Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#26801] Ragnhild Bendiksdotter, f. Hafslo 1835 - til Bergen - til Tromsø - og kva so??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ragnhild Bendiksdotter, fødd i Kinsedalen i Hafslo, Sogn 2.10.1835, flytte i 1863 til Bergen, men var alt i 1865 komi til Tromsø der ho då var hushaldar hjå ein svenske Ole Jensson (fødd 1828).Ragnhild fekk ein son Oluf som var fødd i Bergen i 1863, men han døydde berre eit par veker gamal. Faren var ein gift fyrbøtar Lorents Svendgaard frå Trondheim!Eg kan ikkje sjå noko til Ragnhild Bendiksdotter korkje i FT1875 eller i FT1900. Kan nokon hjelpa meg med lagnaden hennar? Kanskje ho utvandra til Amerika? Eller til Sverige? Næraste slektningane hennar budde i Målselv!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Thomassen Flovik

Søkte på Ragnhild Bendiksdatter i kirkebøker i Målselv og fant denne interessante linken : Lenke Som forteller om en Ragnhild Bendiksdatter fra Bergen som har døpt sin sønn Oluf, og at dette barnet først var hjemmedøpt på gården Grøtte i Målselv. Dette er gården hvor 'din' Ragnhilds søster Maren bodde. Her MÅ det være en sammenheng!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Godt nytt år!Kanskje noe mer perifert: (fra RHD's kirkebøker)Et drengebarn døde i Hammerfest 13/1 - 1868, far: skipstømmermann Jacob Wigtell og mor Ragnhild Bendixen. Pigen Ragnhild B. døde dagen etter i barselfeber 31 år, bosted Hammerfest.I FT 1865 for de nordligste fylkene finnes vel bare den ene Ragnhild B. i Tromsø (såvidt jeg kan se).Hilsen Astrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Öyane

Hjarteleg takk til Oddrun og Astrid for gode og verdifulle innlegg. Det er tydeleg at Ragnhild maa ha vore litt ''paa farten''! Det maa vera ho döydde i Hammerfest i 1868!Nok ein gong ein stor takk for kjempefine opplysningar!PS: Seier meg lei for manglande bruk av ''norske'' bokstavar, men eg sit i kveld med ein laant PC i Austerrike!Med venleg helsing,Lars E. Öyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.