tippoldeforeldre var namngitt rett, med rett f.år og stad.Eg ser også at du ein annan stad etterlyser personar med etternamn Wierson. Du finn også dette etternamnet i Story County Iowa.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Takk til Arne og Helga for gode forsøk på hjelp! Arne, eg veit dessverre ikkje om Lars hadde born, eller om han var gift. Mor mi meiner at oldemor mi hadde kontakt med syskena i Amerika, men einkvan av dei døydde tidleg. I 1906 reiste forøvrig oldemors to eldste born til Amerika, og deira etterkommarar har me ein viss kontakt med.Helga, eg fann også ei Sara Halvarsen då eg leita i den linken du gav meg. Eg veit ikkje kven ho er. Dei få Sara'ene eg finn i Skånevik i 1801 og 1865 er frå Holmedal Sokn, og der er eg så lite kjend. Men det kan godt vera at ho er ein slektning, for eg har eit par anar frå Holmedal som heiter Halvar.Dei Viarsen-syskena som for til Amerika, såg ut til å bruka Teigland som etternamn. Men eg etterlyste nokre Viarsen i Sandeid, som nokon fann ut og for til Amerika, så dei kan vera av desse.Eg får leita litt vidare...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Thauland

If helpful, i will lookup the 1889 marriage (in about 2 weeks); what do you think? Roger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Hey. Roger! I'm pretty shure that the Ingebrigt Halversen married in 1889 is not the correct one. Helga found his parents and his birth place. But thank you for trying to help.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Ved å leggje inn 'Yttreness' ( 2 s-ar til slutt i namnet) som søkjeord får eg ein del treff i ulike slektsbasar i USA. Mange i SD, men også Iowa og andre stater. Kan det vera at slekta di har nytta dette etternamnet i stadenfor Halverson? I så fall vert det vel færre å leita i.Har ikkje til no komme over Lars eller Ingebrigt, men veldig mange treff er frå 1900-talet, så då kan det vel også vera seinare generasjonar. I BLM-rekordar finn eg ma. John, Johannes og Bert. Kan Ingebrigt Ytrenes td. ha blitt til Bert Yttreness i Amerika. Det var jo ofte vanleg med amerikanisering. Dette er rein spekulasjon, men kanskje vert å sjå nærare på? Fann 1 pers. med namn Yttreness i Iowa frå Skånevik.Det ser også ut som det ligg eit heilt slektstre ute på nettet med dette etternamnet, lagt ut av nokon i USA.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her er lenke til Social Security Death Index Search Results for etternamn Yttreness, som du ser er dei aller fleste f. etter 1900 go må i så fall vera neste generasjon. Sjølvsagt kan desse ha namnet frå Yttreness andre stader.LenkeHelga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er lenka til det slektstreet eg fann. LenkeSer at dette ikkje er dei personane du var på leit etter, men likevel dei kjem frå Yttrenes i Skånevik. Det kan jo då vera at dette var kjenningar/slekt til dei du leitar etter. Slekt og venner slo seg ofte ned i same området når dei kom over til USA.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga kallevik

Hei!Her finn du dei same personane gravlagdeLenke.Dersom dette er slekt av dei du leitar etter, kan det som sagt vera mulighet for at dei slo seg ned i same området.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Du er iherdig du, Helga! Takk for fleire interessante opplysningar. Eg har blatt litt i lenkane dine. Dei personane du finn er ganske sikkert frå Ytrenes. Eg har ikkje den bygdeboka som Ytrenes står i, eg berre skreiv ned data om dei som for til Amerika i jula. Eg veit ikkje om dei er nært i slekt med dei eg etterlyser, men eg trur mest eg er litt i slekt med dei på andre sider! Får sjekka det i 'bokji' seinare. Det er godt mulig at dei frå plasset Breivik/Breivikjo nytta Ytrenes.Der personane var gravlagde, fann eg også namnet Eikemo. Bestefars søster (niesa til dei frå Breivik/Ytrenes) var gift med ein Eikemo (som hadde søsken på Bømlo) då ho reiste over til Amerika i 1906. Eg finn ingen Jakob Eikemo i bygdeboka, men han kan ha vore son til ein av dei første som reiste over. Eller han kan vera frå Eikemo i Nordhordland.Eg får leita litt meir...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Litt meir opplysningar om Lars Breivik:Lars reiste som nemnd til Amerika i 1890, men han kom heim att, uvisst kva år. Mor mi har hatt vitjing av to kusiner i dag, og då mimra dei om gamle dagar og slekt. Ved hjelp av bygdebøkene fann dei ut at han gifte seg i 1907 med Kristine frå Storhaug i Holmedal sokn, og han døydde der i 1952. Mor mi kunne endåtil hugsa at han hadde vore på vitjing. Han hadde berre ein son (enka lever framleis) og 6 barneborn.Skulle nokon slumpa over meir opplysningar om Ingebrigt og Ales i Amerika, er det berre å skrika ut!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei !Vedr. Lars: Vart han og familien verande i Norge eller var dei berre på besøk i 'gamlelandet'? Du skriv at enka etter sonen lever enno. Er ho i Amerika eller i Norge, kan ho i så fall vita noko om kvar i USA det var Lars budde? Det kan jo vera at broren Ingebrigt budde i nærleiken? Du kallar han her for Lars Breivik, var det dette etternamnet han nytta? Kan det då vera at ein her også må sjå etter Ingebrigt Breivik?mvh Helga Kallevikmvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Lars var verande i Noreg; han døydde på Storhaug i 1952. Svigerdottera er godt over 90 år no, og bur på sykeheim. Mammas kusine har besøkt henne, men eg trur ikkje ho er så 'god' lenger. Sonen med familie tok namnet Bruntveit etter plasset dei budde på.Eg veit dessverre framleis ikkje om Ingebrigt brukte Breivik, Ytrenes, Halvarsen eller Johnsen (Faren heitte Halvard Johnson/Johannesson).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.