Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anita Tufte

[#26767] Geble Pedersensgt. i Bergen. Kor i Bergen var det?

Recommended Posts

Gjest Anita Tufte

Hei! Eg har funne ut at mine oldeforeldre budde i Geble Pedersensgt. 19 i Bergen frå ca. 1914. Seinare budde også mine besteforeldre der. Eg finn ikkje denne gata når eg prøver å finne ut kor dette var/er. Kan nokon hjelpe?Har også forfedre som i starten av 1900-talet budde i Ladegaardsgt. i Bergen. Kor i Bergen var/er det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Gjeble Pederssøns gate er i Sandviken, og går fra krysset Krohnengsgaten/Breistølsveien til Martin Vahls gate. Fikk navnet sitt i 1877.Ladegårdsgaten er i Sandviken, og går fra Støletorget til Sandvikskirken. Navnet ble gitt i 1869, og den har navnet sitt etter Ladegården, som i middelalderen var en del av byens 'tagemark'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Ble litt overrasket over dette svaret, for disse gatene ligger vel ikke i Sandviken. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det er vel eit definisjonsspørsmål. Men å bruke det 'strøks-prosjektet' og kartet deira som argument, ville ikkje eg ha gjort. For dei har delt inn i stort - og utelatt t.d. Hødden (som aldri har rekna seg til Ladegården). Dessutan har dei ikkje sett grensa til Sandviken langsetter Muleelven, men lengre nord.For ein som er fødd og oppvaksen på den gamle 'grenselina', blir dette gale. På kartet vil ein sjå at til og med Sandvikskyrkja er plassert på Ladegården sjølv om den ligg midt på eller heller nord for elva, medan Brannstasjonen berre såvidt er hamna i 'Sandviken'.Det som hadde vore rett å seia av YN, var at Ladegårdgaten byrgjer i Balaklava (tillike med Hødden), går over Ladegården og endar i Sandviken. Medan Gjeble Pederssøns gate går som nemnd - i Hødden eller på Mathiesmarken, som har vore dei lokale nemningane på dei strøka heilt frå det vart bygd hus der oppe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Enig med siste innlegg - og hvis du ser på 'strøks-prosjektets' beskrivelse av sør-grensen til Sandviken sammenfaller vel den med din (men de er dårlige karttegnere). Det som overrasket meg var at YN så ut til å benytte eiendomsmeglernes sørgrense for Sandviken som nesten synest å ligge ved Fløybanen. Men en liten bagatell til slutt. Mener du at vertshuset - som vel bare på folkemunne het Balaklava - har gitt navn til et område på Stølen? Din bruk av preposisjonen i heller enn ved tyder på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Preposisjonsbruken kan vel òg diskuterast. Eg meiner vi kalte den opne plassen der vertshuset Balaklava låg, berre for Balaklava (som omgrep på staden) og svingen over området for Balaklava-svingen.YN har visst sitert Byleksikonet. Men dei har rett i ein ting: Området frå Balaklava og nordover til Mathiesmarken sokna i si tid til Sandvikskyrkja - til det på 1920-talet vart utskild som St. Olavs meninghet (no innlemma i Maria).Når det gjeld sørgrensa for Sandviken på dette kartet, kan det sjå ut til at den er teikna inn etter grensa for Store Sandviken gard, medan Lille Sandviken, som Hagelsten åtte med Småmøllen og Mulen, er hamna på sørsida. I alle høve går den nemnde grense langt nord for det søndre hovudløpet til Mulelven og sør for det nordre, som kom ned i Grensegrenden (nord for tidl. Sandviken skule). Men eg meiner at Lille Sandviken òg vart seld til Bergen kommune i 1876/77 av Hagelsten og soleis må reknast til det opphavelege Sandviken. For rodemessig høyrde òg store delar av dette området til Sandviken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.